Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Johannes Johannesson frå Luster (1797) og Maria Arnesdotter frå Åsane, Hamre (1792) - til Bergen - lagnad?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette temaet tek utgangspunkt i tema #69158 frå det gamle debattforum, den gongen lagt fram av Kenneth Bratland (eg får ikkje til lenke...), men her supplert med ein del nye opplysningar.

 

Eg har vanskar med å finna "skikkeleg" ut av denne huslyden som flytte frå Hafslo til Bergen og vonar på hjelp. Eg attgjev frå manuskriptet mitt frå garden Kroken (ytre) i Hafslo:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Johannesson {Kroken/Teigen}, døypt i Hafslo 20.8.1797, flytte i ung alder til Bergen og gifte seg i Årstad, Bergen 27.4.1828 med Maria Arnesdotter frå Rolland i Hamre. Ho var dotter av husmann Arne Pederson på Storbotn under Rolland, opphavleg frå Kvitne på Voss, og kona Sygni Knutsdotter frå Graue på Voss, men f. på Bjørnevoll på Lindås og døypt der 4.9.1792. Johannes og Maria dreiv nokre år heimeplassen hennar på Storbotn under Rolland, men flytte kring 1833 til Laksevåg der

 

¤¤¤¤¤ (seinare lagnbad? – dagarbeidar? - kanskje dei ikkje budde på Laksevåg likevel? - ingen av borni er konfirmerte der!!)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1865!)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1865!)

 

Dei fekk tre born i lag:

 

a. Andreas Johannessen, f. i Årstad, Bergen 13.5.1828,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

b. Anna Johanne, kjend som Johanna Johannessen, f. i Hamre 1.5.1830, d. i Bergen 24.6.1889. Johanna gifte seg på Laksevåg, Askøy 24.3.1872 med Anders Olson frå Solvåg i Hyllestad, Askvoll, kjend som Anders Olsen, f. i Askvoll 4.12.1838. Han d. i Bergen 6.11.1895. Anders var skipstømmermann, og han og Johanna budde på Laksevåg til dei kring 1880 flytte til Sandviken i Bergen. Anders gifte seg att, men fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 

c. Søren Johannessen, f. på Laksevåg, Askøy 17.10.1833, d. i Bergen 6.9.1912. Søren gifte seg i Fjaler 24.6.1857 med Johanna Andersdotter frå Huseklepp i Fjaler, f. i Fjaler 27.1.1829. Ho d. i Bergen 28.5.1912. Søren var tømmermann og sidan verkssnikkar og modellsnikkar. Han og Johanna budde mange år på Laksevåg, men flytte kring 1902 til Bergen. Dei fekk fem born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til foreldri og eldste sonen Andreas!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for kjempeflott innlegg! Eg er overtydd om at du har funne dødsfallet til eldste sonen!

 

So sit me att med foreldri: kvar kan no dei ha gjort av seg? Dei er tydeleg ikkje avlidne på Askøy (inkl. Laksevåg!)

 

Eg har søkt etter konfirmasjonane til alle tre borni på Askøy, men fann dei ikkje der. Kanskje me hadde funne dødsstaden til faren Johannes om me kunne finna ut kvar borni vart konfirmerte?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Er det samme Johannes Johannesen og Maria Arnesdatter som får en sønn Ole Andreas i 1837?

 

FS:

 

Name:Ole Andreas Johannesen Gender:Male Baptism/Christening Date:09 Apr 1837 Baptism/Christening Place:Korskirken, Bergen, Bergen, Norway Birth Date:Birth Place:Death Date:Name Note:Race:Father's Name:Johannes Johannesen Father's Birthplace:Father's Age:Mother's Name:Marie Arnesdatter

 

https://familysearch...M9.1.1/NWJR-YN5

 

Kirkeboken:

 

Faren står som daglønner Johannes Johannesen

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-80

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70321640489.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Trolig er det Marie som befinner seg på Laksevåg i 1865. Hun er oppført som enke og legdeslem, men alderen er oppgitt til 77 år født i Hammers prestegjeld. Se post 2296.http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=f61247&gardpostnr=152&personpostnr=2296&merk=2296#ovre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Trolig er det Marie som befinner seg på Laksevåg i 1865. Hun er oppført som enke og legdeslem, men alderen er oppgitt til 77 år født i Hammers prestegjeld. Se post 2296.http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=f61247&gardpostnr=152&personpostnr=2296&merk=2296#ovre

 

Bor hun ikke sammen med sønnen Søren?

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=2&filnamn=f61247&gardpostnr=152&personpostnr=2296&merk=2296#ovre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Lars skriver selv at Søren og familien bodde flere år i Laksevåg før de flyttet til Bergen. Søren i 1875:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=2&filnamn=f61247&gardpostnr=152&personpostnr=2296&merk=2296#ovre

 

Så moren må altså være død en gang mello 1865 og 1875...

 

Grethe

 

Det nærmeste jeg har kommet er denne damen: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=55&filnamn=1301begr&gardpostnr=17445&merk=17445#ovre

 

 

Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 3 , 1861-1878, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/23997/192/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081111620485.jpg

 

Men fornavn og bostedsadresse passer liksom ikke helt inn....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

I kveld har eg oppaga at det i januar 2012 kom fleire nye innlegg i dette emnet, og sidan eg den gongen ikkje visste korleis det fungerte med «abonnement», har eg aldri lese innleggi frå #4 til #8 før no!  Lat meg då aller først få takka hjarteleg Ann-Mary, Rune og Grethe for nemnde interessante innlegg!

 

Eg held no på med siste «finpussen» av den delen av manuskriptet der denne huslyden inngår, og vil gjerne få leggja ut ein oppdatert versjon.

 

Eit par merknader:

 

* Ann-Mary har i innlegg #4 har gjort meg merksam på eit fjerde barn i denne huslyden, som eg ikkje var klar over, og dette barnet er no gjenstad for særskild merksemd.  Eg vonar det kan sporast vidare...

 

* Elles er det dødsfalli til Johannes og Marie som framstår som «vanskelege».  Den Marta Arnesdotter som du Grethe nemner i innlegg #8, er nok ikkje den me leiter etter, for ho er vel her i FT1865 som fødd på Voss: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038249019681

 

Eg trur det er mykje meir sannsynleg at både Johannes og Marie er avlidne på Laksevåg, og dei dødsfalli er vel ikkje databaseregistrerte...

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Johannesson (Krogen), døypt i Hafslo 20.8.1797,

Johannes Johannessen flytte i ung alder til Bergen og gifte seg i Årstad, Bergen 27.4.1828 med Maria Arnesdotter frå Rolland i Hamre.  Ho var dotter av husmann Arne Pederson på Storbotn under Rolland, opphavleg frå Kvitne på Voss, og kona Sygni Knutsdotter frå Graue på Voss, men f. på Bjørnevoll på Lindås og døypt der 4.9.1792.  Johannes og Maria dreiv nokre år heimeplassen hennar på Storbotn under Rolland, men flytte i 1833 til Biskopshavn i Sandviken, Bergen der

 

¤¤¤¤¤ (seinare lagnad? – dagarbeidar?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1865!)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1865! – då enkje og legdelem på Laksevåg!!)

 

Dei fekk fire born i lag:

a. Andreas Johannesson Johannessen, f. i Årstad, Bergen 13.5.1828, d. i Biskopshavn i Sandviken, Bergen 13.12.1833.

b. Anna Johanne, kjend som Johanna Johannesdotter Johannessen, f. i Hamre 1.5.1830, d. i Bergen 24.6.1889.  Johanna gifte seg på Laksevåg 24.3.1872 med Anders Olson frå Solvåg i Hyllestad, Askvoll, kjend som Anders Olsen, f. i Askvoll 4.12.1838.  Han d. i Bergen 6.11.1895.  Anders var skipstømmermann, og han og Johanna budde på Laksevåg til dei kring 1880 flytte til Sandviken i Bergen.  Anders gifte seg att, men fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

c. Søren Johannesson Johannessen, f. i Biskopshavn i Sandviken, Bergen 17.10.1833, men døypt på på Askøy 17.10.1833, d. i Bergen 6.9.1912.  Søren gifte seg i Fjaler 24.6.1857 med Johanna Andersdotter frå Huseklepp i Fjaler, f. i Fjaler 27.1.1829.  Ho d. i Bergen 28.5.1912.  Søren var tømmermann og sidan verkssnikkar og modellsnikkar.  Han og Johanna budde mange år på Laksevåg, men flytte kring 1902 til Bergen.  Dei fekk fem born i lag.

d. Ole Andreas Johannesson Johannessen, f. på Hegreneset í Sandviken, Bergen 24.12.1836,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny so mykje for alle nye tips og tankar om denne huslyden!

 

PS: Johannes Johannessen hadde ein einaste bror som forsvinn frå Hafslo i ung alder, Nils Johannesson (fødd 1799), men eg vil drøfta han i eit eige tema (https://forum.arkivverket.no/topic/203145-nils-johannesson-krogenteigenvolden-f%C3%B8dd-i-hafslo-1799-konfirmert-i-hafslo-1815-kvar-vart-det-av-han-ytre-sogn-eller-bergen/).

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no sete og leitt etter sønene i denne huslyden som konfirmantar, men finn korkje Søren eller Ole Andreas.  Eg har leitt i Krosskyrkja i Bergen og på Askøy/Laksevåg!

 

Ole Andreas er heller ikkje å sjå i nokon vigselsregister, og heller ikkje finn eg «høvelege» kandidatar i FT1865 eller FT1875!

 

Ikkje nokon enkel oppgåve å finna att denne karen, og dødsfalli til foreldri hans står jo òg som store «mysteriar»!

 

Hadde me berre finne desse konfirmasjonane...

 

NBNB - Redigert: Eg trur jamen eg har finne Ole Andreas!  Er det ikkje denne Ole Andreas Johannessen av Eidsvåg i Bergen som 24.11.1840 døydde som pleiebarn i Åsane?

 

https://media.digitalarkivet.no/view/1908/238

 

Men dersom han var pleiebarn, kva skjedde då med foreldri?  Kan faren vera avliden i mellomtidi??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune for spennande og lovande innlegg!

 

Det er berre det, at når eg no vil inn for å sjekka dødsmeldingane for Bergen, so kjem eg ikkje inn...

 

Systemstreik?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Om me går utifrå at eg har finne den «rette» Ole Andreas bortsett som pleieson, og at faren kan henda døydde kort tid etter sonen var fødd, kan vel dette vera ein brukbar «kandidat» for Johannes Johannessen:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1301begr&gardpostnr=20860&merk=20860#ovre

 

Denne Johannes Johannessen som døydde på sjukehuset 12.2.1839, var 43 år gamal og budde i Krosskyrkjesokni?

 

Men, eg kjem framleis ikkje inn i dødsmeldingsbasen for Bergen...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Hjarteleg takk til Rune for spennande og lovande innlegg!

 

Det er berre det, at når eg no vil inn for å sjekka dødsmeldingane for Bergen, so kjem eg ikkje inn...

 

Systemstreik?

Ja, jeg hadde samme problem da jeg prøvde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Ja, jeg hadde samme problem da jeg prøvde.

 

Det hjelper heller ikke med "kvinnelist"....!  ;)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Kan dette være Marie Arnesdtr. gift Jessen's dødsfall i Bergen 14.08.1874, 81 år gammel. En sjekk av dødsmelding kan kanskje gi svar.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1301begr&gardpostnr=39772&merk=39772#ovre

 

SAB, Bergen by, dødsfallsprotokoll nr. 3, 1861-1878, 1861-1878, s. 235b-236a
Permanent bilde-ID: sk20081111620529

Om me går utifrå at eg har finne den «rette» Ole Andreas bortsett som pleieson, og at faren kan henda døydde kort tid etter sonen var fødd, kan vel dette vera ein brukbar «kandidat» for Johannes Johannessen:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1301begr&gardpostnr=20860&merk=20860#ovre

 

Denne Johannes Johannessen som døydde på sjukehuset 12.2.1839, var 43 år gamal og budde i Krosskyrkjesokni?

 

Men, eg kjem framleis ikkje inn i dødsmeldingsbasen for Bergen...

 

Dette er vel dødsfallet til Johannes?

 

SAB, Bergen by, dødsfallsprotokoll nr. 1, 1821-1847, 1821-1847, s. 231b-232a
Permanent bilde-ID: sk20090615340235

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Så vidt jeg kan se, etterlater 81 år gamle Marie seg to myndige barn i 1874. Og så vidt jeg kan se, døde den eldste sønnen til Johannes og Marie - Andreas - i ung alder. Og hvis Ole Andreas er identisk med pleiesønnen som døde i 1840, så er det to barn igjen: 

 

"b. Anna Johanne, kjend som Johanna Johannesdotter Johannessen, f. i Hamre 1.5.1830, d. i Bergen 24.6.1889."

"c. Søren Johannesson Johannessen, f. i Biskopshavn i Sandviken, Bergen 17.10.1833, men døypt på på Askøy 17.10.1833, d. i Bergen 6.9.1912. " 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune, Grethe og Tore for nye interessante innlegg!

 

Etter at dødsmeldingane for Bergen no på ny er vortne tilgjengelege, ser det ganske klart ut at det må vera «vår» Marie som døydde i Bergen i 1874.  Det står rett nok at ho var enkje etter ein «bordarbeidsmand» (snikkarsvein), men det kan ha vore ein av dei aktivitetane som Johannes hadde som dagarbeidar...

 

Om me har den rette Johannes Johannessen, kan vera eit godt spørsmål, men det finst ikkje nokon annan som høver, so vidt eg kan sjå...

 

Etter dette trur eg at denne huslyden no er «komplett» som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Johannesson (Krogen), døypt i Hafslo 20.8.1797,

Johannes Johannessen flytte i ung alder til Gulen og tente visstnok ei tid på Trovåg, men flytte snart vidare til Bergen og gifte seg i Årstad, Bergen 27.4.1828 med Marie Arnesdotter frå Rolland i Hamre.  Ho var dotter av husmann Arne Pederson på Storbotn under Rolland, opphavleg frå Kvitne på Voss, og kona Sygni Knutsdotter frå Graue på Voss, men f. på Bjørnevoll på Lindås og døypt der 4.9.1792.  Johannes og Marie dreiv nokre år heimeplassen hennar på Storbotn under Rolland, men flytte i 1833 til Biskopshavn i Sandviken, Bergen der Johannes livnærte seg som dagarbeidar og truleg òg som snikkarsvein.  Han d. visstnok på sjukehuset i Bergen 12.2.1839.  Marie Johannessen flytte sidan som enkje til Laksevåg, men d. i Bergen 13.8.1874.  Johannes og Marie fekk fire born i lag:

a. Andreas Johannesson Johannessen, f. i Årstad, Bergen 13.5.1828, d. i Biskopshavn i Sandviken, Bergen 13.12.1833.

b. Anna Johanne, kjend som Johanna Johannesdotter Johannessen, f. i Hamre 1.5.1830, d. i Bergen 24.6.1889.  Johanna gifte seg på Laksevåg 24.3.1872 med Anders Olson frå Solvåg i Hyllestad, Askvoll, kjend som Anders Olsen, f. i Askvoll 4.12.1838.  Han d. i Bergen 6.11.1895.  Anders var skipstømmermann, og han og Johanna budde på Laksevåg til dei kring 1880 flytte til Sandviken i Bergen.  Anders gifte seg att, men fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

c. Søren Johannesson Johannessen, f. i Biskopshavn i Sandviken, Bergen 17.10.1833, men døypt på på Askøy 17.10.1833, d. i Bergen 6.9.1912.  Søren gifte seg i Fjaler 24.6.1857 med Johanna Andersdotter frå Huseklepp i Fjaler, f. i Fjaler 27.1.1829.  Ho d. i Bergen 28.5.1912.  Søren var tømmermann og sidan verkssnikkar og modellsnikkar.  Han og Johanna budde mange år på Laksevåg, men flytte kring 1902 til Bergen.  Dei fekk fem born i lag.

d. Ole Andreas Johannesson Johannessen, f. på Hegreneset i Sandviken, Bergen 24.12.1836, d. som pleiebarn i Åsane 24.11.1840.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×