Gå til innhold
Arkivverket

Nils Andreas Madsson f. 1877, Batalden i Kinn


Torodd Kinn
 Del

Recommended Posts

Eg etterlyser bror til oldefar min: Nils Andreas Matsson Batalden/Langø.

 

Er det nokon som er flinke med USA som tek utfordringa med å spore han opp? (Det kan sjølvsagt tenkjast at han flytta tilbake til Noreg, men eg har ikkje funne noko som tyder på det.)

 

Han var fødd 29. september 1877 på Store Langøya i Batalden i Kinn prestegjeld (nr. 131 her).

 

Foreldra var Mats Andreas Andersson og Ane Juditte Aleksandersdotter.

 

Han reiste til USA i 1897. Han står med begge førenamna og etternamnet Batalden.

 

I 1901 har han vore heime på besøk og reiser til USA igjen. Her er det berre Nils som er brukt, og Batalden. Han er ugift og farmar i North Dakota.

 

Han reiser då samtidig med (saman med?) Andreas Matias Olsson Eikevik, som var ein svoger (bror av kona til broren Anders). I den amerikanske folketeljinga frå 1910 finn vi denne Andreas i Hancock i Stevens county i Minnesota.

Ein annan som reiser samtidig, er "Carl Matsen Batalden", som skal vere fødd 1870. Eg trur det må vere tale om Karl Olai Matsson, f. Litle Batalden 1867, som reiser til Leeds i North Dakota igjen i 1906.

 

I FT1900 står Nils Andreas som mellombels i Dakota, men amerikansk borgar. Her er det førenamnet Nils som er brukt, og etternamnet er Langø.

 

Mostera Inger Aleksandersdotter, hennar mann Kristen Kristensson og sju barn emigrerte òg. Dei busette seg i Leeds i North Dakota.

 

Eg har prøvd å leite etter Nils Andreas i USA. Den beste kandidaten eg har funne i den amerikanske 1910-teljinga, verkar ikkje heilt overtydande: Andrew Mattewson i Kroeber School District i Logan county i North Dakota. Denne Andrew var gift med ei norsk kvinne kalla Gertrude.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg fann han faktisk sjølv, som Nils Battalden, i den canadiske folketeljinga frå 1916. "Andrew Mattewson" i Logan County i 1910 er nok same person likevel, for konene heiter høvesvis Gertrud (1910) og Gertie (1916).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.