Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Rasmus Andersson Berdal, Feios, fødd 1760 - kvar vart det av han?35-1815) ?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Husmann Anders Rasmusson "tambur" og kona Gjøa Andersdotter under Berdal i Feios, Leikanger fekk to born, sonen Anders Andersson tok over heimeplassen og budde der, men kva skjedde med yngste sonen:

 

* Rasmus Andersson, døypt i Leikanger 13.12.1760

 

Han er ikkje i Leikanger 1801, og ikkje finst det skifte etter foreldri hans heller som kan fortelja oss noko!

 

Rasmus Andersson Stenegjerde vart konfirmert i Feios 1779 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11567&idx_id=11567&uid=ny&idx_side=-235), men forsvinn so frå bygde...

 

Eg tek imot alle tips om lagnaden hans med stor takksemd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ser ein litt på FT1801, finn eg eit par alternativ for denne Rasmus Andersson:

 

* Rasmus Andersson (40) på Stranden, Askøy, paktar (http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=18&filnamn=f1801&gardpostnr=40766&personpostnr=586422&merk=586422#ovre)

 

* Rasmus Andersson (42) i Bergen 20-5, vertshushaldar (http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=29&filnamn=f1801&gardpostnr=39962&personpostnr=579952&merk=579952#ovre)

 

* Rasmus Andersson (42) tenestedreng på Glesnesholmen i Sund (http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=33&filnamn=f1801&gardpostnr=36826&personpostnr=540886&merk=540886#ovre)

 

Kanskje er vertshushaldaren i Bergen den mest sannsynlege...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Men noko synest merkeleg her!

 

Ifølgje FamilySearch vart Rasmus døypt 13.12.1760, men går me inn i kyrkjeboki, finn me dåpen hans 13.12.1761 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11566&idx_id=11566&uid=ny&idx_side=-64). Og at dette er den rette, ser me av introdukskonen til mori 13.1.1762 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11566&idx_id=11566&uid=ny&idx_side=-65).

 

Men so kjem det merkelege: Parfolket Anders Rasmusson og Gjøa Andersdotter får òg ein son Rasmus som vert døypt i Nykyrkja i Bergen 11.7.1762 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8717&idx_id=8717&uid=ny&idx_side=-315)!

 

Er det nokon som kan finna ei brukbar forklaring på dette "fenomenet"? Eg har før hatt mistanke, i samband med arbeidet med ein annan huslyd på same tid, om at åri ikkje alltid stemmer i kyrkjeboki for Leikanger, og det KAN jo vera ein grunn til at FamilySearch har 1760 i staden for 1761...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå 2011 som eg den gongen ikkje fekk noko svar på og som framleis står som ei stor utfordring å løysa!  Eg har ingen nye opplysningar å komma med, men vonar at ein eller annan kan hjelpa meg finna ut:

 

* Kvar vart det av Rasmus Andersson frå Berdal - anten han var fødd i 1760, 1761 eller 1762?

 

Han vart konfirmert på Leikanger i 1779, og deretter forsvinn han!

 

Som eg nemnde i innlegg #2 ovanfor, finst det fleire mogelege «kandidatar» i 1801.  Den mest sannsynlege er kan henda

 

** vertshushaldaren i Bergen (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390014707), eller kanskje

 

** paktaren på Askøy (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058382001301)??

 

Personleg held eg ein knapp på den siste, særleg om fødselsåret er 1762!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki og lever i voni...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Lenka til FT1801 for Stranden på Askøy ser ut til ikkje å stemma: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058382001301

 

Men her er huslyden (med tilføyingar frå FamilySearch):

 

Rasmus Andersson, 40 år, «pagter og jordbruger ernærer sig tillige af fiskerie og andet arbeyde»

Ingeborg Zachariasdotter, 50 år - båe i 1ste ekteskap - gifte på Askøy 4.7.1784

Anders Rasmusson, 16 år - Anders døypt Askøy 20.2.1785

Carl Rasmusson, 13 år - Carl Henrik døypt Askøy 10.10.1787

Zacharias Rasmusson, 11 år - Zacharias døypt Askøy 17.3.1790

Johannes Rasmusson, 9 år - Johannes døypt Askøy 19.8.1791

Marthe Cathrine Rasmusdotter, 6 år - Marthe Cathrine døypt Askøy 4.10.1795

 

Dessutan er to andre born døypte, som båe truleg er avlidne kort etter fødsli:

Marthe Cathrine, døypt Askøy 16.7.1786

Nils, døypt Askøy 19.2.1794

 

Utifrå det faktum at eldste dotter vart døypt Marthe Cathrine, ligg det nær å tru at mori Ingeborg Zachariasdotter er identisk med ei som vart døypt i Fana 13.1.1754 (https://media.digitalarkivet.no/view/8797/203) som dotter av Zacharias Rasmusson og Marthe Antonesdotter på Nordås, og når me ser at det budde ein Hans Zachariasson i same huslyden på Stranden, Askøy i 1801, so hadde det nemnde paret i Fana ein son med dette namnet døypt 2.11.1760 (https://media.digitalarkivet.no/view/8798/15), rett nok fødd på Øvre Bratland!

 

So ser me vidare at ein Rasmus Andersson vart døypt i Fana 18.4.1762 (https://media.digitalarkivet.no/view/8798/23) som son av Anders Olson og Trine Henriksdotter på Indre Hope!  Kanskje er Trine hi bestemori som er oppkalla gjennom Marthe Cathrine?  Anders Olson Hope er forresten mellom fadrane til Hans Zachariasson ovanfor!

 

Utifrå desse funni vil eg tru det må vera Rasmus Andersson frå i Hope Fana som i 1801 budde på Stranden på Askøy, og at kona Ingeborg Zachariasdotter var frå Nordås/Bratland.  Kanskje kan bygdebøkene frå Fana stadfesta dette??

 

Då er me like langt når det gjeld lagnaden til Rasmus Anderson frå Berdal i Leikanger...  Kvar kan no han ha vorte av??

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×