Gå til innhold
Arkivverket

Ole Bottolfson Lillesætre i Hafslo (1724-1786) - kvar vart det av alle borni hans? - til Gulen/Solund eller til Bergen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg slit svært med å finna ut av denne huslyden som i mange år budde på husmannsplassen Vetlesætre "Lillesætre" i Hafslo, den gongen plass under Hillestad, etter utskifting under nabogarden Solvi. Dotteri Mari var ein svært so "heit" kandidat som kona til Ole Andreasson (Hartung) i Årdal (sjå eit anna tema), men det er nok ikkje ho...

 

Eldste dotteri Anna vart gift og budde på Hafslo, men eldste sonen hennar flytte i svært ung alder til Solund. Kan det tenkjast at eitt eller fleire av søskeni hennar Anna var flytt ut dit tidlegare?

 

Her er kva eg veit (og ikkje veit) om denne huslyden pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Bottolfson Lillesætre, opphavleg frå Skogateigen under Sviggum, var f. kring 1724 og gifte seg 10.11.1749 med Ingeborg Aamundsdotter frå Bjørnetun, døypt 24.9.1718. Dei budde først ei kort tid i Solvorn, men flytte alt kring 1751 til Årdal og budde der

 

¤¤¤¤¤ (kvar i Årdal kan dei ha butt?)

 

fram til kring 1759. Då flytte dei attende til Hafslo, og etter ei tid som plassfolk i Botnen under Hillestad finn me dei kring 1765 att som plassfolk på Vetlesætre der dei sidan vart buande. Ole vart gravlagd frå Sætrehola (Vetlesætre) 25.12.1786, og Ingeborg kom på legd frå 1788. Ho flytte frå plassen kring 1791 og vart gravlagd som legdelem i Hafslo 28.2.1794. Me kjenner til seks born etter dei:

 

1. Anna Olsdotter (1749-1809), vart gift med husmann Jens Jørgenson på Nauststodi under Hillestad (1753-1813).

 

2. Mari Olsdotter, f. i Årdal 2.3.1753,

 

¤¤¤¤¤ (vart konfirmert frå Vetlesætre 1771 – lagnad?)

 

3. Synneva Olsdotter, f. i Årdal 27.5.1755,

 

¤¤¤¤¤ (vart konfirmert frå Vetlesætre 1775 – lagnad?)

 

4. Bottolf Olson, truleg f. i Årdal 28.1.1758,

 

¤¤¤¤¤ (vart konfirmert frå Vetlesætre 1775 – lagnad?)

 

5. Johannes Olson (1760-1760).

 

6. Rannei Olsdotter, døypt 2.8.1761,

 

¤¤¤¤¤ (vart konfirmert frå Vetlesætre 1778 – lagnad?)

 

Ei dotter er kjend etter ho:

a. Martha Jensdotter (1785-1785), dotter av Rannei og husmann Jens Nilsson på Ytrehaug under Nygard (1764-1844), var f. og d. på Vetlesætre.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Bortsett frå kva eg har skrive, er eg heilt "blank" på desse borni og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil gjerne i dag få henta fram att dette temaet, som framleis står ope og uløyst, med von om at kanskje ein eller annan har tips å komma med...

 

Hjarteleg takk for alle innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Manuskriptet mitt for den delen av Hafslo der denne huslyden inngår, skal snart prentast, og eg vil gjerne gjera ein siste freitnad på å finna ut kvar desse søskeni kan ha teke vegen!? Kansje flytte dei til ytre Sogn? Eller til Bergen?

 

Kvart einaste vesle tips vert motteke med stor takksemd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Alf for nytt innlegg!

 

Anna Olsdotter gift med Jens Jørgenson på Nauststodi under Hillestad i Hafslo fekk tre søner:

 

* Johannes Andersson, son av Anna og gardbrukar Anders Larsson på Ølnes i Sogndal, vart døypt i Hafslo 3.3.1775 og miste livet på sjøen 2.1.1806. Han vart trulova første gongen i Gulen 27.5.1798 (vigselsdatoen manglar) med Anna Iversdotter frå Risøy i Gulen. Ho vart døypt i Gulen 11.10.1756. Men Anna vart gravlagd frå Ytterøya i Solund 25.7.1799, og Johannes gifte seg 16.7.1800 att i Gulen med enkja Inga Monsdotter, som me trur hadde opphavet sitt frå Buene i Leikanger. Ho vart i so fall døypt i Leikanger 15.11.1749 og hadde før vore gift med ein fiskar Johannes Olson på ein plass under Eide i Solund. Johannes Andersson tok over denne plassen og budde framleis der då han drukna i 1806. Inga gifte seg nok ein gong, men vart buande under Eide i Solund der ho døydde 8.8.1827. Tredje mann hennar kom òg frå Hafslo! Johannes fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 

* Jørgen Jensson (1781-1816), var sjukeleg og døydde som legdelem på Nauststodi under Hillestad i Hafslo, ugift.

 

* Ole Jensson, son av Anna og Jens Jørgenson, vart døypt i Hafslo 2.5.1784. Han er nemnd som barnefar i Mo på Hafslo i 1805 og på Kjørlog i Hafslo i 1812. I mellomtidi hadde han i 1807 vore tenestedreng på Barsnes i Sogndal. Han forsvinn etter 1812, og eg ser ikkje bort ifrå at ogso han er hamna i Solund???

 

Eg takkar igjen for alle gode tips når det gjeld denne huslyden, både om Olsborni og om søsterson deira, OIe Jensson!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Alf for siste, om enn skuffande, innlegg! Det er underleg korleis heile huslydar på dette viset berre "forsvinn". Eg har vore frammi eit par andre døme på det same, om lag på same tidi.

 

Tenk om me hadde hatt komplette databaseregistrerte kyrkjebøker for heile landet i perioden 1775-1820... Eg meiner å hugsa at statsarkiver Nedrebø ein gong nemnde dei ville freista databaseregistrera perioden 1800-1815. Det ville jo vera eit godt tiltak!

 

Elles takkar eg på ny for alle tips om lagnadane til desse søskeni frå Hafslo!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.