Jump to content
Nasjonalarkivet

Garbrand Marcusson Auflem i Olden, Innvik - husmann på kva plass?


Recommended Posts

Garbrand Marcusson (1805) og Kari Anthonsdotter (1804) var i 1865 plassfolk under Auflem i Olden sokn, Innvik i Nordfjord (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1447&kenr=006&bnr=0009&lnr=000).

 

Sonen Marcus Garbrandson (1837) tok over plassen etter foreldri sine og budde der framleis i 1900 (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1447&kenr=002&bnr=0002&lnr=00) og i 1910 (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1447&kenr=005&bnr=0026&lnr=00).

 

Einaste dotteri Petrine Oline Marcusdotter flytte i 1917 til Bergen der ho som ugift skreiv seg for Petrine SOLVOLL.

 

Ingen stader finn eg denne plassen nemnd med namn, men eg vil tru at namnet Solvoll må ha opphav ein eller annan stad, og kvifor då ikkje i plassnamnet under Auflem?

 

Er det nokon med lokal kunnskap som kan hjelpa meg med ei eventuell stadfesting av dette? Eller kva heitte denne plassen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.