Gå til innhold
Arkivverket
Harald L. Bakke

Lars Christenson Arnestad f. i Gloppen 1822

Recommended Posts

Egil Russøy

Her er skifte etter mora i 1838, og så vidt eg kan sjå, så står Lars oppført her, 16 år gamal.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 24 , 1833-1839, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: Register bak i protokollen.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24247/370/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081201700370.jpg

 

Så då var han i alle fall i live då.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Takk for det Egil.

Eg har ikkje funne han død i Gloppen etter det så det er mulig han er utflytt sjølv om eg ikkje har funne han.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Det kan lønne seg å leite gjennom kyrkjebøkene fleire gongar før ein etterlyser folk...

Her fant eg han utflytt til Bergen i Juni 1844. Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8389&idx_id=8389&uid=ny&idx_side=-231

 

Så gjeld det å finne han igjen i Bergen då.

Eg får leite meir etter han der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Jammen trur eg at det er han eg har funne gift i Alversund,Hammer, Hordaland 30.04.1855 nr. 14 s. 268: Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1909&idx_id=1909&uid=ny&idx_side=-271

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=vi12541816&personpostnr=4312&merk=4312

 

Det står ikkje at han er frå Gloppen, men alder og namnet på faren stemmer.

 

Finn han imidlertid ikkje i Hamre i FT 1865.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Mette R Francke

Hei

 

 

Dette kan være sønnen , Christian :

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1895&uid=ny&idx_side=-11

 

Han står med Larsen Soltvedt som etternavn , og i linken til Harald står det at Guri kommer fra Soltvedt.

 

Fra FS

CHRISTIAN LARSEN

Birth: 16 MAY 1855

Christening: 28 MAY 1855 Hamre, Hordaland, NorwayParents:

Father: LARS CHRISTIANSEN Family

Mother: GURI SJURSDR

 

Christian <LARSEN>

Birth: 16 May 1855 Place: <Alversund, Hordaland, Norway>

Christening: 28 May 1855 Place: Alversund, Hordaland, Norway

 

Mette

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Då fant vi den same guten samtidig.

Takk allikevel. :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Harald - når skal du lære deg at du ikkje skal over bekken etter vatn ;-))))

 

Eg saksar frå heftet mitt om Arnestad-slekta:

 

‑4. Lars, f.28.10.1822, d.02.03.1863 Born: 4 - s. 3

 

g.1855 m. Guri Sjursdtr. Soltvedt f. ca. 1833 d.24.07 1885 (2)

 

Lars omkom i ei ulukke på arbeidsstaden sin i Bergen; han kom inn i eit drivverk.

 

 

Og vidare; der er ein del tabulatorar i teksten, så det blir litt rotete, men du finn nok fram:

 

Frå s. 2 : Dotter til Lars ARNESTAD og Marte (SØREIDE) (ug) i Gloppen:

4‑1. Anne Malene f.21.05 1844 d.19.12 1845

Frå s. 2 : Dotter til Lars ARNESTAD og Elen (REED) (ug.) i Bergen:

4-2. Lassine Malene f.25.04 1846 d.22.02 1853

Frå s. 2 : Borna til Lars Arnestad og Guri Soltvedt i Bergen:

4‑3. Christian f.16.05 1855 d.11.04 1933

g.1880 m. Emilie Frederikke Casse f.09.02 1858 d.09.07 1908 (ingen born).

4‑4. Anne Malene f.28.09 1862 d. ukjend

Der kan ha vore born mellom 3 og 4, men dei har i så fall ikkje levd opp. Ved dåpen til nr.3 vert etternamnet Soltvedt brukt, ved nr. 4 er det Grimstad, (Lars har tydelegvis budd fleire stader), men seinare er det LARSEN som er brukt som etternamn på borna.

Christian budde i København, og i 1885 budde også Anne Malene der. Henne har eg deretter ikkje funne att.

 

Lars er forresten Kristianson, ikkje Kristenson. Kva er di lenke til han?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Harald - når skal du lære deg at du ikkje skal over bekken etter vatn ;-))))

 

Eg burde no vete det so inderleg godt, Aase. :rolleyes:

Eg har mange Glopparar eg i fyrste omg. har lagt til sides, men som eg no tek fram att og prøvar å spore opp. Eg får fyrst søkje råd ved næraste bekk heretter. :D

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Lars er forresten Kristianson, ikkje Kristenson. Kva er di lenke til han?

 

Lars si mor Malene Larsdtr. er syster til min tipptippoldefar Jørgen Larsson Søreide (Jørgen - Mathis - Johanne - Maria- far - meg)

 

Å så lyt eg få takke deg for opplysningane, Aase.

:)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Berre hyggeleg å hjelpe - og på den andre sida, fordelen med offentleg vasshenting er at eventuelle andre interessentar rundt i landet får del i opplysningane, må vite.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Ja vi snakka vel om det tidlegare ein gong at andre óg kunne dra fordelar om vi stiller spm. "i offentlighet" . ;)

 

No leitar eg imidlertid etter gravfestinga til Lassine Malene Larsdtr. (1853) og dåpen til Anne Malene Larsdtr. (1862) har du dei for hand eller kan fortelle meg kvar eg kan finne dei ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Dette er dessverre frå min tidlege "karriere" då eg ikkje tykte det var så nøye å dokumentere. Anne Malene var døypt i same området som Kristian, meiner eg. Det KAN og tenkjast at fødselsdatoen er henta frå konfirmasjon t.d Det er oppunder 20 år sidan eg arbeidde med dette.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Ja vi har vel alle ein slik periode bak oss.

Då får eg bare leite vidare.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Noko bakerst i hjernevinningane seier meg at Lars døydde på Laksevåg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg kopierer i veg, her skal det dokumenterast.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Men klarar du å tyde kva som står ved Lars sin død? Eg tydet det slik (og det er eit ord eg ikkje får meining i... ):

 

"Blev dagen før sin død fanget av et vandrende hjul i ....... der forvoldte ham døden"

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Støberiet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Støberiet.

 

Takk! :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg veit ikkje om det går klart fram av det ovanfor, men Christian brukte namnet Soltvedt i København. Anne Malene har eg ikkje funne der - opplysninga om dette er frå skiftet etter mora i 1885.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Takk!

Det var greit å få stadfesta.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg er ikkje så inne på kva kjelder som ligg tilgjengeleg på nett frå Danmark - veit du noko om det?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.