Gå til innhold
Arkivverket

Bertha Hammer d. Bergen 1793 og borni hennar - kvar vart det av sonen Peder Michael?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I 2007 hadde eg følgjande debatt med Arkivforum:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

49599: Skifteaktar Bergen 1793

Arkiv: Arkivforumet

Stikkord: Skifteaktar Bergen 1782-1796 Lars E. Øyane (Luster kommune), 3580 Geilo, 13.5.2007 11:58 (1)

 

Basen for skifteaktar i Bergen 1782-1796 inneheld ogso denne posten:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

1486 Berthe Hammer 1793/nr. 22

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Er det mogeleg å få greie på ervingane etter denne personen?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

~~~~~

 

Yngve Nedrebø, SAB / DA, 14.5.2007 16:07 (2)

 

Skiftet er datert 9. januar 1793 og nevner barna Iver Olai, Peder Michael og Dorthea Sophia, g.m. Peder Knoph.

 

~~~~~

 

Lars E. Øyane (Luster kommune), 3580 Geilo, 14.5.2007 16:34 (3)

 

Hjarteleg takk til Yngve for eit nytt interessant innlegg! Dette var bingo!!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har TO problem i samband med denne huslyden:

 

* Bertha Pedersdotter, enkja etter Herman Iverson Skophammer "Hammer" (som døydde i 1776), gifte i Hafslo 1765, var fødd kring 1740, truleg i Hafslo, men opphavet er usikkert. Skiftet hennar vart halde 9.1.1793, men eg kan ikkje finna dødsfallet eller gravferdi hennar!? Kvar kan det vera?

 

* So, når det gjeld borni, har eg berre funne dei to:

 

---- Iver Olai Hammer, døypt i Bergen 4.8.1765 og avliden der i 1813

 

---- Dorthea Sophie Hammer, døypt i Bergen 10.6.1770 og avliden der i 1811

 

Eg ser ikkje spor etter nokon Peder Michael nokon stad! Kvar er han?? Kan det vera ein son som Bertha fekk etter ho vart enkje?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Petter Michael ble døpt i Luster - 12.11.1767

 

Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Fødte og døpte 1768, side 74.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-74

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511680302.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande og nyttig svar! Denne fødsli burde eg jo ha registrert før, men han høyrde ikkje heime i LOuster og er vorten lagra som uidentifisert...

 

Det var godt å finna fødsli hans, men kvar vert det av Petter Michael Hammer? Eg finn han ikkje gift eller avliden i Bergen!

 

Kan det vera han som i 1801 var organist og busett på Bye i Hole? (http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=f1801&gardpostnr=15421&personpostnr=245706&merk=245706#ovre)

 

Eller kan det vera styrmannen i Halden? (http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=f1801&gardpostnr=3815&personpostnr=47042&merk=47042#ovre)

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Svehn og Grethe for nye innlegg om dette problemet!

 

Eg kjenner me er på svært so "gyngande grunn" når me leiter etter Peter Michael Hammer. Det er tydeleg fleire personar med namn Peter Hammer, og so lenge me ikkje finn han nemnd med namni Peter Michael, trur eg me skal vera svært so varsame med å trekka konklusjonar, med mindre det konkret kjem fram at ein eller annan Peter Hammer verkeleg var frå Bergen(?)...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå 2011, som framleis står ganske so uløyst!

 

Det er to hovudproblem her:

 

** Bertha Pedersdotter Hammer, enkja etter Herman Iverson (Skop-)Hammer (1735-1776) skal vera avlidi i Bergen sist på året i 1792, for skiftet hennar vart halde 9.1.1793, men eg har so langt ikkje greidd å finna gravferdi hennar registrert i Bergen!

 

** Petter (Peder?) Michael Hammer, yngst av to søner i denne huslyden, vart døypt i Luster 12.11.1767 og levde i 1793, men er ikkje å sjå i Bergen eller andre stadar i landet, med mindre han gøymer seg attom Petter Hammer i Hole, Drammen eller Halden(?).

 

Eg har i dag gjort ein spennande «observasjon» i DANMARK!  Me finn nemleg desse to vigslene i København i 1794:

 

*** Peder Michael Hammer gift i Holmens sokn 14.5.1794 med Agnete Ertmansdotter

 

*** Peter Michael Hammer gift i Vor Frue sokn 14.11.1794 med Dorthe Jørgensdotter

 

MEN, so er eg ikkje i stand til å finna born etter nokon av desse pari!  Merkeleg!  Er eg kan henda heilt «på jordet»??  Uansett, desse vigslene er svært so interessante, og no vonar eg at kanskje ein eller annan er i stand til å finna spor etter i det minste eitt av dei??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg la i ettermiddag inn spørsmål om Peter Michael Hammer hjå DIS-Danmark, og gjett om eg har fått kjempefine svar!  Sjå: https://www.slaegtogdata.dk/forum/index.php/topic,116240.0.html

 

Her er fleire prov på at det verkeleg VAR «vår» Peter Michael Hammer som busette seg i København der han var skomakar i alle fall so seint som i 1809.

 

Her følgjer eit samandrag av det som er komme fram so langt (siste innlegget mitt i nemnde emne):

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

* Peter Michael Hammer blef 1ste Gangen gift i Holmen sogn 14.5.1794 med Agnete Critemine Erdmansdatter - som døede 14.8.1794 i en Alder af kun 22 Aar.  De fik en datter Birthe Kirstine - Hvem er Agnete Erdmansdatter?

* Peter Michael Hammer blef 2dre Gangen gift i Vor Frue sogn 14.11.1794 med Dorthea Johansdatter Møller, føed ca. 1766.  De fik to Børn Herman Petersen og Jørgen Petersen - maaske flere Børn føede senere??  Hvem er Dorthea Johansdatter Møller?

* Peter Michael Møller var Skomager i København og boede der i 1809, men er borte i 1810 og 1811.  Kan han være døed paa den Tid?

Jeg er selvfølgelig meget interesseret i at finde ud naar og hvor Peter Michael Hammer og hans andre Hustru kan være blevne af, men er det mulig at finde?

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg tek sjølvsagt imot nye opplysningar om denne ætti ogso her i Brukarforum og takkar på ny so mykje for hjelpi!

 

PS: Noko slår meg som eit mogeleg svar på spørsmålet bom dødsfallet hennar Bertha Pedersdotter ved årsskiftet 1792/1793....  Kan ho vera avlidi under opphald hjå sonen Peter Michael i København??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

På sjølvaste julekvelden vil eg gjerne få henta fram att dette emnet, som har lege «i dvale» sidan oktober i fjor.

 

Det var ei kjempeoppdaging å finna att sonen Peter Hammer som skomakarmeister i København, men vidare leiting i Danmark har diverre vore fattig på resultat!  Lagnaden til Peter Hammer er og vert eit stort mysterium!

 

Eit anna mysterium er dødsfallet til Bertha Pedersdotter, enkja etter Herman Iverson (Skop-)hammer.  Skiftet hennar vart halde i Bergen, men kanskje døydde ho hjå son sin i København?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Hermund Iverson (Skophammer), døypt i Hafslo 10.7.1735, gifte seg i Hafslo 2.7.1765 med Bertha Pedersdotter frå

 

 

     ¤¤¤¤¤ (Lie i Gulen?)

 

 

     Ho vart døypt

 

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dåpen hennar? - kring 1735/1740?)

 

 

Herman Schophammer og kona Berthe flytte til Bergen i 1765, og dei busette seg i Nykyrkjesokni der Herman livnærte seg som dagarbeidar.  Han vart gravlagd i Bergen 29.6.1776.  Berthe d.

 

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – Berthe Hammer – skifte 9.1.1793! – døydde ho kan henda hjå sonen Peter i København??)

 

 

Dei fekk tre born i lag:

a. Iver Olai Hermanson Hammer, døypt i Bergen 4.8.1765, d. i Bergen 11.3.1813.  Han gifte seg i Bergen 23.1.1788 med Anna Malena Larsdotter, døypt i Bergen 10.7.1763.  Ho d.

 

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

 

     Iver var urmakar, og han og Anna vart buande i Bergen.  Dei fekk åtte born i lag.

 

 

     ¤¤¤¤¤ (borni deira:

            * Berthe Dorthea, f. 3.1.1789 – n. 1801

            * Magdalena Dortea, f. 7.9.1790

            * Giertrue Malene, f. 27.12.1791 – n. 1801

            * Ingebor Gurine, f. 18.3.1794

            * Lars Andersen, f. 16.9.1796

            * Lars Andersen Selssing, døypt 5.4.1799

            * Guner, f. 14.1.1801 – n. 1801

            * Jens, f. 9.3.1805)

 

 

     ¤¤¤¤¤ (Ole Peter Petersen (bagersvend) og Ragnille Hammer (pige) gifte seg i Bergen 13.5.1810 – høyrer ho til her?)

 

 

b. Peter Michael Hermanson Hammer, døypt i Luster 12.11.1767, flytte i ung alder til København, Danmark der han 14.5.1794 vart trulova i Holmen sokn med Agnete Critemine Erdmansdotter

 

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – f. kring 1770!)

 

 

     Men Agnete d. i København alt 14.8.1794, og Peter gifte seg so i Vor Frue kyrkje i København 14.11.1794 med Dorthea Johansdotter Møller

 

 

      ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – f. kring 1766!)

 

 

     Peter Hammer var skomakarmeistar i København der han budde levetidi ut. 

 

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka om dette stemmer? – budde der framleis i 1809! – dødsfalli deira??)

 

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl. (ingen nemnde i 1801!):

            * Birthe Kirstine, f. Vor Frue, København 14.5.1794

            * Herman Petersen, f. Skt. Nikolaj, København 30.11.1796

            * Jørgen Petersen, f. Vor Frue, København 16.6.1801)

 

 

c. Dorthea Sophie, kjend som Sophie Hermansdotter Hammer, døypt i Bergen 10.6.1770, d. i Bergen 25.6.1811.  Ho gifte seg i Bergen 17.11.1791 med Peder Leganger Pederson Knoph, f. på Line i Time på Jæren kring 1765.  Han d. i Bergen 5.10.1839.  Peder Knoph var urmakar, og han og Sophie vart buande i Bergen levetidi ut.  Dei fekk elleve born i lag.

 

 

     ¤¤¤¤¤ (borni deira:

            * Peder Leganger, f. 16.12.1791

            * son 1793

            * Ole Møller, f. 19.12.1794

            * Serene, f. 23.10.1796

            * Hans, f. 14.9.1798

            * Bergithe Dorthea, f. 20.3.1800

            * Christian, f. 28.11.1801

            * Dorthea Sophia, f. 18.10.1803

            * Elisabeth, f. 19.11.1805

            * Stine, f. 17.6.1809

            * Wilhelm, f. 25.6.1811)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ei ny kjempeutfordring som eg gjerne vil leggja fram i dag i samanhang med denne huslyden er denne:

 

** Kven var Bertha Pedersdotter, ho som i 1765 gifte seg i Hafslo med Herman Iverson?

 

Eg har gått ut ifrå at ho var frå Hafslo, men eg har ikkje greidd å identifisera noko opphav der.  No er det derimot dukka opp ein barnedåp i Bergen som KAN gje oss ein idé om kven ho var:

 

Arne Gullakson og Martha Pedersdotter døypte ein son Peder i Nykyrkja 7.4.1767 (https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005652935), og fadrane var:

* Bertha Pedersdotter

* Martha Knutsdotter

* Herman Iverson

* Ole Andersson

* John Knutson

 

Kan denne Martha Pedersdotter gift med Arne Gullakson vera ei søster av Bertha??  Her er vigsli til Arne Gullakson Sognefest og Martha Pedersdotter Lie i GULEN 9.7.1764: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/116

 

Arne vart døypt i Gulen 9.5.1738 som son av Gullak Sognefest og kona Dorthe

 

Er det nokon med ekspertise på Gulen som kan fortelja meg kven denne Martha var og om ho hadde ei søster Bertha/Britha?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden og fortsatt God Jul!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Eg ønskjer i kveld, før band XII av bygdebokserien går i trykken, å henta fram att denne saki som har lege «urøyrd» i lang tid.

 

Sidan eg tok emnet opp att på julekvelden, er det vel vorte meir eller mindre klart at Bertha Pedersdotter likevel må ha vore frå Hafslo, men ho hadde søsken som i alle fall tidvis budde i Gulen/Solund, so tilknyttingi dit er klar!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hermund Iverson, døypt 10.7.1735, gifte seg 2.7.1765 med Bertha Pedersdotter, truleg frå Gjestgjevarstaden i Marifjøra (sjå Leirhola).  Ho vart i so fall døypt 21.6.1739.

Herman Schophammer og kona Berthe flytte til Bergen i 1765, og dei busette seg i Nykyrkjesokni der Herman livnærte seg som dagarbeidar.  Han vart gravlagd i Bergen 29.6.1776.  Berthe d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – Berthe Hammer – skifte 9.1.1793! – døydde ho kan henda hjå sonen Peter i København??)

 

Dei fekk tre born i lag:

a. Iver Olai Hermanson Hammer, døypt i Bergen 4.8.1765, d. i Bergen 11.3.1813.  Han gifte seg i Bergen 23.1.1788 med Anna Malena Larsdotter, døypt i Bergen 10.7.1763.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Iver var urmakar, og han og Anna vart buande i Bergen.  Dei fekk åtte born i lag (attgjevne i innlegg #11 ovanfor).

b. Peter Michael Hermanson Hammer, døypt i Luster 12.11.1767, flytte i ung alder til København, Danmark der han 14.5.1794 vart trulova i Holmen sokn med Agnete Critemine Erdmansdotter

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – f. kring 1770!)

 

     Men Agnete d. i København alt 14.8.1794, og Peter gifte seg so i Vor Frue kyrkje i København 14.11.1794 med Dorthea Johansdotter Møller

 

      ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – f. kring 1766!)

 

     Peter Hammer var skomakarmeistar i København der han budde levetidi ut. 

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka om dette stemmer? – budde der framleis i 1809! – dødsfalli deira??)

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl. (ingen nemnde i 1801!):

            * Birthe Kirstine, f. Vor Frue, København 14.5.1794

            * Herman Petersen, f. Skt. Nikolaj, København 30.11.1796

            * Jørgen Petersen, f. Vor Frue, København 16.6.1801)

 

c. Dorthea Sophie, kjend som Sophie Hermansdotter Hammer, døypt i Bergen 10.6.1770, d. i Bergen 25.6.1811.  Ho gifte seg i Bergen 17.11.1791 med Peder Leganger Pederson Knoph, f. på Line i Time på Jæren kring 1765.  Han d. i Bergen 5.10.1839.  Peder Knoph var urmakar, og han og Sophie vart buande i Bergen levetidi ut.  Dei fekk elleve born i lag (attgjevne i innlegg #11 ovanfor).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dei store utfordringane som står att å løysa innanfor denne huslyden, er soleis desse:

 

** Kvar døydde Berthe Hammer, som det vart halde skifte etter i Bergen 9.1.1793 - i Bergen eller i København?

 

** Lagnaden til Anna Malena Larsdotter, kona til urmakar Iver Olai Hammer i Bergen, død 1813?

 

** Og endeleg Peter Michael Hammer i København - kven var konene hans og kvar vart det av Peter og andre kona hans?  Oversyn over borni?

 

Denne huslyden er ei kjempeutfordring, men om nokon kan greia å løysa dette, trur eg Brukarforum i Digitalarkivet må vera rette staden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Iver Olai Hermanson Hammer, døypt i Bergen 4.8.1765, d. i Bergen 11.3.1813.  Han gifte seg i Bergen 23.1.1788 med Anna Malena Larsdotter, døypt i Bergen 10.7.1763.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Her er Anna Malena Larsd. med sønnen Jens i FT1815 (nr. 38): https://media.digitalarkivet.no/view/51079/145

 

Hun døde 26.4.1840 (nr. 58): https://media.digitalarkivet.no/view/8645/134

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit svært nyttig og interessant innlegg!

 

Eg meinte eg hadde saumfare dødsregisteret for Bergen, men dette dødsfallet hadde eg oversett, kanskje fordi Anna Malene ikkje er kalla Hammer i registeret?

 

Uansett; no er dødsfallet hennar komme til rette, og her er dødsmeldingi hennar, med ættenamnet Hammer:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/23995/256

 

Etter dette sit me att med desse to utfordringane om denne huslyden, men kanskje lyt me til Danmark for å løysa dei??

 

** Kvar døydde Berthe Hammer, som det vart halde skifte etter i Bergen 9.1.1793 - i Bergen eller i København?

 

** Peter Michael Hammer i København - kven var konene hans og kvar vart det av Peter og andre kona hans?  Oversyn over borni?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for å minna om etterlysingi som eg la ut i Danmark i 2016 - sjå òg innlegg #10 ovanfor...

 

Eg la tysdag kveld òg inn ei «oppfrisking» av emnet hjå DIS-Danmark, men so langt har eg ikkje fått nokon reaksjon derifrå...

 

Som det går fram av det danske emnet, har eg vore på leiting etter desse personane i Danmark, men København er ein stor by, og so langt manglar alle spor etter 1809 då Peter Michael Hammer siste gong dukkar opp i ei lokal adressebok!

 

Flytte dei kan henda attende til Noreg??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!  Det hadde berre vore «kjempe» om nokon greidde å finna dei att!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.