Gå til innhold
Arkivverket

Anfind Anfindson Vetti i Årdal (1715-1773) - huslyden hans?

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg freister komplettera eit avsnitt i bygdebokmanuskriptet mitt som dreier seg om Elsa Jørgensdotter frå Urnes i Hafslo som gifte seg til Vetti i Årdal. Ho og mann hennar fekk ti born, og dei fleste detaljane er på plass, men det er stadig nokre eg ikkje finn ut av. Kanskje kan einkvan med lokal kunnskap i Årdal hjelpa meg vidare?

~~~~~~~~~~~~

Elsa Jørgensdotter (Urnes), døypt i Hafslo 25.10.1722, gifte seg i Hafslo 16.6.1745 med Anfind Anfindson frå Vetti i Årdal. Han var son av gardbrukar Anfind Anfindson på Vetti, opphavleg truleg frå Rønnei i Luster, og kona Ingrid Olsdotter frå Vetti og vart døypt i Årdal 17.2.1715. Elsa og Anfind tok over heimebruket hans på Vetti i Årdal der dei budde levetidi ut. Anfind d. på Vetti 19.4.1773, medan Elsa d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1773)

Dei fekk ti born i lag:

a. Anfind Anfindson, døypt i Årdal 15.5.1746, d. på Sæbø i Lærdal 14.1.1811. Han gifte seg i Årdal 5.6.1774 med Kari Olsdotter frå

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

Ho vart døypt

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dåpen hennar? – 1744?)

og d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

Anfind og Kari var i mange år gardbrukarar på Sæbø i Lærdal, men laut flytta derifrå etter odelskrav og vart sidan plassfolk på Diket under Sæbø. Dei fekk fem born i lag.

b. Jørgen Anfindson, f. i Årdal hausten 1747, miste livet ved drukning i elvi 7.12.1808. Han gifte seg første gongen i Årdal 14.6.1778 med Malena Olsdotter frå Hestetun, døypt i Årdal 30.3.1748. Ho d.

og Jørgen gifte seg att i Årdal 21.10.1804 med Anna Tollefsdotter frå Seim i Årdal, f.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar?)

Ho d.

Jørgen tok over som gardbrukar på Vetti etter foreldri sine og fekk i alt ni born, sju frå første ekteskapet og to frå det andre.

c. Ingrid, kjend som Inger Anfindsdotter, f. i Årdal hausten 1749, flytte i ung alder til Bergen der ho 2.7.1775 gifte seg med Nils Fabiansson frå Hundhammar i Haus, i Bergen kjend som Nils Jensson Blom, døypt i Haus 16.6.1744. Nils Blom var i mange år fiskar og sjømann, men tok i 1794 borgarskap som høker. Han og Inger vart buande i Bergen der Inger d. 2.1.1811. Nils Blom d. same staden 23.8.1811. Dei fekk fem born i lag.

d. Thomas Anfindson, d.e., døypt i Årdal 15.8.1751, d. på Mjelde i Lærdal 13.11.1812. Han gifte seg

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans?)

1783 med Inga Baardsdotter frå Hunderi i Lærdal. Ho var f. i Lærdal 18.5.1757 og d. på Mjelde i Lærdal 10.2.1819. Thomas og Inga var gardbrukarar på Mjelde i Lærdal og fekk seks born i lag.

e. Ragnhild Anfindsdotter, f. i Årdal 10.12.1753, d.

Ragnhild gifte seg i Lærdal 20.10.1793 med enkjemannen Johannes Larsson, opphavleg frå Lærdalsøyri i Lærdal. Han var f. i Lærdal 2.6.1754 og d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1801: husmann med jord, Gjerde under Øye i Lærdal!? – flytte derifrå

kring 1813 – uvisst kvar!)

Johannes og Ragnhild fekk ikkje born i lag, men Johannes hadde ei dotter frå eit tidlegare ekteskap.

f. Anders Anfindson, f. i Årdal 19.9.1757, d. som husmann på Lægreid 11.1.1826. Han gifte seg i Årdal 29.10.1789 med Gjertrud Bottolfsdotter frå Avdal i Årdal. Ho var f. i Årdal 18.8.1766 og d.

Anders og Gjertrud var plassfolk på Vatnet under Lægreid i Årdal og fekk fire born i lag.

g. Anna Anfindsdotter, f. i Årdal 10.3.1761, d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – kring 1818?)

Anna gifte seg i Årdal 6.9.1789 med enkjemannen Johannes Johannesson, opphavleg frå Volldal i Årdal, f. i Årdal

¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hans? – finn ikkje!)

1757. Han d. som husmann på Øyri 20.5.1832. Johannes var smed og husmann på Rønneisgarden under Øyri i Årdal og fekk i alt seks born; tre av dei var frå andre ekteskapet med Anna Anfindsdotter.

h. Gjertrud Anfindsdotter, f. i Årdal 4.7.1763, d. som husmannskone på Nundal i Årdal 9.3.1845. Ho gifte seg i Årdal 29.7.1798 med enkjemannen Lasse Hermundson, opphavleg frå Nundal, f. i Årdal 19.3.1768. Han d. på Nundal 2.2.1818. Lasse var husmann i Hagen under Nundal i Årdal og fekk i alt fire born; av dei var tre frå andre ekteskapet med Gjertrud Anfindsdotter.

i. Ole Anfindson, tvilling, f. i Årdal 13.1.1766, d. som husmann på Meleim i Årdal 17.5.1826. Han gifte seg i Årdal 29.11.1790 med Martha Pedersdotter frå Prestteigen

¤¤¤¤¤ (sjekka opphavet hennar? – kvar er Prestteigen?)

Ho var f.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar? – Årdal 16.4.1769? – p: Peder Rasmusson og Øllegaard

Olsdotter?)

1769 og d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – finn ho ikkje i 1860!)

1860. Ole og Martha vart husmannsfolk på Skorpene under Meleim i Årdal og fekk ti born.

j. Thomas Anfindson, d.y., likeins tvilling og f. i Årdal 13.1.1766, d. som husmann på Hestetun i Årdal 16.8.1851. Han gifte seg i Årdal 29.11.1790 med Martha Tollefsdotter frå Hestetun, f. i Årdal 28.7.1769. Ho d. som husmannskone på Hestetun 10.12.1832. Thomas og Martha vart husmannsfolk på

¤¤¤¤¤ (ein plass, men kva for ein?)

under Hestetun i Årdal og fekk elleve born i lag.

~~~~~~~~~~~~

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg freister komplettera eit avsnitt i bygdebokmanuskriptet mitt som dreier seg om Elsa Jørgensdotter frå Urnes i Hafslo som gifte seg til Vetti i Årdal. Ho og mann hennar fekk ti born, og dei fleste detaljane er på plass, men det er stadig nokre eg ikkje finn ut av. Kanskje kan einkvan med lokal kunnskap i Årdal hjelpa meg vidare?

~~~~~~~~~~~~

Elsa Jørgensdotter (Urnes), døypt i Hafslo 25.10.1722, gifte seg i Hafslo 16.6.1745 med Anfind Anfindson frå Vetti i Årdal. Han var son av gardbrukar Anfind Anfindson på Vetti, opphavleg truleg frå Rønnei i Luster, og kona Ingrid Olsdotter frå Vetti og vart døypt i Årdal 17.2.1715. Elsa og Anfind tok over heimebruket hans på Vetti i Årdal der dei budde levetidi ut. Anfind d. på Vetti 19.4.1773, medan Elsa d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1773)

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Lars.

Else døydde 1. november 1811, 96 år gamal.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11596&idx_id=11596&uid=ny&idx_side=-104

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620635.jpg

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg freister komplettera eit avsnitt i bygdebokmanuskriptet mitt som dreier seg om Elsa Jørgensdotter frå Urnes i Hafslo som gifte seg til Vetti i Årdal. Ho og mann hennar fekk ti born, og dei fleste detaljane er på plass, men det er stadig nokre eg ikkje finn ut av. Kanskje kan einkvan med lokal kunnskap i Årdal hjelpa meg vidare?

~~~~~~~~~~~~

b. Jørgen Anfindson, f. i Årdal hausten 1747, miste livet ved drukning i elvi 7.12.1808. Han gifte seg første gongen i Årdal 14.6.1778 med Malena Olsdotter frå Hestetun, døypt i Årdal 30.3.1748. Ho d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

og Jørgen gifte seg att i Årdal 21.10.1804 med Anna Tollefsdotter frå Seim i Årdal, f.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar?)

Ho d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

Jørgen tok over som gardbrukar på Vetti etter foreldri sine og fekk i alt ni born, sju frå første ekteskapet og to frå det andre.

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Malene døydde 2. februar 1798, 42 år gamal

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11595&idx_id=11595&uid=ny&idx_side=-132

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620485.jpg

Malene vat døypt i Hauge kyrkje 30. nov 1755, fødde i Aspeviki, sjølvsagt var faren frå Engeseter i Sogndal.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-124

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620192.jpg

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg freister komplettera eit avsnitt i bygdebokmanuskriptet mitt som dreier seg om Elsa Jørgensdotter frå Urnes i Hafslo som gifte seg til Vetti i Årdal. Ho og mann hennar fekk ti born, og dei fleste detaljane er på plass, men det er stadig nokre eg ikkje finn ut av. Kanskje kan einkvan med lokal kunnskap i Årdal hjelpa meg vidare?

~~~~~~~~~~~~

og Jørgen gifte seg att i Årdal 21.10.1804 med Anna Tollefsdotter frå Seim i Årdal, f.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar?)

Ho d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Anne Torsteinsd. døydde som legdslem i Øyri 16. mars 1848, 70 år gamal. Kor nøyaktig dette '70 år' er veit eg ikkje. Anne er nemnd som Tollevsd. då ho gifte seg.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-174

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620242.jpg

Eg trur denne er dotter til Torstein Torsteinsen Asperheim (omlag 1717-1773) og Maritha Knutsd. (omlag 1718-1785)som budde under Dalaker.

Tillegg: Det eg glymde her, var at eg tykte at Maritha var vel gamal då ho fekk Anne! derfor neste settning.

I skifte etter Maritha dagsett på Dalaker 12. april 1785 så er Anne 15 år.

Etter dette så vart Anne fødde 10. oktober 1769.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-174

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620242.jpg

Då skulle ho ha vore 79 år i 1848.

Mvh. Terje Hagen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg freister komplettera eit avsnitt i bygdebokmanuskriptet mitt som dreier seg om Elsa Jørgensdotter frå Urnes i Hafslo som gifte seg til Vetti i Årdal. Ho og mann hennar fekk ti born, og dei fleste detaljane er på plass, men det er stadig nokre eg ikkje finn ut av. Kanskje kan einkvan med lokal kunnskap i Årdal hjelpa meg vidare?

~~~~~~~~~~~~

d. Thomas Anfindson, d.e., døypt i Årdal 15.8.1751, d. på Mjelde i Lærdal 13.11.1812. Han gifte seg

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans?)

1783 med Inga Baardsdotter frå Hunderi i Lærdal. Ho var f. i Lærdal 18.5.1757 og d. på Mjelde i Lærdal 10.2.1819. Thomas og Inga var gardbrukarar på Mjelde i Lærdal og fekk seks born i lag.

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Tomas og Inga vart trulova i Årdal og mest sansyneleg gift i Årdal den 11. juni 1786.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11595&idx_id=11595&uid=ny&idx_side=-142

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620495.jpg

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg freister komplettera eit avsnitt i bygdebokmanuskriptet mitt som dreier seg om Elsa Jørgensdotter frå Urnes i Hafslo som gifte seg til Vetti i Årdal. Ho og mann hennar fekk ti born, og dei fleste detaljane er på plass, men det er stadig nokre eg ikkje finn ut av. Kanskje kan einkvan med lokal kunnskap i Årdal hjelpa meg vidare?

~~~~~~~~~~~~

f. Anders Anfindson, f. i Årdal 19.9.1757, d. som husmann på Lægreid 11.1.1826. Han gifte seg i Årdal 29.10.1789 med Gjertrud Bottolfsdotter frå Avdal i Årdal. Ho var f. i Årdal 18.8.1766 og d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

Anders og Gjertrud var plassfolk på Vatnet under Lægreid i Årdal og fekk fire born i lag.

Lars E. Øyane

Gjertrud Botolvsd. blei gamal, ho døydde i Vetti som som legdslem 13. februar 1853 89 år.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11601&idx_id=11601&uid=ny&idx_side=-71

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514630571.jpg

Elles hadde dette paret 5 fødslar, Else fødd 28. juni 1805 døydde liti.

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg freister komplettera eit avsnitt i bygdebokmanuskriptet mitt som dreier seg om Elsa Jørgensdotter frå Urnes i Hafslo som gifte seg til Vetti i Årdal. Ho og mann hennar fekk ti born, og dei fleste detaljane er på plass, men det er stadig nokre eg ikkje finn ut av. Kanskje kan einkvan med lokal kunnskap i Årdal hjelpa meg vidare?

~~~~~~~~~~~~

g. Anna Anfindsdotter, f. i Årdal 10.3.1761, d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – kring 1818?)

Anna gifte seg i Årdal 6.9.1789 med enkjemannen Johannes Johannesson, opphavleg frå Volldal i Årdal, f. i Årdal

¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hans? – finn ikkje!)

1757. Han d. som husmann på Øyri 20.5.1832. Johannes var smed og husmann på Rønneisgarden under Øyri i Årdal og fekk i alt seks born; tre av dei var frå andre ekteskapet med Anna Anfindsdotter.

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Anna døydde 16. desember 1819 under Øyri eller Rønneisgarden.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11596&idx_id=11596&uid=ny&idx_side=-114

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620645.jpg

Johannes Voldal vart gift tredje gongen med Ragnhild Jørgensd Vetti den 26. mars 1820 og fekk 2 barn med henne.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11596&idx_id=11596&uid=ny&idx_side=-22

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620553.jpg

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg freister komplettera eit avsnitt i bygdebokmanuskriptet mitt som dreier seg om Elsa Jørgensdotter frå Urnes i Hafslo som gifte seg til Vetti i Årdal. Ho og mann hennar fekk ti born, og dei fleste detaljane er på plass, men det er stadig nokre eg ikkje finn ut av. Kanskje kan einkvan med lokal kunnskap i Årdal hjelpa meg vidare?

~~~~~~~~~~~~

i. Ole Anfindson, tvilling, f. i Årdal 13.1.1766, d. som husmann på Meleim i Årdal 17.5.1826. Han gifte seg i Årdal 29.11.1790 med Martha Pedersdotter frå Prestteigen

¤¤¤¤¤ (sjekka opphavet hennar? – kvar er Prestteigen?)

Ho var f.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar? – Årdal 16.4.1769? – p: Peder Rasmusson og Øllegaard

Olsdotter?)

1769 og d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – finn ho ikkje i 1860!)

1860. Ole og Martha vart husmannsfolk på Skorpene under Meleim i Årdal og fekk ti born.

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Maritha var dotter av Peder Rasmussen Haug Åbøle (1720-1780) og Øllegård Olsd. Hestetun frå brn. 4 i Hestetun.

Gardane Hestetun, Midtun og Øyri hadde plassar framme i 'dalen' aust for Øvre Årdal eller utladalen fram til Hjelle.

Hestetun hadde desse plassane: Dalen/Dalaplassane, Endrevollen, Holene fremre, Ramsøyni og Skåri (Skåri blei eigen gard etter 1838).

Midtun hadde desse plassane: Olmenhagen og Teigane.

Øren hadde desse plassane: Dalen og Prestteigen.

Og i Mynne av dalen låg Langøyni, Moa og Nørøyni under Øvstetun på kvar sida av elvi.

Samt at Voldal, Svalheim og Hjelle hadde sine plassar.

Maritha fødd 16. april 1769 og dø den 23. februar 1856 på Melheim, Husmannplassen 89 år. Om ho var fødde framme på Prestteigen veit eg ikkje.

Fødde:

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-173

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620241.jpg

Død:

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11601&idx_id=11601&uid=ny&idx_side=-79

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514630579.jpg

Det einaste eg kjenner av Skorpene her inn er under Hestetun.

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg freister komplettera eit avsnitt i bygdebokmanuskriptet mitt som dreier seg om Elsa Jørgensdotter frå Urnes i Hafslo som gifte seg til Vetti i Årdal. Ho og mann hennar fekk ti born, og dei fleste detaljane er på plass, men det er stadig nokre eg ikkje finn ut av. Kanskje kan einkvan med lokal kunnskap i Årdal hjelpa meg vidare?

~~~~~~~~~~~~

j. Thomas Anfindson, d.y., likeins tvilling og f. i Årdal 13.1.1766, d. som husmann på Hestetun i Årdal 16.8.1851. Han gifte seg i Årdal 29.11.1790 med Martha Tollefsdotter frå Hestetun, f. i Årdal 28.7.1769. Ho d. som husmannskone på Hestetun 10.12.1832. Thomas og Martha vart husmannsfolk på

¤¤¤¤¤ (ein plass, men kva for ein?)

under Hestetun i Årdal og fekk elleve born i lag.

~~~~~~~~~~~~

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Hestetun, Dalen/Dalaplassen.

No er me komne i botn av lista, ha ein gode fornøyelse!

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for mange spennande og nyttige innlegg!

Eg har no gått gjennom desse innleggi og har oppdatert manuskriptet mitt. Eg ser framleis eit par hòl, men fleire av dei må finna svar utanfor Årdal, medan andre skulle vera i Årdal. Kanskje du Terje kan kommentera dei som gjeld Årdal?

~~~~~~~~~~~~~~~

Elsa Jørgensdotter (Urnes), døypt i Hafslo 25.10.1722, gifte seg i Hafslo 16.6.1745 med Anfind Anfindson frå Vetti i Årdal. Han var son av gardbrukar Anfind Anfindson på Vetti, opphavleg truleg frå Rønnei i Luster, og kona Ingrid Olsdotter frå Vetti og vart døypt i Årdal 17.2.1715. Elsa og Anfind tok over heimebruket hans på Vetti i Årdal der dei budde levetidi ut. Anfind d. på Vetti 19.4.1773, medan Elsa d. same staden 1.11.1811. Dei fekk ti born i lag:

a. Anfind Anfindson, døypt i Årdal 15.5.1746, d. på Sæbø i Lærdal 14.1.1811. Han gifte seg i Årdal 5.6.1774 med Kari Olsdotter frå

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

Ho vart døypt

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dåpen hennar? – 1744?)

og d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

Anfind og Kari var i mange år gardbrukarar på Sæbø i Lærdal, men laut flytta derifrå etter odelskrav og vart sidan plassfolk på Diket under Sæbø. Dei fekk fem born i lag.

b. Jørgen Anfindson, f. i Årdal hausten 1747, miste livet ved drukning i elvi 7.12.1808. Han gifte seg første gongen i Årdal 14.6.1778 med Malena Olsdotter frå Hestetun, f. i Aspeviki i Lærdal 29.11.1755. Ho d. i Årdal 2.2.1798, og Jørgen gifte seg att i Årdal 21.10.1804 med Anna Torstensdotter frå ein plass

¤¤¤¤¤ (kva plass?)

under Dalaker i Årdal, f. i Årdal 10.10.1769. Ho d. som legdelem på Øyri 6.3.1848. Jørgen tok over som gardbrukar på Vetti etter foreldri sine og fekk i alt ni born, sju frå første ekteskapet og to frå det andre.

c. Ingrid, kjend som Inger Anfindsdotter, f. i Årdal hausten 1749, flytte i ung alder til Bergen der ho 2.7.1775 gifte seg med Nils Fabiansson frå Hundhammar i Haus, i Bergen kjend som Nils Jensson Blom, døypt i Haus 16.6.1744. Nils Blom var i mange år fiskar og sjømann, men tok i 1794 borgarskap som høker. Han og Inger vart buande i Bergen der Inger d. 2.1.1811. Nils Blom d. same staden 23.8.1811. Dei fekk fem born i lag.

d. Thomas Anfindson, d.e., døypt i Årdal 15.8.1751, d. på Mjelde i Lærdal 13.11.1812. Han gifte seg i Årdal 11.6.1786 med Inga Baardsdotter frå Hunderi i Lærdal. Ho var f. i Lærdal 18.5.1757 og d. på Mjelde i Lærdal 10.2.1819. Thomas og Inga var gardbrukarar på Mjelde i Lærdal og fekk seks born i lag.

e. Ragnhild Anfindsdotter, f. i Årdal 10.12.1753, d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

Ragnhild gifte seg i Lærdal 20.10.1793 med enkjemannen Johannes Larsson, opphavleg frå Lærdalsøyri i Lærdal. Han var f. i Lærdal 2.6.1754 og d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1801: husmann med jord, Gjerde under Øye i Lærdal!? – flytte derifrå

kring 1813 – uvisst kvar!)

Johannes og Ragnhild fekk ikkje born i lag, men Johannes hadde ei dotter frå eit tidlegare ekteskap.

f. Anders Anfindson, f. i Årdal 19.9.1757, d. som husmann på Lægreid 11.1.1826. Han gifte seg i Årdal 29.10.1789 med Gjertrud Bottolfsdotter frå Avdal i Årdal. Ho var f. i Årdal 18.8.1766 og d. som legdelem i Vetti 13.2.1853. Anders og Gjertrud var plassfolk på Vatnet under Lægreid i Årdal og fekk fem born i lag.

g. Anna Anfindsdotter, f. i Årdal 10.3.1761, d. som husmannskone under Øyri i Årdal 16.12.1819. Anna gifte seg i Årdal 6.9.1789 med enkjemannen Johannes Johannesson, opphavleg frå Volldal i Årdal, f. i Årdal

¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hans? – finn ikkje!)

1757. Han gifte seg òg ein tredje gong, men d. som husmann under Øyri 20.5.1832. Johannes var smed og husmann på Rønneisgarden under Øyri i Årdal og fekk i alt seks

¤¤¤¤¤ (eller skal talet vera åtte? – om me reknar to frå tredje ekteskapet?)

born; tre av dei var frå andre ekteskapet med Anna Anfindsdotter.

h. Gjertrud Anfindsdotter, f. i Årdal 4.7.1763, d. som husmannskone under Nundal i Årdal 9.3.1845. Ho gifte seg i Årdal 29.7.1798 med enkjemannen Lasse Hermundson, opphavleg frå Nundal, f. i Årdal 19.3.1768. Han d. under Nundal 2.2.1818. Lasse var husmann i Hagen under Nundal i Årdal og fekk i alt fire born; av dei var tre frå andre ekteskapet med Gjertrud Anfindsdotter.

i. Ole Anfindson, tvilling, f. i Årdal 13.1.1766, d. som husmann under Meleim i Årdal 17.5.1826. Han gifte seg i Årdal 29.11.1790 med Martha Pedersdotter frå Prestteigen under Øyri i Årdal,

¤¤¤¤¤ (kan det stemma at ho voks opp der?)

f. i Årdal 16.4.1769. Ho d. som kårkone under Meleim 23.2.1856. Ole og Martha var husmannsfolk på Plassen

¤¤¤¤¤ (heitte plassen berre Plassen?)

under Meleim i Årdal og fekk ti born i lag.

j. Thomas Anfindson, d.y., likeins tvilling og f. i Årdal 13.1.1766, d. som husmann under Hestetun i Årdal 16.8.1851. Han gifte seg i Årdal 29.11.1790 med Martha Tollefsdotter frå Hestetun, f. i Årdal 28.7.1769. Ho d. som husmannskone under Hestetun 10.12.1832. Thomas og Martha vart husmannsfolk i Dalen under Hestetun i Årdal og fekk elleve born i lag.

~~~~~~~~~~~~~~~

Eg takkar nok ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden!

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

a. Anfind Anfindson, døypt i Årdal 15.5.1746, d. på Sæbø i Lærdal 14.1.1811. Han gifte seg i Årdal 5.6.1774 med Kari Olsdotter frå

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

Ho vart døypt

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dåpen hennar? – 1744?)

og d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

Anfind og Kari var i mange år gardbrukarar på Sæbø i Lærdal, men laut flytta derifrå etter odelskrav og vart sidan plassfolk på Diket under Sæbø. Dei fekk fem born i lag.

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Kari Olsdatter døydde i Dike under Sæbø 9. desember 1818 75 år gamal.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11596&idx_id=11596&uid=ny&idx_side=-113

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620644.jpg

Kven denne Kari er har eg ingen formeingar om, lærdalsboki seier at ho kjeme frå Årdal, men kvar?

Mvh. Terje Hagen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

b. Jørgen Anfindson, f. i Årdal hausten 1747, miste livet ved drukning i elvi 7.12.1808. Han gifte seg første gongen i Årdal 14.6.1778 med Malena Olsdotter frå Hestetun, f. i Aspeviki i Lærdal 29.11.1755. Ho d. i Årdal 2.2.1798, og Jørgen gifte seg att i Årdal 21.10.1804 med Anna Torstensdotter frå ein plass

¤¤¤¤¤ (kva plass?)

under Dalaker i Årdal, f. i Årdal 10.10.1769. Ho d. som legdelem på Øyri 6.3.1848. Jørgen tok over som gardbrukar på Vetti etter foreldri sine og fekk i alt ni born, sju frå første ekteskapet og to frå det andre.

Lars E. Øyane

Det einaste som kan fortelja meg kvar dei budde i Årdal er det før omtalte skifte etter mor hennar. Dalaker hadde ingen husmannplassar FT-1801.

Det var nokre inderstar der då. Far henna hadde ei stund vore i Kongsberg, då han kom heimatt vart han gift ed enka til Sjur Svalheim. Denne Sjur har eg ikkje klart å spora opp.

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

e. Ragnhild Anfindsdotter, f. i Årdal 10.12.1753, d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

Ragnhild gifte seg i Lærdal 20.10.1793 med enkjemannen Johannes Larsson, opphavleg frå Lærdalsøyri i Lærdal. Han var f. i Lærdal 2.6.1754 og d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1801: husmann med jord, Gjerde under Øye i Lærdal!? – flytte derifrå

kring 1813 – uvisst kvar!)

Johannes og Ragnhild fekk ikkje born i lag, men Johannes hadde ei dotter frå eit tidlegare ekteskap.

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Så langt finne eg ikkje nokon dødsfall på ho Ragnhild etter 1813 då desse folki forvinner for lærdølen BB.

men, eg finner ein Inderst Johannes Larssen som døyr i Prestøygarden/Prestødegarden 22. oktober 1832 76 år gamal.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11597&idx_id=11597&uid=ny&idx_side=-174

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514630141.jpg

Det eg forbinder med desse gardnamni er dei to nederste gardane på Ljøsne, Ødegård og Rikheim.

Når eg sler opp i BB for desse gardane så er ikkje Johannes nemnd der.

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

g. Anna Anfindsdotter, f. i Årdal 10.3.1761, d. som husmannskone under Øyri i Årdal 16.12.1819. Anna gifte seg i Årdal 6.9.1789 med enkjemannen Johannes Johannesson, opphavleg frå Volldal i Årdal, f. i Årdal

¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hans? – finn ikkje!)

1757. Han gifte seg òg ein tredje gong, men d. som husmann under Øyri 20.5.1832. Johannes var smed og husmann på Rønneisgarden under Øyri i Årdal og fekk i alt seks

¤¤¤¤¤ (eller skal talet vera åtte? – om me reknar to frå tredje ekteskapet?)

born; tre av dei var frå andre ekteskapet med Anna Anfindsdotter.

Lars E. Øyane

Husmann Johannes Voldal døydde 20. mai 1832 i øyri 77 år gamal, då skulle han vore fødde omlag 1755.

Talet på ungar måtte bli 2 i fysrte ekteskap, Hans og Tomas, 3 i andre ekteskap, Ingeborg, Else og Johannes og 2 i tredje ekteskap, Anne og Johannes.

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

i. Ole Anfindson, tvilling, f. i Årdal 13.1.1766, d. som husmann under Meleim i Årdal 17.5.1826. Han gifte seg i Årdal 29.11.1790 med Martha Pedersdotter frå Prestteigen under Øyri i Årdal,

¤¤¤¤¤ (kan det stemma at ho voks opp der?)

f. i Årdal 16.4.1769. Ho d. som kårkone under Meleim 23.2.1856. Ole og Martha var husmannsfolk på Plassen

¤¤¤¤¤ (heitte plassen berre Plassen?)

under Meleim i Årdal og fekk ti born i lag.

Lars E. Øyane

Plassen? nei, Husmannplassen er namnet.

Me får vel tru at Maritha vaks opp i Prestteigen, far henna var ein av dei fyrste som brukte denne plassen (Laberg)

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for nye spennande innlegg! No er det meste komme på plass om denne huslyden, men eg har skrive til Terje om nokre konkrete detaljar. Elles er det problemet med lagnaden til Ragnhild Anfindsdotter og mannen Johannes som kanskje er den største utfordringi... Eg kjem att med ei ny oppdatering...

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Hei

Når me ser på oppkallinga av ungane til Anfinn og Kari så trur eg at Kari kjeme or Ve, dotter av Jokob Nordfjording og Sønneva Ve.

Eine guten er døypt Tomas som er eit mykje nytta førenamn i Ve.

Mvh. Terje Hagen.

Det skal sjølvsagt ver Ole Jakobsen Nordfjording!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for nytt innlegg og diverse e-postar.

Først ei oppdatering av manuskriptet mitt som gjeld Elsa Jørgensdltter og huslyden hennar:

~~~~~~~~~~~~~~~~~

3. Elsa Jørgensdotter (Urnes), døypt (i Hafslo) 25.10.1722, gifte seg i Hafslo 16.6.1745 med Anfind Anfindson frå Vetti i Årdal. Han var son av gardbrukar Anfind Anfindson på Vetti, opphavleg truleg frå Rønnei i Luster, og kona Ingrid Olsdotter frå Vetti og vart døypt i Årdal 17.2.1715. Elsa og Anfind tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Vetti i Årdal der dei budde levetidi ut. Anfind d. på Vetti 19.4.1773, medan Elsa d. same staden 1.11.1811. Dei fekk ti born i lag:

a. Anfind Anfindson, døypt i Årdal 15.5.1746, d. på Sæbø i Lærdal 14.1.1811. Han gifte seg i Årdal 5.6.1774 med Kari Olsdotter frå Nausti under Ve i Årdal, døypt i Årdal 25.8.1746. Ho d. som husmannsenkje på Diket i Lærdal 9.12.1818. Anfind og Kari budde først i Årdal og var so i mange år gardbrukarar på Sæbø i Lærdal, men laut flytta derifrå etter odelskrav og vart sidan plassfolk på Diket under Sæbø. Dei fekk fem born i lag.

b. Jørgen Anfindson, f. i Årdal hausten 1747, miste livet ved drukning i elvi 7.12.1808. Han gifte seg første gongen i Årdal 14.6.1778 med Malena Olsdotter frå Hestetun, f. i Aspeviki i Lærdal 29.11.1755. Ho d. i Årdal 2.2.1798, og Jørgen gifte seg att i Årdal 21.10.1804 med Anna Torstensdotter frå ein plass under Dalaker i Årdal, f. i Årdal 10.10.1769. Ho d. som legdelem på Øyri 6.3.1848. Jørgen tok over som gardbrukar på Vetti etter foreldri sine og fekk i alt ni born, sju frå første ekteskapet og to frå det andre.

c. Ingrid, kjend som Inger Anfindsdotter, f. i Årdal hausten 1749, flytte i ung alder til Bergen der ho 2.7.1775 gifte seg med Nils Fabiansson frå Hundhammar i Haus, i Bergen kjend som Nils Jensson Blom, døypt i Haus 16.6.1744. Nils Blom var i mange år fiskar og sjømann, men tok i 1794 borgarskap som høker. Han og Inger vart buande i Bergen der Inger d. 2.1.1811. Nils Blom d. same staden 23.8.1811. Dei fekk fem born i lag.

d. Thomas Anfindson, d.e., døypt i Årdal 15.8.1751, d. på Mjelde i Lærdal 13.11.1812. Han gifte seg i Årdal 11.6.1786 med Inga Baardsdotter frå Hunderi i Lærdal. Ho var f. i Lærdal 18.5.1757 og d. på Mjelde i Lærdal 10.2.1819. Thomas og Inga var gardbrukarar på Mjelde i Lærdal og fekk seks born i lag.

e. Ragnhild Anfindsdotter, f. i Årdal 10.12.1753, d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

Ragnhild gifte seg i Lærdal 20.10.1793 med enkjemannen Johannes Larsson, opphavleg frå Lærdalsøyri i Lærdal. Han var f. i Lærdal 2.6.1754 og d.

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1801: husmann med jord, Gjerde under Øye i Lærdal!? – flytte derifrå kring 1813 – uvisst kvar!)

Johannes og Ragnhild fekk ikkje born i lag, men Johannes hadde ei dotter frå eit tidlegare ekteskap.

f. Anders Anfindson, f. i Årdal 19.9.1757, d. som husmann på Lægreid 11.1.1826. Han gifte seg i Årdal 29.10.1789 med Gjertrud Bottolfsdotter frå Avdal i Årdal. Ho var f. i Årdal 18.8.1766 og d. som legdelem i Vetti 13.2.1853. Anders og Gjertrud var plassfolk på Vatnet under Lægreid i Årdal og fekk fem born i lag.

g. Anna Anfindsdotter, f. i Årdal 10.3.1761, d. som husmannskone under Øyri i Årdal 16.12.1819. Anna gifte seg i Årdal 6.9.1789 med enkjemannen Johannes Johannesson, opphavleg frå Volldal i Årdal, f. i Årdal kring 1758. Han gifte seg òg ein tredje gong, men d. som husmann under Øyri 20.5.1832. Johannes var smed og husmann på Rønneisgarden under Øyri i Årdal og fekk i alt sju born; tre av dei var frå andre ekteskapet med Anna Anfindsdotter.

h. Gjertrud Anfindsdotter, f. i Årdal 4.7.1763, d. som husmannskone under Nundal i Årdal 9.3.1845. Ho gifte seg i Årdal 29.7.1798 med enkjemannen Lasse Hermundson, opphavleg frå Nundal, f. i Årdal 19.3.1768. Han d. under Nundal 2.2.1818. Lasse var husmann i Hagen under Nundal i Årdal og fekk i alt fire born; av dei var tre frå andre ekteskapet med Gjertrud Anfindsdotter.

i. Ole Anfindson, tvilling, f. i Årdal 13.1.1766, d. som husmann under Meleim i Årdal 17.5.1826. Han gifte seg i Årdal 29.11.1790 med Martha Pedersdotter frå Prestteigen under Øyri i Årdal, f. i Årdal 16.4.1769. Ho d. som kårkone under Meleim 23.2.1856. Ole og Martha var plassfolk på Husmannsplassen under Meleim i Årdal og fekk ti born i lag.

j. Thomas Anfindson, d.y., likeins tvilling og f. i Årdal 13.1.1766, d. som husmann under Hestetun i Årdal 16.8.1851. Han gifte seg i Årdal 29.11.1790 med Martha Tollefsdotter frå Hestetun, f. i Årdal 28.7.1769. Ho d. som husmannskone under Hestetun 10.12.1832. Thomas og Martha vart husmannsfolk i Dalen under Hestetun i Årdal og fekk elleve born i lag.

~~~~~~~~~~~~~~~~~

Eg har for tidi dårleg internettsamband, so eg har vanskar med å sjekka kyrkjebøkene, men kanskje du, Terje, kan stadfesta (eller avkrefta) om eg har den rette dåpsdatoen for Kari Olsdotter, ho som du meiner er dotter av Ole Jacobson Nordfjording? Og stemmer bustaden til Ole Nordfjording, Nausti under Ve?

Når det gjeld lagnaden til Ragnhild Anfindsdotter og mannen Johannes Larsson, er eg framleis i stuss. Kvar kan det ha vorte av dei...?

So var det spørsmålet om opphavet hans Anfind Anfindson på Vetti. Manntalet frå 1701 syner ein Anfind Anfindson i heile indre Sogn, ein tenestedreng på Berge i Fortun sokn i Luster på 16 år, "føed i Sognet". Eg er rimeleg sikker på at det var han som hamna på Vetti i Årdal, for frå same nabolaget var det fleire som flytte til Årdal på same tidi. Den einaste Anfind Anfindson som kjem fram i kjelder i Luster, er sonen til Anfind Ellefson på Rønnei, som ei tid sjølv var gardbrukar på Rønnei, mellom anna kring 1685 då Anfind Anfindson på Berge (og Vetti) var fødd. Anfind Anfindson på Rønnei må vera avliden før 1701, og det ser ut til at han er identisk med den Anfind som døydde på Melheim i Hafslo kring 1690. Han flytte inn på Melheim kring 1687. Diverre har eg oversett dette skiftet då band VII vart skrive, men når me veit at kona hans Anfind Melheim heitte Siri og eldste dotteri hans Anfind Vetti i Årdal heitte Siri, synest dette sambandet å vera godt understøtta. Rett er det vel då å seia at Anfind Anfindson på Vetti var frå Melheim i Hafslo, men han var FØDD på Rønnei i Luster!

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars, i august ifjor under inlegget Ole Jakobsen Årdal skreiv du faktisk om Anfinn Sæbø og Kari Olsd.!

http://forum.arkivverket.no/index.php?/topic/173102-gruvearbeidar-ole-jacobson-i-aardal-1716-1783-fraa-nordfjord-kven-var-borni-hans/page__p__1478969__hl__nordfjord__fromsearch__1#entry1478969

Der du trur at Kari er dotter til Ole Jakobsen og Sønneve Ve og gift med Anfinn Vetti Sæbø.

Så eg har berre bekrefta dette forholdet om med ei anna vinkling.

I dette inlegget har du samme data for fødselen til Kari Olsdatter.

Kva plass dei budde på, var Nøsti eller i seinare omtale Nausteplassen under Ve

Mvh. Terje Hagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...

Det einaste attståande spørsmålet under dette emnet, lagnaden til Ragnhild Anfindsdotter og mannen Johannes Larsson på Øye i Lærdal, er i dag lagt inn som eige emne under:

https://forum.arkivverket.no/topic/202647-johannes-larsson-%C3%B8ye-i-l%C3%A6rdal-1754-og-ragnhild-anfindsdotter-vetti-1753-budde-i-l%C3%A6rdal-men-forsvinn-kring-1813-kvar-vart-det-av-dei/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.