Gå til innhold
Arkivverket

Gullik/Gullak Pederson Høime (1777-1842) - frå Vang i Valdres via Slidre og Årdal til Hafslo i Sogn - huslyden hans??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har store vanskar med å identifisera denne huslyden, særleg opphavet til kona og kvar dei budde før dei kring 1817 busette seg på Trondskogen i Hafslo i Sogn. Fleire av borni forsvinn for meg, og fleire har eg heller aldri funne døypte. No vonar eg at kanskje einkvan kan hjelpa meg i alle fall med nokre av dei detaoane (og andre opplysningar) som manglar?

 

Her er kva eg veit, so langt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Gullik, kjend som Gullak Pederson Natvig, opphavleg frå Høime i Slidre, Valdres, var son av husmann Peder Gullikson på ein plass

 

¤¤¤¤¤ (kva plass?)

 

under Høime, opphavleg frå

 

¤¤¤¤¤ (Rødvang?)

 

og kona Anna Olsdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

og vart døypt i Slidre 12.10.1777. Han gifte seg i Slidre 16.10.1803 med Anna Olsdotter frå Helle nedre i Vang. Ho var dotter av gardbrukar Ole Johnson på Helle nedre og kona Siri Finkelsdotter frå Kjørlien og vart døypt i Vang

 

¤¤¤¤¤ (dåpsdatoen hennar?)

 

1778.

 

¤¤¤¤¤ (tidlege bustader til Gullak og Anna? – tydeleg i Slidre og sidan i Årdal!?)

 

Men kring 1817 flytte Gullak og Anna til Hafslo, og sjølv om presten er svært sparsam med opplysningar om denne huslyden, ser det ut til at dei busette seg som plassfolk på Trondskogen. Dei budde her i alle fall i 1822 og vart sidan buande her fram til kring 1830. Kring 1830 flytte Gullak og Anna til Nattviki i Årdal der dei sidan budde som innerstfolk, truleg hjå dotteri Anna og mann hennar i Hola under Nattviki. Gullak d. som innerst i Nattviki 1.3.1842, medan Anna d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – ikkje funni avlidi i Luster – må vera d. i Årdal!!?)

 

Truleg fekk Gullak og Anna minst sju born i lag:

 

¤¤¤¤¤ (kan ha vore fleire??)

 

1. Anna Gullaksdotter, døypt i Slidre 19.2.1804, vart gift første gongen med husmann Lars Anfindson i Hola under Nattviki i Årdal (1774-1841) og sidan attgift med husmann og enkjemann Lars Pederson på Kortnes i Borge, Nordland (1811-1862). Ho døydde i Borge etter 1865 og truleg før 1875.

 

¤¤¤¤¤ (dødsfallet hennar?)

 

2. Helge Gullakson, f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans? – 1806?)

 

¤¤¤¤¤ (konf. Trondskogen 1822 – lagnad??)

 

3. (?) Siri Gullaksdotter, f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar? - kring 1808?)

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

4. Gunnhild Gullaksdotter, f. i Slidre 18.9.1811,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

5. Ingeborg Gullaksdotter, f. i Årdal 5.4.1815,

Ingeborg Gullaksdotter flytte med foreldri til Årdal og sidan til Lærdal der ho 12.11.1834 gifte seg med Ole Johnson frå Gjerdet i Lærdal, f. 1807. Ho d. 1877, han d. 1881, budde i Gjerdet på Lærdalsøyri.

 

6. Peder Gullakson, døypt i Hafslo 6.9.1818,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

7. Ole Gullakson, f. i Hafslo 16.9.1821, døydde i Hafslo 11.11.1873, var innerst og budde i Bakkane under Urnes.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har blatt lite vetta i kyrkjebøkene for Slidre, men finn ikkje fleire born døypte der. Kanskje dei var fødde ein annan stad, dei borni som var fødde mellom Anna (1804) og Gunnhild (1811)? Eg ser at ein Helge Gullakson vart døypt i Vang 26.12.1804, men han var som av Gullik Evenson og Aasta Olsdotter. Både då Anna vart døypt i 1804 og aå Gunnhild vart døypt i 1811, budde foreldri i Røvangseiget i Slidre.

 

Eg vonar at einkvan dreg kjensel på denne huslyden og takkar so mykje på førehand for kvart einaste vesle tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1. Anna Gullaksdotter, døypt i Slidre 19.2.1804, vart gift første gongen med husmann Lars Anfindson i Hola under Nattviki i Årdal (1774-1841) og sidan attgift med husmann og enkjemann Lars Pederson på Kortnes i Borge, Nordland (1811-1862). Ho døydde i Borge etter 1865 og truleg før 1875.

 

¤¤¤¤¤ (dødsfallet hennar?)

 

For ordens skyld, her er vel Anne i 1865, losjerende enke på Indre Smedvig i Borge http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=2&filnamn=f61862&gardpostnr=254&personpostnr=1675&merk=1675#ovre. Men har foreløpig ikke funnet henne blant døde i Borge.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er dette konfirmasjonen til sønnen Ole?

 

Sogn og Fjordane fylke, Årdal, Ministerialbok nr. A 1 (1834-1863), Konfirmerte 1836, side 8.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6947&idx_id=6947&uid=ny&idx_side=-9

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070116340245.jpg

 

Kan dette være dødsfallet til sønnen Peder i Hafslo i 1821?

 

Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Ministerialbok nr. A 4 (1821-1834), Døde og begravede 1821-1822, side 134.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11456&idx_id=11456&uid=ny&idx_side=-128

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070507660144.jpg

 

I mai 1826 døde ei 15 år gammel jente i Hafslo som het Gunhild Gullaksdatter...

 

Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Ministerialbok nr. A 4 (1821-1834), Døde og begravede 1826, side 140.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11456&idx_id=11456&uid=ny&idx_side=-134

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070507660150.jpg

 

Kan dette være barna til Gullik/Gullak og Anne?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 år senere...

Ein forseinka, men like hjarteleg, takk til Grethe for dei to innleggi frå 2011, som i farten var gått meg hus forbi...

 

Det er no på tide å reinska opp i denne huslyden, og eg ønskjer i kveld å presentera eit oppdatert manuskript som ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Gullik, kjend som Gullak Pederson Natvig, opphavleg frå Høime i Slidre, Valdres, var son av husmann Peder Gullikson på ein plass

 

     ¤¤¤¤¤ (kva plass?)

 

     under Høime, opphavleg frå

 

     ¤¤¤¤¤ (Rødvang?)

 

     og kona Anna Olsdotter frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

     og vart døypt i Slidre 12.10.1777.  Han gifte seg i Slidre 16.10.1803 med Anna Olsdotter frå Helle nedre i Vang.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Johnson på Helle nedre og kona Siri Finkelsdotter frå Kjørlien og vart døypt i Vang 20.10.1775.

 

¤¤¤¤¤ (tidlege bustader til Gullak og Anna? – tydeleg i Slidre (1804 og 1811 Røvangseiget i Slidre) og sidan i Årdal!?)

 

Men kring 1817 flytte Gullak og Anna til Hafslo, og sjølv om presten er svært sparsam med opplysningar om denne huslyden, ser det ut til at dei busette seg som plassfolk på Trondskogen.  Dei budde her i alle fall i 1822 og vart sidan buande her fram til kring 1830.

Kring 1830 flytte Gullak og Anna til Natvik i Årdal der dei sidan budde som innerstfolk, truleg hjå dotteri Anna og mann hennar i Hola under Natvik.  Gullak d. som innerst i Natviki 1.3.1842, medan Anna d. som legdelem same staden 9.9.1849.

Me kjenner til sju born etter Gullak og Anna på Trondskogen:

 

¤¤¤¤¤ (sjekka om Siri høyrer heime her?)

 

 1. Anna Gullaksdotter (1804-

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsåret henna i Borge, Nordland – e. 1865!/før 1875!?)

 

     ), vart gift første gongen med husmann Lars Anfindson i Hola under Natvik i Årdal (1774-1841) og sidan attgift med husmann og enkjemann Lars Pederson på Kortnes i Borge, Nordland (1811-1862), som ei tid hadde vore innerst på ein plass under Urnes i Hafslo (for båe ekteskapi, sjå under Urnes).

 2. Helge Gullakson, f.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans? – 1806?)

 

     ¤¤¤¤¤ (konf. Trondskogen 1822 – lagnad??)

 

 3. Siri(?) Gullaksdotter, f. kring 1808,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? - er ho del av denne huslyden?)

 

 4. Gunnhild Gullaksdotter, f. i Slidre 18.9.1811, d. i Solvorn 29.5.1826.

 5. Ingeborg Gullaksdotter, f. i Årdal 5.4.1815,

Ingeborg Gullaksdotter flytte med foreldri til Årdal og sidan til Lærdal der ho 12.11.1834 gifte seg med Ole Johnson frå Gjerdet, Lærdalsøyri i Lærdal.  Han var son av husmann John Olson på Gjerdet, opphavleg frå Skorpeholene under Æri øvre, og andre kona Kari Mathiasdotter frå Grøthe og f. i Lærdal 7.10.1807.  Ole og Ingeborg budde òg som husmannsfolk og sidan som innerstfolk på Gjerdet, Lærdalsøyri i Lærdal der Ingeborg d. som innerstkone 11.5.1877.  Ole d. som enkjemann på Mjelde i Lærdal 8.10.1881.  Dei fekk seks born i lag:

a. Johan Olson, f. i Lærdal 6.8.1835, d. som legdelem på sjukehuset i Lærdal 8.6.1913.  Johan var arbeidar og budde levetidi ut på Lærdalsøyri, ugift.

b. Gullak Olson, f. i Lærdal 25.11.1837, d. i Lærdal 27.11.1837.

c. Anna Olsdotter, f. i Lærdal 1.1.1839,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – ugift!)

 

d. Kari, kjend som Karen Olsdotter, f. i Lærdal 13.4.1842, gifte seg i Bergen 10.9.1865 med Moses Johannessen frå Haugen under Sægrov i Jølster, f. i Jølster 1.8.1842.  Moses Johannessen var maskinist, og han og Karen budde dels i Bergen og dels på Lærdalsøyri i Lærdal, men var frå kring 1876 busette i Trondheim der Moses d. 9.6.1887.  Karen Johannessen d. same staden 28.9.1915.  Dei fekk fire born i lag.

e. Gullak, kjend som Gullik Olsen, f. i Lærdal 8.3.1845, gifte seg i Lærdal 17.5.1870 med Martha Olsdotter frå ein plass under Spangelo i Borgund, Lærdal, f. i Lærdal 29.10.1832.  Gullik var i mange år maskinist, men vart sidan steinarbeidar.  Han og Martha busette seg i Stavanger der Martha d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910/før 1923)

 

     Gullik Olsen d. på ein gamleheim i Stavanger 30.1.1923.  Dei var barnlause.

f. Gunnhild Olsdotter, f. i Lærdal 9.4.1854, d. som legdelem på Lærdalsøyri 5.12.1881, ugift.

 6. Peder Gullakson (1818-1821).

 7. Ole Gullakson (1821-1873), vart innerst og budde i Bakkane under Urnes (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Dei største utfordringane her er utan tvil:

 

** Identifikasjon av foreldri til Gullak Pederson Høime i Valdres?

 

** Dødsfallet til Anna Gullaksdotter i Borge?

 

** Lagnaden til Helge Gullakson, som synest forsvinna etter 1822!?

 

** Stadfesta om Siri Gullaksdotter høyrer heime i denne huslyden?

 

Denne huslyden er ikkje noki enkel utfording å løysa, men om nokon kan greia det, so er det dykk i Brukarforum i Digitalarkivet!  Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

30.10.1834 gifter ei Malene Gullaksdatter seg i Luster, 26 år gammel, datter av Gullak Pedersen. Fødested: Lærdalsøyri. Men det er kanskje en annen familie?

 

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 5 (1831-1841), Viede 1835, Side 124
Permanent bilde-ID: kb20070514610513
 
Jeg tenker særlig på at Gunnhild var født i Slidre i 1811.... Og foreldrene heter Gulleich Pedersen og Anna Jensdatter....
 
Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 4 (1805-1821), Fødte og døpte 1809, Side 72-73
Permanent bilde-ID: kb20070514620569
 
Så da glemmer vi denne damen....!
 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter litt leiting har eg funne dåpen til Anna Olsdotter, mor til desse borni, 20.10.1775 i Vang: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9393&idx_id=9393&uid=ny&idx_side=-111. Ho var altso 3 år eldre enn eg trudde og ganske godt vaksi då ho fekk dei siste borni sine...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Jeg tror det er feil Anna. Iflg. bygdeboken ble Gullik gift med  Anna f. 1778

Døpt 25 jan. 1778

SAH, Vang prestekontor, Valdres, Ministerialbok nr. 1, 1730-1796, s. 244-245
 
Bygdeboken. Se høyre side. (hvis du kan se den der du bor)
 
Endret av Leif B. Mathiesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da Gullik ble døpt bodde familen på Røvang eller en plass under Røvang.

SAH, Slidre prestekontor, Ministerialbok nr. 1, 1724-1814, s. 394-395
 
Senere flyttet familein til en plass under Høyne (som var nabogård)

 

Jeg tror Gullik og Anna flyttet umiddelbart til Rørvang etter vielsen.

De to første døtrene er født der.

 

Da den andre datteren ble døpt står det at han er Røvangs eier. Men han er ikke nevn i bygdeboken.

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000011857808

Endret av Leif B. Mathiesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Leif for spennande og interessante innlegg!

 

Den Malena Gullaksdotter, som gifte seg i Luster i 1834, kjenner eg godt til, men diverre so høyrer ho til ei heilt anna ætt som var heimehøyrande på Lærdalsøyri.

 

Eg ser av innleggi til Leif, at eg tydeleg har «bomma» på Anna Olsdotter.  Dei to Anna'ane var søstrer, og den første er truleg avlidi kort etter fødsli...

 

Diverre får eg ikkje opp dei nemnde sidene frå bygdeboki for Vang.  Eg har Vang-bøkene, men dei ligg på Geilo og langt utanfor rekkjevidde...  Det er likevel underleg at Anders Frøholm ikkje nemner denne huslyden...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om desse folki og vonar på fleire detaljar...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Det nærmar seg jul, og eg ønskjer å henta fram att denne kjempeutfordringi som har lege i «dvale» sidan oktober i fjor.  Nokre detaljar er komne til sidan den gongen, og eg vil først av alt få syna fram dette oppdaterte manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Gullik, kjend som Gullak Pederson Natvig, opphavleg frå Høime i Slidre, Valdres, var son av husmann Peder Gullikson på ein plass

 

     ¤¤¤¤¤ (kva plass?)

 

     under Høime, opphavleg frå

 

     ¤¤¤¤¤ (Rødvang?)

 

     og kona Anna Olsdotter frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

     og vart døypt i Slidre 12.10.1777.  Han gifte seg i Slidre 16.10.1803 med Anna Olsdotter frå Helle nedre i Vang.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Johnson på Helle nedre og kona Siri Finkelsdotter frå Kjørlien og vart døypt i Vang 25.1.1778.

 

##### (tidlege bustader til Gullak og Anna? – tydeleg i Slidre (1804 og 1811 Røvangseiget i Slidre) og sidan i Årdal!?)

 

Men kring 1817 flytte Gullak og Anna til Hafslo, og sjølv om presten er svært sparsam med opplysningar om denne huslyden, ser det ut til at dei busette seg som plassfolk på Trondskogen.  Dei budde her i alle fall i 1822 og vart sidan buande her fram til kring 1830.

Kring 1830 flytte Gullak og Anna til Natvik i Årdal der dei sidan budde som innerstfolk, truleg hjå dotteri Anna og mann hennar i Hola under Natvik.  Gullak d. som innerst i Natviki 1.3.1842, medan Anna d. som legdelem same staden 9.9.1849.

Me kjenner til sju born etter Gullak og Anna på Trondskogen:

 

¤¤¤¤¤ (sjekka om Siri høyrer heime her?)

 

 1. Anna Gullaksdotter (1804-1870), vart gift første gongen med husmann Lars Anfindson i Hola under Natvik i Årdal (1774-1841) og sidan attgift med husmann og enkjemann Lars Pederson på Kortnes i Borge, Nordland (1811-1862), som ei tid hadde vore innerst på ein plass under Urnes i Hafslo (for båe ekteskapi, sjå under Urnes).

 2. Helge Gullakson, truleg f. i Vestre Slidre kring 1806, vart konfirmert frå Trondskogen i 1822.

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

 3. Siri(?) Gullaksdotter, f. kring 1808,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

 4. Gunnhild Gullaksdotter, f. i Slidre 18.9.1811, d. i Solvorn 29.5.1826.

 5. Ingeborg Gullaksdotter, f. i Årdal 5.4.1815,

Ingeborg Gullaksdotter flytte med foreldri til Årdal og sidan til Lærdal der ho 12.11.1834 gifte seg med Ole Johnson frå Gjerdet, Lærdalsøyri i Lærdal.  Han var son av husmann John Olson på Gjerdet, opphavleg frå Skorpeholene under Æri øvre, og andre kona Kari Mathiasdotter frå Grøthe og f. i Lærdal 7.10.1807.  Ole og Ingeborg budde òg som husmannsfolk og sidan som innerstfolk på Gjerdet, Lærdalsøyri i Lærdal der Ingeborg d. som innerstkone 11.5.1877.  Ole d. som enkjemann på Mjelde i Lærdal 8.10.1881.  Dei fekk seks born i lag:

a. Johan Olson, f. i Lærdal 6.8.1835, d. som legdelem på sjukehuset i Lærdal 8.6.1913.  Johan var arbeidar og budde levetidi ut på Lærdalsøyri, ugift.

b. Gullak Olson, f. i Lærdal 25.11.1837, d. i Lærdal 27.11.1837.

c. Anna Olsdotter, f. i Lærdal 1.1.1839, vart spedalsk og flytte i 1859 inn på pleiestiftelsen i Bergen der ho d. 11.5.1869, ugift.

d. Kari, kjend som Karen Olsdotter, f. i Lærdal 13.4.1842, gifte seg i Bergen 10.9.1865 med Moses Johannessen frå Haugen under Sægrov i Jølster, f. i Jølster 1.8.1842.  Moses Johannessen var maskinist, og han og Karen budde dels i Bergen og dels på Lærdalsøyri i Lærdal, men var frå kring 1876 busette i Trondheim der Moses d. 9.6.1887.  Karen Johannessen d. same staden 28.9.1915.  Dei fekk fire born i lag.

e. Gullak, kjend som Gullik Olsen, f. i Lærdal 8.3.1845, gifte seg i Lærdal 17.5.1870 med Martha Olsdotter frå ein plass under Spangelo i Borgund, Lærdal, f. i Lærdal 29.10.1832.  Gullik var i mange år maskinist, men vart sidan steinarbeidar.  Han og Martha busette seg i Stavanger der Martha d. 18.2.1919.  Gullik Olsen d. på ein gamleheim i Stavanger 30.1.1923.  Dei var barnlause.

f. Gunnhild Olsdotter, f. i Lærdal 9.4.1854, d. som legdelem på Lærdalsøyri 5.12.1881, ugift.

 6. Peder Gullakson (1818-1821).

 7. Ole Gullakson (1821-1873), vart innerst og budde i Bakkane under Urnes (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dei store utfordringane i denne huslyden er no følgjande:

 

** Identifikasjon av foreldri til Gullak Pederson Høime i Valdres?

 

** Lagnaden til Helge Gullakson, som synest forsvinna etter 1822!?

 

** Stadfesta om Siri Gullaksdotter høyrer heime i denne huslyden?

 

Ein kjempetakk for alle gode tips som kan bidra til ei komplettering av denne biografien og God Jul til alle!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne kjempeutfordringi etter lang tid i «dvale».

 

Opphavet til Anna Olsdotter frå Helle nedre i Vang og foreldri hennar, synest vera «i boks», men det er tydeleg ikkje so enkelt å finna ut sikre opphav til foreldri hans Gullik/Gullak Pederson frå Høime i Slidre!?  Me lyt vel slå fast at bygdebøkene frå Slidre ikkje har på langt nær same kvalitet som bøkene frå Vang, og soleis står me heilt «fast»!

 

Men verre er det kanskje at me ikkje greier finna ut kvar det vart av sonen Helge Gullaksen, visstnok fødd i Slidre kring 1806, og konfirmert i Hafslo i 1822.  Og dessutan TRUR me det var ei dotter Siri (Sigrid) Gullaksdotter fødd kring 1808, som er eit sant «mysterium»!

 

Manuskriptet mitt for denne huslyden, som er ein del av det kommande band XII i bygdebokserien for Luster, ser i dag heilt likt ut med manuskriptet frå innlegg#10 over, men eg er ein evig optimist, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

 

Kanskje råkar me no borti ein eller annan «spesialist» på slekter i Slidre?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.