Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Andreas Larsson (1804) gift i Årdal 1834 - opphav og lagnad?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få ta opp att dette emnet som har lege «i dvale» i over fire år!

 

Diverre er eg i mellomtidi ikkje komen noko lenger med denne huslyden, men her er ei oppsummering av noverande status for manuskriptet (for ordens skyld tek eg med alle søskeni i denne huslyden, ogso dei som er «ferdige»:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Jensson {Natvig}, døypt {i Hafslo} 22.11.1755, gifte seg {i Hafslo} 28.3.1784 med Sophia Johannesdotter frå Dversdalen.  Ho vart døypt i Luster 2.2.1757.

Lars og Sophie flytte kring 1785 til Årdal der me finn dei att som plassfolk på Sva under Natviki.  Lars d. som husmann under Natviki 1.5.1819, medan Sophia d. som kårkone same staden 7.9.1839.  Dei fekk fem born i lag:

a. Jens Larsson, døypt i Hafslo 18.7.1784, flytte nok med foreldri til Årdal kring 1785, men d. truleg i Årdal kring 1792.

b. Anna Larsdotter, f. i Årdal 3.4.1788, gifte seg i Årdal 22.6.1834 med Andreas Larsson frå Vettei under Eggum i Borgund, Lærdal, f. i Lærdal 4.9.1801. 

 

     ¤¤¤¤¤ (må vera flytte frå Årdal, men kvar?? – yrke og bustad?)

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfalli deira?)

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – truleg ingen?)

 

c. Mari Larsdotter, f. i Årdal kring 1791, d. som husmannskone under Hunderi i Lærdal 4.10.1860.  Mari gifte seg i Lærdal 29.10.1820 med Lars Olson frå Hunderi i Lærdal.  Han var f. i Lærdal 12.12.1796.  Mari og Lars vart husmannsfolk på Roarsgjerdet under Hunderi i Lærdal, men som enkjemann utvandra Lars i 1868 til Amerika.  Under namnet Lewis Olson budde han først eit år i Dane Co., Wis., men i 1869 flytte han med eine dotter si til ein farm i Brule township, Union Co., S.D. der han visstnok d. kring 1875.  Dei fekk tre born i lag, men Mari hadde òg ei dotter frå før.

d. Johanna Larsdotter (1794-1860), vart gift med Ole Andreasson frå Bakken under Natvik i Årdal (1791-1831), son av husmann Andreas Olson frå Teigane under Leri i Luster (1767-1853) (s.d.).

e. Jens Larsson, f. i Årdal 9.1.1796, d. som enkjemann i Natviki i Årdal 13.10.1867.  Jens gifte seg første gongen i Årdal 23.10.1825 med Anna Olsdotter frå Garden under Vindedal i Lærdal.  Ho var f. i Lærdal 25.7.1797, men d. i barselseng i Natviki 5.5.1826.  Jens gifte seg so att i Årdal 7.10.1827 med Gro Christophersdotter frå Strondi under Prestegard i Årdal.  Ho var f. i Årdal 5.2.1795 og d. som husmannskone under Natviki i Årdal 16.8.1861.  Jens vart husmann i Haugen under Natviki i Årdal og fekk i alt fire born, eitt frå første ekteskapet og tre frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Anna og Andreas er heilt klart flytte frå Årdal, kan henda til Sunnfjord eller Romsdalen, men eg veit ikkje kvar me skal ta til med leitingi...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Tandsether
Posted (edited)

Dette må være et annet par. Sønnen Ole ble døpt i Årdal 1.1.1832 (nr. 17) https://media.digitalarkivet.no/view/11597/68 av ugifte foreldre Andreas Larsen Hestetun og Marta Olsdatter Hjelle, som trolig giftet seg seinere.

 

(Så ikke at dette er nevnt alt i #1 da jeg skrev dette).

Edited by Terje Tandsether

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon og Terje for interessante innlegg om denne huslyden!

 

Dette parfolket i Selje har eg vore borti før, men dei kan ikkje vera folki eg leiter etter.  Det som er ei ekstra stor utfordring her, er det faktum at både mann og kona har so «vanlege» namn, men so var det denne kombinasjonen då...?  Det var ein del flytting frå Årdal til Hitra midt på 1800-talet.  Eg har leitt der, men so langt utan resultat...

 

So kvar gøymer dei seg?  Er dei kanskje farne over fjellet til Hallingdal eller Valdres?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna lagnaden til dette parfolket!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.