Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Rachel Heggelund, enkje, gift i Bergen 1789 - kven var ho?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Enkjemannen Anders Iversen (Hammer) frå Hafslo (1740-1792) gifte seg att i Bergen i 1789 med:

 

RACHEL HEGGELUND.

 

Rachel levde att som enkje i 1792, men dei fekk ikkje born i lag.

 

Er det mogeleg å identifisera Rachel Heggelund, opphav og lagnad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
Grethe Flood

Dette kan være et skudd helt i blinde, men i 1801 finner jeg en Ole Johan Johansen Heggelund, 58 år gammel, i Bergen:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=11&filnamn=f1801&gardpostnr=39184&personpostnr=574069&merk=574069#ovre

 

Han er da født ca 1743. Ole døde i Bergen i 1811, 70 år gammel, f.ca. 1741 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=bedo1668&personpostnr=62635&merk=62635. Fødested: Salten i Nordland. Jeg vet jo ikke om han kan ha noe som helst med Rachel å gjøre, men mannsnavnet Johan kan vel kanskje i noen tilfeller bli Jan? Jeg lurer kanskje på om Ole og Rachel kan være søsken, dvs at Heggelund er hennes "pikenavn".

 

Ole giftet seg i Nykirken i 1780 med Serene Andersdatter - http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=10&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=15340&merk=15340#ovre. Jeg kan ikke se at Ole og Serene hadde noen barn. Kona døde i 1810 - http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=bedo1668&gardpostnr=62318&merk=62318#ovre

 

:rolleyes:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Ann-Mary for fleire spennande innlegg! Etter å ha studert desse opplysningane nokre dagar, er eg komen til at det truleg må vera den rette Rachel Jansdotter som døydde i 1794. Men kven ho var..., sjå det...

 

Dette Heggelund-namnet vart visstnok ein del nytta i Nord-Noreg, so tanken om Salten er ikkje so langt borte... Eg finn ei vigsle i Skjerstad 6.10.1771 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16631&idx_id=16631&uid=ny&idx_side=-53) mellom ein Ole Eliessen Indre Quandahl og ei Rachel Johansdotter Ytre Quandahl, men om det er dei, veit eg ikkje...

 

Elles ser eg at ein Mons Heggelund "af Manufacturet" vart gravlagd 26.3.1777, 40 år gamal (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=6&filnamn=bedo1668&gardpostnr=37168&merk=37168#ovre). Kan han ha vore første mann hennar Rachel?

 

Eg tek framleis imot gode tips...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi som har lege «i dvale» sidan 2011!

 

I innlegg #6 gjer Grethe eit framlegg om at Rachel Jansdotter Heggelund kanskje var ei søster av Ole Johan Johanson Heggelund som var fødd i Salten kring 1741/1743.  Om me går ut ifrå at Rachel Jansdotter Heggelund er identisk med ho som døydde i 1794, 56 år gamal, so var ho fødd kring 1738.

 

Går me inn på FamilySearch, finn me berre tre Rachel med eit liknande farsnamn, alle Joensdøttrer, fødde mellom 1730 og 1760:

 

** Rachel Joensdotter, døypt 21.7.1743 i Vest-Agder - far: Joen Aagedal

 

** Rachel Joensdotter, døypt 14.9.1749 i Nord-Rana - far: Joen Augustinusson

 

** Rachel Joensdotter, døypt 12.12.1756 i Saltdal - far: Joen Jensson

 

Men me ser òg at ei Rachel Jansdotter med mann Einer Olson Morsdahl får ei dotter Karen døypt i Gildeskål 15.10.1775, men denne Rachel og mannen bur i 1801 på Morsdahl i Gildeskål der Rachel er 54 år gamal; kanskje ho som er fødd i Nord-Rana(?):

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058473001518

 

Eg trur ikkje det er jenta frå Vest-Agder, og dei to andre fødde i Nordland er vel kanskje litt for unge?

 

Kanskje nokon har nye tankar kring denne utfordringi?

 

Ei tilleggsutfordring om denne huslyden:

 

Det vart halde skifte etter Anders Iverson Hammer i Bergen 16.7.1792, men gravferdi hans har eg ikkje greidd å finna!!  Då levde att enkja Rachel, men òg eitt av fem born som han hadde fått med første kona si, Agatha Pedersdotter frå Hafslo (1749-1789):

 

* Petriche Andersdotter (Hammer), døypt i Bergen 10.11.1773, gravlagd i Bergen 30.8.1774.

 

* Iver Olai Andersson (Hammer), døypt i Bergen 23.3.1776, må vera avliden før 1779 - gravferd ikkje finne!?

 

* Iver Olai Andersson (Hammer), døypt i Bergen 9.10.1779, gravlagd i Bergen 8.4.1785.

 

* Peder Andersson (Hammer), døypt i Bergen 15.1.1782, einaste barnet som levde i 1792 - er ikkje konfirmert i Bergen 1796-1802 - lagnad ukjend!?

 

* Anne Gurine Andersdotter (Hammer), døyptn i Bergen 10.6.1787, nvart gravlagd i Bergen 29.12.1788.

 

Spørsmåli her er soleis desse:

 

** Dato for dødsfall og/eller gravferd for Anders Iverson (Hammer) 1792?

 

** Dato for dødsfall og/eller gravferd for Iver Olai Andersson (Hammer) d.e. mellom 1776 og 1779?

 

** Lagnaden til Peder Andersson (Hammer) fødd 1782?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til å kartleggja denne huslyden og vonar på positive attendemeldingar!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.