Jump to content
Arkivverket

Nils og Mons (Mogens) Monssøner (Mogenssøner) i Lom frå ca 1738


Arnfinn Kjelland

Recommended Posts

Eg hentar opp att denne førespurnaden frå det gamle forumet, og seier meg samstundes lei for at eg ikkje svarte på dei siste innspela.

 

Kai (11): det er eit samband til Lom gjennom den slekta du nemner, ja, men eg klarer ikkje så sjå nokon samanheng til dei to Mogenssønene.

 

Grethe (fleire): ja, det var nok tre sysken frå Berge i Vågå som kom til Lom: Rønnaug, Just (nemnt i bd 3 s. 225 under Nørstnes) og Sevald som var på Kvale og til sist i Stasviki (bd 2 s. 117f). Men eg ser ikkje at dei hjelper oss med å identifisere Nils og Mons.

 

Eg har òg bladd raskt igjennom fadderlistene (til 1748), men finn ikkje noko tydeleg spor der.

 

Som det går fram av mitt innlegg 8 i den gamle debatten: "nøkkelen til å knekke nøtta trur eg nok ligg i _relasjonen_: kan to brør Nils og Mons / Mogens Mons- / Mogenssøner f. mellom 1700 og 1720 finnast utan at ein veit meir om kvar det vart av dei, er nok identifikasjonan relativt trygg."

Link to comment
Share on other sites

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.