Gå til innhold
Arkivverket

Siri Iversdotter Eithun eller Sværen - gift i Leikanger 1807 - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gulbrand Larsson Eithun og Siri Iversdotter Eithun gifte seg i Leikanger 15.3.1807 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11568&idx_id=11568&uid=ny&idx_side=-212).

 

Ein stad har eg notert at Gulbrand var frå Øilo i Valdres, medan Siri var frå Sværen, men kjelda for dette finn eg ikkje no.

 

Gulbrand vart døypt i Vang i Valdres 14.6.1786 og var son av husmann Lars Gulbrandson på Hænsbakken under Hæn i Vang og kona Martha Olsdotter frå Hemsing i Vang.

 

Men KVEN VAR SIRI??

 

Lars og Siri busette seg sidan på Trondskogen under Kroken i Hafslo der Siri døydde 6.9.1845. Alderen hennar er då oppgjeven til 99 år!! Lars og Siri fekk ikkje born i lag!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis alderen stemmer i 1845, vil det si at Siri var født omkring 1746, og var hun drøyt 60 år gammel da hun giftet seg i 1807 og i midten i 50-årene i 1801. Jeg finner en tjenestepike i Vik i Sogn og Fjordane i "passende alder":

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=f1801&gardpostnr=41482&personpostnr=604851&merk=604851#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars E.

 

Som trådstartaren sikkert har kjennskap til, garden Eithun er TOTALT UTELUKKA i alle Bygedøker i Sogn. Sjølv om Eithun både har lege både i Balestrand og no Leikanger Kommune.

 

Eg skal sjå nærare i morgon (etter Portugal - Norge), bl.a finna den Siri i FT 1801, som Grethe finn i Vik, og sjå kvar og nåt ho er født.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk for hjelpi, Jon! Eg ventar spent til du er heimatkomen frå Algarve!

 

Hjarteleg takk ogso til deg, Grethe, for eit spennande forslag!

 

Med varm sommarhelsing frå Bayern,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars!

 

Som äkte sogning må jeg vel slenge mig på her med en kandidat, "Siri" döpt 17/5-1749 i "Norum/ Kaupanger", foreldre er "Iver Olss. Ylvisager" og "Anne Siursdtr.", h. side v. rad ca. midten : http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11654&idx_id=11654&uid=ny&idx_side=-9

 

Vi har "Algarve" i "Göteborg" for tiden, veldigt varmt og godt.

 

Mvh,Svehn. B)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Svehn for innlegg frå førre sundag!

 

Eg har no sjekka ut Siri Iversdotter Ylvisaker, og skiftet etter far hennar frå 1777 (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24141/160/?size=gigant&mode=0) syner at Siri ikkje lenger var ilive, og ho hadde heller ikkje lete etter seg born.

 

So, me lyt nok leita etter Siri Iversdotter ein annan stad...

 

Er du heimatkomen frå Portugal, Jon? Kanskje du har funne ein kandidat?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars: Avknappen på Portugal-kampen ? Den er slått av, ja !

 

På Leegenalogy.net, husmenn, Geithus 0-25, har Leegenalogy funne ei Siri Iversdtr som er mor til Anna, døypt 15.3.1789.

Siri har tyligvis "BESOVET" Lasse Nilsson døypt 24.3.1764 d. 1823.

 

Ein finn igjenn Lasse Nilsson på v. 640, side 230 i Ættabokji for Vik, utgitt 2008.

 

Anna døypt 15.3.1789 vært gift 14.4.1833 m/ Helge Olson Breisnes i Aurland.

 

I FT 1865, Aurland, finn ein både Helge, 58 år, husmann utan jord og kona Anna 78 år på Indrelid, Flåm, Aurland.

DERSOM Anna er dtr til den Siri du leitar etter, så har ho mogelig krav på arv etter mora som døydde 6.9.1845.

 

Det løyser ikkje kven foreldra til Siri er, men vi veit då kvar Siri er i 1801: Geithus, Arnafjorden, Vik i Sogn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for spennande innlegg!

 

Du får ha meg unnskuld om eg ikkje følgjer med på ulike kampar... Her kjemper Portugal med ryggen mot veggen for å halde på EURO-valutaen sin. Det høyrest ut som eit ballspel du syner til, kanskje handball eller fotball? Der eg er, vert det sendt kampar på TV kvar einaste dag, opptil fleire gonger, anten fotball, rugby, basketball eller anna, men eg har framleis til gode å sjå eit ballspel i meir enn 3 minutt...

 

Med omsyn til Siri Iversdotter, er altso opphavet hennar framleis ei gåte. No veit me at det var noko tilsig av folk austfrå til bygdene i Sogn mot slutten av 1700-talet, og når me veit at mann hennar Siri var komen frå Valdres, skal me vel ikkje sjå heilt bort ifrå at ogso Siri kan vera derifrå, men noko prov for dette vere nok vanskeleg å finna, med mindre ho dukker opp i eitt eller anna skifte...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå 2011 som framleis står uløyst i mine manuskript!

 

Er det i det heile mogeleg å identifisera Siri Iversdotter?  Kan ho vera uteleti frå FT1801?  Eller kom ogso ho austante?  Alderen hennar oppgjevi ved dødsfallet i 1845, 99 år, er forresten truleg altfor høg!!

 

ELLER, er det ho som Grethe nemner ovanfor i innlegg #2 frå FT1801 for Geithus i Vik, Siri Iversdotter, 55 år gamal ugift tenestjente?  Alderen ville jo stemma «på ein prikk»!!

 

Eg ser to «kandidatar» i Vang i Valdres, der Gulbrand kom ifrå:

 

* Sigri Iversdotter, døypt i Vang 6.8.1752 - far: Iver Guttormson (https://media.digitalarkivet.no/view/9393/53)

 

* Sigri Iversdotter Kattevold, døypt i Vang 28.12.1755 - far Iver Kattevold (https://media.digitalarkivet.no/view/9393/69)

 

Kan det vera ei av desse?  Ingen av dei synest vera gifte i Vang, og heller ingen som «høver» i FT1801 for Vang!!  Eg kjenner til at det var ei viss «vandring» frå Vang over fjellet til Sogn på slutten av 1700-talet!!

 

Eg ville verta svært so glad for kvart einaste vetle tips om denne gåta og lever i voni...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Lars E.

 

Som trådstartaren sikkert har kjennskap til, garden Eithun er TOTALT UTELUKKA i alle Bygedøker i Sogn. Sjølv om Eithun både har lege både i Balestrand og no Leikanger Kommune.

 

Eg skal sjå nærare i morgon (etter Portugal - Norge), bl.a finna den Siri i FT 1801, som Grethe finn i Vik, og sjå kvar og nåt ho er født.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lars E.

 

Som trådstartaren sikkert har kjennskap til, garden Eithun er TOTALT UTELUKKA i alle Bygedøker i Sogn. Sjølv om Eithun både har lege både i Balestrand og no Leikanger Kommune.

 

Eg skal sjå nærare i morgon (etter Portugal - Norge), bl.a finna den Siri i FT 1801, som Grethe finn i Vik, og sjå kvar og nåt ho er født.

 

 

Endret av Helga Oddny Hortemo Vikøren
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det vera dette heftet du tenkjer på ?

 

Ruud, Einar

   Gåveboka : til vaksne og barn : Ruud, ein eldgamal gard og bygda Eitorn i Sogn fortel sine fantastiske historier frå gamal og ny tid. - S.l. : Einar Ruud, 2011 ?. - 49 s. ill.

 

Boka er registrert ved Nasjonalbiblioteket og Leikanger folkebibliotek.
På nettsida til Leikanger kommune finn ligg telefonnummer og epostadresse til biblioteket.

 

http://www.leikanger.kommune.no/bibliotek.163033.nn.html

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Ei ny juleutfordring som eg i kveld gjerne vil henta fram att frå «gløymsli», er spørsmålet om opphavet til Siri Iversdotter, som døydde på Trondskogen i Hafslo i 1845, sagt å vera 99 år gamal.

 

Etter ein grundig gjennomgong av dette emnet meiner eg at:

 

* Siri Iversdotter, 55 år, busett i 1801 på Geithus i Arnafjorden, Vik

 

er ein svært sannsyleg «kandidat» for «vår» Siri, og truleg er det òg ho som i 1789 fekk dotteri Anna Lassesdotter (sjå innlegg #7 over).

 

Men kven var ho?  Mannen Gulbrand Larsson var komen over fjellet frå Vang i Valdres, og eg må seia desse jentene fødde i Vang båe ser SVÆRT interessante ut, særleg sidan me ikkje finn at nokon av dei er vortne buande i Vang (sjå innlegg #9 over):

 

* Sigri Iversdotter, døypt i Vang 6.8.1752 - far: Iver Guttormson (https://media.digitalarkivet.no/view/9393/53)

 

* Sigri Iversdotter Kattevold, døypt i Vang 28.12.1755 - far Iver Kattevold (https://media.digitalarkivet.no/view/9393/69)

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Vang som kan hjelpa meg identifisera desse jentene eller finna ut kvar det vart av dei?

 

Ein stor juletakk for alle gode tips til løysing av denne kjempeutfordringi!

 

God Jul!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no sett litt meir på denne dotteri til «kandidaten» hans Jon nemnd i innlegg #7 over...

 

Anna Lassesdotter vart døypt i Vik 15.3.1789 som dotter av Lasse Nilsson Geithus og Siri Iversdotter Geithus:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11756/12

 

Eg ser ikkje noko til denne Anna i FT1801, men her er ho med mannen Helge Olson på Indrelid i Aurland i 1865:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1421&kenr=006&bnr=0007&lnr=000

 

Her er so vigsli i Vik 14.4.1833 til Helge og Anna:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11758/143

 

Einaste barnet deira synest vera Barbro Helgesdotter, fødd på Sande i Lavik 2.5.1833:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11559/99

 

Truleg er det ho som i 1874 utvandra til Amerika:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000656052

 

Lenger kjem eg ikkje, men kanskje Jon eller andre kan bidra med fleire detaljar om denne huslyden?

 

Ein ny kjempeakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kan ikkje sjå Anna Larsdtr f 1789 i FT 1801.

 

Men FT 1815, Lavik, Østerbøe vil ein finna henne som tjenar. Og født kvar hen, trur du, Lars ?  Gjeithus, Vik eller Geedhuus, Wigøren, 26 år. Det skulle bli f. 1789.

————-

Har ikkje registrert før no, Lars, at du er over 10.000 innlegg i DA !  GRATULERA !

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget og for gratulasjonane!  Jau, so mange gongar har eg vore inne og anten bede om hjelp til å finna ut av huslydar frå Luster, eller freista hjelpa andre med spørsmåli deira, men den første kategorien utgjer nok det store fleirtalet...

 

Anna Lassesdotter var altso på Østerbø i Lavik i 1815, men har sikkert vore ganske so «mobil»...  Eg tenkte kanskje ho hadde fått born før ho endeleg «slo seg til ro» i 1833, men so langt har eg ikkje greidd å finna noko som tyder på det...

 

Elles vil eg gissa på at ho i 1801 budde hjå mor si på Geithus, men at ho rett og slett er «gløymd»...

 

Forøvrig vonar eg at bygdeboki for Aurland har fleire detaljar å by på med omsyn til Anna, Helge og dotter deira...?

 

Og kanskje greier nokon å identifisera opphavet hennar?  Eg har stor tru på at ho kom over fjellet frå Vang i Valdres...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

 

God Jul!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

«Slo seg til ro», Lars ! I dese meg og tider er det best å væra litt varsam ! Ellers så kjem tidligare kjekke jenter fram og fortel både det eine og det andre !

———-

Du er so oppteken av dei som kjem frå Valdres.

På gamle DA er det ein uekte fødsel i prg 1421 13 sept 1830: 

Far er Guldbrand Nielsen frå Slidre i Valdres. Mor: Anne Larsdtr.

Den uekte ongjen: Marthe. 

 

Håpar det ikkje er same mann som gifta seg med Siri i 1807 !

——-

Eg tek kvelden no. Så God Jul !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget og Godt Nytt År til deg!

 

Eg har i dag sett lite vetta meir på denne saki og er komen til at «vår» Siri Iversdotter høgst sannsynleg er ei av dei to jentene fødde i Vang i Valdres på 1750-talet:

 

* Sigri Iversdotter, døypt i Vang 6.8.1752 - far: Iver Guttormson (https://media.digitalarkivet.no/view/9393/53)

 

* Sigri Iversdotter Kattevold, døypt i Vang 28.12.1755 - far Iver Kattevold (https://media.digitalarkivet.no/view/9393/69)

 

Den første av desse er truleg ei dotter av den Iver Guttormson BERGE som 12.9.1751 vart trulova i Vang med Ragnhild Thorsdotter BERGE: https://media.digitalarkivet.no/view/9393/226

 

men for alt me veit kan det vera dei same foreldri som flytte til Kattevoll og fekk dotteri Sigri der eit par år etter?

 

Kan det tenkjast at bygdebøkene for Vang i Valdres nemner desse folki, anten under BERGE eller under KATTEVOLL?

 

Like sannsynleg er det at Siri Iversdotter vart mor til Anna Lassesdotter på Geithus i Arnafjorden i 1789, og utifrå desse teoriane har eg sett opp følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Gulbrand Larsson Trondskog, frå Hæn i Vang, Valdres, var son av husmann Lars Gulbrandson på Hænsbakken under Hæn og kona Marit Olsdotter frå Hemsing og vart døypt i Vang 14.6.1786 og d. som legdelem på Solvi 7.11.1867.  Han gifte seg første gongen i Leikanger 15.3.1807 med Siri Iversdotter frå

 

     ¤¤¤¤¤ (kvar var ho ifrå? – truleg fødd i Vang i Valdres i 1752 eller 1755 og tenestejente på Geithus i Arnafjorden, Vik i 1801!? – alderen hennar oppgjevi til 99 år i 1845!)

 

     men d. som husmannskone i Trondskogen 6.9.1845.  Gulbrand gifte seg so att i Hafslo 5.11.1846 med enkja Dortha Johannesdotter, opphavleg frå Vetlesva under Valaker.  Ho vart døypt 22.2.1796 og hadde før vore gift med husmann og enkjemann Ole Pederson i Bjørkeneset under Valaker (1799-1843).  Dortha d. som husmannskone på Trondskogen 24.2.1850 då ho fekk ein timberstokk over seg.  Gulbrand fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men dersom første kona hans var ho som i mange år tente på Geithus i Arnafjorden, hadde ho ei dotter frå før:

 1. Anna Lassesdotter, dotter av Siri og strandsitjar Lasse Nilsson på Vikøri i Vik, opphavleg frå Geithus i Arnafjorden, Vik (1764-1823), vart døypt i Vik 15.3.1789.

Anna Lassesdotter voks opp på Geithus i Arnafjorden, Vik, men tente ei unge år på Østerbø i Lavik.  Ho gifte seg i Vik 14.4.1833 med Helge Olson frå Breisnes i Aurland.  Han var son av fiskar og handelsmann Ole Monsson på Breisnes, opphavleg frå Sinjareim, og kona Randi Helgesdotter frå Breisnes og vart døypt i Aurland 11.10.1807.  Helge og Anna var husmannsfolk og budde sikkert fleire stadar, mellom anna i Lavik, men flytte etter kvart attende til Aurland der dei i mange år var husmannsfolk på en plass under Indrelid.  Anna d. som husmannskone under Holum i Aurland 23.3.1873, og Helge gifte seg 16.10.1830 att i Aurland med Susanna Larsdotter frå Indrelid.  Ho var dotter av husmann Lars Haagenson i Slidre

 

¤¤¤¤¤ (detaljar om han?)

 

og jenta Anna Pedersdotter frå Indrelid og f. i Aurland 31.8.1830.  Helge og Susanna flytte visstnok til ein plass på Vangen i Aurland og sidan til ein plass under Fretteim i Aurland der Helge d. 13.3.1878.  Susanna d. som husmannsenkje på Indrelid i Aurland 19.7.1908.  Helge Olson fek ei dotter, som var frå første ekteskapet med Anna Lassesdotter:

a. Barbro Helgesdotter, f. i Lavik 2.5.1833, utvandra til Amerika i 1874

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar der borte?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

I tillegg til det mogelege opphavet hennar Siri i Vang er det kanskje særleg spennande å freista finna lagnaden hennar Barbro i Amerika...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag motteke ein e-post med utdrag av bygdeboki for Vang - garden Kattevoll, og der les eg mellom anna at:

 

Iver Knutson, fødd kring 1724, avliden 1802, kom som brukar til eitt av bruki på Kattevoll då han hausten 1754 gifte seg med enkja Kirsti Madsdotter, opphavleg frå Haugen, Kvåle og fødd 1717.  Ho hadde før vore gift med gardbrukar Alv Bjørnson på Kattevoll (1711-1754).  I ekteskapet med Iver fekk Kirsti tre born:

 

* Sigrid (1755-    )

* Alv (1757-    ), bonde på Turtnes

* Kirsti (1762-    )

 

Eg ser at Alv vart døypt i Vang 8.1.1758, so eg vil tru at dei tre borni voks opp, men både Sigrid (døypt 28.12.1755) og Kirsti «forsvinn» for forfattaren...

 

Kan dette vera «vår» Siri Iversdotter??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjngi av opphavet til Siri Iversdotter!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» sidan først på nyåret.

 

Medan det kanskje bør vera mogeleg å fi9nna lagnadsen til Barbro Helgesdotter, fødd 1833, som i 1874 utvandra til Amerika frå Aurland (jmf. innlegg #17), er det truleg so å seia «umogeleg» å prova at Sigrid Iversdotter frå Kattevold (jmf. innlegg #18) er ho som dukka opp i Sogn på 1780-talet, langt mindre Sigrid Iversdotter frå Berge (jmf. innlegg #17), men det er lov å vona på at fleire spor kan dukka opp, og eg takkar endå en gong for framifrå bistand til å freista komplettera denne biografien og opphavet til Siri Iversdotter som hamna som husmannskone på Trondskogen i Hafslo...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil etter over to års «dvale» i dag gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi.

 

Eg syner til manuskriptet i innlegg #17 som i dag står ganske so uendra.  Me har to hovudutfordringar:

 

A. Kven var Sigri Iversdotter?  Truleg var det ei av desse:

 

* Sigri Iversdotter, døypt i Vang 6.8.1752 - far: Iver Guttormson (Berge) (https://media.digitalarkivet.no/view/9393/53)

 

* Sigri Iversdotter Kattevold, døypt i Vang 28.12.1755 - far Iver (Knutson) Kattevold (https://media.digitalarkivet.no/view/9393/69)

 

Den første av desse er truleg ei dotter av den Iver Guttormson BERGE som 12.9.1751 vart trulova i Vang med Ragnhild Thorsdotter BERGE: https://media.digitalarkivet.no/view/9393/226

 

Om Sigri Kattevold, sjå innlegg #18...

 

Kven av desse flytte til Sogn??

 

B. Kvar vart det av Barbro Helgesdotter?

 

* fødd i Lavik 2.5.1833

 

* utvandra til Amerika i 1874

 

Kvar kan det ha vorte av ho i Amerika?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har ikke noe svar på hvor Siri kom fra, det kan godt hende at hun var fra Vang, men i 1801 var det ei Sigri Iversdatter 40 år som tjente på Husabø i Leikanger:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058393000358 

 

Denne Siri eller Sigri er ikke døpt i Leikanger 1757-1765, hun er ikke konfirmert der og ikke der i folketellinga 1815.

 

Alderen passer ikke med at hun skulle være 99 år i 1845, men det kan vel like gjerne være denne som ble gift med Gulbrand Larsen, som hun som var bosatt på Geithus i Vik 1801.

 

Fant ei Siri Iversdatter født på Kvåle i Sogndal 1758, men hun er ikke nevnt i skiftet etter faren 1794.

 

Litt merkelig at en mann på 21 år gifter seg med ei dame på omkring 50!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for eit interessant innlegg!

 

Det er vel eit spørsmål om me nokon gong greier finna 100% ut av opphavet hennar Siri Iversdotter, men det er vel ikkje so urimeleg å tenkja seg at ogso ho kom frå Vang i Valdres.  Kan det ha vore ein (fjern) skyldskap mellom Gulbrand og Siri?

 

Elles er eg samd i det merkelege i at aldersforskjellen mellom dei to var so høg!  Høgst uvanleg var det i alle fall...

 

Eg har diverre ikkje noko meir å leggja til om denne kjempeutfordringi, men gjev ikkje opp voni om at nokon kan greia finna eit svar...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.