Gå til innhold
Arkivverket

Synneva (1846) og Carl (1836) Bergesen - frå Sogn til Vaksdal i Bruvik - kvar vart det av sønene Ole og Gerhard?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ein annan huslyd eg har vanskar med, er denne, der to av sønene berre forsvinn...:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Synneva Olsdotter, f. i Hafslo 16.8.1846, flytte i ung alder til Kinn der ho 23.7.1863 gifte seg med Carl Bergeson frå Dale ytre i Hyllestad, Askvoll, f. på Birkeland i Hyllestad, Askvoll 3.4.1836, men flytte til Florø i 1862. Carl Bergesen var ei tid handelsmann og sidan dagarbeidar i Florø, men flytte

 

¤¤¤¤¤ (budde 1870/72 i Stavanger – før 1875 til Bruvik! - andre yrke og bustader??)

 

der Carl arbeidde som pakkhusforvaltar. Carl d. på Jamne i Bruvik 3.6.1898. Synneva dreiv ei tid pensjonat på Javne i Bruvik, men flytte sidan til Vaksdal i Bruvik der ho d. 10.3.1929. Me kjenner til åtte born etter Carl og Synneva:

 

a. Severine Ølgine, kjend som Gina Carlsdotter Bergesen, f. i Florø 18.9.1864, d. i Larvik 3.4.1947. Ho gifte seg i Bruvik 11.9.1891 med Karl Gustav, kjend som Gustav Karlson Wobst, f. i Wilthen, Sachsen i Tyskland 17.5.1866. Han d. på ein feriereise i Tyskland

 

¤¤¤¤¤ (dødsstad? – dato?)

 

.8.1912. Gustav Wobst var kornmøllemaskinist, først på Vaksdal i Bruvik og sidan i Larvik. Han og Gina fekk to born i lag.

b. Ole Carlson Bergesen, f. i Florø 12.8.1866,

 

¤¤¤¤¤ (konf. Bruvik 1881 – d. barnlaus før 1929!)

 

¤¤¤¤¤ (kanskje eitt barn til mellom 1866 og 1870??)

 

c. Bergitte Carlsdotter Bergesen, f. i Stavanger 22.11.1870, d. på Vaksdal 28.6.1933. Ho gifte seg i Bruvik 17.9.1899 med Jacob Andreas, kjend som Andreas Jacobson Aldahl frå Aldal i Samnanger, Os, f. i Os 25.9.1872. Han d. på Vaksdal 20.4.1963. Andreas var brusfabrikant og handelsmann, og han og Bergitte budde på Vaksdal levetidi ut. Dei fekk tre born i lag.

 

d. Karl Severin Carlson Bergesen, f. i Stavanger 15.8.1872, d. som enkjemann på Sæterdal i Vaksdal 18.9.1943. Han gifte seg i Bergen 11.10.1899 med Inger Amundsdotter frå Takle på Voss, f. på Voss 13.7.1874. Ho d. på Vaksdal 5.2.1910. Karl var møllar, og etter nokre år på Møhlenpris på Voss flytte Karl og Inger attende til Vaksdal der dei sidan budde levetidi ut. Dei fekk tre søner i lag.

 

e. Gerhard Carlson Bergesen, f. i Bruvik 8.3.1875,

 

¤¤¤¤¤ (konf. Bruvik 1890 – d. barnlaus før 1929!)

 

f. Enevald Carlson Bergesen, f. i Bruvik 17.3.1878, d. på sjukehuset på Voss 28.5.1955. Han gifte seg på Voss 2.7.1911 med Karen Magdalene Adelaide, kjend som Adelaide Johansdotter Davidsen frå Voss. Ho var f. på Voss 9.2.1884 og d. på Voss 8.8.1927. Enevald Bergesen var gullsmed, og han og Adelaide budde på Voss. Dei fekk fem born i lag.

 

g. Amanda Lovise Carlsdotter Bergesen, f. i Bruvik 5.4.1881, d. som enkje på Vaksdal 19.10.1962. Amanda gifte seg i Bruvik 12.2.1904 med Odd Pederson Meringen frå Meringen på Voss, f. på Voss 30.9.1873. Han d. på Vaksdal 19.6.1942. Odd Meringen var postopnar på Vaksdal i Bruviki der han og Amanda budde levetidi ut. Dei fekk fem born i lag.

 

h. Dagny Julia Carlsdotter Bergesen, f. i Bruvik 25.12.1885, d. i Bruvik 15.9.1889.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til å fylla att desse hòli!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for spennande og nyttig innlegg. Eg fekk ikkje linken til å virka, men gjekk inn i Bruvik og fann dødsfallet i 1889. Kjempebra!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg veit ikkje om du har sjekka ætteboka for Vaksdal, men del ligg på nett. Her er ein link til garden Vaksdal, og der står det ein del opplysningar om Karl Bergesen og barna. http://www.vaksdalhistorielag.org/wiki/index.php?title=Vaksdal_%C3%86ttesoge

 

Søk på "Bergesen" (Ctrl+F) så får du 10 treff. Så vidt eg kan sjå så dreier det meste av desse seg om din familie. Om du finn svar på nokon av spørsmåla dine der, det har eg ikkje hatt tid til å sjekka ut, men du får sjå.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for interessant tilvising!

 

Eg har vore inne og studert boki lite vetta, men finn diverre ikkje noko nytt, som eg ikkje visste frå før...

 

Framleis manglar me dødsfallet hans Gerhard og eit par andre mindre detaljar som er ramsa opp ovanfor, men det vert vel vanskeleg...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Jau, denne innførsli i FT1891 er siste gongen me finn Gerhard nemnd. Han er ikkje å sjå korkje i 1900 eller 1910, so anten var han avliden før 1900 eller han er reist utanlands (Amerika?).

 

Det er vel so at me enno ikkje har søkt på "rette" staden...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette gamle problemet der eg framleis manglar ein viktig detalj:

 

* Dødsfallet og lagnaden elles til Gerhard Bergesen frå Vaksdal?

 

Først eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Synneva Olsdotter, f. 16.8.1846,

Synneva Olsdotter flytte i ung alder til Kinn der ho 23.7.1863 gifte seg med Carl Bergeson frå Dale ytre i Hyllestad, Askvoll.  Han var son av gardbrukar Berge Carlson på Dale ytre, opphavleg frå Hellebø i Lavik, og første kona Synneva Nilsdotter frå Birkeland og f. på Birkeland i Hyllestad, Askvoll 3.4.1836, men flytte til Florø i 1862.  Carl Bergesen var ei tid handelsmann og sidan dagarbeidar i Florø, men flytte kring 1868 til Stavanger og kring 1873 vidare til Vaksdal i Bruvik der Carl var møllearbeidar og sidan pakkhusforvaltar.  Carl d. på Jamne i Bruvik 3.6.1898.  Synneva dreiv sidan pensjonat på Jamne i Bruvik, men flytte sidan attende til Vaksdal i Bruvik der ho d. 10.3.1929.  Dei fekk åte born i lag:

a. Severine Ølgine, kjend som Gina Carlsdotter Bergesen, f. i Florø 18.9.1864, d. i Larvik 3.4.1947.  Ho gifte seg i Bruvik 11.9.1891 med Karl Gustav, kjend som Gustav Karlson Wobst, f. i Wilthen, Sachsen i Tyskland 17.5.1866.  Han d. på ein feriereise attende til Wilthen i Sachsen, Tyskland 10.8.1912.  Gustav Wobst var kornmøllemaskinist, først på Vaksdal i Bruvik og sidan i Larvik.  Han og Gina fekk to born i lag.

b. Ole Carlson Bergesen, f. i Florø 12.8.1866, d. som kontormann på Vaksdal i Bruvik 26.9.1889, ugift.

c. Bergitte Carlsdotter Bergesen, f. i Stavanger 22.11.1870, d. på Vaksdal 28.6.1933.  Ho gifte seg i Bruvik 17.9.1899 med Jacob Andreas, kjend som Andreas Jacobson Aldahl frå Aldal i Samnanger, Os, f. i Os 25.9.1872.  Han d. på Vaksdal 20.4.1963.  Andreas var brusfabrikant og handelsmann, og han og Bergitte budde på Vaksdal levetidi ut.  Dei fekk tre born i lag.

d. Karl Severin Carlson Bergesen, f. i Stavanger 15.8.1872, d. som enkjemann på Sæterdal i Vaksdal 18.9.1943.  Han gifte seg i Bergen 11.10.1899 med Inger Amundsdotter frå Takle på Voss, f. på Voss 13.7.1874.  Ho d. på Vaksdal 5.2.1910.  Karl var møllar, og etter nokre år på Møhlenpris på Voss flytte Karl og Inger attende til Vaksdal der dei sidan budde levetidi ut.  Dei fekk tre søner i lag.

e. Gerhard Carlson Bergesen, f. i Bruvik 8.3.1875,

 

     ¤¤¤¤¤ (konf. Bruvik 1890 – levde i juni 1898! – d. barnlaus før 1929!)

 

f. Enevald Carlson Bergesen, f. i Bruvik 17.3.1878, d. på sjukehuset på Voss 28.5.1955.  Han gifte seg på Voss 2.7.1911 med Karen Magdalene Adelaide, kjend som Adelaide Johansdotter Davidsen frå Voss.  Ho var f. på Voss 9.2.1884 og d. på Voss 8.8.1927.  Enevald Bergesen var gullsmed, og han og Adelaide budde på Voss.  Dei fekk fem born i lag.

g. Amanda Lovise Carlsdotter Bergesen, f. i Bruvik 5.4.1881, d. som enkje på Vaksdal 19.10.1962.  Amanda gifte seg i Bruvik 12.2.1904 med Odd Pederson Meringen frå Meringen på Voss, f. på Voss 30.9.1873.  Han d. på Vaksdal 19.6.1942.  Odd Meringen var postopnar på Vaksdal i Bruviki der han og Amanda budde levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

h. Dagny Julia Carlsdotter Bergesen, f. i Bruvik 25.12.1885, d. i Bruvik 15.9.1889.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Då faren døydde i Bruvik i juni 1898, vart han etterlevd av enkja og seks born, fire myndige og to mindreårige.  Namni er ikkje opprekna, men når me veit at Ole og Dagny var avlidne før, MÅ Gerhard framleis ha vore i live, men han er ikkje å sjå korkje i FT1900 eller i FT1910.  Og me veit han var avliden før 1929.

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips for å løysa dette problemet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 år senere...

Innlegg #9:

 

Etter tips frå ein etterkomar etter denne slekti vil eg i kveld gjerne få henta fram att spørsmålet om lagnaden til:

 

Gerhard BERGESEN, fødd i Bruvik 8.3.1875:

 

Vedkommande meiner han kan ha utvandra til Amerika kring 1892 - kanskje reiste han som sjømann frå Bergen?

 

Og ein person med liknande personalia døydde i New Orleans, LA 29.4.1907, 32 år gamal:

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=6697&h=847495&tid=&pid=&queryId=bb18113f144f99cfaea80dc89d55e04a&usePUB=true&_phsrc=Nzx21723&_phstart=successSource

 

Til og med ancestry har kobla dei to personane...!

 

Kanskje er det nokon som kan greia å prova dette sambandet?  Finst han til dømes registrert som sjømann i Bergen?

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 23.5.2015 den 20.26, Lars E. Øyane skrev:

e. Gerhard Carlson Bergesen, f. i Bruvik 8.3.1875,

 

     ¤¤¤¤¤ (konf. Bruvik 1890 – levde i juni 1898! – d. barnlaus før 1929!)

 

????

https://www.digitalarkivet.no/view/91/pc00000001118141

Bergen fylke, Maskinist- og fyrbøterrulle nr. 4 (1894-1900), Protokollside, Side 170
Permanent bilde-ID: ru10611710212171
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru10611710212171
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-ru10611710212171.jpg
 

Gerhard Bergesen.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hordaland fylke, Dødsfallsprotokoll nr. 1 (1883-1912), Registerside, Side 128 - høyre side, lpnr. 1184
Permanent bilde-ID: sk10611310220108
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10611310220108
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk10611310220108.jpg
 

Hordaland fylke, Dødsfallsprotokoll nr. 1 (1883-1912), Dødsfallsprotokollside, Side 80 . nr. 5 i februar 1908:
Permanent bilde-ID: sk10611310220084
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10611310220084
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk10611310220084.jpg 
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #14:

 

Eg er mektig imponert!  Hjarteleg takk til Anne og Grethe for kjempeflotte innlegg!

 

So vidt eg tolkar dei framkomne opplysningane, reiste Gerhard til sjøs i 1896, men eg har ei kjensle av at han har sigla utanriks etter at han mønstra av i New York i 1896?  Finst han kan henda i FT1900?

 

Men hovudproblemet er løyst!  Me veit kvar det vart av Gerhard!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den aller siste FT 1900 er Skipslister frå inn- og utland. På side 12.  Nest siste 2030: Sør-Varanger.

 

Men å finna Gerhard Bergersen f 1875, tja .. det lykkast ikkje eg med.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.