Gå til innhold
Arkivverket

Oppslag Bygdebok for Bremanger


Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Ole Monsen Liset gifta seg i 1768 med Lucie Johannesdtr Hovden (Kinn). http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=148&filnamn=vi14371689&gardpostnr=1166&personpostnr=2332&merk=2332#ovre

 

Lucie ser ikkje ut til å ha blitt fødd på Hovden, og så vidt eg kan sjå, heller ikkje i Kinn. Foreldra hennar er Johannes Samsonsen og Brite Didriksdtr. Familien ser ut til å ha flytta til Hovden kring 1750. (Ei søster blir fødd der 1752, medan ein bror som er fødd i 1748 ikkje er å finne blant døpte på Hovden, for så vidt heller ikkje i Kinn)

 

Eg antar at Lucie er fødd kring 1746. Ho blei konfirmert på Hovden i 1764.

 

Står det noko i BB Bremanger om fødestaden til Lucie?

 

Eg kan også tenke meg eit oppslag på garden Frøyen: Didrik Willemsen og Dordei Halvorsdotter på Frøyen hadde i 1729 blant anna dottera Brithe Didriksdtr.

 

Står det noko om fødselsår for Brithe og evt. kva som skjedde med henne vidare?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bremanger Bygdebok står det:

 

Spørsmål 1:

Lovise (Lussi) Johannesdotter f. ikr. 1748 på Hovden d. kring 1783

 

Spørsmål 2:

Frøyen br.nr. 10 s. 176 (bd.I)

Står det om fam.:

Ein kjenner bare til dei borna som levde 1729

Born:

1. Vilhelm, neste brukar

2. Synnøve

 

(Brithe som du spør om er ikkje nemnd i Bremanger BB i det heile.)

 

- Harald.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for oppslaget Harald.

 

Eg ser no at det faktisk manglar nokre år i kyrkjeboka for Kinn. Det går rett frå 1746 til 1749. Det er såleis ikkje så rart at eg ikkje har funne dåpen til Lucie. Ho hadde også ein bror Elias, som også må ha vore fødd kring 1748. Kanskje var dei tvillingar.

 

Vi får då ta som eit utgangspunkt at Lucie og Elias er fødd på Hovden, og at også giftemålet mellom foreldra er i dei åra som det manglar føringar for.

 

Når det gjeld Brithe Didriksdotter, så står ho oppført i skifte frå 1729 etter Didrik Willemsen: "Willum Didrichsen, Synneve og Brithe Didrchksdøtre" (sjå nederst venstre side) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Lenet tinglag, Skifteprotokoll A 4a , 1727-1730, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: Fol. 1-109b. Register på kort.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24187/122/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081126630583.jpg

 

Eg har ikkje funne dåpen til Birthe. Heller ikkje giftemåla til Foreldra. Eg vil anta at dette må være Didrik Willemsen i 1701, då som ugift ser det ut til http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=14&filnamn=1701nba&gardpostnr=4949&merk=4949#ovre, og dette er vel då kansje far til Didrik i 1663-66 tellinga. http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=45&filnamn=bd21MT60&gardpostnr=1565&personpostnr=8361&merk=8361#ovre

 

Didrik må då ha gifta seg etter 1701. Mor til Lucie (Brite Didriksdotter) skal være fødd kring 1717. Eg har ikkje funne nokon gode kandidater, men denne på Frøyen kan høve godt. Venteleg må det ha vore ein del gifte mellom gardane på Frøya og Hovden.

 

Eg tar gjerne imot innspel.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg skal sitere alt som står i Bremanger Bygdebok bd. I s. 176 under Frøyen,øvre br. nr. 10:

 

"1728-1739:

Didrik Vilhelmson f. kr. 1641, d. 1729. Gift med Dorte Halvardsdotter.

Dorte kan ha vore dotter til Hans Halvorson på Frøyen øvre.

Didrik var truleg frå Hauge. I 1701 var ein Didrik Vilhelmson inderst der.

Ein kjenner bare til dei borna som levde i 1729.

Born:

1. Vilhelm. Neste brukar.

2. Synnøve "

(Sitat slutt)

 

*******

 

Går ein så til Frøyen Øvre s. 161 finn ein Dorte Halvardsdtr. som barn nr. 9 til Hans Halvorson og Margrete Jonsdtr. - det står at ho óg kan ha vore dotter her.

Dette virkar underleg i så fall var ho ikkje Halvardsdtr., men Hansdtr. så her har truleg forfattaren av bygdeboka "rota" med namna og plassert Dorte under feil familie.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk igjen Harald. Eg reknar med at forfattaren då har lese skifte noko raskt, og ikkje sett at det står to jenter der.

 

Ein annan ting eg har funne, er Ola Samson, bror til Johannes Samson som altså var gift med Brite Didriksdtr.

Når han blir døypt i 1729, så er det ein Lars Johansen Frøyen blant fadrane. Det stadfestar i alle fall at det har vore kontakt mellom Hovden og Frøyen. Det er vel han vi har her på Ytre Frøyen i 1701 http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=1701nba&gardpostnr=5395&merk=5395#ovre

 

I 1701 er det også ein Halvor Haldansen 70 år gamal på Ytre Frøyen. Kan han ha vore far til Dorte?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Enten er eg vorte svært dårleg til å leite eller så er ikkje den Halvor Haldanson på Ytre Frøyen i 1701 som du nemner komen med i bygdeboka i det heile!

Har leitt under alle Frøyen-gardane, men han kan eg ikkje finne nemnd i boka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I manntalet for 1701 for Ytre Frøyen står det oppført to som truleg er søner av Halvor: Haldan Halvorsen 40 år og Lars Halvorsen 24.

 

Er dei å finne?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.