Gå til innhold
Arkivverket

Elias Amundson (1701-1773) frå Hafslo til Etnedal - kone Borghild og huslyden deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Grethe for tankar kring arkivmateriale og kva som finst...

 

Det er heilt tydeleg at deler av kyrkjebokmaterialet frå Jarlsberg bergverk manglar, og eg er samd med deg i at dette må vera orsaki til den ufullstendige lista over borni etter Anders Eliasson og Synneva Nilsdotter.  Truleg er dette ogso orsaki til at dødsfallet hennar Synneva òg manglar, og me kjem vel aldri til å få svar på dei attverande spørsmåli om denne huslyden...

 

Eg trur elles det må vera den "rette" Sørina Olsdotter du har finne som fadder so seint som i 1811.  Ein eller annan stad vil me truleg kunna finna ei gravferd for denne Sørina, men å finna dødsfallet hennar krev truleg timer med leiting...

 

Det ville elles vore spennande å sjå på arkivet til fattigskulen på Bragernes (eg fekk henta opp sida!), men om ein der vil finna so mykje om Sørina, er vel heller tvilsamt...(?)

 

Uansett, eg kjem stadig attende til denne ekstraskatten.  Om ein eller annan kunne undersøkt ekstraskattmanntalet for bergverket frå 1762 (eg har ikkje finne dette online!), er kanskje det den einaste kjelda der me kan finna fleire detaljar om Anders og Ole og huslydane deira...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uansett, eg kjem stadig attende til denne ekstraskatten.  Om ein eller annan kunne undersøkt ekstraskattmanntalet for bergverket frå 1762 (eg har ikkje finne dette online!), er kanskje det den einaste kjelda der me kan finna fleire detaljar om Anders og Ole og huslydane deira...

 
Spørsmålet er om Jarlsbergske bergverk i Skoger er innført i ekstraskatten for Jarlsberg grevskap:
 

http://www.arkivverket.no/URN:db_read/db/46058

 

eller i ekstraskatten for Hurum, Røyken, Eiker, Lier og Buskerud fogderi:

 

http://www.arkivverket.no/URN:db_read/db/45957

 

http://www.arkivverket.no/URN:db_read/db/45958

 

Jeg mener ekstraskatten skal være skannet i sin helhet. 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Det er godt nytt å høyra at eksraskatten frå 1762 skal vera filma.  Eg er meir enn viljug til å bla igjennom den lista det gjeld, men eg treng hjelp til å finna sjølve lista.  Men før eg nytter timer på å leita etter lista, kanskje nokon veit konkret kvar me skal leita?  Kanskje ein link til sjølve lista?

 

Takkar igjen so mykje for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra "Skogerboken", side 513, Eikholt, bruk nr. 35, Steinbakken (Høgda).

 

Ola Halvorssøn Heltop, kjøpte 1778 dette jordstykket, som ligger fremme ved Gamlebakkene, for 18 1/2 riksd. Han var g. m. Ingeborg Jørgensdatter, som tidligere hadde vært g.m. Ola Evensen (må være feil for Eliassen), alle fra Valders. Ola forlot hjemmet i 1779. Ingeborgs barn var Elias, f. 1754, gift, Jørgen, ble boenden her, Hans, f. 1769.

 

Jeg mener å ha sett disse opplysningene tidligere i dette emnet, men jeg lurer på om forfatteren mener at også Ola Halvorsen var fra Valdres, eller om det kun gjelder Ingeborg og Ola. Og hvor er Heltop??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som vart flittig drøfta før jul!

 

Dei fleste detaljane om denne huslyden er komne på plass, men eg manghlkar nokre detaljar som det burde vera mogeleg å finna.  Det gjeld yrki til dei to brørne som budde ved Jarlsbergske bergverk i Skoger i åri kring 1755-1775.  Var dei verksarbeidarar?

 

Eg har ikkje greidd å finna ekstraskattelistene frå 1762 der dei båe bør vera nemnde.  Kan nokon hjelpa meg?  Eg vil leggja inn eit eige tema om dette emnet!

 

Eit anna problem er å finna ut av Sørina Olsdotter på Bragernes, andre kona til Anders Eliasson!?

 

Her kjem eit oppdatert manuskript for denne huslyden.  Eg tek gjerne imot kommentarar:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Elias Aamundson, f. {i Hafslo} kring 1701,

Elias Amundson flytte i ung alder til Etnedal i Valdres der han 9.10.1718 vart trulova (vigselsdato ikkje funnen) med ei Borghild Andersdotter av ukjent opphav. 

 

¤¤¤¤¤ (kvar kan ho ha opphavet sitt ifrå?)

 

Ho var truleg f. kring 1695.  Elias og Borghild budde ulike stader i Etnedal, mellom anna på Solberg, på Klevgard og i mange år på Bruflat og sidan på Lunde før dei kring 1760 hamna på Madslangrud.  Truleg var dei husmannsfolk under alle desse gardane, og Elias d. på Madslangrud ?.4.1773.  Dødsfallet til Borghild er ukjent. 

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – kring 1780?)

 

Me kjenner til seks born etter dei:

a. Gunnhild Eliasdotter, døypt i Etnedal 1.5.1722, vart gravlagd frå Klosbøle i Etnedal 13.8.1765.  Ho gifte seg i Nord-Aurdal 9.2.1749 med Gulbrand Knutson frå Klosbøle i Nord-Aurdal, døypt i Nord-Aurdal 8.3.1722.  Han d. på Klosbøle 31.8.1776.  Gunnhild og Gulbrand var visstnok husmannsfolk ulike stader i Nord-Aurdal, mellom anna under Klosbøle, og fekk fire born i lag.

b. Amund Eliasson, døypt i Etnedal 6.2.1724, d. som husmann under Fløgum i Etnedal ?.3.1805.  Han gifte seg første gongen i Etnedal 12.12.1751 med Siri Sivertsdotter frå Midtfjell i Etnedal, f. i Etnedal kring 1725.  Ho d. som husmannskone i Klevgardseiget i Etnedal kring 1780.  Amund gifte seg so att i

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for andre vigsli hans? – kring 1781?)

 

     med Marit Johnsdotter frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – 54 år i 1801!)

 

     og d. som legdelem under Fløgum i Etnedal 14.1.1829.  Amund og første kona Siri var husmannsfolk i Klevgardseiget i Etnedal, medan han med andre kona Marit var husmann i Fløgumeiget i Etnedal.  Han fekk i alt åtte born, seks frå første ekteskapet og to frå det andre.

c. Anders Eliasson, døypt i Etnedal 18.8.1726, vart gravlagd frå Museeiget på Bragernes 1.2.1789.  Anders gifte seg første gongen i Etnedal 27.12.1751 med Synneva Nilsdotter, truleg frå Anmarkrud i Nord-Aurdal.  Ho vart i so fall døypt i Nord-Aurdal 6.8.1724, men budde i 1751 på Solbrekken i Etnedal.  Synneva d. truleg på Verket i Skoger kring 1776, og Anders gifte seg 22.6.1780 att på Bragernes med ei Sørina Olsdotter,

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar? – Martha Sørine Olsdotter, døypt i Strømsø 1.3.1753?)

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Anders var truleg i mange år verksarbeidar ved Jarlsbergske bergverk i Skoger, men flytte sidan til Bragernes der han rimelegvis var arbeidar. 

 

     ¤¤¤¤¤ (korleis høyrest dette ut?)

 

     Han fekk minst fem born, fire frå første ekteskapet og eitt frå det andre.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka dette? – sikkert fleire melom Elias 1753 og Anna 1761! – inkl.:

            * Synneva Andersdotter, f. Aurdal 1752

            * Elias Andersson, døypt Tangen, Drammen 11.11.1753

            * Anna Andersdotter, f. kring 1761, gravlagd Skoger 18.11.1770

            * Ingeborg Andersdotter, f. kring 1763, gravlagd Skoger 15.5.1769

            * Maren Andersdotter, døypt Museeiget, Bragernes 6.7.1788)

 

d. Ole Eliasson, døypt i Etnedal 8.10.1729, vart gravlagd i Skoger 15.12.1771.  Ole gifte seg i Skoger 10.11.1753 med Ingeborg Jørgensdotter, opphavleg frå Lunner sokn på Jevnaker, men truleg dels oppvaksi i Skoger.  Ho vart døypt på Jevnaker 30.6.1726 og vart gravlagd i Skoger 15.1.1792.  Ingeborg gifte seg som enkje 19.11.1775 att i Skoger med ein Ole Halvorson som me ikkje veit noko meir om.  Dei skal ha butt på Egholt i Skoger, men Ole Halvorson forsvann visstnok kring 1779. 

 

     ¤¤¤¤¤ (korleis høyrest dette ut?)

 

     Ole Eliasson var truleg verksarbeidar ved Jarlsbergske bergverk i Skoger,

 

     ¤¤¤¤¤(korleis høyrest dette ut?)

 

     og han og Ingeborg fekk minst fem born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka dette? – inkl.:

            * Elias Olson, døypt Tangen, Drammen 31.8.1755

            * Jørgen Olson,

            * Hans Olson, døypt i Skoger 15.2.1761, gravl. Skoger 10.11.1765

            * Gulbrand Olson, døypt i Skoger 3.3.1765, gravl. Skoger 1.10.1775 el. 1776

            * Hans Olson, døypt i Skoger 13.11.1768)

 

e. Synneva Eliasdotter, døypt i Etnedal 19.3.1732, vart gravlagd i Etnedal 25.1.1739.

f. Eli Eliasdotter, døypt i Etnedal 9.10.1735, vart gravlagd i Etnedal 14.7.1743.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar nok ein gong for eventuelle nye innspel!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er usikker, men kan det være Søneve som ble begravet 5/9 1779. Jeg klarer ikke helt å lese Anders etternavn og Sønnev kalles Pedersdt.  http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8120&idx_id=8120&uid=ny&idx_side=-40

 

Da Ole ble gift står det at han og tilkommende var ved Værket.

Endret av Berit Knudsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Berit for spennande og nyttig innlegg!

 

Eg oppfattar utsegni om Ole Eliasson som at han verkeleg var verksarbeidar, men om kona hans var i arbeid ved verket, kan vel vera meir tvilsamt...

 

Elles har eg studert gravferdi frå 1779, og eg slår fast:  Mannen heiter anten Anders Elliassen eller Anders Ellingsen, vanskeleg å seia sikkert, og sjølv om kona har feil farsnamn, stemmer alderen hennar svært so godt og ikkje minst tidspunktet når me veit at Anders gifte seg att i 1880!  Det er jo ikkje heilt uvanleg at namn vert feilskrivne, særleg på den tidi og når me veit at desse folki var innflyttarar med ukjende familieband på den seinare bustaden.

 

Jau, eg vil tru dette må vera "vår" Synneva, og då er nok ei brikke "på plass"!

 

Nok ein kjempetakk til Berit!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
På 21.2.2015 den 0.15, Lars E. Øyane skrev:

Litt info om Konnerudverkets historie, kanskje du får svar på noen av spørsmålene dine.

I 1748 var det en liten lysning i driften av Konnerud verket, men den ble raskt ulønnsom igjen

Joachim Hagerup ble ansatt som direktør ved Konnerud verket, og ble der til Verkets nedleggelse, han døde i 1775. Tross alle elendige forhold ved verket var det en streng og lang rangforordning, som hadde passet bedre under mere strålende forhold. Nærmest etter 1. direktøren  kom 2. Bergskriveren, 3. Skiktmesteren, 4. pukkverkforvalteren, 5. hyttemesteren, 6. Bergkirurgen, 7. Hytteskriveren, 8. Justissersjanten og 9. Skogridderen

Da verket hadde sitt største antall arbeider, var dette omkring 350 mann, med mangel på større maskinell kraft ble arbeider antallet stort. Det må ha vært folksomt på KOnnerud i denne tiden. Verket hadde i lang tid en såkalt knapskattkasse, som hadde sine inntekter fra bøter og diverse avgifter. Denne var en tid meget velstående, men da det ble smått ved verket blandedes kassen med dettes egen, og den ble derved ødelagt, armoden og nøden på Konnerud var lenge veldig stor. 

Ved auksjon av 1778 ble verket kjøpt av Christen Hichmann, han oppgav i 1780, arbeiderenes antall til 376 og produksjonen til ca 20000 riksdaler. 

Jeg har lest i samme bok (finner det ikke igjen nå) at ved en av verkets nedleggelser ble flere av plassene solgt til arbeiderne. 

Det kan neppe ha vært enkelt å være arbeider her virker det som

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.