Gå til innhold
Arkivverket

Christen Otteson Weinwich (1718-1781) - klokkar Hafslo og Sogndal - manglande detaljar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ein av klokkarane i Hafslo på 1700-talet var ein viss Christen Otteson Weinwich. Han gifte seg i Bergen med Ingeborg Henriksdotter von Mærl, og dei busette seg på Hafslo og sidan i Sogndal der dei båe døydde. Er det kan henda nokon som kan hjelpa meg fylla ut manglande detaljar?

 

Her er kva eg veit (og ikkje veit) om dette parfolket og foreldri deira:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Otteson Weinwich, frå Bergen, var son av kjøpmann Otto Christenson Weinwich i Bergen, opphavleg frå Voss, og første kona Janiche Sørensdotter Koch frå

 

¤¤¤¤¤ (Bergen?)

 

og f. i Bergen

 

¤¤¤¤¤ (dato for fødsli/dåpen hans? – kring 1718!?)

 

Han gifte seg i Bergen 4.12.1748 med Ingeborg Henriksdotter von Mærl frå

 

¤¤¤¤¤ (kvar oppvaksi? – truleg Bergen?)

 

Ho var dotter av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri?)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1713!?)

 

Christen kom til Hafslo som klokkar kring 1753, og han og Ingeborg flytte på same tidi inn på Klokkargarden, men det ser ikkje ut til at dei dreiv sjølve garden, for i 1762 er dei kalla for innerstfolk. Men det vart buande i Klokkargarden fram til kring 1770. Dei flytte då til klokkargarden i Sogndal. Derifrå vart Ingeborg gravlagd 10.4.1779. Christen Weinwich vart gravlagd same staden 26.6.1781. Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar ein eller annan har detaljkunnskap om denne huslyden og kan hjelpa meg vidare...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for spennande og nyttig innlegg!

 

Eg har studert opplysningane og greve litt meir i kjeldene frå Bergen og har sett opp følgjande oppdaterte manuskript for dette parfolket, der hovudspørsmålet no gjeld kona, Ingeborg von Mærl, eller rettare den ukjende mor hennar:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Otteson Weinwich, frå Bergen, var son av kjøpmann Otto Christenson Weinwich i Bergen, opphavleg frå Voss, og første kona Janiche Sørensdotter Koch frå Bergen og vart døypt i Bergen 16.2.1716. Han gifte seg i Bergen 4.12.1748 med Ingeborg Henriksdotter von Mærl frå Bergen. Ho var dotter av blokkedreiermeister Henrik Fredrikson von Mærl i Bergen og kona

 

¤¤¤¤¤ (kven var ho? – opphavet hennar?)

 

og f. i Bergen kring 1714. Christen kom til Hafslo som klokkar kring 1753, og han og Ingeborg flytte på same tidi inn i Klokkargarden, men det ser ikkje ut til at dei dreiv sjølve garden, for i 1762 er dei kalla for innerstfolk. Men det vart buande i Klokkargarden fram til kring 1770.

Christen og Ingeborg Weinwich flytte kring 1770 til Sogndal då Christen vart tilsett som klokkar der. Dei busette seg på

 

¤¤¤¤¤ (klokkargarden?)

 

i Sogndal, og derifrå vart Ingeborg gravlagd 10.4.1779. Christen Weinwich vart gravlagd same staden 26.6.1781. Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dette von Mærl namnet (eller liknande skrivemåter) er nemnt mange gonger i kjelder frå Bergen (http://da3.uib.no/cgi-win/WebGlobal.exe?slag=visbasarframe), men eg finn ingen born av Henrik von Mærl, sjølv om Henrik må ha butt i Bergen som blokkedreiermeister! Kva heitte so kona hans??

 

Kanskje nokon greie å finna ut av det?

 

Eg taskkar igjen for hjelpi med dette parfolket!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for nytt interessant innlegg!

 

Om du ser på lista som eg tok med ovanfor, so er dette dødsfallet medteke der, men eg kjem ikkje noko lenger, i alle fall ikkje hjå Henning Sollied. Han har tydeleg ikkje registrert noko skifte etter Henrik...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er litt fra mine notater:

Christen ble døpt 2. desember 1718 i Nykirken i Bergen. Hans mor var Sophia Amalia Fürstenberg som døde i 1791 i Bergen.

 

Ottes første kone, Janiche Sørensdatter Koch døde nok i barsel i 1717, for da Maria ble døpt 8. november 1717 i Nykirken var moren, J Coch, salig. Se døpte i Bergen 1668-1815. Det tyder på at Lampe har en liten feil i sin prestehistore.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er litt fra mine notater:

Christen ble døpt 2. desember 1718 i Nykirken i Bergen. Hans mor var Sophia Amalia Fürstenberg som døde i 1791 i Bergen.

 

Ottes første kone, Janiche Sørensdatter Koch døde nok i barsel i 1717, for da Maria ble døpt 8. november 1717 i Nykirken var moren, J Coch, salig. Se døpte i Bergen 1668-1815. Det tyder på at Lampe har en liten feil i sin prestehistore.

 

 

Ja, Lampe har nok bomma i dette høvet òg. Den Christen Otteson som var fødd 1716 døydde truleg før 1718, slik at den Christen som vart klokkar er fødd i 1718 - og sjølvsagt med ei heilt anna mor; Sophia Amalia.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje x 2 for nyttige og interessante opplysningar!

 

Eg har vore inne i Nykyrkja sine kyrkjebøker og ser at ættenamnet til Christen frå 1718 er Weinwich og ikkje Weinbuch som basen syner, so då er jo aken ganske grei! Eg har retta opp manuskriptet mitt!

 

Men er det nokon som har greie på kven svigermori til klokkaren var, kona til blokkedreiermeister Henrik Fredrikson von Mærl? Det er no einaste detaljen eg manglar om denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.