Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Andreas Larsson (1804) gift i Årdal 1834 - opphav og lagnad?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Kyrkjeboki for Lærdal syner at Andreas Larsson Offerdal (30) og Anna Larsdotter Natvig (48) gifte seg der (Årdal sokn) 22.6.1834 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11600&idx_id=11600&idx_listetype=vi&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-2). Febrene var Lars Hendrikson Offerdal og Lars Jensson Natvig.

 

Anna Larsdotter var fødd i Årdal 3.4.1788 som dotter av Lars Jensson og Sophia Johannesdotter, plassfolk under Natviki i Årdal.

 

Men eg kan ikkje finna nokon Andreas Larsson fødd i Årdal mellom 1802 og 1806, og ikkje heller finn eg nokon Lars Henrikson i Årdal i 1801. Det næraste eg kjem er ein konfirmant i 1821 som heiter Andreas Larsson under Hestetun, 16 år (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11596&idx_id=11596&idx_listetype=kf&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-8).

 

Men denne siste Andreas Larsson må vera den Andreas Larsson Hestetun som 23.12.1831 fekk ein (uekte) son Ole med Martha Olsdotter Jelde i Årdal (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11597&idx_id=11597&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-66), og i 1865 finn me denne huslyden på garden Hatlenes i Selje:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Andreasen, Huusf, ug, Gaardbr Selveier, 1832 Aardals Prgj.

Jørgen Thomasen, ug, Tjenestedreng, 1847 Aardals Prgj.

Andreas Larsen, g, Kaarmand, 1805 Aardals Prgj.

Marte Olsdatter, Hans Kone, g, 1812 Aardals Prgj.

Oline Larsdatter, ug, Tjenestepige, 1835 Eids Prgj.

Sjur Anfinsen, Hendes Søn, ug, 1861 Aardal Prgj.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Etter dette kan det sjå ut som om Andreas først har vore gift med Anna Larsdotter, og etter ho fall ifrå, har han gift seg att med "gamlekjæresten" sin, Martha Olsdotter!?

 

Eg ønskjer å finna ut følgjande:

 

* Dato og stad for dødsfallet hennar Anna Larsdotter, som i 1834 gifte seg med Andreas Larsson?

 

* Identifisering av Andreas Larsson og opphavet hans?

 

* Dato og stad for dødsfallet hans Andreas Larsson?

 

* Yrke og bustad for Andreas og Anna?

 

Kanskje bygdeboki for Selje har noko å bidra med her?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Valentina

Hei!

 

Vet ikke om det er denne Andreas Larsson du leter etter, men en Andreas Larsson, fattiglem og enkemand, døde i Lygra 12.05.1884, gravlagt 16.05.184, ingen pårørende nevnt. Står han var født i Lonevåg i 1805. Tidsmessig stemmer jo dette.

 

Link:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=LYGRA&personpostnr=61&merk=61

 

Hilsen Mette

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Mette for nytt og spennande innlegg. Alderen passer so absolutt, so kanskje er det han...? Eg veit ikkje..., enno...

 

Derimot fann eg ei vigsle i Årdal 3.5.1835 for Andreas Larsson Midthun og Martha Olsdotter Jelde (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11600&idx_id=11600&idx_listetype=vi&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-3). Aldre er rett nok ikkje oppgjevne, men dette må vel vera kårfolki på Hatlenes i Selje i 1865. Dette tyder då på at "vår" Andreas Larsson og kona Anna Larsdotter må ha butt ein annan stad... Hadde me berre visst kvar...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Det er vel då kanskje ikkje særleg interessant, men Andreas Larsen Hatlenes døde 8. januar 1869 i Selje. (oppgitt fødselsår 1806) (Fylkesarkivet)

Dessverre får eg ikkje opp kyrkjebøkene slik at vi kan sjå om det står noko meir der.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Det er vel då kanskje ikkje særleg interessant, men Andreas Larsen Hatlenes døde 8. januar 1869 i Selje. (oppgitt fødselsår 1806) (Fylkesarkivet)

Dessverre får eg ikkje opp kyrkjebøkene slik at vi kan sjå om det står noko meir der.

 

mvh Egil

 

Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 11 (1858-1870), Døde og begravede 1869, side 276, nr. 13:

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8410&idx_id=8410&uid=ny&idx_side=-259

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305690259.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Lars E. !

 

Du har sikkert funne Anna f. 1788 i Bygdeboka i Årdal på s. 79. Og Andreas f. 1804 på s. 131.

 

Og at begge to har forfedre i Luster.

Andreas med mora, Inga Kristensdtr Tallaheugen frå Luster.

Anna med far: Lars Jensen født på Melheim, Hafslo i 1755.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil, Grethe og Jon for nye spennande innlegg!

 

Til deg Jon er det det å seia at denne Andreas ikkje kan vera son av Lars Pederson og Inga Christensdotter. Det finst rett nok ikkje noko skifte å syna til, men ingen Andreas er fødd kring 1804 eller konfirmert kring 1819 som kan høva! Dessutan er faren ved vigsli oppgjeve heita Lars Henrikson!!

 

Eg trur at Andreas Larsson må vera komen utante ein eller annan stad ifrå; hadde me berre visst kvarifrå...

 

Eit anna mysterium her er òg kvar det vart av dette parfolket... Kan dei vera farne til heimbygdi hans?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Lars E. !

 

Har du sett at konfirmantar på den tid ca 1820, kan væra ein god del eldre enn 15 år ?

 

Iallefall døyr Inga i 1838, 10 år etter mannen Lars Pederson. Data er frå gravlagde i SF 1669-1920:

78861 1422 5/1 1838 k Inga Christend. Offerdal kårkone g 1750 0 Kyrkjebok, gravlagde.

 

At presten i ekteskapet i 1834 kan ha "blingsa" ang far til Andreas, utelet du ?

Det er Bygdeboka i Årdal s. 131 som har feil ?

 

Det er du Lars som skriv Bygdabøker for Luster, ikkje meg, så difor er det du som er boss og tek avgjerda.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for interessant kommentar!

 

Eg er fullstendeg klar over at farsnamnet kan vera feilskrive ved vigsli i 1834, men det faktum at eg ikkje finn han fødd i Årdal, korkje i fødselsregisteret eller i konfirmasjonsregisteret (og eg har søkt mange år utover 1819!!), får meg til å tvila på bygdeboki for Årdal.

 

Me veit at det finst feil i bygdebøkene, mine irekna, og diverre veit me at altfor mange bygdebokskrivarar, i alle fall historisk sett, har trekt konklusjonar som ikkje kan underbyggjast. Denne om opphavet til Andreas Larsson meiner eg må vera ein slik konklusjon, som eg tippar byggjer på at Andreas i 1834 hadde namnet Offerdal!

 

Elles må det seiast, at eg ville finna det underleg at Lars og Inga i Kleivi under Offerdalen kalla einaste son deira for ANDREAS, fødd då mori Inga (døypt i februar 1757) var om lag 47 år gamal når me veit at dei to døtrene, fødde ein del år før, var oppkalla etter dei to bestemødrene! Andreas er elles eit svært so sjeldent namn i Årdal på den tidi...

 

Kanskje er det nokon som har andre syn på desse argumenti, og dei høyrer eg gjerne ifrå...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Andreas Larssen Hestetun født uekte 20 juli 1806 av foredre Lars Eriksen Midtun frå brn. 4 og Malene Olsd. Kvei Hestetun.

 

Andreas gifte seg 3 mai 1835 med Maritha Olsd. under Hjelle.

 

Men før desse gifte seg fekk Andreas eit barn med kona, Ole den 23 desember 1831. Seinare fekk han eit barn med Anne Eriksd. Hæreid/Midtun, Ole fødd 5 juni 1833.

 

Det ser ut til at Andreas og Maritha reiste fyrst til Høyanger, Sæbø og sia enda dei i Selje.

 

Så me kan utelukka desse folki.

 

Lars Henriksen...er og blir ei gåte, samt sonen og kona has. Dei kan ikkje ha gjort mykje av seg sia me ikkje høyrer noko om dei. Eg trur at dei er farne frå bygdi.

 

Mvh. Terje Hagen Årdalstangen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Rettelse: Seinare fekk han eit barn med Anne Eriksd. Hæreid/Midtun, Ole fødd 5 juni 1833.

 

Her skal det vere Mette fødd 5 juni 1833.

 

Terje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for interessant svar!

 

Då er me vel i grunnen samde om at Andreas Larsson med far Lars Henrikson er del av ein huslyd som berre var "innom" ei kort tid for so å forsvinna att, og sidan Andreas og Anna tydeleg ikkje fekk born i lag, so vert det vanskeleg å finna dei att, utan at me ganske so tilfeldigt finn dei ein eller annan stad...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Lars nr 3 og nr 7, samt Terje nr 10 !

 

Sjå på ekteskapet 3. mai 1835 i nr 3 ! Det KAN IKKJE væra Lars Henriksen (nr 7), men Lars Eriksen !?

Eller er det meg som bør / MÅ skifta lesebriller ???

 

Og dersom Lars Eriksen er far til brudgommen i 1835, tja .... då har MOGELIG Terje i nr 10, løyst problemet til bygdabok-forfattaren ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Jon.

 

Du trenger ikkje nye lesebriller!

 

Det er rett at Lars Eriksen er far i gifte til sonen Andreas den 3 mai 1835, men i hit gifte den 22 juni 1834 der er Lars Henriksen far.

 

Mvh. Terje Hagen Årdalstangen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon og Terje for nye bidrag i denne debatten!

 

Det finst ei "hårfin" opning for at svaret alt ligg på bordet. Det KAN jo tenkjast at bruri frå 1834, Anna Larsdotter, døydde kort etter vigsli og at det soleis KAN vera den same Andreas Larsson som har gift seg opp att i 1835, men ogso han er nemnd for "ungkarl", so tipset fell vel på den urimelege tanken at presten ikkje berre har skrive feil farsnamn, men ogso feil yrkesstatus... Og eg finn heller ikkje noki Anna Larsdotter som døydde i Årdal i 1834 eller 1835!

 

Det kan sjå ut som om eitt eller anna her ikkje stemmer, men den einaste andre feilen eg kan komma på i farten, er at NAMNET PÅ BRUDGOMEN er feil. Namnet Andreas Larsson son av Lars Henrikson finst skrive i kjeldene våre berre EIN EINASTE GONG, og det er i samband med denne vigsli frå 1834, medan hin Andreas Larsson er nemnd i fleire kjelder (dåp, konfirmasjon, vigsel, FT1865, dødsfall etc.).

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Eit landsomfattand søk i FT-1801 syner 139 stk. Lars Henriksen!

5 stk. i S&Fj. Det er Lars 51 år gift på Eggum i Lærdal, ein i Jostedalen 2 år, ein i Naustdal 15 år, ein i Kinn 8 år og ein i Gloppen 17. år.

I dei andre omkring liggande områda austafør er det omtrent berre framvekstingar.

 

I Lærdal har det opp igjennom tida vore ein del Henrikar, men det er dåligt med emner der ogso.

 

Så eg byrjar å lure på om det er han Andreas Midtun som er brugom og reiste til Selje i 1846 i sitt andre gifte.

Att presten har gløymt å skreve inn dødsfalli det er ikkje me overraska over, det har vel heller vore alt for mykje av.

 

Mvh. Terje Hagen Årdalstangen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet frå 2011, som framleis står uløyst!

 

Eitt nytt element ermdukka opp sidan emnet var opp for snart fem år sidan:

 

Ei kårkone Anna Lassesdotter Offerdal døydde i Årdal 12.8.1856, 70 år gamal

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 9 (1835-1857), Døde og begravede 1856, side 78.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11601&idx_id=11601&uid=ny&idx_side=-80
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514630580.jpg

 

Det finst ikkje noki Anna Lassesdotter, korkje i Årdal eller andre stader i Sogn, som kan høva med denne, so eg trur at dette er den Anna me leiter etter - d.v.s. at Lassesdotter er feilskrive for Larsdotter!

 

Spørsmålet vert då: Kven var mann hennar, Andreas Larsson, son av Lars Henrikson, fødd kring 1804??  Når Anna er kalla kårkone, kan det tyda på at mannen framleis levde då ho døydde!?

 

Eg takkar nok ein gong so mykje for alle gode tips og innspel i denne saki!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Ingeleiv Johannesdatter døde i 1804:

Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 3 (1783-1804), Døde og begravede 1804, side 185. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11595&idx_id=11595&uid=ny&idx_side=-166
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620519.jpg

 

Datteren giftet seg i 1822 med Nils Jacobsen Offerdal:

 

Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 5 (1822-1834), Ekteviede 1822, side 145. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11597&idx_id=11597&uid=ny&idx_side=-129
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514630096.jpg

 

Nils og Ingelev fikk flere barn, blant annet datteren Ingelev i 1832. Blant fadderne finner jeg Johannes Knudsen Offerdal og Anders Larsen ibid og Anne Larsdatter Natvig:

 

Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 5 (1822-1834), Fødte og døpte 1832, side 65. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11597&idx_id=11597&uid=ny&idx_side=-70
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514630037.jpg

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Grethe, du er berre heilt fantastisk!  Hjarteleg takk for spennande og interessante innlegg.  Andreas Larsson frå Eggum i Borgund har nok vore studert før, men me meinte vel han var litt for gammal, og han kom frå ein heilt annan kant av Lærdal prestegjeld.

 

Når eg no ser at søsteri Velgjer Larsdotter gifte seg med Nils Jacobson, og at dei budde i Offerdalen, då vert det heilt klart ei anna sak!  Eg er overtydd om at du har finne «vår» Andreas!

 

Manuskriptet mitt for denne huslyden ser då slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

b. Anna Larsdotter, f. i Årdal 3.4.1788, d. som kårkone i Offerdalen i Årdal 12.8.1856.  Anna gifte seg i Årdal 22.6.1834 med Andreas Larsson frå Vettei under Eggum i Borgund, Lærdal, f. i Lærdal 4.9.1801.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ¤¤¤¤¤ (yrke og bustad?)

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? - truleg ingen?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Då sit me att med spørsmålet om kvar det vart av Andreas?  Kan han og Anna vera flytte frå Årdal (slik me heile tidi har gått ut ifrå), men at Anna kom attende og døydde der?  Kanskje me lyt sjå lite vetta på søskeni til Andreas:

 

Lars Henrikson (1751-1811) og Velgjer Johannesdotter (1755-1804) hadde tre born etter seg då dei døydde:

 

* Johannes Larsson, fødd 1793, vart ifølgje Borgundsboki konfirmert frå Lo i 1812, men er sidan ikkje nemnd.

 

* Velgjer Larsdotter, fødd 1796, gifte seg i 1822 med Nils Jacobson og budde i Offerdalen, i alle fall ei tid.  Desse borni er fødde i Offerdalen: Lars (22.5.1824), Jacob (4.3.1827), Espen (4.4.1830) og Ingeleiv (25.2.1832).  Korkje Nils eller Velgjer døydde i Årdal, men eg finn Espen Nilsson Offerdal som utvandra til Amerika i 1856, medan Ingeleiv gifte seg i Lærdal 17.5.1857 med Ole Johannesson Vindedal.  Truleg reiste ogso dei til Amerika.

 

* Andreas Larsson, fødd 1801, er nemnd Anders i Borgundsboki utan kjend lagnad.

 

Noko eintydig svar på kvar Andreas og Anna kan ha butt og kvar Andreas døydde, ser eg ikkje...

 

Eg takkar igjen for kjempefine opplysningar og vonar på oppklaring...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Velgier Larsdatter var 25 år da hun giftet seg i 1822 med Nils Jakobsen, f. 1797.

 

Jeg regner med at du forelengst har sett, Lars, at det i konfirmantlista for 1812 dukker opp to Welgier Larsdatter Eggum: den ene er 15 år (nr. 6) og den andre er 18 år (nr. 16). Den ene har fødselsår 1797 og den andre er født ca. 1794. 

 

Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 4 (1805-1821), Konfirmerte 1811-1814, side 124-125. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11596&idx_id=11596&uid=ny&idx_side=-64
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620595.jpg

 

Jeg så også Johannes Larsen Lo i konfirmantlista for 1812. Men Andreas/Anders har jeg ikke funnet blant konfirmantene. Kan han ha blitt plassert hos slektninger etter at faren døde i 1811? Jeg mener å se Anders Larsen Offerdal som fadder første gang da lille Ingelev ble døpt i 1832. 

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Er dette dåpen til Ingelev Johannesdatter?

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogndaap&gardpostnr=135354&merk=135354#ovre

 

Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Fødte og døpte 1755, side 122. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-125
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620193.jpg

 

Søsteren Ranvei, 1762: 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogndaap&gardpostnr=135195&merk=135195#ovre

 

Namn arvtakar: Johannes, Iversen  Gard: Teigum, nr.:2 Husmannsplass:   Yrke: Kaar og enkemanden Skipreide: Borgund Protokoll/side: 10-186b Datering: 1786-1794 Dato: 22.3.1792 Eiga: 23 Dalar, 2 ort, 4 skilling Gjeld: 23 Dalar, 4 ort, 7 skilling Netto: 0 Dalar, 0 ort, 0 skilling Merknad: Falitt - 2 idnr samme post Personar i skiftet :
(1) Ole Johannessen Myndig Søn
(2) Ingeleiv Johanesdatter 35 Aar Datter
(3) Randvei Johannesdatter Datter
(4) Lars Tollefsen Eggum Formynder for Ingele
(5) Johannes Nielssen Mattis Lien Gift med Randvei
(6) Giertrud Johannesdatter 25 Aar Datter
(7) Boets gjeld Kreditor
(8) Knud Baarsen Hillestad Formynder for Giertr

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Nils og Valgjer hadde for øvrig enda en datter - Mari, 1834:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWRT-CYL

 

Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 5 (1822-1834), Fødte og døpte 1835, side 87. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11597&idx_id=11597&uid=ny&idx_side=-94
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514630061.jpg

 

Jeg leser fadderne slik: Marius Pedersen Offerdal, Anfind Pedersen ibid, Anne Lassesdatter ibid, Anna Larsdatter ibid og Christi Albrechtsdatter ibid. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Se høyre side, nr. 21, 22 og 23:

 

Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 17 (1851-1877), Innflyttede 1862, Utflyttede 1862, side 40. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8409&idx_id=8409&idx_listetype=uf&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-36
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305680203.jpg

 

Nils Jakobsen Offerdal utvandret i 1862 med kone og barn. 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande meldingar, som har sytt for at me er komne eit steg vidare:

 

Eg la nemlig merke til at det mellom fadrane i 1834 var både Anna Lassesdotter Offerdal og Anna Larsdotter Offerdal!  Ein av dei andre fadrane var Marcus Pederson Offerdal!

 

Då er det heilt klart at den Anna Lassesdotter Offerdal som døydde som kårkone i Offerdalen 12.8.1856, IKKJE kan ha vore kona til Andreas Larsson likevel.  Ho var nemlig første kona til gardbrukar MARCUS PEDERSON i Offerdalen.  Marcus gifte seg nemlig i Sogndal 5.7.1818 med ANNA LASSESDOTTER frå Åberge i Sogndal

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 9 (1809-1821), Kronologisk liste 1818, side 115.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11659&idx_id=11659&uid=ny&idx_side=-114
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515670329.jpg

 

So gifte Marcus seg att som enkjemann i Sogndal 2.6.1857

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 12II (1847-1877), Ekteviede 1857, side 258.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8413&idx_id=8413&uid=ny&idx_side=-32
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306610032.jpg

 

med Martha Jensdotter frå Sogndal, som er kona hans ved FT1865:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038259000375(feil kalla Torbjørnsdotter!)

 

Marcus døydde som kårmann på Seim i Årdal 5.1.1882!

 

~~~~~

 

Då lyt me altso henta fram att den «gamle» konklusjonen vår om at:

 

* Andreas Larsson (Offerdal), fødd i Borgund, Lærdal 4.9.1801, og

 

* Anna Larsdotter (Hovland), fødd i Årdal 3.4.1788

 

må vera flytte frå Årdal ein eller annan gong etter dei gifte seg i Årdal 22.6.1834, men kva tid og kvar vart det av dei??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki og held fingri vel krossa i von om at dei vil dukka opp, ein eller annan stad!?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.