Gå til innhold
Arkivverket

Maggo (Mago, Maggoe)


Håvard Moe
 Del

Recommended Posts

I serien "Bergverksslekter i Meldal" tenkte eg det var på tide å plukke fram att nokre gamle trådar og sjå kva vi kan få til.

 

Det gjeld i fyrste omgang:

#65582: Fallentin/Fallentinsen på Grutsæter og Svorkmo på det gamle brukarforumet, og i tillegg beslekta med Grutsæter i Meldal - Niels Frantzen og Lisbet Arnsdatter her på forumet.

 

I denne siste kjem Vidar Elda inn på Frantz Maggo eller Maggoe som ein aktuell far til Nils Frantzson. I den eldre tråden på det gamle brukarforumet er det diskutert noko omkring denne Frantz Maggo, utan at eg føler at noko vart klarare. Eg tenkte vi kunne prøve å oppsummere litt kva som er tilgjengeleg av informasjon og sjå kor vi står.

 

 

Som Vidar har nemnt, er Frantz Maggo nemnt jamnleg i kyrkjebøkene på Grutsæter i 1720-30-åra. i 1755 er "sl: Frantz Mago" gravlagt på Svorkmo.

 

I 1726 og 1727 finn vi "Nils Frantzen" og "Niels Maggo" i kommunikantlistene på Grutsæter. I 1728 gravlegg "Franz Maggo" sin 8 år gamle son. Tilstades i kyrkja er óg Nils Frantzen og Maren Frantzdt. Eg har ikkje klart å finne nokon dåp 8 år tidlegare. I 1731 døyper Niels Frantzen sitt fyrste barn Frantz, med Frantz Maggo og Siri Frantzdotter som faddere. Ei "Annichen Frandsdotter Mago" er gravlagt ved Svorkmo i 1738, 36 år gl. I 1731 vart ho gm. Henrik Eriksson. Niels Fransen og Lisbet døyper sonen Frans i 1739, Lisbet Fransdatter er fadder. Ei Siri Fransdotter er i 1741 trulova på Svorkmo med Erik Eriksson Tallerås, med forlovere Mathias Haysager og Niels belgmager.

 

 

Ut frå det eg har funne av kjelder ser vi fem moglege born av Franz Maggo så langt:

a) Niels Frantzen, n. 1726-1753. Gift med Lisbet.

B) Annichen Frantzdotter Mago, f. c.1702-d.1738.

c) Maren Frantzdotter, n. 1727-28 saman med Niels. Truleg ei syster.

d) Siri Frantzdotter. Fadder til Niels Frantzson sin eldste son i 1731. Trulova med Erik Tallerås i 1741.

e) Lisbet Fransdotter. Fadder til Niels Frantzson sin son Frans i 1739.

 

Alt dette er konjekturar så langt, men det er fleire ting som peikar i same retning her. Neste spørsmålet vil så vere om vi kan finne noko om opprinnelsa til desse folka. Ein teori som er lansert i tråden på det gamle brukarforumet er at det her kan vere snakk om ei namnevriding mellom Jagow og Maggo. Dette er ein teori eg synest det kan vere verdt å gå litt nærare etter i sømmane:

 

I følgje R. Støren skal ein Frantz Jagow ha vore hytteknekt på Grutsætera i 1739. Eg her så langt ikkje funne nokon Jagow i kjeldene på denen tida, og heller ikkje nokon andre Frantz kring denne aldaren. Denne Frantz Jagow er av same Støren sagt å skulle vere sonesons son av Frants Jensson/Jagow, som kom som kolbrennar frå Kvikne til Grutsæter i 1660. Det hadde vore interessant å veta om den godeste R. Støren seier noko om generasjonane mellom desse to Frantz-ane...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hei!

Dette er eit tema som eg liker :)

 

Eg har vore på ferie i 2 veker så eg har først idag sett dette temaet, førebels kan eg komme med desse inspela.

 

Eg har gjort meg ein del tankar omkring dette og er enig med Odd Roar Aalborg i innlegg nr 11 og 18 i tema 65582 i det gamle forumet.

Min lenke

 

Det er mykje som taler for at koplinga mot Francke'ane er riktig veg å gå. Men det kan ikkje dokumenterast.

 

Eg har funne i kirkeboka på Svorkmo trulovelse mellom Erik Eriksen Tallerås og Siri Frantzdatter i 1741, linje 8 og 9.

Min lenke

Side 220.

 

På side 427 i samme kirkebok, 2. søndag i advent trur eg at Mago er nemt. Kanskje nokon kan tyde det?

Min lenke

 

Ellers har eg og Inger Mago som er begravet på Svorkmo i mine notater, ein stad :huh: , i samme tidsbolk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Begravet 17.81755, Svorkmo: Sl. Frantz Mago

 

Her er det jeg mener står i kirkeboka for 2. adv.:

Den 2 Advent søndag d. 10 Desemb. forretted Sognepræsten Kirche tienisten. Introd: Ingebrigt Brechens qvinde. Comunic. 2 Iche v.

Torsdagen d. 7 Desemb. blef eftter hans kongl. Mag. tilladelse Copuleret Sr. Johan Christopher Stimand og Mademosis. maren Ørbech af Sognepræsten hr. Ross.

 

Beste hilsen Inger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette skiftet etter Erich Erichen kan brukast i ein argumentasjon for at Frantz Mago har tilknyttig til Franck'ane

Min lenke

Det forutsett at Niels og Siri Frantzen, som her er omtalt, er dei samme personane som vi har kartlagt tidligare.

Sandbachen ligg like i nærleiken av Tallerås, nabogard idag. I folketellinga 1701 er Peter Frandsen Talderås 70 år.

Eg meiner å hugse at Leiv Skjerve tidlegare har framlagt ein teori om at det er denne Peter Frandsen som er far til Franz Mago. Men det er ikkje doumentert som han påpeikar! Stemmer det, så er vel skiftet som her er omtala ein naturleg følge av slektskap, geografi og lokalkunnskap! Men det er bare ein påstand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Vidar. Eg rekna kanskje med at du ville "bite på" her ;)

 

Truloving og skifte som nemner Erik Eriksson gm. Siri Frantzdotter var nye for meg. Det kan ikkje vere mykje tvil om at dette er same paret. Skiftet bekrefter i alle tilfelle at Siri og Niels er sysken, og bekrefter dermed antakinga basert på fadderskap tidlegare. Enno er det ikkje 100% at vi snakkar om dei same folka, men vi får tetta noko hol.

 

For å ta Niels Frantzen: han vart etter det eg har registrert gift 16. jul 1730 med Elisabet (Lisbet) Arntsdotter ("Copul: 2: Niels Frantzen, Lisbeth Arnsd:") Lisbet nok same som er nemnt i skiftet etter Cathrine Arntsdotter på Skjølberg i 1781, med borna Arne, Frantz, Falentin Nilssøner og Margrete og Anniche Nilsdøttre.

 

Faddere ved borna sin dåp er:

Frantz f. 1731: Ane Junghans, Siri Frantzd., Jonas Johanss., Frantz Maggoe, Jørgen Arnsen. (seinare død)

Aren, f. 1737: Casper Junchans, Michel Lorensøn, Nicolai Arensen, Malena Vilchensdatter, Kari Arensdatter.

Frantz, f. 1739: Michel Lorensen, Michel Iversen, Joen Blomlie, Valborg Blomlie, Lisbet Fransdatter.

Inger, f. 1742: Olluf Lovisen, Jacob Hansen, Maren Niels Arensens qv., Lucie Erich Fieldhougens qv., Kirsten (Thomes?) datter. (seinare død)

Falentin, f. 1746: Wilchen Wilchensen, Lovis Grusetter, Petter Franzen, Sara Arne Sverchers qv., Siri Hosten(?).

Annichen, f. 1749: Anders Thoresen, Hans Jørgen Wilichensen, Ermegaard Grusetter, Beret Lovis Simensens qv., Barbro Olle Lovisens datter.

 

Eit par-tre ting som slår meg her:

  1. Vi har ein Petter Frantzen som fadder for Fallentin. Klinger veldig i retning Franke-folket som er knytta til Tallerås frå før, med både Petter og Frantz, men eg klarer ikkje å plassere denne. Er det enno ein i syskenflokken, eller er det anna familie...?
  2. Du nemnte ei Inger Mago gravlagt på Svorkmo. Kan dette vere Inger Nilsdotter f. 1742 som ikkje er nemnt i skiftet i 1781?
  3. Kan Siri Hosten(?) som er fadder for Falentin vere = Siri Frantzdotter gm. Erik Tallerås?

 

Inger: Fint funn, synd det ikkje er oppgitt nokon alder. Forhåpentleg kan vi finne noko meir på Svorkmo i åra før 1755...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjeld Tallerås på denne tida:

Vi finn Erik namnet her seint på 1600-talet, men det er ingen på garden i 1712/13, når det ikkje er nemnt folk her for dagskatten. Petter (Frantzson) Franke er nemnt på på Tallerås før og etter dette - 1698, 1701, 1709 og 1723 - som leiglending for kanselliråd Dreyer i Trondheim. Dreyer selde i 1747 til proviantskrivar Lars Møller som sitt som eigar ved ekstraskatten i 1762, når det er notert at det er "ingen oppsidder", men to husmenn. Ein av desse er Erik Sandbak med kone Siri og son Erik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, ja på slik ei agn må ein bare høgge :D

 

Eg har byrja å lese i den aktuelle kirkeboka frå Svorkmo, byrja med trulovinga i 1741.

Sponsorane var: Eg meiner det står: Hytteskriver? Mattias Hoysager og Niels Belgemager

Truloving Erich og Siri

Dei vart copulert den 5. april s.å.

 

2. søndag etter påske, den 16. april s.å. finne eg følgande:

Døpt Erich Talleraasensp pb: Johanna!

Dåp

 

Kommentar:

1. Erich Talleraasen er vel samme person som Erich Erichsen?

2. Gumdal er nabogård til Tallerås

3. Fadder Fredrich Erichsen er vel bror til Erich?

4. Lars Nielsen Skomager er sønn til Niels Belgemager, som var forlover!

5. Er det Niels Arensens Kvinne som er fadder, klarer ikkje heilt å tyde teksta. I så fal er vel det Maren som er oppført som fadder sjå Aren Nielsen!

 

6. søndag etter påske, den 14. mai s.å. finn eg følgande:

Døpt Sr? Mattias Høysagers Db: Thomas Junchans?

Dåp 2

 

Kommentar:

1.Her kjem Junchans namnet inn att, det namnet ser vi også som faddrar sjå dei to første barna til Niels og Lisbeth!

2.To av fadderane her heiter også Junchans!

3.Kvifor døyper Sr Mattias Høysager barnet sitt Junchans?

 

Dette gjev ikkje noko svar, men kanskje det kan avklare noko om at dette er samme familie?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, ja på slik ei agn må ein bare høgge :D

 

Eg har byrja å lese i den aktuelle kirkeboka frå Svorkmo, byrja med trulovinga i 1741.

Sponsorane var: Eg meiner det står: Hytteskriver? Mattias Hoysager og Niels Belgemager

Truloving Erich og Siri

Dei vart copulert den 5. april s.å.

 

2. søndag etter påske, den 16. april s.å. finne eg følgande:

Døpt Erich Talleraasensp pb: Johanna!

Dåp

 

Kommentar:

1. Erich Talleraasen er vel samme person som Erich Erichsen?

2. Gumdal er nabogård til Tallerås

3. Fadder Fredrich Erichsen er vel bror til Erich?

4. Lars Nielsen Skomager er sønn til Niels Belgemager, som var forlover!

5. Er det Niels Arensens Kvinne som er fadder, klarer ikkje heilt å tyde teksta. I så fal er vel det Maren som er oppført som fadder sjå Aren Nielsen!

 

6. søndag etter påske, den 14. mai s.å. finn eg følgande:

Døpt Sr? Mattias Høysagers Db: Thomas Junchans?

Dåp 2

 

Kommentar:

1.Her kjem Junchans namnet inn att, det namnet ser vi også som faddrar sjå dei to første barna til Niels og Lisbeth!

2.To av fadderane her heiter også Junchans!

3.Kvifor døyper Sr Mattias Høysager barnet sitt Junchans?

 

Dette gjev ikkje noko svar, men kanskje det kan avklare noko om at dette er samme familie?

 

Den 22. mai finn eg følgande: Introdusering av Erich Erichsen Talleraasens qvinde!

Introduksjon

 

Da er det vel same familie som gifter seg og får barn rett etterpå!

 

Og den 28.ai er det begravelse for Johanna!

Begravelse

 

Trur eg må lesa litt lengere før eg legg inn nye innlegg, oppdelt dette. :blink:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Junchans er vel dei vi kjenner som Junghans-familien. Aarsille og Fredrik Junghans her er nok sysken, og born av Overstiger Thomas Junghans (1678-1746). Det var ikkje uvanleg på denne tida at "borgerskapet" gav borna andre slektsnamn som mellomnamn. Dette var som regel namn på familier som var beslekta med borna, som t.d. mors pikenamn eller liknande. Mattias Høysager var gift med Mette Elisabeth Junghans, etter det eg veit ei syster av Aarsille og Fredrik over.

 

Er ser at det er heller ikkje på meir generell basis er uvanleg at leiinga ved verket er faddere på born til andre i same "skikt".

 

Elles les eg òg "Niels Arensens Qv."

 

På Gumdal har vi Ole Iversson i 1696, 1701 og 1723. Kan han vere inngift og far til Daaret Olsdotter Gumdahlen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Junchans er vel dei vi kjenner som Junghans-familien. Aarsille og Fredrik Junghans her er nok sysken, og born av Overstiger Thomas Junghans (1678-1746). Det var ikkje uvanleg på denne tida at "borgerskapet" gav borna andre slektsnamn som mellomnamn. Dette var som regel namn på familier som var beslekta med borna, som t.d. mors pikenamn eller liknande. Mattias Høysager var gift med Mette Elisabeth Junghans, etter det eg veit ei syster av Aarsille og Fredrik over.

 

Er ser at det er heller ikkje på meir generell basis er uvanleg at leiinga ved verket er faddere på born til andre i same "skikt".

 

Elles les eg òg "Niels Arensens Qv."

 

På Gumdal har vi Ole Iversson i 1696, 1701 og 1723. Kan han vere inngift og far til Daaret Olsdotter Gumdahlen?

 

Thomas Junchans er titulert som "Grube Direkteur" ved sin død/begravelse den 7. mars 1746.

Henrich Junchans, tituleres som "Oberstiger ved Løcken Grube" ved sin død/begravelse 14. januar 1750

Anders Henrichsen Junchans og Kiersten Henrichdt Junchans, begraves/dør 10. feb og 16. mars 1750! Alder på Kirsten er oppgjeve, 3 1/2 år! Her har nok sjukdomen herja i heimen!

 

Kom over dette da eg leita etter Inger Mago sin død!

 

Fant den tilslutt, det syner seg at ho heiter Inger Nielsdt. Mago og begraves ved Grutseter kirke i mars 1756, 80 år!

Da må vel dette vera kona til Franz, og mor til Niels Franzen!

Inger Nielsdt Mago

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Erik Eriksen og Fredrik Eriksen Tallerås ser som nevnt ut til å være brødre.

 

Fant følgende døpte barn:

29.5.1699: Erik Joensen Engens Maret (Verkets kirke)

14.8.1701: Erik Joensens Fredrik (Verkets kirke)

25.5.1704: Erik Joensens Thoer (Verkets kirke)

28.3.1706; Sal. Erik Joensens Erik

 

Så forlovelse og vielse:

 

Trol. 13.6.1698: Bergsknegt Erik Joensen og Johanna Pettersd. Frank. Forlovere: Lars Olufsen og Oluf Glasmager, Verket

 

Gift 9.10.1698, Verkets kirke: Erik Joensen Engen og Johanna Pettersd. Franke

 

Da må vel Erik Jonsen Engen, bergknegt og kona Johanna Pettersd. Franke være foreldrene til Fredrik og Erik Tallerås, samt Thor og Marit.

 

Her får vi da også forbindelsen til Franke i denne slekta.

 

Beste hilsen Inger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og den 28.ai er det begravelse for Johanna!

Begravelse

For øvrig, om du ikkje såg det, rett over, 24. mai: "Copulerede Jens Nielsen og Ane Sørens datter", dvs. son til Niels belgmager.

 

 

Når det gjeld "Inger Nielsdt. Mago" (c.1675-1755) er eg einig i at mykje tyder på at ho var gift med Frantz Maggo: Sonen Niels er da kalla opp att etter morfaren, og Niels si eldste (levande) dotter Inger er da kalla etter farmora...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk til Inger for Tallerås-data. Eg har registrert trulovinga til Erik Jonsson Engen og Johanna Petersdotter Franke, men hadde ikkje borna, og kopla ikkje dette til Tallerås.

 

Dersom Franz-namnet kjem frå ei Franke-tilknytning kan det imidlertid ikkje vere denne, ettersom sonen Erik Eriksson var gm. Siri Frantzdotter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Reknet med at Frantz-navnet kom fra Mago-sida, ja.

 

Her er barn med faddrer til Erik og Siri Talleraasen:

 

Døpt 27.1.1743, Svorkmo:

Erich Talleraasens Erich

Fadder: Fredriks q. Talleraasen.

Fadder: Lispet Frandsdatter .

Fadder: Belgmager Niels .

Fadder: Simen Engen.

Fadder: Ole Ped. Talleraasen.

 

 

Døpt 13.9.1744, Svorkmo:

Erich Talleraasens Inger

Fadder: Skreder Anders's q. .

Fadder: Belgmager Jens's qv. .

Fadder: Ane Lispet .

Fadder: Erich Evensen .

Fadder: Jens Ifversen .

 

Døpt 25.9.1746, SVorkmo:

Erich Talleraasens Frantz

Fadder: Ole Erichsens q. Svorchmoe.

Fadder: Malene Arensdatter .

Fadder: Grufvesmed Ole .

Fadder: Fredrich E. Talleraasen.

Fadder: Jørgen Nielsen .

 

Døpt 25.2.1747, Svorkmo:

Erich Talleraasens Pietter

Fadder: Fredrichs q. Talleraas.

Fadder: Kari Ifversd. .

Fadder: Hans Mentzoni.

Fadder: Belgmager Jens .

Fadder: Jens Olsen Solaas.

 

FT1701, Orkdal, Svorkmo:

Erich Joensen Engen 37 Hovedperson [Er ført under «Bergknegte»]

 

Gravlagt 14.2.1706, Orkdal, Verket: Avdød Erik Joensen (alder ikke oppgitt).

 

Beste hilsen Inger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

Eg fant dette innlegget posta av Odd Roar Aalborg i Tema nr 68464 i det gamle forumet.

 

Skrevet 26 April 2009 - 11:31 AM

 

Fant litt tilfeldig dette i Ragnvald Størens verkshistoriemanuskript for Kvikne (1946): På s. 51 nevnes kullbrenner Frantz Magow og på s. 102 også kullbrenner Frantz Magow, som kommer til Kvikne i november 1635.Ut fra dette er det vel ganske sannsynlig at navnet Maggo i dette miljøet kan være det samme som Magow eller Jagow (Jakobsen), som Leiv Skjerve også tidligere har ment i et annet tema.

 

 

Eg trur att eg må ta meg ein tur til Riksarkivet i sommer å sjå litt nærare på arkivet etter Støren, iflg arkivportalen er det også eit påbegynnt manuskript der om Løkken verket! Er det nokon som veit noko meire om det manuskriptet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Støren skreiv den fyrste delen av boka "Løkken Verk - En norsk grube gjennom 300 år" som kom i 1954. Han står der som forfattar av kapittelet "Løkken Verk 1654-1904", s. 15-136. Dette er basert på kjeldesamlinger gjort frå han på 40-talet vart engasjert, saman med Orkdalsprosten Skrondal, til å samle materiale til Verke-historie.

 

Det hadde vore veldig interessant å vite kva som eventuelt er å finne der ut over det eg har nemnt. Boka eg nemner kjøpte eg på fredag, og eg har akkurat lese ferdig kapittelet til støren. Diverre er det veldig sparsomt med personalhistorisk informasjon der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Antar at dere har "Kvikne kobberverks historie" som Støren har skrevet. Hvis ikke har jeg scannet dette, og har det på maskina mi.

 

Beste hilsen Inger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne har eg ikkje, men skulle veldig gjerne... Eg sender ei privat melding med e-postadresse om det er mulig å sende dette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Erich Joensen Engen som sannsyleg er far til Erich Erichsen Talleraas, kjem vel frå plassen Engen/Engan under Nordre Skjølberg. I FT 1701 finn eg følgande:FT 1701

Dette kan vel være far til Eric?

Han er her busatt på Suarchmoe. Svorkmo var også eigd av verket og ligg på andre sida av elva Svorka som deler eigedomane Skjølberg og Svorkmo

 

 

Litt artig dette, da far min er frå Engan!

I eit kart utarbeida av Direktør Dahldorp frå 1771 over Nordre Skjølberg, som var eigd av Partisipantane, står følgande om Engan:" Bergskriver Møllers Huuse og Plads"

Engan var næraste nabo til De Hrr. Participanters Vaane Huus, det finnest ei teikning av denne byggninga på statsarkivet i Trondheim!

Litt på sida, men litt lokalhistorie :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er meget stor sannsynlighet for at du har funnet far og bror til Erik Jonsen Engen, ja. Artig at du bidrar med litt lokalhistorie. Jeg har forresten sett det kartet du nevnet over plassene på Svorkmo, men husker ikke hvorhen. Tror forresten det var en svenske med aner fra Svorkmo som hadde kopiert det.

 

Beste hilsen Inger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fant denne dåpen i kirkeboka for Svorkmo:

Døpt 5.8.1736:

Hindrich Erichsens Frands

Fadder: Hindrich Lofvesens q. .

Fadder: Siri Arensd. .

Fadder: Olle Sivertsen Svorchmoe.

Fadder: Jørgen Lofvesen .

Fadder: Belgmager Jens .

 

Dette må være sønnen til Henrik Eriksen og Anniken Frantsdt. Mago

Tror ikke han har blitt nevnt tidligere.

 

 

Beste hilsen Inger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.