Gå til innhold
Arkivverket

Hans Walaker på Kongsberg d. 1944 - dotter Nilsina Langerud i Oslo?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hans Nilsson Walaker eller Valaker, fødd i Solvorn sokn i Hafslo 22.2.1888, budde i 1910 framleis heime hjå foreldri i Solvorn, men flytte sidan til Kongsberg der han ifølgje gravferdsregisteret til DIS-Noreg døydde 16.12.1944, med gravferdsdato 22.6.1944(!). Namnet er der skrive VALAKER. Om dødsdatoen er 1943 eller gravferdsdatoen er 1945, veit eg ikkje...

 

Me veit frå eit skifte frå 1947 (mor hans) fortel at Hans Walaker døydde før mor si, men let etter seg ei dotter:

 

* Nilsina Langerud, Magnusgt. 5, Oslo

 

Eg ser ikkje noko til Nilsina Langerud korkje i gravferdsregisteret eller i skattelistene for Noreg, so lagnaden hennar er eit stort spørsmål...

 

Kanskje sit det einkvan med lokal kunnskap frå Kongsberg eller Oslo som kan bidra med hjelp?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan etternavnet være feilskrevet i skiftet ? Fant denne under Gravferdsetaten i Oslo kommune:

 

Gravnr: 20.076.14.015 Vestre gravlund

Fritjof Langrind

14.11.1909 - 11.04.1999

Gravlagt: 21.04.1999

 

Nilsine Langrind

11.12.1914 - 21.06.2000

Gravlagt: 03.07.2000

 

Mvh.Mette

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nilsine Mathilde Walaker f. 11.12.1914, døpt 7.3.1915 i Kongsberg Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Kongsberg i Kongsberg, Klokkerbok nr. 7 (1901-1915), Fødte og døpte 1915, side 97.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5558&idx_id=5558&uid=ny&idx_side=-101

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060912110380.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Mette og Lars J. for kjempeflotte svar! Då er Nilsine identifisert, og med desse opplysningane fann eg ogso vigsli til Hans Nilsson Walaker på Kongsberg 9.4.1914 med Janna Martine Halvorsdotter Øen frå Sandsvær (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=51&idx_id=51&uid=ny&idx_side=-294).

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg veit ikkje om det er skiftet frå 1947 eller gravstøtta på Vestre Gravlund som har namnet feilskrive. Her finn eg Fritjof i FT1910 med ættenamnet LANGRUD (http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036460000106/). Men dåpen hans i kyrkjeboki syner Langrind (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=51&idx_id=51&uid=ny&idx_side=-61)! So eg veit ikkje kva eg skal tru...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I adresseboka for Oslo 1955 finner jeg Fritjof Langrind, lagereksped. (Sørensen & Balchen) Østgårdsg. 2bb. På samme adresse Frank Langrind som er kokkeelev på Bristol.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fant dette når jeg googlet Frank Langrind.

 

Frimurer Frank Langrind

Frank Langrind er født i 1935, har stillingen Purser og bosted Bjørnemyr

 

Han er medlem av Johannes-losjen Rosene og den høyere losjen Den Norske Store Landsloge

 

Langrind har graden IX (Opplyst St. Johannesloges bror).

 

Merk at opplysningene er hentet fra "Matrikkel for Den norske frimurerorden 2008" og er derfor ikke et løpende oppdatert medlemsregister.

 

Fra Moss Avis:

TOPPERVEIEN 190 0

Andel av Topperveien 190 (Gnr 89, bnr 13) er overdradd til Frank Langrind (06.09.1963)

 

1963, Annen bygning

TOPPERVEIEN 190 0

Topperveien 190 (Gnr 89, bnr 13) er overdradd fra Frank Langrind til Beate Langrind (25.09.1996)

 

1996, Ubebygget

TOPPERVEIEN 190 0

Topperveien 190 (Gnr 89, bnr 13) er overdradd fra Beate Langrind til Thomas Langrind, Petter Langrind og Stein Langrind (21.03.2001)

Mvh.Mette

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten og Mette for kjempeflotte innlegg! Etter dette bør det vera mogeleg å oppnå kontakt med huslyden (eg har alt prøvd, men fekk ikkje svar!), og problemet er på det næraste løyst! Hadde me no berre visst kva tid (og kvar) Nilsine og Frithjof gifte seg.. Eg har lese gjennom lysingsprotokollane for Kongeberg, men utan resultat. Truleg gifte dei seg i Oslo...?

 

Eg manglar òg dødsfallet til Janna Walaker, f. Øen...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har endeleg fått kontakt med etterkomarar etter denne huslyden, og denne kontakten har gjeve meg:

 

* Dødsfallet til Janna Valaker på Kongsberg 6.12.1924 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4183&idx_id=4183&uid=ny&idx_side=-362).

 

* Hans Nilsson Walaker døydde på det som den gongen var Lækjarvakten i Oslo, men det er uklårt om han døydde 16.12.1943 eller 16.12.1944??

 

* Frithjof Langrind og Nilsine Mathilde Walaker gifte seg i Oslo kring 1934/1935, anten i Gamle Aker (der finn eg ikkje noki lysing for dei) eller i Oslo rådhus??

 

Kanskje nokon har tips om korleis me skal finna svar på dei to siste spørsmåli?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for spennande og nyttig svar! Då er vigsli på plass, og eg saknar berre dødsfallet frå 1943 eller 1944...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...

Eg vil i kveld gjerne òg få henta fram att dette emnet frå 2011 der eg syner til det einaste attståande spørsmålet frå innlegg #10:

 

* Hans Nilsson Walaker døydde på det som den gongen var Lækjarvakten i Oslo, men det er uklårt om han døydde 16.12.1943 eller 16.12.1944??

 

Kanskje er det mogeleg å finna ei dødsannonse eller dødsmelding i Aftenposten?

 

Eg takkar nok ein gong so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dødsfallet er meldt skifteretten 7/12-1944

 

nr 1573 Valaker Hans anleggsarbeider

 

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo skifterett, Dødsfallsprotokollregister 44 (Hbe 0044), 1944-1944, oppb: Statsarkivet i Oslo.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27255/70/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090513360677.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er en dødsannonse i Aftenposten lørdag 9 desember 1944

iflg.den så døde han 5 desember 1944

 

Får ikke til å legge ut bilde av dødsannonsen,men håper noen andre kan gjør det

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Solveig for nye spennande innlegg om Hans Valaker!

 

Du har løyst problemet, og om ikkje sjølve dødsannonsa er med, so er opplysningane der!  Eg reknar med dødsannonsa òg skriv namnet Valaker med enkelt-V!?

 

Etter dette er problemet heilt løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for å leggja inn sjølve dødsannonsa!

 

Då skulle det probemet endeleg vera løyst og "i boks"

 

Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.