Gå til innhold
Arkivverket

Kona til Ole Andreassen Hartung Hestetun, Årdal


Terje Hagen
 Del

Recommended Posts

Ole Andreassen Hartung Hestetun fødd omlag 1750 og døydde i Årdal 1843 97 år gamal.

 

Ole vart gift 1779 med ei Mari/Maren Olsd. som eg ikkje kjenner opphavet til.

Den einaste som kan høve er ei Mari Olsd. frå Årdal som vart døypt på Hafslo 7. mars 1753. Dette er nemnd i KB for Lærdal/Årdal.

Mari var dotter av foreldrene Ole Botolvsen og Ingeborg Amundsd. Ole og Ingeborg er også ukjend for meg.

 

Det døyr ei Mari Olsd. under Hestetun 1815 60 år gamal som kan høve som kona til Ole Hestetun.

 

Er det nokon som drege kjensel på desse folki?

 

Takkar så mykje for innspel.

 

Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gode Terje,

 

Eg har sett litt nærare på denne dåpen innført i kyrkjeboki for Lærdal/Årdal: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-110. Me manglar jo kyrkjebøker for Hafslo nett på den tidi, so der er ikkje hjelp å få...

 

MEN, eg dreg kjensel på foreldri, og dette er ein spennande huslyd som delvis gøymer seg godt:

 

Ole Bottolfson og Ingeborg Aamundsdotter gifte seg på Hafslo 10.11.1749 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11455&idx_id=11455&uid=ny&idx_side=-63), men eg kan ikkje sjå at trulovingi deira var i Hafslo, so kanskje minst ein av dei var frå Årdal og dei vart trulova der? Men so manglar jo kyrkjebøkene for Lærdal/Årdal nettopp for siste halvår 1749...

 

Eg har identifisert Ole Bottolfson til å vera fødd i Hafslo kring 1724 som son av husmann Bottolf Olson på Skogateigen under Sviggum og kona Anna Wilhelmsdotter, men Ingeborg Aamundsdotter har eg førebels ikkje greidd å "plassera"! Kanskje var ho frå Årdal? Ole og Ingeborg hamna som husmannsfolk på Vetlesætre under Hillestad (sidan ein del av garden Solvi i Hafslo) der Ole døydde i 1786.

 

Eldste barnet deira:

 

* Anna Olsdotter, vart døypt i Hafslo 12.10.1749, fire veker før bryllaupet. Ho vart konfirmert frå Vetlesætre i 1771 og gifte seg sidan med husmann Jens Jørgenson i Nauststodi under Hillestad der ho døydde i 1809.

 

So får dei to born som eg ikkje har funne dåpen til:

 

* Bottolf Olson, konfirmert frå Vetlesætre i 1775, og

 

* Synneva Olsdotter, konfirmert frå Vetlesætre òg i 1775

 

Og so to born til i Hafslo etter dei hadde busett seg på Hafslo:

 

* Johannes Olson, døypt i Hafslo 26.5.1760, som truleg døydde kort tid etter, for:

 

* Rannei Olsdotter vart døypt i Hafslo 2.8.1761, vart konfirmert frå Vetlesætre i 1778. Ho fekk ei "uekte" dotter Martha Jensdotter i 1785, som døydde same året.

 

Eg ser ikkje noko til Mari Olsdotter i Hafslo, og merkeleg nok vert ogso Bottolf, Synneva og Rannei liksom more Ingeborg borte frå Hafslo etter at Ole Bottolfson døydde i 1786.

 

Kan heile huslyden vera flytt til Årdal??

 

Eg ser frå FT1801 at næraste nabo til Ole og Mari under Hestetun var enkja Randi Olsdotter på 40 år (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=f18011422&gardpostnr=56&personpostnr=1706&merk=1706#ovre) - liknar mistenkeleg på Rannei Olsdotter over...

 

Og vidare frå FT1801 finn me ei Synneva Olsdotter som husmannskone under Offerdalen, ogso 40 år gamal, men kanskje eit par år eldre? Eldste dotter hennar heiter Ingeborg, oppkalla etter Ingeborg Aamundsdotter?

 

Kanskje finn du ogso Bottolf og Synneva døypte i Årdal? Andre born?

 

Eg ventar spent på kva du finn, Terje...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner et par med navnene Ole Bottolfsen og Ingeborg Amundsdatter som døper en datter Mari i Lærdal 7 mars 1753.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-110

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70514620178.jpg

 

Og Synnevi,2 juli 1755.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-122

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620190.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for spennande innlegg! Då hadde eg altso rett med omsyn til Synneva, og då tek "puslespelet" etter kvart form, for eg ser no at ei Mari Olsdotter Vetlesætre vart konfirmert i lag med Anna i 1771, ei Mari som eg før har trutt var dotter av den føregåande husmannen på Vetlesætre. Han hadde nemleg òg ei dotter Mari Olsdotter, fødd i 1748! Då vil eg gissa på at Bottolf må vera fødd sist på året i 1757...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har elles òg lagt merke til noko anna:

 

Då Mari vart døypt i 1753, var ein av fadrane ein Bottolf Pederson, og då Synneva vart døypt i 1755, var ei av fadrane ei Anna Bottolfsdotter. Dette får meg til å setja spørsmålsteikn ved opphavet til Ole Bottolfson.

 

Ei Anna Bottolfsdotter Undredal gifte seg i Aurland 2.7.1756 med Tollef Monsson Quam (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8612&idx_id=8612&uid=ny&idx_side=-214). Kausjonist var Peder Bottolfson Thy

 

Og ein Ole Bottolfson Undredal vart døypt i Aurland 14.11.1728 av far Bottolf Pederson (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8610&idx_id=8610&uid=ny&idx_side=-12).

 

Kan dette vera opphavet til "vår" Ole Bottolfson? Her har me både Bottolf Pederson og Anna Bottolfsdotter på same staden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takkar for alle innlegg!

 

Ei kjappe lesning frå Aurlandsboki så sier unge Ohnstad:

 

Botolv Pedersen Underdal (1693-1793) og Mai Botolvsd. Stegen (1697-1763) fekk 9 ungar deriblant ein Ole fødd 1728 men han døydde samma året.

Det samme med Sønneva, ho vart fødde 1731 og døydde 1741.

 

Ifølge KB Lærdal/Årdal er det tre Ole Botolvsen frå Årdal som døyper pikebarn på 1750-talet:

 

Ole Botolvsen og Ingeborg Amundsd. døyper Mari 1753 i Hafslo Kyrkje.

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-110

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620178.jpg

 

Ole Botolvsen og Ingeborg Knutsd. døyper Sønneva 1755 i Årdal Kyrkje

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-122

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620190.jpg

 

Ole Botolvsen og Ingeborg Tostensd. døyper eit pikebarn 1758 i Tønjum Kyrkje, her har presten gløymt å føra inn namnet på dåpsbarnet.

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-143

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620211.jpg

 

Det eg undrar meg mest over er at det er tre stk. Ole Botolvsen i Årdal eller frå Årdal som døper barn i tre forskjellige kyrkjer/plassar og mødrene heiter Ingeborg og eg kan ikkje gjera greie for nokon av dei? Dei liksom høyrer ikkje til i Årdal.

 

Eg får saumfara KB for Årdal fyrst.

 

Mvh. Terje Hagen Årdalstangen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg blir litt nysgjerrig når det dukkar opp ein Hartung her. Kjenner du bakgrunnen hans? Eg ser m.a. i denne tråden på DIS-forum (siste post) at brødrene Ole og Andreas Antoniussøner Hartung skal vere født i Årdal 1713-14. Er dette ein son av denne Andreas?

Hei Håvard

 

Ole er så langt einaste sonen til Andreas.

Ole hadde to eldre systre, Maren og Kari.

 

No i etterkant har eg lese eit skift frå S&Fj. basen. Så har Malene 2 barn til, Mathias og Cristence.

 

Namn arvtakar: Mallene, Mathiasdtr

Gard: Hestethun, nr.:2

Husmannsplass: Farness

Yrke: Kone

Skipreide: Årdal

Protokoll/side: 9-40b

Datering: 1781-1786

Dato: 30.1.1783

Eiga: 246 Dalar, 2 ort, 15 skilling

Gjeld: 96 Dalar, 4 ort, 6 skilling

Netto: 149 Dalar, 4 ort, 9 skilling

Merknad:

 

Personar i skiftet :

(1) Andreas Anthoniessen Enkemanden

(2) Mathias Andreassen MyndigBergen Søn

(3) Ole Andreassen Myndig Søn

(4) Kari Andreasdatter Datter

(5) Christence Andreasdatter Datter

(6) Boets gjeld Kreditor

(7) Erich Thomesssen Brechen Gift med Mari

(8) Anders Thomessen Leigreid Møtte

(9) Peder Eilevsen Gift med Christence

(10) Mari Andersdatter Datter

(11) Thomas Olssen Øfstethun Gift med Kari

 

 

Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Eg ser frå FT1801 at næraste nabo til Ole og Mari under Hestetun var enkja Randi Olsdotter på 40 år (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=f18011422&gardpostnr=56&personpostnr=1706&merk=1706#ovre) - liknar mistenkeleg på Rannei Olsdotter over...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

Denne Randi er mest kjend som dotter til Ole Torbjørnsen Engeseter Aspevik og Gjertrud Tollefsd. Hestetun.

Eg merkar meg at dotter Johanne er registrert som fosterdotter?

 

Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Terje,

 

Eg vart nok veldig i stuss då eg las siste innlegget ditt i aftes. Men eg har funne svaret i Gards- og Ættesoga for Luster band IV. Rannei Olsdotter frå Hestetun miste mor si kort etter fødsli og vart fosfra opp hjå Robert Hansson og kona Anna Torbjørnsdotter på Gaupneøyri under Sandvik i Luster. Anna var ei søster av Ole Torbjørnson og likeins frå Engeseter i Sogndal. Rannei vart konfirmert i Luster i 1774 og gifte seg i Luster 25.6.1779 med Johannes Olson frå Midtun i Årdal(?), som døydde i 1788.

 

Soleis er lagnaden til Rannei Olsdotter frå Vetlesætre i Hafslo framleis eit mysterium...

 

Når det gjeld Synneva Olsdotter i Offerdalen, so ser eg at ho 29.10.1789 gifte seg i Sogndal med Nils Hansson (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11657&idx_id=11657&uid=ny&idx_side=-110). Nils og Synneva skreiv seg båe for Uglum då dei gifte seg, og det syner seg at Synneva vart døypt frå Uglum i Sogndal 10.7.1762 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=16&filnamn=sogndaap&gardpostnr=121501&merk=121501#ovre). Mori heitte Ingeborg...

 

Bortsett ifrå eldste dotteri Anna, gift og busett på Hafslo, er med andre ord heile denne søskenflokken forsvunnen frå Hafslo. Og det er jo eit spørsmål om Mari Olsdotter gift med Ole Hartung verkeleg høyrer til denne huslyden? Har du, Terje, sjekka ut fadrane til borni etter Ole og Mari?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takkar for alle innlegg!

 

Ei kjappe lesning frå Aurlandsboki så sier unge Ohnstad:

 

Botolv Pedersen Underdal (1693-1793) og Mai Botolvsd. Stegen (1697-1763) fekk 9 ungar deriblant ein Ole fødd 1728 men han døydde samma året.

Det samme med Sønneva, ho vart fødde 1731 og døydde 1741.

 

Ifølge KB Lærdal/Årdal er det tre Ole Botolvsen frå Årdal som døyper pikebarn på 1750-talet:

 

Ole Botolvsen og Ingeborg Amundsd. døyper Mari 1753 i Hafslo Kyrkje.

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-110

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620178.jpg

 

Ole Botolvsen og Ingeborg Knutsd. døyper Sønneva 1755 i Årdal Kyrkje

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-122

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620190.jpg

 

Ole Botolvsen og Ingeborg Tostensd. døyper eit pikebarn 1758 i Tønjum Kyrkje, her har presten gløymt å føra inn namnet på dåpsbarnet.

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-143

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620211.jpg

 

Det eg undrar meg mest over er at det er tre stk. Ole Botolvsen i Årdal eller frå Årdal som døper barn i tre forskjellige kyrkjer/plassar og mødrene heiter Ingeborg og eg kan ikkje gjera greie for nokon av dei? Dei liksom høyrer ikkje til i Årdal.

 

Eg får saumfara KB for Årdal fyrst.

 

Mvh. Terje Hagen Årdalstangen

 

Jau, det er underleg med dei ulike farsnamni som mori har fått ved desse barnedåpane, men var det ikkje ofte slik at presten reiste til "annex-sokni" utan kyrkjeboki. og so førte han inn opplysningane "etter hugset"? Dette kan jo forklara dei ulike farsnamni hennar Ingeborg, og særleg om ho var framand i bygdi...

 

Men, ser ein på den siste innførsli frå Tønjum, so ser me at ikkje berre heitte mori Ingeborg Torstensdotter, men det var òg ein faddar med namnet Peder Torstenson. Dette namnet finn me att i Årdal i ekstraskattmanntalet frå 1763, nemlig ein son av "manden" Torsten Pederson på Seim og kona Johanna Olsdotter. Kan Peder ha vore ein HALVbror av Ingeborg Aamundsdotter?

 

Elles må eg få lov til å seia; barnedåpen frå januar 1758 passa svært so godt på SONEN Bottolf Olson... Kanskje presten har hugst feil med omsyn til kjønnet på barnet ogso?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er Faddrane som Ole og Mari Brukte:

 

Ole Andreassen og Mari Sjursd. Døyper Malene 24 oktober 1784

Faddrar: Mathis Johan Henriksen, Ole Tomassen, Kari Andreasd. og Maritha Olsd.

 

 

Ole Andreassen og Mari Olsd. døyper Ole 20 juli 1787

Faddrar: Nils Hosæter, Ole Jørgensen, Tomas Olssen, Maline Olsd. og Maline Tomasd.

 

Ole Andreassen og Mari Olsd. døyper Ingeborg 1 januar 1790

Faddrar: Endre Olssen, Helge Jonsen, Malene Vilkensd. Synneve Larsd. og Fredrikke Tomasd.

 

Ole Andreassen og Mari Olsd. døyper Fredrikke 8 mars 1795

Faddrar: Jørgen Hanssen, Erik Stevelinsen, Fredrikke Tomasd., Anne Olsd. og Kari Andreasd.

 

Ole Andreassen og Mari Olsd. døyper Kari her er ingen dåpsdata. Om denne høyrer til her skal vere usagt.

 

Kari gifter seg 16 mars 1817 med Anfinn Olssen Melheim. (Ole Melheim og Lars Midtun, svoger til Kari g. med Malene)

Giftemålet til Kari seier ingenting om foreldrene hennar.

Me får sjå på faddrane som Kari og Anfinn brukar.

 

- Dei døyper under Melheim Ole 3 mars 1817

- Faddrar: Knut Monssen, Peder Olssen, Tore Anderssen, Sønneve Aslaksd. og Gjertrud Andersd.

 

- Dei døyper under Hestetun Mari 17. oktober 1819

- Faddrar: Jørgen Øren, Helge Øren, Mari Olsd., Sønneve Toresd. og Marithe Olsd.

 

- Dei døyper under Øren Peder 16 november 1822

- Faddrar: Torsten Hjelle, Ole Helgesen, Ove Tomassen, Anne Olsd., Ingri Olsd. og Gjertrud Jørgensd.

 

- Dei døyper under Øren Marthe 7 november 1824

- Faddrar: Andreas Larsen Midtun (Kari er moster til denne), Anders Sjursen Hjelle, Agathe Olsd. Midtun,

Eli Andersd. Lægreid og Margrethe Hestetun.

 

- Dei døyper under Øren Øllegård 10 desember 1826

- Faddrar: Peder Pedersen Øren, Anfinn Hestetun, Gunnhild Olsd. Melheim, Malene Olsd. Øvstetun og Mari Brekken.

 

- Dei døyper under Melheim Malene 12 april 1829

- Faddrar: Peder Olssen Midtun, Ole Jørgensen Vetti, Synneve Lægreid, Malene Olsd. Midtun

(Malene er syster til Kari) og Martha Olsd. Midtun. (Martha er syster til Kari)

 

- Dei døyper under Melheim Anfinn 2 mai 1832

- Faddrar: Magnus Sjursen, Ole Tomassen, Peder Olssen, Lisebeth Hermundsd. og Martha Pedersd Melheim

 

- Dei døyper under Melheim Ingeborg 26 oktober 1834

- Faddrar: Ole Øren, Peder Olssen Melheim, Ingeborg Olsd. Hestetun, Margrethe Olsd. Hestetun og

Randi Agrimsd. Melheim.

 

Utifrå desse sparsommelige opplysnigane om døype til Kari sine ungar så er det slektsband med nokon av faddrane. Så eg vil tru at Kari høyrer til i ungaflokken til Ole og Mari.

 

Ole Andreassen og Mari Olsd. døyper Mari 31 mars 1799

Faddrar: Erik Tomassen, Vilken Tollevsen, Mari Andreasd. Malene Eriksd. og Berthe Tomasd.

 

 

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Håvard

 

Ole er så langt einaste sonen til Andreas.

Ole hadde to eldre systre, Maren og Kari.

 

No i etterkant har eg lese eit skift frå S&Fj. basen. Så har Malene 2 barn til, Mathias og Cristence.

Mange takk til Terje for info frå skiftet. Da ser det ut til at desse heng saman med dei Hartungane eg har jobba litt med i Meldal... :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jau, det er underleg med dei ulike farsnamni som mori har fått ved desse barnedåpane, men var det ikkje ofte slik at presten reiste til "annex-sokni" utan kyrkjeboki. og so førte han inn opplysningane "etter hugset"? Dette kan jo forklara dei ulike farsnamni hennar Ingeborg, og særleg om ho var framand i bygdi...

 

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Det hadde vel slik også når presten reiste til Årdal eller andre plassar så måtte han overnatte.

På denne tida var det vel ei lov frå 1600-talet at på kvar plass/gard måtte det vere heimebrygg som skulle serverast til besøkande, kvaliteten på vatn var det vel så som så med. Var kvaliteten på heimebrygget 'svakt' å kunne verten bli utsatt for 'slag' så det kunne nok bli fuktig ved slike besøk vil eg tru. Om hugse var på topp i sleke høve har eg ingen formeiningar om.

 

Mvh. Terje Hagen,

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men, ser ein på den siste innførsli frå Tønjum, so ser me at ikkje berre heitte mori Ingeborg Torstensdotter, men det var òg ein faddar med namnet Peder Torstenson. Dette namnet finn me att i Årdal i ekstraskattmanntalet frå 1763, nemlig ein son av "manden" Torsten Pederson på Seim og kona Johanna Olsdotter. Kan Peder ha vore ein HALVbror av Ingeborg Aamundsdotter?

 

Elles må eg få lov til å seia; barnedåpen frå januar 1758 passa svært so godt på SONEN Bottolf Olson... Kanskje presten har hugst feil med omsyn til kjønnet på barnet ogso?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

Når det gjelder denne dåpen, så er Tosten Pedersen nemnd som fadder. Det er også nemd ei Groe Andersd. som fadder. Tosten hadde ei syster med navnet Mette som vart gift med Anders Knutsen Natvik (1687-1757) Anders fekk ei dotter Gro i sitt fyrste gifte. Mette vart stemor til Gro Andersd. om det er same Gro. Så langt har eg ikkje Ingeborg Tostensd. med i ungaflokken til Tosten. Elles ser eg at Tosten og Mette er barn av Peder Anderssen Urnes og Ragnhild Larsd. Seim.

 

No blir det så mange navn etterkvart inndrege i dette, var det muleg at du kunne oppsumere noko i eit dokument slik du plar? Så får me føra inn det som kunne høve. For meg ser det ut som denne familien startar i Hafslo og endar ein eller onnor plass i indre Sogn.

 

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har studert fadderlista di, Terje, og det som slår meg; dei må jo for ein stor del ha nytta skyldfolk, og då kan del vel ikkje berre ha nytta skyldfolk på hans side!? No har ikkje eg sett meg inn i ætti hans, men so vidt eg forstod av eitt av dei andre innleggi, hadde han søstrene Kari og Mari Andreasdøttrer, og Kari var gift med ein Thomas Olson. Elles ser jo Malena ut til å vera eit mykja nytta namn i ætti hans(?)

 

Eg ser at Mari er kalla Sjursdotter då eldste barnet vart døypt. Kva kan orsaki no vera til det?

 

Elles ser eg namni Martha Olsdotter, Endre Olson og Anna Olsdotter. Ole Jørgenson og Ole Thomasson er òg nemnde. Men eg finn INGEN namn som høyrer til Ole Bottolfson og Ingeborg Aamundsdotter si ætt!

 

Eg tek til å tru at den Mari Olsdotter som gifte seg med Ole Andreasson Hartung, må vera ei onnor enn ho me har trutt, og sjå på konfirmantlista for Lærdal (Årdal) for 1772 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-197), for der finn me BÅDE Ole Andreasson OG ei MARI OLSDOTTER. Ole Bottolfson si dotter Mari vart jo konfirmert i Hafslo i 1771.

 

Eg ville søkt etter ein Ole gift med ei Ingeborg som òg har ei dotter Martha...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser forresten i den tidlegare debatten her at Ole hadde ei søster Christence gift med Peder Ellefson. Peder vart døypt i Luster 13.8.1746 som son av husmann Ellef Johannesson i Dalen under garden Åsen i Luster og kona Britha Olsdotter (Bolstad). Peder gifte seg i Årdal 10.3.1781 med kva eg har tolka som Kirstina Andreasdotter, og eg kjenner til ei dotter Malena fødd i Årdal 12.11.1780. Dei budde 1785 på Melheim i Årdal, men flytte sidan til Bergen der Kirstina døydde 31.8.1814.

 

Kva meir veit du om dette parfolket og borni deira?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ole Andreassen Hartung Hestetun fødd omlag 1750 og døydde i Årdal 1843 97 år gamal.

 

Ole vart gift 1779 med ei Mari/Maren Olsd. som eg ikkje kjenner opphavet til.

Den einaste som kan høve er ei Mari Olsd. frå Årdal som vart døypt på Hafslo 7. mars 1753. Dette er nemnd i KB for Lærdal/Årdal.

Mari var dotter av foreldrene Ole Botolvsen og Ingeborg Amundsd. Ole og Ingeborg er også ukjend for meg.

 

Det døyr ei Mari Olsd. under Hestetun 1815 60 år gamal som kan høve som kona til Ole Hestetun.

 

Er det nokon som drege kjensel på desse folki?

 

Takkar så mykje for innspel.

 

Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

 

Som før skreve, så var denne Mari som kunne høve.

Takkar for alle innspel, no vil eg ta føre meg alle dei faddrane som eg lista opp og analysera og sortera dei dei opp mot den basen som eg har.

Det eg ser no er at det er ingen skyldfolk av faddrane som skrive seg for Botolv eller Botolv som etternavn, eller at nokon av ungane vart døypt med dette navnet. Slik som eg ser det å heiter ikkje far til Mari, Ole Botolvsen, men Ole og eitt eller anna.

 

 

Når det gjelder Peder Eilevsen og Kristine Andreasd. så veit eg ikkje så mykje om dei, det einate skulle bli FT-1801 i Bergen,

 

http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=46&filnamn=f18011301&gardpostnr=1042&personpostnr=7305&merk=7305#ovre

 

og for dotter deirast, Maren (eit kjært navn i denne slekti)

 

http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=58&filnamn=f18011301&gardpostnr=1393&personpostnr=9949&merk=9949#ovre

 

 

Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da ser det ut til at desse heng saman med dei Hartungane eg har jobba litt med i Meldal... :)

 

Sammenhengen er slik:

 

- Ole Andreassen Hartung Hestetun (f.ca.1750) var sønn av Andreas Antonsen Hartung (f.1714) og Malene Mathiasdatter (ca.1711-1782).

 

- Andreas Antonsen Hartung var født i Årdal 1714 (dpt. 1.jan.1715) og døde ¤¤¤¤ (tid og sted ukjent), men levde ennå i 1782. Han var sønn av Anton Valentinsen Hartung (1684-1731) og Maren ¤¤¤¤ (andre opplysninger mangler).

 

- Anton Valentinsen Hartung var født på Grutseter hytteplass i Meldal i 1684 (dpt.23.apr.) og døde i Årdal 1731 (bgr.9.sep.). Han var sønn av Valentin Lorentzen(?) Hartung (f.ca.1648) og ¤¤¤¤ (konas navn etc. ukjent).

 

- Valentin Hartung var født ca.1648, trolig i Meldal, og døde ¤¤¤¤ (tid og sted ukjent). Han var trolig sønn av Lorentz Hartung (f.ca.1614) og ¤¤¤¤ (konas navn etc. ukjent).

 

Er det noen som kan fylle ut noen av opplysnigene som mangler her, så vil jeg sette pris på det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser forresten i den tidlegare debatten her at Ole hadde ei søster Christence gift med Peder Ellefson. Peder vart døypt i Luster 13.8.1746 som son av husmann Ellef Johannesson i Dalen under garden Åsen i Luster og kona Britha Olsdotter (Bolstad). Peder gifte seg i Årdal 10.3.1781 med kva eg har tolka som Kirstina Andreasdotter, og eg kjenner til ei dotter Malena fødd i Årdal 12.11.1780. Dei budde 1785 på Melheim i Årdal, men flytte sidan til Bergen der Kirstina døydde 31.8.1814.

 

Kva meir veit du om dette parfolket og borni deira?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

Eit raskt søk gjennom fødde i Lærdal/Årdal har avslørt at Andreas Antonisen og Malena Mathiasdotter fekk dotteri Christine Margrethe, fødd i Årdal 12.8.1754 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-116). Eg reknar med det er ho som gifte seg Peder Ellefson?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
- Anton Valentinsen Hartung var født på Grutseter hytteplass i Meldal i 1684 (dpt.23.apr.) og døde i Årdal 1731 (bgr.9.sep.). Han var sønn av Valentin Lorentzen(?) Hartung (f.ca.1648) og ¤¤¤¤ (konas navn etc. ukjent).

Kona heitte Lisbet, og er nemnt i live 23. apr. 1726 i kommunikantlista (nattverd) Udj Grusetters kirche: [] 14. Barbra Johan Smelters enche, Lisbeth Valentin garmagers enche. [Meldal kyrkjebok, s. 28]

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit raskt søk gjennom fødde i Lærdal/Årdal har avslørt at Andreas Antonisen og Malena Mathiasdotter fekk dotteri Christine Margrethe, fødd i Årdal 12.8.1754 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-116). Eg reknar med det er ho som gifte seg Peder Ellefson?

 

Det stemmer med mine notater. I skiftet etter Malene Mathiasdatter fra januar 1783 står det flg. om avdødes yngste datter: Christence Andreasdr. gift med Peder Eilevsen, og har sit Tilhold hos Enkemanden Andreas Antonissen. Selv om datteren kalles Christence i dette skiftet, så er vel hun identisk med Christine Margrethe som ble døpt i 1754 og med Kirsten som Peder var gift med i 1801.

 

Kona heitte Lisbet, og er nemnt i live 23. apr. 1726 i kommunikantlista (nattverd) Udj Grusetters kirche: [] 14. Barbra Johan Smelters enche, Lisbeth Valentin garmagers enche. [Meldal kyrkjebok, s. 28]

 

Mange takk til Håvard for denne opplysningen. Nok en brikke faller på plass ...

 

Med vennlig hilsen

Knut Bryn, Molde

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Eit raskt søk gjennom fødde i Lærdal/Årdal har avslørt at Andreas Antonisen og Malena Mathiasdotter fekk dotteri Christine Margrethe, fødd i Årdal 12.8.1754 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-116). Eg reknar med det er ho som gifte seg Peder Ellefson?

 

Det stemmer med de opplysningene jeg har. Jeg har for øvrig også sett henne omtalt som "Christence".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.