Gå til innhold
Arkivverket

Sigrid Olsdotter, fødd i Telemark 22.2.1863, utvandra 1882? - opphavet hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Frå Amerika vert det norske opphavet til denne jenta etterlyst:

 

Sigrid Olsdotter, fødd i Telemark 22.2.1863, skal ha utvandra i 1882 og gifte seg i Stoughton, Dane Co., WI 1.1.1899 med Martin Philipson (http://search.labs.familysearch.org/recordsearch/start.html#marriagePlaceLoc1=Dane%2C%20Wisconsin%2C%20United%20States&marriageYear=1895&searchType=close&surname=philips&marriagePlaceId=2988&p=recordResults&givenName=martin).

 

Vigsli seier at foreldri hennar heitte Ole Olson og Anna Olson.

 

Eg har ikkje funne nokon Sigrid Olsdotter som høver til denne omtalen, men eg finn på Thormodsvik i Rauland i 1865 (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0835&kenr=002&bnr=0028&lnr=00) ei Sigrid Alfsdotter, som i kyrkjeboki heiter Sigrid Olafsdotter, fødd 22.2.1863. Mori er Anna Jermundsdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5981&idx_id=5981&uid=ny&idx_side=-12). Kan det vera ho?

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Rauland som kan stadfesta eller eventuelt avvisa denne Sigrid som ein aktuell "kandidat"?

 

Finst det ei utvandring for ho i 1882? Om dette er ho, er eg interessert i å få greie på:

 

* Kva yrke og bustad hadde denne Olaf Olson og kona Anna?

 

* Kva gard/plass i Rauland hadde Olaf opphavet sitt ifrå?

 

* Kva gard/plass i Rauland hadda Anna opphavet sitt ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Moren, Anne Gjermundsdatters dåp 9. juni 1833, f. 13. april 1833: Telemark fylke, Rauland i Rauland, Ministerialbok nr. 1 (1814-1859), Fødte og døpte 1833-1834, side 39.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-45 (nr. 9)

 

Foreldre: gårdmann Gjermund Asmundsen Thormoesvigen og Thone Halvorsdatter. (Rettet fars patronym.)

 

Kanskje faren? Ole Olsen f. 15. juni 1840, døpt 5. juli 1840 med foreldre Ole Olsen (står det Luster?) og Olie Johnsdatter: Telemark fylke, Rauland i Rauland, Ministerialbok nr. 1 (1814-1859), Fødte og døpte 1841, side 50. Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-59 (nr. 4 - øverst)

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise for spennande innlegg. Eg trur nok dette må vera "våre" folk...

 

Her har eg òg funne Olaf og Anna i FT1900 på plassen Ekra under Nystuen i Rauland (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=f00835&gardpostnr=107&merk=107#ovre). Og eg har funne ei Sigrid Olson som utvandra frå Rauland i 1884 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=15&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=62175&merk=62175#ovre). Men det går ikkje fram av utvandringí om det er "vår" Sigrid...

 

Kanskje finst det ei bygdebok for Rauland som kan stadfesta dette?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Kanskje faren? Ole Olsen f. 15. juni 1840, døpt 5. juli 1840 med foreldre Ole Olsen (står det Luster?) og Olie Johnsdatter: Telemark fylke, Rauland i Rauland, Ministerialbok nr. 1 (1814-1859), Fødte og døpte 1841, side 50. Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-59 (nr. 4 - øverst)

 

Sirkelen til Øyane hadde jo vore slutta om det sto Luster, men det gjer nok ikkje det. Derimot står det Liestøl, betre kjent som Listaul.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Her har eg òg funne Olaf og Anna i FT1900 på plassen Ekra under Nystuen i Rauland (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=f00835&gardpostnr=107&merk=107#ovre). Og eg har funne ei Sigrid Olson som utvandra frå Rauland i 1884 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=15&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=62175&merk=62175#ovre). Men det går ikkje fram av utvandringí om det er "vår" Sigrid...

 

Kanskje finst det ei bygdebok for Rauland som kan stadfesta dette?

 

Diverre kan ikkje bygdeboka for Vinje og Rauland stadfeste dette. Det nærmaste ein kjem slekta til Sigrid Olsdotter f. 1863 er Olav Olsson Listaul f. 1798 og Øli Jonsdotter f. 1802, farfar og farmor til Sigrid Olsdoter, som har fått ikkje mindre enn halvanna side omtale i band III, s. 489-490. Dei var husmannfolk på Listaul under Nigard Rauland og hadde mange born, men ingen er nemnde med namn. Øli døydde i "langfarsotti" til liks med ein vaksen son. Olav kom på legd på sine eldre dagar og døydde i 1878, over "firs" år. Plassen Listaul blei nedlagd.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon og Anfinn for nye interessante innlegg!

 

Jenta som utvandra over Kristiansand, trur eg er uaktuell. Ho synest vera fødd i Sætesdalen, og det er jo eit stykke frå Rauland...

 

Elles står det altso ikkje noko i bygdeboki for Rauland som kan hjelpa oss vidare, so førebels trur eg at eg vil halda fast på ho som eg har funne. Det finst jo heler ikkje nokon andre Sigrid Olsdotter i Rauland som kan høva, og at ho utvandra til Edgerton, WI høver bra med seinare bustad!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Diverre kan ikkje bygdeboka for Vinje og Rauland stadfeste dette.

 

Eit lite atterhald er likevel på sin plass. Bygdeboka for Vinje og Rauland er nemleg ikkje som andre bygdebøker, skrivne slik at dei kan brukast som opplagsverk. Rikard Berge sitt verk er er ei bygde- og ættesoge som strekkjer seg over fleire band. I ettertid er det derfor laga eit namneregister. Der står Sigrid Olavsdotter med over tretti tilvisingar. Ei eller fleire av desse tilvisingane kan moglegvis vera til Sigrid Olavsdotter fødd 1863, men da må ein gå den tunge vegen og sjekke dette for kvar av dei over tretti tilvisingane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.