Gå til innhold
Arkivverket
Atle Sj.

Marta Siursdatter f 1736 i Lindås

Recommended Posts

Atle Sj.

Marta Siursdatter f. 1736 i Sannes i Lindås. Hun ble enke og g.2.gang med Lasse Johannesen i 1792. Hun hadde ved tellingen i 1801 to gutter fra 1.ekteskap: Lasse Larsen f. 1779 , og Søren Larsen f.1783. Marta døde i 1803 hun var da 67år. Hvem var hun gift med første gang?

 

 

Atle Sj.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jonas Jonsson

Marta Sjursdotter Kallhovda var ikkje fødd i Lindås, men kom frå Indre Holmedal i Gaular. Ho vart trulova 18.12.1763 (fjorde sundag i advent) i Gaular med soldat Lars Nilsson Sande. Marta hadde ei syster Helena som i 1801 var enkja og budde hjå henne og den nye mannen hennar Lasse Johannesson på Kallhovda i Masfjorden. Helena vart gift 1.1.1764 i Gaular med enkjemannen Bent Monsson Vårdal, kva tid han døydde veit eg ikkje. Dei er umtala i ordskifte 36876.

 

Lars døydde 1791 på Kallhovda og vart gravlagd 13.6.1791 i MasfjordenSkifte halde 25.7.1791 på Kallhovda, sjå Hordaland fylke, Nordhordland sorenskriveri, Skifteprotokoll A 8b , 1790-1794. f. 593b.

 

Eg hev funne seks born i kyrkjebøkene, Nils 1771 (som eg ættar frå tvo gonger), Sjur 1774, Anne 1777, Lasse 1779, Ola, 1781, Bent 1785. I Masfjordboki vert òg nemnde Søren 1769 (er med i skiftet, bygslemann på Furebotn i 1801, hyste broren Nils og huslyden hans) og Marta 1773-1773, men dei hev eg fyrebils ikkje funne i kyrkjebøkene. Skal sjå um dei er skrivne der. Meir um ætti etter desse kan du finna på vevsidone til Masfjorden herad, der ligg gardssogone frå Masfjordbøkene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Skifte halde 25.7.1791 på Kallhovda, sjå Hordaland fylke, Nordhordland sorenskriveri, Skifteprotokoll A 8b , 1790-1794, oppb: Statsarkivet i Bergen, men det hev eg ikkje lese heilt gjenom enno.

 

 

Her er skiftet, og her nevnes enken Marithe Siversdatter og

 

Hordaland fylke, Nordhordland sorenskriveri, Skifteprotokoll A 8b , 1790-1794, s. 593 b:

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24080/98/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081114720606.jpg

 

Skifte halde 25.7.1791 på Kallhovda, sjå Hordaland fylke, Nordhordland sorenskriveri, Skifteprotokoll A 8b , 1790-1794, oppb: Statsarkivet i Bergen, men det hev eg ikkje lese heilt gjenom enno.

 

 

Her er skiftet, og her nevnes enken Marithe Siversdatter og

 

Hordaland fylke, Nordhordland sorenskriveri, Skifteprotokoll A 8b , 1790-1794, s. 593 b:

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24080/98/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081114720606.jpg

 

Her nevnes enken og seks sønner, mente jeg å si :)

post-541-0-54431900-1309116603_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jonas Jonsson

Kona til husmann Sjur Senneset i Sande sokn i Gaular heitte Synneva (sjå ordskifte 36876), og det vart halde skifte etter henne 14.10.1764, sjå Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Lenet tinglag, Skifteprotokoll A 8a , 1763-1769. Ervingar er ikkje nemnde i skiftet, men det er Lars Nilsson Sande (tvo gonger). Synneva vart gravlagd i august 1764, 70 år gamal, sjå Sogn og Fjordane fylke, Gaular, Ministerialbok nr. A 1 (1755-1785), Dagregister 1763, Døde og begravede 1764, side 163.) Legdslem Sjur Senneset døydde september 1767, 82 år gamal, sjå same kyrkjeboki, s. 165.

 

Søren Larsson vart fødd 19.8.1764 på Sande i Sande sokn i Gaular og heimedøypt dagen etter av Erik Årberg, med stadfesting i kyrkja 17.9.1764 (trettande sundag etter trinitatis). Fadrar: Erik og Ivar Årberg, Ola Gregoriusson Senneset, kona til Gregorius Senneset (heitte Sigrid Gunnarsdotter, sjå band fem av bygdebøkene for Gaular, s. 57) og Gjertrud Sjursdotter Senneset. Det høver godt med alderen (38) i folketeljingi 1801. Kjelde: Sogn og Fjordane fylke, Gaular, Ministerialbok nr. A 1 (1755-1785), Fødte og døpte 1764, side 8.

 

Årberg er grannegard til Senneset.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Sj.

Marta Sjursdotter Kallhovda vart ikkje fødd i Lindås, men kom frå Indre Holmedal i Gaular. Ho vart trulova 18.12.1763 (fjorde sundag i advent) i Gaular med soldat Lars Nilsson Sande, sjå Sogn og Fjordane fylke, Gaular, Ministerialbok nr. A 1 (1755-1785), Trolovede 1763, side 156. Marta hadde ei syster Helena som i 1801 var ekkja og budde hjå henne og den nye mannen hennar Lasse Johannesson på Kallhovda i Masfjorden (fram til 1875 Sandnes sokn i Lindås). Helena vart gift 1.1.1764 i Gaular med ekkjemannen Bent Monsson Vårdal, kva tid han døydde veit eg ikkje. Sjå Sogn og Fjordane fylke, Gaular, Ministerialbok nr. A 1 (1755-1785), Ekteviede 1764, side 79. Du finn vigsla til Marta og Lars på same sida (Marta vart skrivi til Senneset både då dei trulova seg og då dei gifta seg). Dei er umtala i ordskifte 36876, der vert ei syster til Marta og Helena og foreldri deira nemnde, men kjelda vert ikkje gjevi.

 

Lars døydde 1791 på Kallhovda og vart gravlagd 13.6.1791 i Masfjorden, sjå Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 5 (1791-1813), Kronologisk liste 1791-1792, side 4. Skifte halde 25.7.1791 på Kallhovda, sjå Hordaland fylke, Nordhordland sorenskriveri, Skifteprotokoll A 8b , 1790-1794, oppb: Statsarkivet i Bergen, men det hev eg ikkje lese heilt gjenom enno.

 

Eg hev funne seks born i kyrkjebøkene, Nils 1771 (som eg ættar frå tvo gonger), Sjur 1774, Anne 1777, Lasse 1779, Ola, 1781, Bent 1785. I Masfjordboki vert òg nemnde Søren 1769 (er med i skiftet, bygslemann på Furebotten i 1801, husa broren Nils og huslyden hans) og Marta 1773-1773, men dei hev eg fyrebils ikkje funne i kyrkjebøkene. Skal sjå um dei er skrivne der. Meir um ætti etter desse kan du finna på vevsidone til Masfjorden herad, der ligg gardssogone frå Masfjordboki. Eg skal sjå om eg kan finna ut meir um Marta og Lars og upphavet deira, men det kan ta litt tid.

 

Jeg mener at Marta giftet seg 2.gang 4/11-1792 med Lasse Johannessen f.1762. Det virker som om de ikke hadde noen barn?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jonas Jonsson

Nils Larsson, stykson til Lasse Johannesson, fekk bygslebrev på ¼ laup smør i Kallhovda 18.3.1801 frå David Middelthun, verja for Krosskyrkja i Bergen. Kjelda: Pantebok Nordhordaland 1764-1771, Protokollnummer: II.B.a.10c, Sted: Nordhordland sorenskriveri, Oppbevaringssted: SAB, fol. 707.

 

Marta Larsdotter Kallhovda vart døypt 28.2.1773 (Dominica invocavit, fyrste sundag i fasta) i Masfjorden, men ho er ikkje teki med i databasen med døypte i Lindås. Ho døydde ni dagar gamal og vart gravfest 12.4.1773 (andre påskedag). Kjelda: Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 4 (1764-1791), Kronologisk liste 1773, side 83.

 

I tingboki for Nordhordaland 1770 er nemnd på sumartinget for Gulen at Lars Nilsson Kallhovda hadde fenge bygslebrev 5.12.1769 frå Hilbrand Harmans på ½ laup smør i Kallhovda, men eg finn ikkje noko um det i pantebøkene. Lars Nilsson Kallhovda vart stemnd på hausttinget for Lindås 18.10.1787 for 10 rd. han var skuldig til kaptein v. Brügger. Han møtte ikkje, endå han var kjend med tiltala. På sumartinget 22.5.1788 vart han dømd til å betala v. Brügger 10 rd. og til å betala 2 rd. for søksmålet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jonas Jonsson

Jeg mener at Marta giftet seg 2.gang 4/1-1792 med Lasse Johannessen f.1762. Det virker som om de ikke hadde noen barn?

 

Lasse Verkland og Marta Kallhovda vart trulova 27.9.1792 i Masfjorden. Kjelda: Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 5 (1791-1813), Kronologisk liste 1791-1792, side 5. Dei vart vigd 4.11.1792. Kjelda: Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 5 (1791-1813), Kronologisk liste 1791-1792, side 3. Marta var for gamal til å få fleire born, trur eg. Eine trulovaren var Søren Larsson Kallhovda, so det er vel mori hans som gifte seg. Elles kan eg segja at Lasse Johannesson var faddar til mange av borni til Nils Larsson Kallhovda, som han òg var stykfar til, so eg gissar på at me hev med rette folki å gjera.

 

Eg hev ikkje sett serleg på upphavet til Lasse Johannesson Verkland, men han er vel son til Johannes Rasmusson og Brita Matsdotter på Verkland i Brekke? Johannes Verkland vart det skifta etter 17.7.1765, sonen Lasse er fem år gamal, sjå Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 8a , 1763-1766, oppb: Statsarkivet i Bergen, fol. 284b. Brita gifta seg uppatt og det vart skifta etter henne 4.6.1772 på Verkland, eldste son hennar Lasse Johannesson er 12 år gamal, sjå Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 9 , 1772-1782, oppb: Statsarkivet i Bergen, s. 79.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Sj.

Lasse Verkland og Marta Kallhovda vart trulova 27.9.1792 i Masfjorden. Kjelda: Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 5 (1791-1813), Kronologisk liste 1791-1792, side 5. Dei vart vigd 4.11.1792. Kjelda: Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 5 (1791-1813), Kronologisk liste 1791-1792, side 3. Marta var for gamal til å få fleire born, trur eg. Eine trulovaren var Søren Larsson Kallhovda, so det er vel mori hans som gifta seg. Elles kan eg segja at Lasse Johannesson var faddar til mange av borni til Nils Larsson Kallhovda, som han òg var stykfar til, so eg gissar på at me hev med rette folki å gjera.

 

Eg hev ikkje sett serleg på upphavet til Lasse Johannesson Verkland, men han er vel son til Johannes Rasmusson og Brita Matsdotter på Verkland i Brekke? Johannes Verkland vart det skifta etter 17.7.1765, sonen Lasse er fem år gamal, sjå Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 8a , 1763-1766, oppb: Statsarkivet i Bergen, fol. 284b. Brita gifta seg uppatt og det vart skifta etter henne 4.6.1772 på Verkland, eldste sonen hennar Lasse Johannesson er 12 år gamal, sjå Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 9 , 1772-1782, oppb: Statsarkivet i Bergen, s. 79.

 

Lasse Verkland er det Johanneson? og Marta Kallhovda er Siursdtr.?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jonas Jonsson

Ja.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jonas Jonsson

Det vart litt rotut med borni til Lars og Marta, so her fylgjer eit stutt upprit:

 

i. Søren, f. 19.8.1764 på Sande i Sande sokn i Gaular og heimedøypt dagen etter av Erik Årberg, dåpen stadfesta i kyrkja 17.9.1764 (trettande sundagen etter trinitatis). I Masfjordboki hev dei teke i mist når dei skriv at han vart fødd 1770 på Kalhovda. Fadrar: Erik og Ivar Årberg, Ola Gregoriusson Senneset, kona til Gregorius Senneset (heitte Sigrid Gunnarsdotter, sjå band fem av bygdebøkene for Gaular, s. 57) og Gjertrud Sjursdotter Senneset (Sogn og Fjordane fylke, Gaular, Ministerialbok nr. A 1 (1755-1785), Fødte og døpte 1764, side 8.) Vigd (i) med Anna Larsdotter Furebotn, men eg hev ikkje funne vigsla i kyrkjeboki enno, budde saman på Furebotn i 1801 (ii) 24.7.1803 i Masfjorden med ekkja Helga Klausdotter Eikemo (Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 5 (1791-1813), Kronologisk liste 1803, side 147.) Døydde 22.5.1838 på Furebotn og vart gravlagd 28.5.1838 i Masfjorden (Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 14 (1835-1847), Døde og begravede menn 1838, side 10.) Fyrste kona hans var mor til kona til den yngre broren Nils.

 

ii. Nils, f. 1771 på Kalhovda, døypt 14.4.1771 i Masfjorden. Fadrar: Hans Kallhovda, Jørgen Solheim, Steffen Furebotn, Randi Randi Solheim, Randi Solheim (tvo med same namnet) (Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 4 (1764-1791), Kronologisk liste 1771, side 64.) Vigd 5.7.1799 med Anna Steffensdotter Furebotn (Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 5 (1791-1813), Kronologisk liste 1799, side 94), bygslebrev 18.3.1801 på Kallhovda (Pantebok Nordhordaland 1764-1771, Protokollnummer: II.B.a.10c, Sted: Nordhordland sorenskriveri, Oppbevaringssted: SAB, fol. 707.) Døydde 29.9.1861 og vart gravlagd 7.10.1861 i Masfjorden (Hordaland fylke, Masfjorden, Klokkerbok nr. A 1 (1851-1875), Døde og begravede 1862, side 168.)

 

iii. Marta, f. 1773 på Kalhovda og døypt 28.2.1773 i Masfjorden. Døydde ni dagar gamal og vart gravfesta 12.4.1773 i Masfjorden (Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 4 (1764-1791), Kronologisk liste 1773, side 83.)

 

iv. Sjur, f. 1774 på Kalhovda, døypt 20.12.1774 i Masfjorden. Fadrar: Jørgen Solheim, Anfin Hogsvær, Erik Hogsvær, Anna Furebotn, Randi Solheim (Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 4 (1764-1791), Kronologisk liste 1775, side 102.) Vigd 20.4.1806 med Dordi Eriksdotter Manger (Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 5 (1791-1813), Kronologisk liste 1806, side 180.) Døydde 3.5.1824 på Hærøya under Hosteland og vart gravlagd 9.7.1824 i Masfjorden, so stend det (Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 8 (1823-1836), Døde og begravede menn 1823, side 345.)

 

Eg tek resten seinare, eg ser at m. a. at Marta Larsdotter i 1801 hadde ein 18 år gamal son Søren, det kan ikkje vera rett.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jonas Jonsson

v. Anne, f. 1777 på Kallhovda, døypt 5.9.1777 i Masfjorden (Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 4 (1764-1791), Kronologisk liste 1778, side 125.) Fadrar: Ola Eikemo, Nils Solheim, Johannes Kringla, Anna Solheim og Anne Solheim. Døydde 14 dagar gamal og vart gravlagd 28.9.1777 i Masfjorden.

 

vi. Lasse, f. 1779 på Kallhovda, døypt 2.12.1779 i Masfjorden (Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 4 (1764-1791), Kronologisk liste 1780, side 157.) Fadrar: Steffen Furebotn, Rasmus Solheim, Jørgen Kringla, Marta Eikemo, Anna Solheim. Gravfesta 30.7.1809 i Masfjorden saman med broren Bent Larsson. Lasse var soldat og Bent grenader, og dei døydde båe på 'Øst-Kanten'. (Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 5 (1791-1813), Kronologisk liste 1809, side 211.)

 

vii. Ola, f. 1781 på Kallhovda, døypt 26.9.1781 i Masfjorden (Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 4 (1764-1791), Kronologisk liste 1781, side 169.) Fadrar: Hans Kallhovda, Nils Solheim, Jørgen Kringla, Brita Eikemo, Magdeli Furebotn. Vart skifta etter honom 29.6.1813 på Kvamsdal i Masfjorden, ervingar er ekkja Marte Hansdotter og borni Lars, Johannes og Marte, verjer for deim er Søren Larsson Furebotn og Nils Larsson Kallhovda (Hordaland fylke, Nordhordland sorenskriveri, Skifteprotokoll A 12b , 1813-1815, oppb: Statsarkivet i Bergen, fol. 483b).

 

viii. Bent, f. 1784 på Kallhovda, døypt 25.2.1784 i Masfjorden (Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 4 (1764-1791), Kronologisk liste 1784, side 201.) Fadrar: Hans Kallhovda, Steffen Furebotn, Jørgen Kringla, Kari Solheim, Gyri Eikemo. Gravfesta 30.7.1809 i Masfjorden saman med broren Lasse Larsson. Lasse var soldat og Bent grenader, og dei døydde båe på 'Øst-Kanten'. (Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 5 (1791-1813), Kronologisk liste 1809, side 211.)

 

Kallhovda, Furebotn, Solheim, Eikemo og Kringla (i Brekke i Ytre Sogn) er grannegardar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jonas Jonsson

Ola Larsson gifte seg med Marta Hansdotter Kvamsdalen 21.5.1804 i Masfjorden (Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 5 (1791-1813), Kronologisk liste 1804, side 157.). Dei lyt ha vore syskinborn. Marta var dotter til Hans Eriksson Kvamsdal og kona hans Gjertrud Sjursdotter (Sørensdotter). Masfjordboki nemner at Hans etter tradisjonen var frå Hestad i Sunnfjord (Ytre Holmedal/Fjaler), so det er vel han som vert vigd 24.6.1773 i Gaular/Ytre Holmedal med Gjertrud Sjursdotter Senneset (Sogn og Fjordane fylke, Gaular, Ministerialbok nr. A 1 (1755-1785), Ekteviede 1773-1775, side 84.) Han vert då skriven til Espeland. Dei budde vel på Hestad eit bil fyrr dei flutte til Masfjorden, 1774 og 1777 vert døypt born til Hans Hestad i Gaular. Marta Kallhovda er berre faddar for borni til Hans og Gjertrud Kvamsdal ein gong, når dotteri Marta vart døypt 4.12.1785, ho er venteleg uppkalla etter mostri (Hordaland fylke, Lindås, Ministerialbok nr. A 4 (1764-1791), Kronologisk liste 1786, side 223.)

 

Men noko merkeleg er det at Hans Hestad døypte barn i Gaular i 1777 og Hans Kvamsdal døypte born i Masfjorden i 1776 og 1777, det må eg, eller nokre andre, sjå nærare på.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jonas Jonsson

i og ii Søren og Nils er på Furebotn i 1801, iii Marta og v Anna er daude, vi Lasse er hjå mori og stykfaren på Kallhovda, vii Ola var truleg tenestegut på Hogsvær i Masfjorden og med i landlegdi. viii Bent bur truleg hjå mori og hev fenge namnet Sjur. Men iv Sjur veit eg ikkje kvar var i 1801.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jonas Jonsson

Eg såg gjenom bygdebøkene for Gaular i dag, og det var visst fleire som heitte Hans og bruka gard på Hestad i 1770-åri. Elles var det lite um denne ættegreini som kom til Masfjorden, og noko av det som stend der kan ikkje vera rett, serleg det um Hans Eriksson Espeland og ætti hans. Det eg fann: Det vart skifta etter fyrste kona til Bent Monsson 30.5.1761 på Vårdal. Ho heitte Mette Knutsdotter (Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Lenet tinglag, Skifteprotokoll A 7b , 1761-1763, oppb: Statsarkivet i Bergen.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jonas Jonsson

Bygslebrev finst ikkje i dei eldste pantebøkene for Nordhordaland, fekk eg til svar frå SAB i dag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jonas Jonsson

Far til Synneva Senneset heitte Ola Larsson og var frå Bergen. Skifte etter han 20/8/1755 i Bergen, sjå skifte 701, f. 478a i skiftebok C 4a 1748-1760 for Bergen. Enkja heiter Kjersti Øysteinsdotter, men ho er neppe mor til Synneva (ho og Ola vigde 24/6/1734 i Korskyrkja i Bergen, Ola er enkjemann). Eg trur Ola Larsson var han som vart gravlagd ved Korskyrkja 12/7/1755. Eg takkar Kjell i tråden 'Skifter i Bergen fra 1765' for å ha upplyst meg om dette skiftet.

 

Mannen til Marta Sjursdotter, Lars Nilsson, er nemnd i ei tingbok frå Sunnfjord. Sjå Sunnfjord sorenskriveri, lenets gods, Tingbok I Aa 17 , f. 161b. Lars er vitne i ei beitesak i 1764: 'Lars Nielsen Sande, giorde Eed og vidnede: at de indstævnede Opsiddere paa Myremellem i mange aar, saalænge Vidnet har tient paa Sande, ladt deres Creature gaae ind paa Sande'. Eg kann ikkje sjå nokon skyldskap med den Nils Ludvikson Sande som er nemnd rett fyrr. Lars var enno i Sunnfjord i 1767, vitnar 11/12/1767 på tinget, sjå same tingbok, f. 299a. Noko um ei kviga.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Astrid Kaardal Halleraker

Jeg henter frem dette emnet i ren optimisme, siste innlegg er over 4 år siden. Saken er at den omtalte Marta Sjursdtr også er min ane. Jon Jonsson i Oslo har klart å oppspore hennes og ektefellens opphav i Gaular. Og da er det nærliggende å etterlyse svigerdatter Anne Johannesdtr g.m. Bernt Sjurson Kalhovd (1774-1824). Er det noen som har kjentmannsprøven i denne slekten på Herøen Hosteland Masfjorden. Jeg "vet alt" om Bernt, men null og niks om Anne Johannesdtr.

Endret av Astrid Kaardal Halleraker

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Astrid Kaardal Halleraker

Oppdatering: det har ordet seg, riktig Anne Johannesdtr er fra Bremanger SFJ.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×