Gå til innhold
Arkivverket
Torbjørn Igelkjøn

Digitalisering av gamle aviser

Recommended Posts

Torbjørn Igelkjøn

Nasjonalbiblioteket har skanna mange gamle bøker og aviser, og ein kan søkje i dei via heimesida deira. Ein mindre del av bøkene er også tilgjengeleg i skanna versjon, fyrst og fremst bøker frå 1990-talet (avtale med Kopinor), samt gamle bøker utan opphavsrett.

 

No har eg funne ut at Nasjonalbiblioteket er i gang med å skanne gamle aviser frå heile landet. Ein byrja med Aftenposten (som kjent gjev dei fri tilgang til heile avisarkivet for 99 kr./mnd), no er ein også i gang med å skanne Stavanger Aftenblad og Trønderavisa (Steinkjer). I følgje denne sida er meininga å skanne alle landets aviser, og at dette skal verte fritt tilgjengeleg på kvart eit bibliotek her i landet. Meininga er at dette skal erstatte mikrofilm, og vil dessutan vere søkbart, noko som også er eit stort framsteg. Biblioteket i Steinkjer har publisert denne sida, som også inneheld lenke direkte til tenesta. Digitaliseringa vil ta lang tid, i følgje denne sida vil det gå 20 år før prosjektet er fullført:

 

- Men vi må prioritere. Vi tar de viktigste først. Dette er en gradvis prosess. Først vil vi fokusere på de store avisene. Deretter på regionalavisene. Publikum må ikke forvente at alt er på nett med en gang.

 

I følgje Steinkjerleksikonet vil det ta heile 35 år.

 

Eg lurer på om nokon veit om avisarkivet er tilgjengeleg på alle bibliotek alt no, slik at eg kan gå på det lokale biblioteket mitt, og sitje og bla i digitaliserte aviser? Eg har prøvd direktelenka biblioteket i Steinkjer har på sida si. Eg får til å søkje, men får sjølvsagt ikkje opp dei skanna avisene. Søkjeresultatet får eg fram ved å huke av på "Alt" under "Innhold". Denne søkjesida er betre enn den vanlege søkjesida for digitale bøker og aviser ved at ein kan velje å søkje i bestemte aviser. Søk på dato får eg ikkje til å fungere. Er det nokon som har erfaring med å bruke denne tenesta på bibliotek? Fungerer det, og er det f. eks. mogeleg å laste ned avissider som .pdf på eiga maskin via det trådlause nettet?

 

Som vestlending håpar eg at f.eks. Bergens Tidene vaknar og vert med på dette.

 

Mvh.

Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tove Karlsen

På bibliotekene kan man gjøre søk i "Atekst" se http://www.retriever.no/tjenester/research.html

 

Vet ikke om alle biliotek har det, men det fins ihvertfall på Gunnerusbiblioteket i Trondheim

 

Sitat" ATEKST inneholder alt redaksjonelt stoff fra 47 sentrale norske medier. Noen av kildene går helt tilbake til 1984."

fra http://www.skolewebben.no/modules.php?op=modload&name=Sections&file=index&req=viewarticle&artid=242

 

Dette er jo nyere saker, men kanskje ikke alle kjenner til det likevel.

 

Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.