Gå til innhold
Arkivverket

DUGNAD! - Anders Thunold døydde i Bergen 1870 - kvar vart det av borni Elisabeth, Ole og David?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Anders Ananiasson Thunold, fødd på Tunål i Stryn i 1806, døydde i Bergen 19.12.1870. Dødsmeldingi (http://arkivverket.no/URN:sk_read/23997/177/) fortel oss at han let etter seg enkje Alida Andersen og fire myndige born, "hvoraf 3 fraværende". Han hadde dels fått fattigunderstøtting, so det vart neppe halde noko skifte etter han.

 

Enkja Alida Andersen døydde i Bergen 12.7.1892 med "intet etterlatt".

 

Dei fire borni som levde i 1870, var:

 

~~~~~~~~~~

 

a. Elisabeth Bertine (Andersen?), f. i Bergen 9.4.1830,

 

¤¤¤¤¤ (fråverande 1870 med ukjend lagnad)

 

b. Andrine Jensine Andersen, f. i Bergen 25.8.1833, d. i Bergen 13.3.1881. Ho gifte seg første gongen i Bergen 21.4.1862 med Anfind Helgeson frå Flugeim i Sogndal, i Bergen kjend som Anfind Helgesen. Han var f. i Sogndal 14.1.1840 og reiste til sjøs som kokk, men d. i Bergen 13.11.1869. Andrine gifte seg 11.11.1877 att i Bergen med Erik Daniel Sakariasson frå Bevring i Jølster, i Bergen kjend som Erik Sakariassen. Han var f. i Jølster 9.1.1845 og d. i Bergen 2.12.1932. Erik var kòlarbeidar, og han og Andrine vart buande i Bergen levetidi ut. Andrine fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet.

 

c. Ole Andreas (Andersen?), f. i Bergen 12.10.1836,

 

¤¤¤¤¤ (fråverande 1870 med ukjend lagnad)

 

e. David Johan (Andersen?), f. i Bergen 1.3.1839,

 

¤¤¤¤¤ (fråverande 1870 med ukjend lagnad)

 

~~~~~~~~~~

 

Eg har søkt etter dei tre fråverande ervingane i ulike kjelder, FT1865, FT1875, FamilySearch, ancestry.com, men eg står like fast! Kvar i all verdi kan dei ha gjort av seg??

 

Kanskje har eg oversett eitt eller anna? Kanskje einkvan har noko å bidra med?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for innlegget frå fattiglistene. Hadde me endå kunna snakka med dei for 130 år sidan..., men det er vel ganske so vonlaust å finna att desse borni?

 

Sidan dei ikkje finst i norske kjelder (til dømes i folketeljingane?), er det vel ikkje utruleg at dei kan ha utvandra til Amerika, men korleis finn me dei att der borte...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette temaet, som diverre synest ganske so vanskeleg å gjera noko meir med. Men det skadar ikkje å gjera ein freistnad. Ein eller annan stad må jo desse søskeni ha gjort av seg... Kanskje ein eller anna kjem med ein glup idé?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra fam search: Kan dette være Elisabeth Berthine Andersdatter Tunold:

 

Minnesota Marriages, 1849-1950 for Betsey Or Bertha A. Tenold

 

« Back to search results

No image available

Search collection

About this collectionGroom's Name: August C. Stoen

Groom's Birth Date:

Groom's Birthplace:

Groom's Age:

Bride's Name: Betsey Or Bertha A. Tenold

Bride's Birth Date:

Bride's Birthplace:

Bride's Age:

Marriage Date: 09 May 1878

Marriage Place: Faribault, Minnesota

 

Søker du pa fam.search, finner du mange barn til dette paret, blandt dem:

 

Elvin August Stoen

 

Minnesota Births and Christenings, 1840-1980 birth: 19 Jul 1899 Emerald

residence: 1899 Faribault,​ Minnesota,​ United States

parents: August Stoen,​ Bertha Tenold

 

Nei, hun ville jo vært for gammel til å få barn da!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her dør hun:

 

Minnesota Deaths and Burials, 1835-1990 for August Stoen

 

« Back to search results

No image available

Search collection

About this collectionName: Bertha Stoen

Gender: Female

Burial Date:

Burial Place:

Death Date: 20 May 1944

Death Place: Bricelyn, Fairbault, Minnesota

Age: 86

Birth Date: 1858

Birthplace:

Occupation:

Race:

Marital Status: Married

Spouse's Name: August Stoen

Father's Name: Andrew Tenold

 

Andrew Tenold er faren. Men fødselsår og alder blir dessverre feil.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Erling for siste to innleggi frå hausten 2011!

 

Denne Bertha Andersdotter Tenold som du Erling fann i 2011, kan nok diverre ikkje vera ho som me leiter etter. Både namn og alder har for store avvik.

 

Eg er framleis like "blank" når det gjeld lagnadane til desse tre søskeni frå Bergen, men ei interessant opplysning kom fram i eit tema på Arkivforum der eg spurte etter om Ole Andreas og David Johan kunne ha vore reiste til sjøs.

 

Der er det tydeleg ikkje, men David Johan Andersen Thunold fekk 27.7.1858 løyve til opphalda seg i to år i utlandet! David var 19 år då han fekk dette løyvet, men kvar kan han vera faren? Statsarkivar Nedrebø meiner han kan ha søkt om dette løyvet for å gå i teneste på eit utanlandsk, til dømes engelsk, fartyg, men han kan vel kanskje ôg ha hatt ønskje om å læra eitt eller anna handverk(?). Eg ser at fleire unge menn frå Krosskyrkjesokni i Bergen i 1850-åri melde flytting til København av slike orsaker, men korkje Ole Andreas eller Davis Johan står i flyttelistene... Kan dei finst i passprotokollane? Hmm! Ikkje so lett dette...

 

Men, det er vel med desse søskeni som med so mange andre; me har enno ikkje leitt på rette staden! Men noko ønskje om å gje opp, har i alle fall ikkje eg!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg gjer i dag ein siste freistnad på å leggja ut dette problemet der eg framleis saknar lagnadane til dei tre søskeni Thunold/Andersen frå Bergen og byr med dette inn til DUGNAD!! Ein eller annan stad MÅ dei jo vera flytte, og ein dag dukkar nok minst ein av dei opp, men det vert vel ikkje tidsnok til å komma med i bygdeboki vår... Berre om David veit me at han i 1858 søkte om løyve til å reisa utanlands i to år, men kjeldene seier ikkje noko om KVAR han fór!

 

Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.