Gå til innhold
Arkivverket

Rasmus Andersson Berdal, Feios, fødd 1760 - kvar vart det av han?35-1815) ?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Husmann Anders Rasmusson "tambur" og kona Gjøa Andersdotter under Berdal i Feios, Leikanger fekk to born, sonen Anders Andersson tok over heimeplassen og budde der, men kva skjedde med yngste sonen:

 

* Rasmus Andersson, døypt i Leikanger 13.12.1760

 

Han er ikkje i Leikanger 1801, og ikkje finst det skifte etter foreldri hans heller som kan fortelja oss noko!

 

Rasmus Andersson Stenegjerde vart konfirmert i Feios 1779 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11567&idx_id=11567&uid=ny&idx_side=-235), men forsvinn so frå bygde...

 

Eg tek imot alle tips om lagnaden hans med stor takksemd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser ein litt på FT1801, finn eg eit par alternativ for denne Rasmus Andersson:

 

* Rasmus Andersson (40) på Stranden, Askøy, paktar (http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=18&filnamn=f1801&gardpostnr=40766&personpostnr=586422&merk=586422#ovre)

 

* Rasmus Andersson (42) i Bergen 20-5, vertshushaldar (http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=29&filnamn=f1801&gardpostnr=39962&personpostnr=579952&merk=579952#ovre)

 

* Rasmus Andersson (42) tenestedreng på Glesnesholmen i Sund (http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=33&filnamn=f1801&gardpostnr=36826&personpostnr=540886&merk=540886#ovre)

 

Kanskje er vertshushaldaren i Bergen den mest sannsynlege...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men noko synest merkeleg her!

 

Ifølgje FamilySearch vart Rasmus døypt 13.12.1760, men går me inn i kyrkjeboki, finn me dåpen hans 13.12.1761 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11566&idx_id=11566&uid=ny&idx_side=-64). Og at dette er den rette, ser me av introdukskonen til mori 13.1.1762 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11566&idx_id=11566&uid=ny&idx_side=-65).

 

Men so kjem det merkelege: Parfolket Anders Rasmusson og Gjøa Andersdotter får òg ein son Rasmus som vert døypt i Nykyrkja i Bergen 11.7.1762 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8717&idx_id=8717&uid=ny&idx_side=-315)!

 

Er det nokon som kan finna ei brukbar forklaring på dette "fenomenet"? Eg har før hatt mistanke, i samband med arbeidet med ein annan huslyd på same tid, om at åri ikkje alltid stemmer i kyrkjeboki for Leikanger, og det KAN jo vera ein grunn til at FamilySearch har 1760 i staden for 1761...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå 2011 som eg den gongen ikkje fekk noko svar på og som framleis står som ei stor utfordring å løysa!  Eg har ingen nye opplysningar å komma med, men vonar at ein eller annan kan hjelpa meg finna ut:

 

* Kvar vart det av Rasmus Andersson frå Berdal - anten han var fødd i 1760, 1761 eller 1762?

 

Han vart konfirmert på Leikanger i 1779, og deretter forsvinn han!

 

Som eg nemnde i innlegg #2 ovanfor, finst det fleire mogelege «kandidatar» i 1801.  Den mest sannsynlege er kan henda

 

** vertshushaldaren i Bergen (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390014707), eller kanskje

 

** paktaren på Askøy (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058382001301)??

 

Personleg held eg ein knapp på den siste, særleg om fødselsåret er 1762!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki og lever i voni...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenka til FT1801 for Stranden på Askøy ser ut til ikkje å stemma: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058382001301

 

Men her er huslyden (med tilføyingar frå FamilySearch):

 

Rasmus Andersson, 40 år, «pagter og jordbruger ernærer sig tillige af fiskerie og andet arbeyde»

Ingeborg Zachariasdotter, 50 år - båe i 1ste ekteskap - gifte på Askøy 4.7.1784

Anders Rasmusson, 16 år - Anders døypt Askøy 20.2.1785

Carl Rasmusson, 13 år - Carl Henrik døypt Askøy 10.10.1787

Zacharias Rasmusson, 11 år - Zacharias døypt Askøy 17.3.1790

Johannes Rasmusson, 9 år - Johannes døypt Askøy 19.8.1791

Marthe Cathrine Rasmusdotter, 6 år - Marthe Cathrine døypt Askøy 4.10.1795

 

Dessutan er to andre born døypte, som båe truleg er avlidne kort etter fødsli:

Marthe Cathrine, døypt Askøy 16.7.1786

Nils, døypt Askøy 19.2.1794

 

Utifrå det faktum at eldste dotter vart døypt Marthe Cathrine, ligg det nær å tru at mori Ingeborg Zachariasdotter er identisk med ei som vart døypt i Fana 13.1.1754 (https://media.digitalarkivet.no/view/8797/203) som dotter av Zacharias Rasmusson og Marthe Antonesdotter på Nordås, og når me ser at det budde ein Hans Zachariasson i same huslyden på Stranden, Askøy i 1801, so hadde det nemnde paret i Fana ein son med dette namnet døypt 2.11.1760 (https://media.digitalarkivet.no/view/8798/15), rett nok fødd på Øvre Bratland!

 

So ser me vidare at ein Rasmus Andersson vart døypt i Fana 18.4.1762 (https://media.digitalarkivet.no/view/8798/23) som son av Anders Olson og Trine Henriksdotter på Indre Hope!  Kanskje er Trine hi bestemori som er oppkalla gjennom Marthe Cathrine?  Anders Olson Hope er forresten mellom fadrane til Hans Zachariasson ovanfor!

 

Utifrå desse funni vil eg tru det må vera Rasmus Andersson frå i Hope Fana som i 1801 budde på Stranden på Askøy, og at kona Ingeborg Zachariasdotter var frå Nordås/Bratland.  Kanskje kan bygdebøkene frå Fana stadfesta dette??

 

Då er me like langt når det gjeld lagnaden til Rasmus Anderson frå Berdal i Leikanger...  Kvar kan no han ha vorte av??

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Har du sett på Matrosar i Bergen 1754-1800 i Gamle DA, Lars ??

d  
1294 561 Rasmus Andersen 1762 Sogndahl Bergen Korsk. u Velv. 1785 d. 12 Junii Faret 3 aar Vestind. St. Ybes etc.

Formedelst Lang Udeblivelse udgaaer 1794 i følge Admiralitets Collegii Decision af 17 Septbr. 1792

 

 

fglass.gif
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Det finst ingen Rasmus Andersson fødd i Sogndal på den tidi, so det er ikkje usannsynleg at det er tale om Rasmus Andersson frå Berdal som i 1785 hadde vore tre år til sjøs, mellom anna i Vest-Indien!  Men kvar vart det av han` Kan det vera same mann som slo seg ned som verthushaldar i Bergen (jmf. innlegg #2 og #4)?

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390014707

 

Eg kan ikkje sjå at denne Rasmus gifte seg i Noreg, men som «vel befaren» i utlandet henta han kanskje kona si i Danmark, anten denne:

 

Name Rasmus Andersen
Spouse's Name Anna Christophersdr
Event Date 10 Apr 1799
Event Place Kong,Odense,Denmark

 

eller denne:

 

Name Rasmus Andersen
Spouse's Name Anne Christophersdr
Event Date 01 Jun 1788
Event Place Skamstrup, Holbaek, Denmark

 

Kanskje helst den siste av desse, for det øvdte paret var visstnok buande i Odense der dei fekk ei dotter i 1801:

 

Name Mette Maria Rasmussen
Gender Female
Christening Date 02 Aug 1801
Christening Place KONG,ODENSE,DENMARK
Father's Name Rasmus Andersen
Mother's Name Anna Christophersdr

 

MEN, so finn eg at krohaldar Rasmus Andersson Felle døydde i Bergen 9.8.1818:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000650261

 

so då «rauk» vel det alternativet òg...

 

Kvar vart det so av sjømannen som Jon fann??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.