Gå til innhold
Arkivverket

Nils Halvorson, fødd Hafslo 1746 - København 1772 - Jylland 1782?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Nils Halvorson var fødd på garden Kroken i Hafslo kring 1746 som son av Halvor Olson og Gjertrud Hansdotter. Han flytte kring 1757 med faren og ei stemor til Årdal, men fór sidan til Danmark. Eit skifte frå 1782 fortel oss at han då var busett på Jylland, men truleg er det same mann som kring 1770 må ha gift seg med ei Inger og som 5.4.1772 (ifølgje FamilySearch) døypte dotteri Gjertrud på Bornehuset i København!?

 

Dette er alt eg for tidi veit om denne huslyden, men no vonar eg at ein eller annan Danmarks-ekspert kan hjelpa meg vidare? Er det mogeleg å finna lagnaden til Nils i Danmark? Kanskje finst han i danske folketeljingar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette temaet ser ikkje ut til å ha hatt den heilt store appellen, so eg freister på ny å nå fram til ein ekspert på Danmark... Det hadde vore so kjekt å finna ut av denne huslyden...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du finner en Niels Halvorsen ved en alder av 54 år ved FT 1801 i Maribo, Musse, Nysted Købstad, Nyesteds Kiøbstæd, Adelgade

 

Hustand er følgende

Niels Halvorsen 54 Gift Huusbond Klokker

Anne Kierstine Ploug 59 Gift hans Koene [Niels Halvorsen]

Maren Ploug 56 Ugift Logerende [Niels Halvorsen og Anne Kierstine Ploug]

Magrethe Larsdatter 34 Ugift Tienestepige [Niels Halvorsen og Anne Kierstine Ploug]

 

Alderen passer i allefall din Nils Halvorson født omkr 1746.

Det er kun 4 stk Niels Halvorsen i FT 1801 i Danmark og kun overnevnte passer inn med alder.

Desverre nevnes ikke fødested.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Glenn for spennande innlegg!

 

Den Niels Halvorsen som du har funne, ser svært so spennande ut, men kan det vera den same som han eg fann med dotter Gjertrud?

 

Er det mogeleg å søka folketeljingi for 1787? Både for å sjå etter Niels og ogso dotteri Gjertrud?

 

Eg ser forresten i FamilySearch at:

 

* Niels Halvorsen klokker og Anne Kirstine Ploug gifte seg i Kronge, Maribo amt på Lolland 11.4.1783. Kanskje var Niels gift to gonger?

 

Er det forresten mogeleg å finna den originale dåpen til Gjertrud frå 1772? Kanskje der står noko meir...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I FT 1787 i Danmark finner jeg Niels Halworsen og Anna Kierstine Ploug, men ingen Gjertrud/Giertrud som datter.

Men derimot en datter Anna Loise Rud på 12 år "et ægte Barn a Information" selv om foreldrene giftet seg i 1783 (4 år før tellingen).

 

Teoretisk er det mulig at denne Niels er samme, og kan ha vært gift 2 ganger som du sier.

Når han giftet seg i 1783 (Krønge, Maribo amt kirkebok 1732-1795 opslag 55), så har han en alder av ca 36 år, og derfor stor mulighet at han var enkemann eller skilt når han giftet seg.

 

Blir litt av en jobb å finne Gjertrud tror jeg, for Bornehuset i København er egentlig Barnehuset (Børnehuset på dansk) i København og de var det en del av.

For håpe noen leser dette som er mere inne på denne familien enn meg, som kanskje har svar.

 

 

 

Mvh

Glenn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkivalieronline: København, Sokkelund, Christianshavns fængsel 1756-1784, opslag 112:

 

1772

"d. 5te april fódte Inger Niels Halvorsens

et ægte Pige-barn, som samme Dag blev

hiemme-dóbt, og kaldet Giertrud

Dód d: 7de ejus: "

 

Vh,

Berit Pagh.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Forts: "Barnets fader Niels Halvorsen, matros ved 1ste Div:"

 

Han er dermed ikke den samme som klokkeren i Nysted.

 

Og så har vi denne i 1787:

København, København (Staden), Købmager Kvarter, Pistolstræde, 283, 5, FT-1787, B5770

Navn: Alder: Civilstand: Stilling i husstanden: Erhverv: Fødested:

Christen Hansen 52 Enke(mand) Hosbond Nat Vagt og Dag Vagt paa et Skib

Niels Halversen 44 Ugift Logerende Arbeidsmand

Olle 42 Ugift Logerende Soldat og Frimand ved K.R.

Smet 50 Ugift Logerende Soldat og Frimand ved S.R.

 

Anita

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Glenn, Anne-Lise, Berit og Anita for nye og spennande innlegg!

 

Med dette forstår eg at at denne Gjertrud, som døydde berre eit par dagar gamal, var dotter av ei Inger og ein Niels Halvorsen, som var "matros ved 1. Div.". Eg går ut ifrå at dette er ein "militær" matros, og det var jo ganske so vanleg at dei nordmenn som på den tidi flytte til Danmark, kom dit som soldatar. Eg har soleis framleis ganske so god tru på at den Niels Halvorsen som då var matros, må vera den eg leiter etter, men kvar han so vart av, er ikkje godt å seia...

 

Eg tenkte eg ville ta ein ny titt på skiftet frå 1782 etter mosteri Agatha Hansdotter i Luster (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24142/62/?size=gigant&mode=0). Nils er nemnd i tredje spalte frå venstre 7-8 linjer frå nedst på sida. Der står det: ".... Nils Halvorsen skal være (mester?)smed og boende i Jyland..."

 

Dersom eg har tolka dette rett, var Nils med andre ord smedmeister på den tidi, noko han vel godt kan ha vorte etter nokre år i marinen? Men kanskje vel so spennande er utselgni om at skulle bu "i Jyland"!

 

Men er dette til hjelp for å spora opp lagnaden hans?

 

Eg ventar spent på nye innlegg...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du kan søke i de danske folketellingene, på en side er det avhengig at du kjenner amtet personen bor i, men dersom du ikke kjenner det kan du på denne siden søke i flere amter av gangen http://www.ddd.dda.dk/soeg_amter.asp

Velg f. eks. navn Niels, yrke smed, år 1787 eller 1801 og merk noen amter av gangen. Om du ikke finner noen Halvorsen, så kanskje det dukker opp noen med et etternavn som kan ligne på et norsk gårdsnavn f. eks.

Anita

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anit for kjempeflott innlegg!

 

Eg har gått laus på FT1787 for dei amti som eg meiner ligg på Jylland. Det ser ut til at nokre amt manglar heilt (dei sørlegaste), men dette heng kan henda saman med feidene med Tyskland... Eg fann ikkje nokon som høver i 1787, men so tok eg for meg FT1801, og her fann eg ein spennande "kandidat" i Skinnerup i Thisted amt:

 

Thisted, Hundborg, Skinnerup, Skinnerup Bÿe, , 33, FT-1801, b6098

Navn: Alder: Civilstand: Stilling i husstanden: Erhverv: Fødested:

Niels Smed 57 Gift husbonde smed

Inge Jensdatter 51 Gift hans kone

Johanne 21 Ugift deres børn

Anne Kirstine 16 Ugift deres børn

 

Eg går attende, men denne huslyden finn eg IKKJE i Thisted amt i 1787. Dei må difor vera flytte dit mellom 1787 og 1801!?

 

Her har me kombinasjnen Niels og Inge®, som KAN ha vore paret frå København frå 1772. Men er det mogeleg å prova dette?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så enkelt skal det nok ikke være. : )

 

Smeden i Skinnerup er nævnt som Niels Michelsen/Mikelsen Smed ved børnenes dåb.

 

Vh,

Berit Pagh.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet frå 2011, som framleis står utan løysing.  Samstundes vil eg senda ein forseinka takk til Anne-Lise og Berit for dei siste innleggi dykkar frå 2011!

 

Eg har ikkje noko nytt å leggja fram på dette tidspunktet, men vil gjerne oppsummera det me so langt veit:

 

Nils Halvorsen, fødd på Kroken i Hafslo, Sogn kring 1746, som son av Halvor Olson og Gjertrud Hansdotter, flytte kring 1757 med foreldri sine til Årdal og sidan vidare, truleg som marinesoldat, til København der han kring 1770 må ha gift seg med ei Inger, som me ikkje veit noko om i det heile.  Eitt barn er kjent frå «Børnehuset» i København:

 

* Gjertrud, fødd i København 5.4.1772, døydde same stad 7.4.1772.  Faren var då matros ved 1ste divisjon

 

Då mosteri hans døydde i Luster i 1782, vert det sagt at Nils «skal være smed og busett på Jylland i Danmark».  Eg syner elles til innleggi i debatten ovanfor om ymse «forekomstar» av namnet Nils Halvorsen i Danmark sist på 1700-talet, men som eg føler ikkje er relevante for «vår» Nils Halvorsen...(?).

 

Er det mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til denne huslyden?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

 

PS: Då har eg nettopp lagt dette emnet ut hjå DIS-Danmark!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Etter det store gjennombròtet med å spora opp Mette Clausdotter på Sjælland i Danmark vil eg gjerne i kveld få henta fram att dette emnet som stadig ligg like uløyst!  Eg la emnet ut hjå DIS-Danmark i januar i fjor, men einaste kommentaren som kom der, var følgjande:

 

«I kirkebogen for Holmens Sogn for årene 1768-1771, findes ingen vielse mellem Niels Halvorsen og Inger. De må være blevet viet i et andet sogn eller på et andet tidspunkt.»

 

At denne smeden skal forsvinna so fullstendeg utan å etterlata seg spor, er for meg heilt uforståeleg!

 

Alt me veit er samla i innlegg #14 ovanfor, og eg vonar no at kanskje ein eller annan i Brukarforumn har ein «visjon» om kvar det er vorte av denne smeden i Danmark (på Jylland?)?

 

Alle gode tips er gull verd for meg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg står foran utgjevingi av siste bandet med bygdebøker for Luster kommune der Nils Halvorson skal omskrivast, og ønskjer i kveld endå ein gong å henta fram denne kjempeutfordringi som eg trass i mange freistnadar enno ikkje har greidd å løysa!

 

Er dette eitt av dei spørsmåli som me berre lyt gje opp?  Eg nektar i det lengste å tru det og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

Eg vil gjerne gjera ein ny freistnad på dette emnet.

 

Me kan vel vera ganske so sikre på at Nils Halvorson og denne Inger, kona hans, må ha gift seg i København kort før dotteri deira vart fødd der i 1772, men so langt har det ikkje vore mogeleg å komma på spor etter denne vigsli!

 

Gjennom arbeid med eit anna tema på lista til DIS-Danmark er eg vorten merksam på ei ny kjelde som eg aldri hadde høyrt gjete før, men som i hitt emnet gav BINGO:

 

KOPULATIONSprotokollane for København som, sovidt eg forstår, inneheld ALLE VIGSLER i København, ogso dei som fann stad i kyrkjelyder der sjølve vigselsprotokollane er komne bort:

http://www.starbas.net/arkivserie.php?arkivserie_id=11741

 

MEN, som me ser av denne sida, er desse prokollane tydeleg ikkje digitaliserte og soleis berre å nytta på Københavns Stadsarkiv!?

 

Det hadde vore kjempeflott om desse protokollane, som òg skal innehalda register, kunne vore sjekka med omsyn til Nils Halvorson, men korleis gjer ein det?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne kjempeutfordrande huslyden og vonar på «ljos i tunnelen»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi får legge ut alternativene her slik at vi kommer i gang 🙂

 

Her er smedmesteren døde 40 år gammel

23. februar 1787 - De Aalborgske allene privilegerede Jydske Efterretninger (1772-1793)

image.png.c39a3306bc6edb024613326cb24590f7.png

 

Og her er giftemålet til klokkeren

11. april 1783 - Kiøbenhavns Kongelig alene priviligerede Adresse-Contoirs Efterretninger (1759-1854)

image.png.b4d8c31b6016360ec55d1d7bf5b58153.png

Endret av Ivar Moe
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er skifte etterlysning fra Røros - Danemanden Niels Halvorsen ?? Antar det betyr at han var dansk/kom fra Danmark ?

7. oktober 1785 - De til Forsendelse med Posten allene privilegerede Kiøbenhavnske Tidender (1762-1808)

danemand.PNG.9927e53f1db66bed5dc3753d9687403d.PNG

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

27 minutter siden, Ivar Moe skrev:

Vi får legge ut alternativene her slik at vi kommer i gang 🙂

 

Her er smedmesteren døde 40 år gammel

23. februar 1787 - De Aalborgske allene privilegerede Jydske Efterretninger (1772-1793)

image.png.c39a3306bc6edb024613326cb24590f7.png

 

Og her er giftemålet til klokkeren

11. april 1783 - Kiøbenhavns Kongelig alene priviligerede Adresse-Contoirs Efterretninger (1759-1854)

image.png.b4d8c31b6016360ec55d1d7bf5b58153.png

Står det Nytappen på den øverste? Nytappen er vel i Sogndalsfjøra?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 minutter siden, Sven Hjortland skrev:

Står det Nytappen på den øverste? Nytappen er vel i Sogndalsfjøra?

 

Hvis det er rett så blir jeg "sjukt" imponert over deg Sven 🙂

 

Her noe forstørret

image.png.d26220627b7d9627e06969747859e65e.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Matrosen vil nok neppe kunne finne i Kopulasjonsprotokollen for København (eller andre steder). Militære personer var fritatt for kopulasjonsavgift, og vil derfor ikke finnes i disse protokollene.

Endret av Ola Teige
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar, Sven og Ola for nye fantastiske innlegg!  Eg er skikkeleg imponert over kva du, Ivar, greier å finna!  Dette er forsking på høgste nivå!

 

Det kan vel ikkje vera mykje tvil om at du har finne «rett» meistersmed.  Namnekombinasjonen er svært sjelden i Danmark, alderen høver «på ein prikk», og yrke og bustad stemmer jo òg!  Det at han står oppført som «ungkarl», er det einaste eg stussa litt på.  Kan det tenkjast at dotteri Gjertrud var fødd «uekte», eller kanskje mori òg døydde kort etter fødsli?

 

Nytappen-namnet må han ha frå Sogndalsfjøra.  Kanskje han tente der før han fór til Danmark?  So vidt eg hugsar, var det lustringar som budde på Nytappen på den tidi...

 

Eg vil leggja denne kjempeoppdagingi ut under emnet om Nils Halvorson som òg løper på DIS-Danmark.  Kanskje einkvan kan finna eit SKIFTE etter Nils??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å komplettera denne biografien!

 

PS: Søskenbarnet Hans Tollefson frå Gudbrandsdalen (1749-1832) har eg full kontroll på.  Her er kva eg har skrive om han i bygdeboki for Luster i 1987:

 

«Hans Tollefson, døypt i Lom 11.4.1749, d. som husmann på Bakkom i Lom 21.4.1832.  Hans tente i åtte år ved den kongelege livvakten til fots i København og sidan i to år hjå grev Rantzau på Brakesborg på Fyn, Danmark, men kring 1780 vende han attende til Lom.  Han gifte seg første gongen i Lom 6.1.1785 med Marit Hansdotter frå Flå i Lom.  Ho vart døypt i Lom 25.11.1756, men d. på Flå alt same året som dei gifte seg, og Hans gifte seg att i Lom 18.4.1786 med Kari Torstens­dotter frå Gutubø i Lom.  Ho vart døypt i Lom 19.3.1761, men vart gravlagd i Lom 1.5.1798.  Hans gifte seg så tredje gongen i Lom 6.12.1800 med enkja Siri Ingebrigtsdotter frå Storøygarden, Garmo i Lom.  Ho vart døypt i Lom 30.3.1749 og d. som kårkone på Bakkom 7.2.1834.  Ho gifte seg første gongen i Lom 18.10.1779 med ein Thore Larsson, men han d. etter få år.  Hans Tollefson tok over som husmann på Bakkom under Gaupar søndre i Lom etter foreldri.  Han fekk fem born, som alle var frå andre ekteskapet, men tredje kona hadde $og minst to born frå første ekteskapet sitt.»

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.