Gå til innhold
Arkivverket

Rachel Heggelund, enkje, gift i Bergen 1789 - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Enkjemannen Anders Iversen (Hammer) frå Hafslo (1740-1792) gifte seg att i Bergen i 1789 med:

 

RACHEL HEGGELUND.

 

Rachel levde att som enkje i 1792, men dei fekk ikkje born i lag.

 

Er det mogeleg å identifisera Rachel Heggelund, opphav og lagnad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette kan være et skudd helt i blinde, men i 1801 finner jeg en Ole Johan Johansen Heggelund, 58 år gammel, i Bergen:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=11&filnamn=f1801&gardpostnr=39184&personpostnr=574069&merk=574069#ovre

 

Han er da født ca 1743. Ole døde i Bergen i 1811, 70 år gammel, f.ca. 1741 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=bedo1668&personpostnr=62635&merk=62635. Fødested: Salten i Nordland. Jeg vet jo ikke om han kan ha noe som helst med Rachel å gjøre, men mannsnavnet Johan kan vel kanskje i noen tilfeller bli Jan? Jeg lurer kanskje på om Ole og Rachel kan være søsken, dvs at Heggelund er hennes "pikenavn".

 

Ole giftet seg i Nykirken i 1780 med Serene Andersdatter - http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=10&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=15340&merk=15340#ovre. Jeg kan ikke se at Ole og Serene hadde noen barn. Kona døde i 1810 - http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=bedo1668&gardpostnr=62318&merk=62318#ovre

 

:rolleyes:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Ann-Mary for fleire spennande innlegg! Etter å ha studert desse opplysningane nokre dagar, er eg komen til at det truleg må vera den rette Rachel Jansdotter som døydde i 1794. Men kven ho var..., sjå det...

 

Dette Heggelund-namnet vart visstnok ein del nytta i Nord-Noreg, so tanken om Salten er ikkje so langt borte... Eg finn ei vigsle i Skjerstad 6.10.1771 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16631&idx_id=16631&uid=ny&idx_side=-53) mellom ein Ole Eliessen Indre Quandahl og ei Rachel Johansdotter Ytre Quandahl, men om det er dei, veit eg ikkje...

 

Elles ser eg at ein Mons Heggelund "af Manufacturet" vart gravlagd 26.3.1777, 40 år gamal (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=6&filnamn=bedo1668&gardpostnr=37168&merk=37168#ovre). Kan han ha vore første mann hennar Rachel?

 

Eg tek framleis imot gode tips...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi som har lege «i dvale» sidan 2011!

 

I innlegg #6 gjer Grethe eit framlegg om at Rachel Jansdotter Heggelund kanskje var ei søster av Ole Johan Johanson Heggelund som var fødd i Salten kring 1741/1743.  Om me går ut ifrå at Rachel Jansdotter Heggelund er identisk med ho som døydde i 1794, 56 år gamal, so var ho fødd kring 1738.

 

Går me inn på FamilySearch, finn me berre tre Rachel med eit liknande farsnamn, alle Joensdøttrer, fødde mellom 1730 og 1760:

 

** Rachel Joensdotter, døypt 21.7.1743 i Vest-Agder - far: Joen Aagedal

 

** Rachel Joensdotter, døypt 14.9.1749 i Nord-Rana - far: Joen Augustinusson

 

** Rachel Joensdotter, døypt 12.12.1756 i Saltdal - far: Joen Jensson

 

Men me ser òg at ei Rachel Jansdotter med mann Einer Olson Morsdahl får ei dotter Karen døypt i Gildeskål 15.10.1775, men denne Rachel og mannen bur i 1801 på Morsdahl i Gildeskål der Rachel er 54 år gamal; kanskje ho som er fødd i Nord-Rana(?):

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058473001518

 

Eg trur ikkje det er jenta frå Vest-Agder, og dei to andre fødde i Nordland er vel kanskje litt for unge?

 

Kanskje nokon har nye tankar kring denne utfordringi?

 

Ei tilleggsutfordring om denne huslyden:

 

Det vart halde skifte etter Anders Iverson Hammer i Bergen 16.7.1792, men gravferdi hans har eg ikkje greidd å finna!!  Då levde att enkja Rachel, men òg eitt av fem born som han hadde fått med første kona si, Agatha Pedersdotter frå Hafslo (1749-1789):

 

* Petriche Andersdotter (Hammer), døypt i Bergen 10.11.1773, gravlagd i Bergen 30.8.1774.

 

* Iver Olai Andersson (Hammer), døypt i Bergen 23.3.1776, må vera avliden før 1779 - gravferd ikkje finne!?

 

* Iver Olai Andersson (Hammer), døypt i Bergen 9.10.1779, gravlagd i Bergen 8.4.1785.

 

* Peder Andersson (Hammer), døypt i Bergen 15.1.1782, einaste barnet som levde i 1792 - er ikkje konfirmert i Bergen 1796-1802 - lagnad ukjend!?

 

* Anne Gurine Andersdotter (Hammer), døyptn i Bergen 10.6.1787, nvart gravlagd i Bergen 29.12.1788.

 

Spørsmåli her er soleis desse:

 

** Dato for dødsfall og/eller gravferd for Anders Iverson (Hammer) 1792?

 

** Dato for dødsfall og/eller gravferd for Iver Olai Andersson (Hammer) d.e. mellom 1776 og 1779?

 

** Lagnaden til Peder Andersson (Hammer) fødd 1782?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til å kartleggja denne huslyden og vonar på positive attendemeldingar!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå «gløymsli», særleg etter at Ivar Moe gjorde ei spennande oppdaging i ei liste over norske soldatar som sat i engelsk fangenskap under «svenskekrigen», sjå innlegg #9 i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/190215-militært-dødsfall-1857-sjur-harald-skophammer-frå-hafslo-strandsitjar-i-solvorn-eller-norsk-militæroffiser/

 

«Kom over en annen Skophammer i engelsk fangenskap ifb. med Napoleonskrigen. Ikke mye jeg har å by på men du har, eller klarer gjerne å plassere han ?

Han satt i fangenskap i 1811 så født på 1700 tallet

 

Peder Skophamer—1811——Napoleonic Wars»

 

Anders Iverson Hammer (1740-1792) var opphavleg frå plassen Skophammar under Kroken i Hafslo, og sidan eg ikkje «på ståande fot» kan «kobla» denne krigsfangen med nokon annan person frå Skophammar, ligg mistanklen svært nær om at det kan ha vore den «bortkomne» sonen til Anders Iverson (Skop)hammer det her er tale om?

 

Her følgjer eit manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Iverson {Skophammer}, døypt {i Hafslo} 4.9.1740,

Anders Iversen flytte i ung alder til Bergen der han 25.7.1773 gifte seg første gongen med Agatha Pedersdotter frå Stein under Kvam nedre, døypt i Hafslo 2.2.1749.  Anders var arbeidsmann og sidan fløtmann, og han og Agatha budde i ytre Markeveien på Nordnes i Bergen.  Derifrå vart Agatha gravlagd 18.2.1789.  Anders gifte seg att i Bergen 11.10.1789 med enkja Rachel Jansdotter Heggelund. 

 

¤¤¤¤¤ (opphav etc.?)

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden deira?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – Anders Iverson Hammer – skifte 16.7.1792!!)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1792 – truleg gravlagd Bergen 25.6.1794 – 56 år!)

 

Anders fekk i alt fem born, alle frå første ekteskapet med Agatha Pedersdotter:

a. Petriche Andersdotter, døypt i Bergen 10.11.1773, vart gravlagd i Bergen 30.8.1774.

b. Iver Olai Andersson, f. i Bergen 23.3.1776,

 

     ¤¤¤¤¤ (må vera avliden før 1779!)

 

c. Iver Olai Andersson, f. i Bergen 9.10.1779, vart gravlagd i Bergen 8.4.1785.

d. Peder Andersson, f. i Bergen 15.1.1782,

 

     ¤¤¤¤¤ (einaste barnet som levde 1792 – lagnaden hans?)

 

e. Anne Gurine Andersdotter, f. i Bergen 10.6.1787, vart gravlagd i Bergen 29.12.1788.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eit særleg «vektig» argument for at denne krigsfangen verkeleg var son av Anders Iverson, er det faktum at Anders ved dåpen i Nykyrkja 20.1.1782 faktisk skreiv seg for Anders Iversen Schophammer: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009169828

 

Det ville vel då ikkje vera so urimeleg at Peder som «rekrutt» var skriven for Skophammer!?

 

Eg har elles no freista finna ein konfirmasjon for Peder i Bergen, men utan hell.  Heller ikkje finn eg han i undersøkjingskommisjonen for 1804/1805.

 

MEN, er me so sikre på at han voks opp i Bergen?  Det er merkeleg at me ikkje heller finn dødsfallet (gravferdi) til faren Anders, berre skiftet hans, og me skal ikkje gløyma at Peder hadde eit søskenbarn Peter Michael Hammer (1767-1805) som var skomakarmeistar i København og budde der frå tidleg 1790-tal...

 

Eg vonar det let seg gjera å fylla nokre av dei hòli som framleis finst i denne huslyden og trur det hadde vore skikkeleg viktig å sjekka ut militære kjelder for å få ein sikker identifikasjon av den engelske krigsfangen!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars

 

Jeg tror også du har en god kandidat i Peder Andersen.

 

Orginal transkriptet til Peder Skophamer er å finne her hvis noen er medlem i "Find My Past" og kan være behjelpelig med å "åpne"

 

Det er også en Peder Skuphamer på neste side, vil anta det er samme mann.

 

https://www.findmypast.com.au/search/results?_page=9&firstname=peder&firstname_variants=true&databasetitle=napoleonic wars&datasetname=prisoners of war 1715-1945

 

Merk:

Ved søk på Peder fra Bergen så kommer også det opp en Peder Anderson. Se øverst

https://www.findmypast.com.au/search/results?datasetname=prisoners+of+war+1715-1945&firstname=peder&firstname_variants=true&keywords=bergen+&databasetitle=napoleonic+wars

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit spennande innlegg om Peder Skophamer/Skuphamer!

 

Eg er diverre ikkje medlem av «Find my Past», men eg vil leggja ut eit spørsmål som går konkret på det, so får me sjå om nokon svarar...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg fått greie på kva «Find my past» har av opplysningar:

 

Under titelen «Account of Danish Prisoners of War, who have died at Greenlaw in the Week ending 21st February 1811» finn eg eitt namn:

 

Peder Skophamer, Seaman Tordenskiold, Privateer, taken off Norway 30 March 1808, born in Bergen, aged 27, died 19th February 1811 (sjå òg vedlegget!)

 

Den andre lista der han er omskriven som Peder Skuphamer, er del av ei lengre liste over fanger som var tekne på på skipet Tordenskiold på same tid.  Der er alderen oppgjeven til 33 år.  Han er 5 feet 6 inches høg, har fair (blondt) får og grå auge!

 

Eg er overtydd om at dette er Peder Andersson, sonen til Anders Iverson (Skop)Hammer!  Men kvifor er han ikkje nemnd i andre lister over norske sjøfolk?

 

Dette ser ut til alt i alt å vera ei ganske so spennande kjelde.  Det var nok ein del bergenske sjømenn som var innom engelsk fangenskap i desse krigsåri...

 

Eg forstår ikkje heilt systemet i desse listene, men der Peder Suphamer er opplista, er han i alle fall oppført i lag med følgjande sjøfolk som vart tekne på Tordenskiold på same tid:

 

* Engebret Torkelsen 30 år

* Hendrich Helleman 29 år

* Hans M. Snekke 36 år

* Peder Skuphamer 33 år

* Andreas Andersen 49 år

* Daniel Larsen 44 år

* Jens Renquest 24 år

* Frederich Frederichsen 40 år

* Georg Hasselmand 18 år

* Anthony Wollerbock 39 år

* Niels Eriksen 36 år

* Engvold Andersen 24 år

 

Nokre av desse namni finn eg att hjå Digitalarkivet:

 

Ingebrigt Torkelsen: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009179315

Henrick Hellemand: https://www.digitalarkivet.no/view/84/pc00000000861694

Georg Hasselman: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000010222

Ingvald Andersson: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000263201

Jens Renquist?: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051079009163

 

Denne krigssoga vert jo berre meir og meir spennande.  Hadde me berre hatt tid til å utforska alt me ville...

 

Eg er svært glad for at Peder Andersson frå denne huslyden er komen til rette, men slit framleis med desse utfordringane frå innlegg #9 over:

 

** Dato for dødsfall og/eller gravferd for Anders Iverson (Hammer) 1792?

 

** Dato for dødsfall og/eller gravferd for Iver Olai Andersson (Hammer) d.e. mellom 1776 og 1779?

 

Ein ny kjempetakk for frsmifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Skophamer Peder.docx

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er en liste med "Fanger" registrert med utgangspunkt i Bergen, Norway. Søker en på bare Bergen så dukker det opp 665 navn,  men da får man også med noen personer  fra Bergen i Belgia, Holland osv.

 

Søker en kun på Norway så får man opp over 1000 resultater.

 

Noen som er registrert er lett å finne igjen ved søk i Digitalarkivet

 

37 results
 
 
First name(s) Last name Service number Year Prison camp or ship Country Conflict  
Absolom Absolosen 1809 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Torkel Amunsen 1811 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Niels Anderson 1812 Chatham England Napoleonic Wars View transcript. View image.
Hans Chris Astrop 1813 Dartmoor Prison England Napoleonic Wars View transcript. View image.
Ole P Brinkmand 1808 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Lauv Christensen 1809 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Stork Inge Crethzen 1811 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Niels Erichsen 1808 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
G Gotfretsen 1808 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Andrew Gregoriosen 1808 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Erik Halvorsen 1812 Chatham England Napoleonic Wars View transcript. View image.
Heine Halvorsen 1808 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Hans Hansen 1808 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Jens M Hansen 1808 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Marthin Hendriks 1810 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Gregorus Iversen 1808 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Johan Johansen 1809 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Peter Jonas 1805 Chatham England Napoleonic Wars View transcript. View image.
Ole Knudsen 1808 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Jacob Laersen 1811 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.

 

 

 

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Del 2

 

Johannes Laersen 1808 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Mons Laersen 1809 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Ole Manke 1808 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Jorgen Mathiasen 1812 Portsmouth Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
H Halver Muller 1809 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Los Nielsen 1808 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Niels Nielsen 1808 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Berent Olsen 1808 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Gutman Olsen 1809 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Knud Olsen 1811 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Peter Prunk 1809 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Jens Ringkober 1808 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Peter Soegaard 1808 Plymouth, Brave Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Thomas Staaman Portsmouth Depot HMPS Guildford England Napoleonic Wars View transcript. View image.
Thomas Staman 1812 Portsmouth Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
William Thoresen 1807 Portsmouth Prison Ship Napoleonic Wars View transcript. View image.
Elling Tweedt 1812 Portsmouth
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye spennande innlegg!

 

Eg dreg kjensel på fleire av desse, mellom anna Torkel Amunsen som er ein del av dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/207733-aamund-torkildsen-1745-1801-frå-luster-til-bergen-huslyden-hans-kven-var-«svigerdotteri»-martha-ambrosia-tormundsdotter/?tab=comments#comment-1749781

Han vart teken til fange på «Ensomheden» 7.9.1807 og sat framleis fanga 26.11.1811.  Som me ser av ovanståande emne, kom han sidan heim att til Bergen der han døydde i 1814!

 

Ein som eg elles hadde venta å finna på denne lista, var matrosen Peter Andreas (Peder) Larsen, fødd i Bergen 11.8.1778.  Han var gift og fekk ein son Anfind i Bergen 29.2.1807, men forsvinn deretter - sporlaust - sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/218864-jørgen-pederson-haugen-kinserdal-1729-1789-frå-hafslo-til-bergen-kvar-vart-det-av-borni-hans-gunvor-lars-og-gjøri-samt-stesonen-johannes-kan-då-vel-ikkje-berre-«forsvinna»-ei-utfordring-av-dimensjonar/

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja eit «vanskeleg kapitel» av norsk soge!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner bare en Peter Larsen registrert

 

PeterLaersen1808Plymouth, BravePrison ShipNapoleonic Wars

View transcript. View image.

PetterLaersen1810Plymouth, BravePrison ShipNapoleonic Wars

View transcript. View image.

PeterLawson1813ChathamEnglandNapoleonic Wars

View transcript. View image.

PeterLawson1813Prison ShipNapoleonic Wars

View transcript. View image. Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars og Ivar !

 

Peder Skuphamar vil ein også sjå på nr 2.865 av i alt 3.142 stk navn i Gamle DA, under navnet «Prisonfanger 1807-14»

 

Torkl Amundsen på nr 3.035.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Jon Sværen skrev:

Lars og Ivar !

 

Peder Skuphamar vil ein også sjå på nr 2.865 av i alt 3.142 stk navn i Gamle DA, under navnet «Prisonfanger 1807-14»

 

Torkl Amundsen på nr 3.035.

 

 

 

Supert Jon 🙂

 

Da er de altså registrert, men kun på gamle DA !!

 

Jeg er så pass ny i slektsforskning at jeg kun har kjennskap til Nye DA. og er litt forundret over at disse registreringene ikke er å finne der. Hva er grunnen til det ? Er det et arbeid som fremdeles pågår ? (Opplasting fra gamle til nye) 

 

Skulle gjerne hatt en link til denne basen i gamle DA. Svært interessant materiale.

 

Mvh

Ivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Iver, Jon og Ann-Mary for nye innlegg om dette emnet!

 

Eg var heller ikkje merksam på denne basen over prisonfangane 1807-1814, og eg ser heilt klart nytten i å studera denne basen noko nærare.

 

Men eg tykte det var påfallande at dei har feil dødsdato på Peter Skuphamer!  Og prisonbasen har han heller ikkje registrert under Skophamer, som dødsfallsmeldingi frå Greenlaw-fengselet i Skotland tydeleg syner (sjå vedlegget i innlegg #13)!  Noko ser ut til å mangla i prisonbasen i høve basane hjå «Find my past», men eg kan ikkje på ståande fot forklara kvar dette ligg....

 

Uansett; dette er kjempeflotte opplysningar å ta med seg i ei bygdebok, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og enten de trur det (Prisonfangar 1807-14) eller ei, den er også på DA ! 3.142 stk !!

 

https://www.digitalarkivet.no/source/100245

 

Ein søkjer på Finn kilde, Rettergang og straff, Fangeprotokoller !

 

Sorry dersom du Ann-Mary alt har vist oss dette før.

————

Sjå vekk frå PM til deg Ivar ! 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.