Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Henrik Samsonson Halbrænd i Førde (1801) - opphavet til han og kona?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden budde 1865 som strandsitjarfolk på ein plass under Halbrænd i Førde:

 

Henrik Samsonsen Husfader g Husmand uden Jord Daglønner 1801 Førde Prgj.

Johanne Andreasdatter hans Kone g 1813 Førde Prgj.

Edvard Henriksen deres Søn ug 1850 Førde Prgj.

Hele J. Henriksdatter deres Datter ug 1853 Førde Prgj.

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Førde, eventuelt med tilgjenge til bygdeboki for Førde, som kan hjelpa meg finna ut:

 

* Kva gard/plass i Førde har Henrik Samsonson opphavet sitt ifrå?

 

* Kva gard/plass i Førde har Johanna Andreasdotter oppphavet sitt ifrå?

 

* Er det nokon som veit kva plass under Halbrænd denne huslyden budde på?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Dette kan vel då være giftemålet i 1842 Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 6 (1821-1842), Ekteviede 1842, side 376.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11407&idx_id=11407&uid=ny&idx_side=-325

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070227250689.jpg

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

 

Dersom det stemmer at han er fødd i Førde, så er det kun desse to kandidatane. Den frå Vassbotten (f. 1807) er det ikkje, så då har vi igjen han frå Hellevang.

 

Eg har dessverre ikkje tilgang til BB Førde, slik at eg får ikkje sjekka ut kva som står der.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Mor til Henrik Samsonsen Hellevang; Anna Lisbet Henrichsdotter, var frå Sæla, og fødd i 1782.

 

Den eine fadderen til Henrik; Elen Henrikdsdtr. Sæla var søster til Anna Lisbet. Det var også ein annan fadder; Henrich Henrichsen Bjørkedal.

 

Vi kan vel då gå ut frå at Henrik Samsonsen Sæla som blei gift i 1842 er den same som Henrik Samsonsen Hellevang f. 1808.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil og Berit for nyttige og gode innlegg!

 

Det meste av dette problemet synest då vera løyst, men eg ville svært gjerne visst namnet på plassen deira...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Her er skifte etter Anders Gunnarson Halbrend i 1836 Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 18 , 1828-1836, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: EDB-register.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24208/475/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127640476.jpg

 

Her er Johanne Andersdtr 23 år oppført.

 

Av skifte ser det ut til at Anders Gunnarson må ha vore gardbrukar, i alle fall hadde han jordegods på 1 pund og 12 merker smør i garden Halbrend, så vidt eg kan lese. Eg veit ikkje om finlesing vil kunne gje svar på kva bruk han evt. hadde, og dermed kva bruk Johanne var fødd på.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Vi kan vel kanskje gjere eit lite eksperiment.

 

I matrikkelen for 1838 er det 4 bruk på Halbrend. På det eine bruket, som har fått løpenummer 173, finn vi Andreas Gundersens enke.

 

I 1865 er bruket delt i to, eit stort 173a og eit lite 173b)

 

I matrikkelen for 1890 finn vi fire ulike løpenummer på 173, eit stort og tre små. Det store bruket tilhøyrer no Helge Oliversen, som er son til han som eigde 173a i 1865. Dette bruket har no fått bruksnr. 9. http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=87&filnamn=MAT1890&gardpostnr=5859&merk=5859#ovre

 

Det skulle vel bety at det var dette bruket som Anders Gundersen hadde, og der Johanne var fødd. Dei frådelte bruka i 1890 er då bruksnr. 10, 11 og 12.

 

Når det gjeld Johanne og Henrik, så er dei i 1865 ført under løpenr. 172, som i 1838 var eigd av Ole Sjursen. I 1890 er dette bruket delt i to, eit stort 172a (bnr. 7) og eit lite 172b (bnr. 8). Det betyr at plassen som Johanne og Henrik hadde i 1865, låg under det som no er bruk nr. 7. I 1865 var det to husmenn under dette bruket, ein med jord og ein utan jord (som då var Johanne og Henrik). Det kan vel då hende at det er husmannsplassen med jord som seinare blei bruk nr. 8.

 

Dette kan vel være eit utgangspunkt, i påvente av at nokon finn fram bygdeboka.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leiv Skjerve

Førde II. side 414

 

Ytre Halbrend bruk 9 - 12

 

1810 til 1838

 

Andreas Mikal Gunnarson Bruland f 1787

 

med datter

 

Johanne Andreasdatter f 1813 vigd 1842 med

 

Henrik Samsonson Heilevangsdalen

 

Vennligst Leiv

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Leiv: Finn du noko om Henrik og Johanne under husmannsplassar?

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leiv Skjerve

Forde II side 574

 

Heilevangsdalen

 

Bruk 1

 

1816 til 1838

 

Samson Olson f 1785 med sønn

 

Henrik Samsonson f 1808. vigd 1842 med

 

Johanne Andreasdotter Halbrend f 1889

 

Vennligst Leiv

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leiv Skjerve

Henrik og Johanne

 

Førde 2

 

Halbrend

 

side 424 Husmannsfamilier. Ikke å finde

 

side 426 Andre på Halbrend. Ikke å finde

 

Heilevangsdalen

 

side 576 Husmannsfamilier. Ikke å finde

 

side 577 Abdre i Hrilevangsdalen. Ikke å finde

 

Vennligst

 

Leiv

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil og Leiv for nye spennande innlegg.

 

Eg ser at då dotteri Nele vart døypt i 1853, var foreldri Henrik og Johanna innerstfolk på Halbrend, so kanskje har dei aldri hatt nokon "skikkeleg" plass under garden. Men no er opphavi til foreldri på plass, og eg trur me kan seia at problemet er løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.