Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lasse B. Bothun (1835-1918) Senator i South Dakota - utvandra han i 1854?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Lasse Bottolfson, fødd på Bøtun i Leikanger 6.7.1835, døydde i Garretson, SD 4.8.1918 etter mellom anna å ha vore vald to gonger til Senator for South Dakota.

 

Lasse fekk ein stor familie i Amerika, jmf. FT1900 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7602&iid=004120602_00760&fn=Lasse&ln=Bothern&st=r&ssrc=&pid=59884862) og FT1910 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7884&iid=4449626_00152&fn=Lasse&ln=Bothun&st=r&ssrc=&pid=26903668).

 

Men to problem står framleis uløyste! Det eine er dato for vigsli hans med Britha Pedersdotter Hatleli, fødd i Leikanger 20.2.1845 og utvandra i 1851. Denne vigsli skal ha funne stad i Vermillion, SD i 1862.

 

Det andre problemet: Er det mogeleg å påvisa utvandringi til Lasse Bottolfson?

 

Han flytte i 1853 frå Leikanger til Bergen under namnet Lasse Bottolfson Nybø (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1999&idx_id=1999&uid=ny&idx_side=-192), men båe teljingane (1900 og 1910) oppgjev utvandringsår 1854.

 

Er det nokon som kan hjelpa meg finna ei stadfesting av denne utvandringi gjennom til dømes ei passasjerliste?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit for kjempeflott innlegg! Då er utvandringi til Lasse stadfest!

 

Vigsli hans må nok søkast i Amerika og vert sikkert ikkje lett å finna...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.