Gå til innhold
Arkivverket

Hermund Monsson Quam - klokkar i Hafslo 1742-1752 - forsvinn so frå bygdi, men kvar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hermund Monsson var lærar og klokkar på Hafslo frå kring 1742 og fram til kring 1752. Då forsvinn han med heile huslyden sin, og eg har ingen spor etter kvar det vart av desse folki. Kanskje er det nokon som dreg kjensel på dei?

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Hermund Monsson Quam, frå Alme, var f. kring 1714 og d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsfallet hans?)

 

Hermund gifte seg 12.11.1742 med Agatha Torstensdotter frå Venjo. Ho var f. kring 1716 og d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsfallet hennar?)

 

Hermund vart tilsett som klokkar på Hafslo og fekk 15.11.1743 hjå Christopher Munthe bygslebrev på dei partane av Klokkargarden som høyrte til Hafslo og Fet kyrkjer. Han vart buande her til krinfg 1752.

 

¤¤¤¤¤ (lagnad?)

 

Born:

1. Ingeborg Hermundsdotter, døypt 15.5.1742,

 

¤¤¤¤¤ (lagnad?)

 

2. Anna Hermundsdotter, døypt 1.9.1743,

 

¤¤¤¤¤ (lagnad?)

 

3. Ingeborg Hermundsdotter, døypt 21.2.1745,

 

¤¤¤¤¤ (lagnad?)

 

4. Mons Hermundson, døypt 8.10.1747,

 

¤¤¤¤¤ (lagnad? – truleg avliden før 1751)

 

5. Torsten Hermundson, døypt 26.8.1749,

 

¤¤¤¤¤ (lagnad?)

 

6. Mons Hermundson, døypt 20.4.1751,

 

¤¤¤¤¤ (lagnad?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Båe bestemødrene heitte Ingeborg, so båe jentene med dette namnet KAN ha vokse opp. Derimot er det vel truleg at den første Mons døydde før 1751. Ingen av borni vart konfirmerte i Hafslo, og ingen er registrerte som avlidne etter 1755 (då dødslistene i Hafslo tek til).

 

PS: Eg ser av FamilySearch at ein Torsten Hermundson gifte seg på Voss 24.6.1777 med ei Gudve Knutsdotter. Det skulle vel aldri vera "vår" Torsten??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil gjerne i dag få henta fram att dette temaet, som framleis står ope og uløyst, med von om at kanskje ein eller annan har tips å komma med...

 

Hjarteleg takk for alle innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Me er komne til siste innspurten for manuskriptet (Gards- og Ættesoga for Luster) for denne delen av bygdi, og eg er framleis like "blank" når det gjeld lagnaden til denne klokkarhuslyden frå Hafslo. Dei kan då vel ikkje berre "forsvinna" so heilt plutseleg utan å setja spor etter seg?

 

Kan henda vart Hermund kring 1752 tilsett som klokkar på ein heilt annan kant av landet og flytte dit?

 

Eg vonar til det siste og takkar på ny for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw for interessante svar!

 

Stundom ser ein ikkje "skogen for berre tre", men i desse tilfelli trur eg at eg har kontroll...

 

* Torsten Hermundson Sønnesyn (1756-1800) var son av Hermund Ellendson og kona Synneva Olsdotter på garden Lunde i Hafslo og budde i ein annan del av bygdi.

 

* Anna Hermundsdotter Hillestad (1753-1783) var dotter av Hermund Erikson og kona Margretha Jacobsdotter på garden Opheim i Hafslo og budde rett nok i nabolaget ti klokkaren som vaksi, men er heller ikkje nokon "match" med ho eg leiter etter...

 

Nei, eg trur nok denne klokkarhuslyden må søkjast i eit anna prestegjeld; hadde me berre visst kvar?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

kanskje et skudd i blinde men her er en Agathe Torstensdtr. død i Bergen i 1774, 58 år gammel Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 11 (1731-1785), Døde og begravede 1774, side 97.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8678&idx_id=8678&idx_listetype=bg&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-98

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321620236.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter eit par dagar "Auszeit" er det fantastisk å sjå kva som er dukka opp på nettet! Hjarteleg takk til Siw, Lars J. og Ann-Mary for flotte og spennande innlegg! Her var det meir å gripa tak i!

 

Eg har òg vore inne på tanken om at Hermund og Agatha kunne vera flytte til Bergen, men fann ikkje spor etter dei der. No KAN det sjå ut som om i alle fall Agatha er hamna i Bergen og at ho der har gift seg att som enkje med denne Gunder Andersson Rødberg. Dette ønskjer eg å grava litt meir i, om det let seg gjera...

 

Denne Gunder Andersson Rødberg har tydeleg vore gift to gonger før og fekk med andre kona si ein son som døydde kort etter fødsli (http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=bedo1668), (http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=6&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=10014&merk=10014#ovre), (http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=8645&merk=8645#ovre), (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=15&filnamn=dp12011668&gardpostnr=12308&personpostnr=35239&merk=35239#ovre).

 

Gunder Andersson Rødberg, fødd ??, døydde ??

gift 1.g. KK 11.10.1730 med enkja Dortha Andersdotter, gravlagd KK 10.4.1762, 79 år gamal

gift 2.g. KK 22.8.1762 med Martha Andersdotter, gravlagd KK 10.11.1763, 38 år gamal

son Anders, fødd KK 27.10.1763, døydde KK 27.2.1764

 

Det ser noko merkeleg ut at det skulle går over to år frå Gunder vart trulova med Agatha Torstensdotter (i 1764) til dei gifte seg (i 1766), so her er det truleg noko som ikkje stemmer...

 

Elles burde Gunder Andersson Rødberg vera avliden FØR Agatha i 1774, for, so vidt eg kan sjå, dei kvinnene som framleis hadde ektemann på den tidi ho døydde, står skrivne som "kona tiol ...", og det er ikke tilfelle med ho. Men eg finn ikkje noko høvande Gunder Andersson/Rødberg avliden i Bergen på den tidi. Mannen må jo ha vore fødd kring 1705 då han var soldat alt i 1730!

 

Eit anna spørsmål er jo då kvar han hadde opphavet sitt ifrå? Kan det vera Raudberg i Selje?

 

So attende til Agatha og huslyden hennar! Til deg, Siw, NEI, eg har ikkje funne nokon av borni konfirmerte, men eg har berre søkt etter dei i Hafslo. Kanskje det no hadde vore ein tanke å søkja i Krosskyrkja i Bergen? Elles hadde du eit spennande innlegg ovanfor:

 

""Da lurer jeg på om vi skal til Aurland eller Vossestrand igjen. Ser ihvertfall at Anna Hermundsdotter fra Hafslo busatt på Oppheim gifter seg i 1794.

En Ingebor Hermundsdatter (fra prestegården) gifter seg i Aurland omtrent samme tid.

 

Får kikke litt på de aktuelle kirkebøkene.""

 

Eg har vore inne på Opheim sokn på Voss 1794, men eg finn ikkje den vigsli som du syner til! Kvar har du den opplysningi ifrå? På bakgrunn av at ein enkjemann Torsten Hermundson Eide gifte seg på Voss 24.6.1777 med ei Gudve Knutsdotter Berge (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7089&idx_id=7089&uid=ny&idx_side=-258), er Voss so absolutt eit relevant område for leiting etter desse borni!

 

Eg takkar igjen for flott innsats so langt!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw for nye interessante innlegg!

 

No har eg leitt fram denne vigsli frå Voss i 1769, men eg ser ikkje noko som tyder på at Anna var frå HAFSLO! Ho har gardsnamnet Eide, som er det same som Torsten Hermundson hadde då han gifte seg... Hmm, kanskje dei var søsken? Finst det konfirmantlister som kan stadfesta dette? Eller bygdebøker for Voss?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw for siste innlegget! Eg har sete og tenkt same tanken heile kvelden, og no er det gjort! Spørsmål om skifte i Bergen er sendt srkivforum! So får me sjå kva som kjem...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Matros Jacob Torgersen og Agote Tostensdatter giftet seg i Domkirken i Bergen 9.3.1749, og de fikk barna Torger dp. 1750, Randi dp. 1753 og Tosten dp. 1755. En Jacob Torgersen af Sandvigen blir begravet i Bergen 30.9.1758, 49 år. Og en Jacob Torgersen blir begravet i Bergen 12.1.1761 uten alder. Den Agate Torsteinsdatter som gifter seg som enke i 1766 med Gunder Andersen Rødberg kan derfor ha vært enke etter Jacob Torgersen.

 

Når det gjelder Torstein Hermundsen som giftet seg på Voss i 1777 så kan ikke han være født i Hafslo i 1749. Voss kirkebok har følgende opplysninger:

 

Torstein Hermandsen Røthe gift 1750 med enke Barbara Oddsdtr. Eide (1716-1759)

 

Enkemann Torstein Hermundsen Eide gift 1762 med Stenvor Christensdtr. Rogne (1733-1774)

 

Enkemann Torstein Hermundsen Eide gift 1777 med Gudve Knutsdtr. Berje

 

Jeg går ut fra at dette er den samme Torstein, og han må være født i 1720-åra.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw og Terje for nyttige om enn skuffande meldingar! Det var nesten for godt til å vera sant at Agatha Torstensdotter frå Hafslo hadde hamna i Bergen. So seint som i aftes las eg gjennom konfirmantlistene frå Krosskyrkja i Bergen, der òg fødestader er oppgjevne, men eg såg ingen av borni til Hermund og Agatha frå Hafslo! So eg må seia eg tok til å tveka... No kan det sjå ut som Terje har funne ein annan og betre "kandidat" for Agatha i Bergen, men før eg tek ei endeleg avgjersle, vil eg venta på å sjå kva arkivverket svarar...

 

Kvar i all verdi kan so Hermund og Agatha ha vortne av??

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er komen i skade for å skriva at Hermund Monsson Quam var klokkar i Hafslo frå 1742 til 1752. Han budde rett nok i Klokkargarden av Kvam på Hafslo, men gamle Peder Sørenson Grinde (jmf. eit anna tema) var framleis klokkar, og det i alle fall so seint som i 1747). Og ved ingen barnedåpar er Hermund formelt kalla klokkar, noko tilfellet var med Peder Grinde (kvar gong!), so i beste fall var vel Hermund ein medhjelpar, om noko slikt fanst den gongen. Me ser heller ikkje at Hermund var lærar.

 

Diverre manglar me gravferdslister frå Hafslo før 1755, og dei som følgjer etter den tid er dels mangelfulle og fangar truleg ikkje opp meir enn 60-80% av dei avlidne so langt fram som til 1790-åri. Dette gjer ikkje oppgåva med omtale av slike huslydar noko lettare, og me veit at mange borni døydde i ganske so ung alder på den tidi...

 

MEN, stundom kan det vera av nytte å studera fattigprotokollane, og desse registrerte eg for Hafslo på data for ein del år sidan. Og her finn me ein spennande person som i listene er omskrivi som "Gunder-Agatha". Ho budde rett nok i Solvorn sokn,men ho er oppskrivi som mottakar av fattighjelp i 1768, 1769, 1770, 1771 og 1772. Då vert ho borte. So er det det, at namnet GUNDER ikkje finst i Hafslo på den tidi. I 1701 er det heller ingen, og namnet er heller ikkje mykje nytta i nokon av nabobygdene, Luster, Lærdal eller Sogndal. Og ingen Agatha er innskrivi som avlidi i Hafslo i 1770-åri (men som før nemnt, listene er ikkje fullstendige...).

 

KAN me tenkja oss at det likevel er "vår" Agatha som er avlidi i Bergen i 1774 og som hadde vore attgift med Gunder Rødberg? Kanskje kom ho ikkje overens med Gunder og "flykta" attende til Hafslo?

 

Me får vel aldri svar på dette spørsmålet, men eg berre tykte eg laut bringa det fram...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» i over fem år, samstundes som eg vil takka Siw fo dei siste innleggi frå den gongen!

 

Eg vil ta til med eit oppdatert manuskript for denne huslyden slik det ser ut i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Hermund Monsson Quam, frå Alme, var f. kring 1709 og gifte seg 12.11.1742 med Agatha Torstensdotter frå Venjo.  Ho var f. kring 1716.  Hermund fekk 15.11.1743 bygslebrev hjå Christopher Munthe på dei partane av Klokkargarden som høyrte til Hafslo og Fet kyrkjer, og han og Agatha dreiv bruket fram til kring 1753.

Hermund og Agatha ser ut til å vera farne frå Hafslo kring 1753,

 

##### (lagnadane deira? - kan henda til Bergen?)

Me kjenner til seks born etter Hermund og Agatha, alle fødde i Hafslo:

 1. Ingeborg Hermundsdotter (1742-1742).

 2. Anna Hermundsdotter (1743-1744).

 3. Ingeborg Hermundsdotter, døypt 21.2.1745,

Ingeborg Hermundsdotter flytte truleg frå Hafslo med foreldri sine kring 1753,

 

##### (lagnaden hennar?)

 4. Mons Hermundson (1747-1748).

 5. Torsten Hermundson (1749-1749).

 6. Mons Hermundson, døypt 20.4.1751,

Mons Hermundson ser ut til å vera flytt frå Hafslo i lag med foreldri sine kring 1753,

 

##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Som det går fram av dette manuskriptet, var det nok berre Ingeborg d.y. og Mons d.y. som voks opp av dei i alt seks borni me kjenner til etter Hermund og Agatha, men det er framleis eit stort «mysterium» kvar det vart Hermund og Agatha og brni etter dei forlét Hafslo kring 1753.

 

I innlegg #8 og #9 ovanfor kjem Lars J. og Ann-Mary med opplysningar som KAN tyda på at Hermund og Agatha flytte til Bergen.  Ei Agatha Torstensdotter gifte seg som enkje i Bergen i 1766 med ein Gunder Andersson Rødberg, og dette er truleg den Agatha som døydde i Bergen i 1774.  Alderen til sistnemnde høver heilt «perfekt» med «vår» Agatha.

 

Samstundes har me opplysningane frå fattigprotokollane i Hafslo (jmf. innlegg #21) som nemner ei «Gunder-Agatha» som fekk fattighjelp i Hafslo i perioden 1768-1772, og at Agatha Torstensdotter som døydde i Bergen i 1774, var «fattig» kan kanskje stadfestast av det faktum at det ikkje finst noko skifte etter ho i Bergen:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/177183-skifte-bergen-1750-1790-hermund-agatha-og-gunder/?tab=comments#comment-1510330

 

Terje T. nemner i innlegg #18 ei Agatha Torstensdotter som i 1749 gifte seg i Bergen med ein Jacob Torgerson som visstnok døydde i 1758 eller 1761.  Denne Agatha er sjølvsagt òg ein god «kandidat» til ho som stod brur i Bergen med Gunder Rødberg i 1766....

 

Men kven var då «Gunder-Agatha» som fekk fattighjelp i Hafslo kring 1770, der Gunder-namnet på den tidi var heilt ukjent??

 

Hadde me endå greidd å finna att dei to borni til Hermund og Agatha, Ingeborg Hermundsdotter og Mons Hermundson, so kunne det kanskje bidrege til løysing av denne gåta?

 

Eller kan borni til Jacob Torgerson og Agatha Torstensdotter i Bergen (sjå innlegg 18) bidra til oppklaring?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.