Gå til innhold
Arkivverket

Nils Halvorson, fødd Hafslo 1746 - København 1772 - Jylland 1782?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

9 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Hjarteleg takk til Ivar, Sven og Ola for nye fantastiske innlegg!  Eg er skikkeleg imponert over kva du, Ivar, greier å finna!  Dette er forsking på høgste nivå!

 

Det kan vel ikkje vera mykje tvil om at du har finne «rett» meistersmed.  Namnekombinasjonen er svært sjelden i Danmark, alderen høver «på ein prikk», og yrke og bustad stemmer jo òg!  Det at han står oppført som «ungkarl», er det einaste eg stussa litt på.  Kan det tenkjast at dotteri Gjertrud var fødd «uekte», eller kanskje mori òg døydde kort etter fødsli?

 

Jeg tviler på at matrosen i København i 1772 og den ugifte mestersmeden som døde i Ålborg i 1787 er samme mann.  Det er ingen ting som indikerer det i kildene. Dessuten var det mange nordmenn som tjenestegjorde i flåten med base i København, og Niels Halvorsen er et ikke utypisk norsk navn.

Og, det er et sprang fra å være matros, til å bli mestersmed. Det siste krevde en lang læretid som dreng og så svenn. Så jeg ville nok sett bort fra ham.

 

Et søk i det danske riksarkivets digitaliserte kilder viser at han var i Ålborg allerede ei 1778, om ikke før-

Den 13.2. 1778  blir "Niels Halvorsen Nÿetappen, smede svend, barn føed på bonde gaarden Nÿetappen i Bergenhuus amt og Bergen stift" innskrevet i laugsprotokllen for Ålborg smedelaug. Samme dag som han fikk borgerskap i Ålborg som mestersmed.

https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=19981328#272395,51945150,

 

Endret av Ola Teige
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra protokollen for Smedesvennens laug i Ålborg:

 

1774: Niels Halvorsen Nÿetap innskrevet, kom fra København: https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=19981332#272400,51946246

1774: utnevnt til altgesellhttps://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=19981332#272400,51946249 

177: igjen utnevnt til altgesell: https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=19981332#272400,51946256 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ola for nye interessante innlegg!

 

Tilknyttingi hans til Nytappen i Sogndal vert stadfest gjennom sjelemanntalet frå Sogndal frå1760 då Nils Halvorsen budde på Nytappen hjå mosteri, «kremmersken» Bertha Hansdotter, enkja etter landhandlar Jens Nilsson som døydde i 1759 (sjå venstre side tredje spalte):

https://media.digitalarkivet.no/view/4657/3

 

Eg trur ikkje at Nils var fødd på Nytappen, men han miste mor si kring 1753, og då flytte nok unge Nils inn hjå mosteri på Nytappen.  Dette forklarer òg at eg aldri greidde finna Nils konfirmert korkje i Hafslo eller i Årdal.

 

Eg har forresten etter siste posteringi hjå DIS-Danmark motteke eit utsnitt av skifteprotokollen for Aalborg frå 1787 som mellom anna refererer til Jens Nilsson, men det er tydeleg at Nils Halvorson ikkje hadde mykje kontakt med folk «heime»...

https://www.sa.dk/ao-soegesider/billedviser?bsid=191973#191973,32200170

 

Eg ser at du Ola tviler på om Nils Halvorson Nytappen kan vera identisk med matrosen frå København.  Det vert n ok vanskeleg å finna prov korkje i eine eller hi retningi, men det som eg held som sterkaste argumentet på at dette verkeleg er same mann, er namnet på dotteri som han fekk i København, Gjertrud, som tydeleg er ei oppkalling etter mori Gjertrud Hansdotter.  Og etter siste opplysningane frå Aalborg ser me at Nils flytte dit frå København i 1774!  Eg TRUR det er same mann, at denne kona Inger som han hadde i København, døydde kort etter dotteri var fødd, og me har sett andre døme på mannfolk som «opptrer» som ungkarar om dei berre hadde vore gifte ei kort tid og korkje kone eller born levde att etter dei!  I tillegg veit me at Nils flytte frå København til Aalborg der truleg ingen kjente bakgrunnen hans!

 

Eg høyrer gjerne fleire kommentarar på dette, samstundes som eg på ny takkar for framfrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.