Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lars Tormodson, f. kring 1700 - framandkar i Solvorn, Hafslo - opphav og lagnad?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Lars Tormodson, som eg trur må vera fødd kring 1700, gifte seg i Gaupne, Luster 21.10.1731 med Kari Nilsdotter frå Tandla i Luster, fødd der kring 1708 som dotter av husmann Nils Henrikson og kona Søgni Arnesdotter.

 

Lars og Kari budde først nokre år på Tandla i Luster, men flytte til Hafslo kring 1737 og var sist strandsitjarar i Solvorn til dei forsvinn frå bygdi kring 1750.

 

Fem born er registrerte som fødde her:

 

* Torbjørn Larsson, døypt i Hafslo 27.7.1732

 

* Peder Larsson, døypt i Luster 11.6.1735

 

* Anna Larsdotter, døypt i Hafslo 28.1.1738

 

* Nils Larsson, døypt i Hafslo 6.1.1740

 

* Nils Larsson, døypt i Hafslo 1.5.1746

 

Tormod-namnet er heilt ukjent i indre Sogn på den tidi, og manntalet for nøre Bergenhus for 1701 syner berre ein einaste person med dette namnet:

 

** Tormod Brynildson, 34 år, oppsitjar på Kvamme på Vossestrondi

 

Aldersmessig kan han godt høva som far til "vår" Lars...

 

Ser ein derimot på manntalet for søre Bergenhus for 1701, so nærast "vrimlar" det av Tormod, særleg på Voss, men òg lenger sør. Me lyt vel gå ut ifrå at opphavet til denne Lars må søkast der...?

 

Elles er nok svigermori Søgni Arnesdotter ganske sikkkert òg ein innflyttar. Søgni-namnet er mykje nytta i ytre delar av Sognefjorden, til dømes i Lavik...

 

Kvar denne huslyden so gjorde av seg kring 1750, kan ein berre spekulera på. Det ligg nær å tru dei kan vera farne til Bergen, men dei kan jo òg ha teke vegen nordover langs kysten...

 

Eg står heilt fast på denne huslyden, men vonar at einkvan kan komma med gode tips...

 

Eg takkar so mykje på førehand!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Norodd Hagenson

Tormod Brynjulvson Kvamme kom fra Øvre Kløve på Voss. Han hadde 11 barn med første kona, Gunhild Pedersd, men ingen Lars. Det er skifte etter både Tormod (1760) og Gunhild (1739).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Bryn

Jeg har ikke noen løsning på gåten, Lars, men jeg har et par personer som muligens kan gi noen spor. I den eldste kirkeboka for Lærdal/Årdal finner vi nemlig en Ole Tormodsen som må være født på slutten av 1600-tallet. Han var sagmester på en av sagene ved Årdals- eller Lærdalsfjorden, men jeg har foreløpig ikke klart å finne ut hvilken. Han bodde på en plass som kalles Teigen, så det burde være mulig å finne ut hvor dette er.

 

Denne Ole kalles "Ole Tormodsen", "Ole i Teigen", "Ole Sagemester i Teigen" eller "Tormo Ole", og var gift med ei som het Marite. De fikk i alle fall barna Ole (f.1716), Ragnhild (f.1719) og Johanne (f.1722), og nesten alle fadderne kom fra Fodnes, Aspviken og Bermål.

 

I samme slengen nevner jeg også at en Kari Tormodsdatter forlovet seg i Tønjum kirke 29. sep. 1729. Den utvalgte var "Stilloug Larsøn" og kaveringsmennene var Knut Nedre Eri og Ola Lassesen. Vielsen fant sted den 3. desember. Stilluf finner vi for øvrig som husmann på Mo i Borgund i 1701-tellinga.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Norodd, Knut og Svehn for spennande og interessante innlegg!

 

Den Lars Tormodson som var far på Voss våren 1730 er nok neppe den same som "vår" Lars. Eg vil tru vigsli hans i Luster ligg noko for tett etter dåpen på Voss... Dessutan ser eg av Manntalet for Voss frå 1701 at der var ein Lars Tormodson Dahle som då var 14 år gamal (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=1701sba&gardpostnr=8637&merk=8637#ovre), og det kan godt ha vore fleire...

 

Elles ser eg ikkje bort ifrå at "vår" Lars, Ole og Kari godt kan ha vore søsken..., men opphavet deira er altso ukjent. Kanskje eit studium av skifteprotokollane for Hardanger og Voss kan hjelpa oss?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå 2011, der me enno ikkje har finne noko svar, korkje på opphavet eller lagnaden til denne huslyden.

 

Medan opphavet har vore drøfta, har me ikkje enn vore ine på lagnaden til denne huslyden, og der er det kanskje noko å finna?  Sikkert er det at Lars og Kari vart borte frå bygdi kring 1750, på same tid som fleire andre huslydar flytte herifrå, dels til Bergen og dels til ytste delen av Sognefjorden.

 

Eg har søkt etter Lars Tormodson i Bergen, men Tormod-namnet ser ikkje ut til å vera særleg nytta der, og eg finn ikkje noko dødsfall for ein Lars Tormodson!

 

So har eg sett på eldste sonen Torbjørn Larsson.  Namnekombinasjnen synest vera uvanleg; i Bergen finn eg ikkje nokon, men i Hardanger finst ein par "kandidatar" (jmf. FamilySearch):

 

* Torbjørn Larsson gift i Strandebarm 18.1.1761 med Kari Hansdotter

 

* Torbjørn Larsson gift på Stord 30.7.1759 med Britha Hansdotter
 
* Torbjørn Larsson gift i Kvinnherad 28.3.1759 med Margretha Garman
 
* Torbjørn Larsson gift i Kvinnherad 14.6.1767 med Margretha Mikkelsdotter
 
Eg finn to Torbjørn Larsson døypte i Kvinnherad på 1720-og 1730-talet, men ser vel helst tvilande på om Lars Tormodson kan vera flytt til den kanten.....
 
Men so har eg sett på registeri for Sogn og Fjordane, og eg finn hjå FamilySearch berre ein einaste god "kandidat" som kanskje kan vera verd nærare sjekking:

 

* Torbjørn Larsson gift i Gulen 28.7.1756 med Gjertrud Olsdotter M. Takle(?) (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11443&idx_id=11443&uid=ny&idx_side=-62) (heilt nede på høgre side).  Eg kan ikkje sjå nokon Torbjørn Larsson døypt i Gulen i første helfti av 1700-talet, so denne Torbjørn Larsson ser so absolutt ut til å vera ein innflyttar til Gulen!  Torbjørn og Gjertrud på Takle fekk desse borni:

 

** Lars Torbjørnson, døypt i Gulen 3.9.1756 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11443&idx_id=11443&uid=ny&idx_side=-64)

 

** Kari Torbjørnsdotter, gravlagd i Gulen 26.9.1756, 8 dagar gamal (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11443&idx_id=11443&uid=ny&idx_side=-65) - sjå tredje linje - kan Kari vera tvilling til Lars, eller er det eitt barn med namn anten Lars eller Kari?

 

** Ole Torbjørnson, døypt i Gulen 5.3.1758 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11443&idx_id=11443&uid=ny&idx_side=-77)

 

** Lars Torbjørnson, døypt i Gulen 7.10.1760

 

** Martha Torbjørnsdotter, døypt i Gulen 10.6.1764

 

** Nils Torbjørnson, døypt i Gulen 14.7.1769, gravlagd i Gulen 30.11.1771

 

Då det 25.8.1785 (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24168/135/) vart halde skifte etter Torbjørn Larsson på ytre Takle i Lavik skipreie, levde enkja og tre born att etter han, Ole, Lars og Martha!

 

Når me veit at Lars Tormodson var gift med Kari Nilsdotter, tyder det bra at både Kari og Nils vert nytta som namn i denne huslyden!

 

Er det nokon som har tilgjenge til bygdeboki for Brekke for å sjå kva det står om opphavet til denne Torbjørn Latsson på ytre Takle??

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Dersom Torbjørn Larsson på Takle var son av Lars Tormodson og Kari Nilsdotter, kan me kanskje ogso finna dei andre søskeni der ute?

 

Eg ser ein god "kandidat" for broren Nils:

 

* Nils Larsson Røe gifte seg i Gulen 9.7.1769 med Magdeli Sjursdotter Birknes (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11443&idx_id=11443&uid=ny&idx_side=-135) (sjå venstre side heilt nedst).

 

Men, for å seia som Grethe Flood brukar gjera:  "Dette er vel eit skot i blinde..."

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Kona til Nils Larsen døde i 1781

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000768160

 

Her er vel skiftet (se høyre side):

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 11a , 1782-1791, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 1-393. Skifte er innførte etter 18.02.1815.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24170/16/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081124650017.jpg

 

Jeg lurer på om dette er dødsfallet til Nils Larsen i 1793 - han døde 52 1/2 år gammel, fødselåret er angitt til 1741: http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000769543

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

En Anne Larsdatter ble også gift i Gulen i 1760 med Gregorius Jansen:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N71B-W86

 

I selve kirkeboka ser det ut som Anne kom fra/bodde på Kraakevog:

 

Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 12 (1749-1776), Kronologisk liste 1760, side 94. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11443&idx_id=11443&uid=ny&idx_side=-95
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228330224.jpg

 

Her er skiftet etter Gregorius. Det ser ut som han rakk å få en datter før han døde:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 8a , 1763-1766, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 1-384.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24165/243/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081124630582.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Grethe for nye spennande innlegg!

 

Eg har vel liti tru på at "vår" Lars Tormodson hadde opphavet sitt frå Sørlandet.  No kjenner me rett nok ikkje i detalj flyttemønstri frå tidleg 1700-tal, men til tross for at den store nordiske krig godt kan ha ført til diverse flytting, er vel Oddernes og Luster litt vel langt frå kvarandre.

 

Derimot meiner eg at eg har finne eit spor etter Lars Tormodson i Egil Øvrebø "I kongens teneste" frå 1996 med opplysningar om alle soldatar frå Bergenhus som tok del i svenskekrigen 1709-1719.  Her nemner han under "Nye Lysterske Kompani" utskrive i 1719 ein:

 

Lars Tormoesen Søfde

 

Lars kom heimatt med kompaniet 30.9.1719.  Namnet Tormod er heilt ukjent i Luster på den tidi, og ikkje finn me det heller andre stader i Sogn, om me skal tru FT1701, men me har i innlegg #3 av Knut Bryn lese om Ole Tormodson sagemeister på Aspvikstrondi i Lærdal/Årdal, som må vera fødd kring 1690, og dessutan ei Kari Tormodsdotter som gifte seg i Lærdal i 1729, truleg fødd kring 1700(?).  Dersom Lars vart utkalla som soldat våren 1719, må han ha vore fødd noko før 1700, kan henda kring 1695?  Men han må liksom Ole Tormodson vera innflytt til bygdi i ung alder!

 

Men kvar kan desse Tormodssønene vera komne ifrå?  Eg finn ingen som høver i vestlandsfylki Sogn og Fjordane, Hordaland, Bergen eller Rogaland!

 

Når det gjeld lagnadane til Lars Tormodson og kona Kari og ikkje minst for borni deira, er vel namni til dei yngre borni noko for "vanlege", kan henda med unntak av Torbjørn, til å kunna seia noko sikkert om at det er dei me har finne.  MEN, det finst bygdebøker for Gulen, Solund og Brekke.  Og spørsmålet vert då:

 

* Kva har bygdebokforfattarane å seia om Torbjørn, Nils og Anna?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Grethe for nye spennande innlegg!

 

Eg har vel liti tru på at "vår" Lars Tormodson hadde opphavet sitt frå Sørlandet. No kjenner me rett nok ikkje i detalj flyttemønstri frå tidleg 1700-tal, men til tross for at den store nordiske krig godt kan ha ført til diverse flytting, er vel Oddernes og Luster litt vel langt frå kvarandre.

 

Derimot meiner eg at eg har finne eit spor etter Lars Tormodson i Egil Øvrebø "I kongens teneste" frå 1996 med opplysningar om alle soldatar frå Bergenhus som tok del i svenskekrigen 1709-1719. Her nemner han under "Nye Lysterske Kompani" utskrive i 1719 ein:

 

Lars Tormoesen Søfde

 

Lars kom heimatt med kompaniet 30.9.1719. Namnet Tormod er heilt ukjent i Luster på den tidi, og ikkje finn me det heller andre stader i Sogn, om me skal tru FT1701, men me har i innlegg #3 av Knut Bryn lese om Ole Tormodson sagemeister på Aspvikstrondi i Lærdal/Årdal, som må vera fødd kring 1690, og dessutan ei Kari Tormodsdotter som gifte seg i Lærdal i 1729, truleg fødd kring 1700(?). Dersom Lars vart utkalla som soldat våren 1719, må han ha vore fødd noko før 1700, kan henda kring 1695? Men han må liksom Ole Tormodson vera innflytt til bygdi i ung alder!

 

Men kvar kan desse Tormodssønene vera komne ifrå? Eg finn ingen som høver i

vestlandsfylki Sogn og Fjordane, Hordaland, Bergen eller Rogaland!

 

Når det gjeld lagnadane til Lars Tormodson og kona Kari og ikkje minst for borni deira, er vel namni til dei yngre borni noko for "vanlege", kan henda med unntak av Torbjørn, til å kunna seia noko sikkert om at det er dei me har finne. MEN, det finst bygdebøker for Gulen, Solund og Brekke. Og spørsmålet vert då:

 

* Kva har bygdebokforfattarane å seia om Torbjørn, Nils og Anna?

- Søfde, ja. Då trur eg at du skal venda nasa nordetter til Søre Sunnmøre, Lars. Eg tenkjer då på den tidlegare kommunen Syvde (Søvde) som i dag er del av Vanylven kommune. Eg legg inn ei lenke til Ivar S. Ertesvåg si grundige opplisting av bygdebøker på Sunnmøre:

 

http://folk.ntnu.no/ivarse/bygdebok.html

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for nytt innlegg!

 

Eg ser ikkje bort ifrå at Tormodssøskeni kan ha opphavi deira på Sunnmøre, men flytting frå Sunnmøre til indre Sogn var svært uvanleg på den tidi.  Eg gløymde dessutan å seia i føregåande innlegg at Søfde er ei "fordansking" av gardsnamnet Søvde i Luster, so eg trur ikke desse søskeni trødde barneskoi deira på Sunnmøre...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Eg får treff på Søfde både i Luster og i Vik.

 

Det hadde du oversikt over sjølvsagt.

 

mvh Egil

Endret av Egil Russøy - Førde

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg fått sjekka bygdeboki for Solund, og under Kråkevåg i band II på sde 264/265 står det om ein Lars Olson med kona Anna Johannesdotter som har mange born, mellom anna dotteri Anna Larsdotter fødd 1733 som i 1760 gifte seg med Gregorius Johnson.  Dei er ikkje nemnde under Husøy i Solund, men det gjer ikkje noko, so lenge me no kan "avskriva" Anna som dotter av Lars Tormodson og Kari Nilsdotter!

 

Eg har elles leitt fram gravferdi etter Torbjørn Larsson Yst-Takle, 24.7.1785, men diverre er ingen alder oppgjeven (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11445&idx_id=11445&uid=ny&idx_side=-50)!  Eg har diverre ikkje noko tingjenge til Brekke-boki, so eg er framleis svært spent på kva det står der om Torbjørn på Takle!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg ser det bor en Ole Torbjørnsen, skattebonde, på Takle i 1801. Hans oppgitte alder er angitt til 48 år fødselsår (beregnet) 1753:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058391004275

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Eivindvik prestegjeld, Statlig folketelling 45 (RA/EA-4070/J/Jd/L0045), 1801-1801, oppb: Riksarkivet.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/58391/61/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-ft20090806330323.jpg

 

Kan det være feil alder i f.t. 1801 på Ole? 

 

Ole og Sigrid giftet seg i 1784:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000616107

 

Johanna, 1784

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007113224

 

Torbjørn, 1786

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHJ8-C4R

 

Martha, 1788

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007114457

 

Iver, 1790

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007116935

 

Gjertrud, 1793

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007121175

 

Anne, 1796

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007125251

 

Torbjørn, 1800

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000006749827

 

Når jeg ser på dødsfallene/begravde i Gulen i 1779-1788, ser jeg følgende:

 

Lars Torbjørnsen, dreng, Yst-Takle, 1785:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000006749827

 

Martha Torbjørnsdatter, pige, Yst-Takle, 1785

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000768598

 

Lars og Martha ses som nr. 505 og 506

Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 14 (1779-1788), Døde og begravede 1785-1787, side 320-321. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11445&idx_id=11445&uid=ny&idx_side=-51
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228330523.jpg

 

Torbjørn Larsen, 1785 - Yst-Takle - se nr. 480:

Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 14 (1779-1788), Døde og begravede 1785, side 318-319. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11445&idx_id=11445&uid=ny&idx_side=-50
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228330522.jpg

 

Var da Ole Torbjørnsen den eneste av barna som levde igjen etter Torbjørn Larsen på Yst-Takle? Dette gir jo ingen svar på hvor Torbjørn Larsen kom fra, og jeg har ikke bygdeboka for Brekke tilgjengelig. Det var vel Ole, Martha og Lars som var nevnt i skiftet i 1785. Men Lars og Martha ble gravlagt helt på slutten av året 1785. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Dersom Torbjørn Larsson på Takle var son av Lars Tormodson og Kari Nilsdotter, kan me kanskje ogso finna dei andre søskeni der ute?

 

Eg ser ein god "kandidat" for broren Nils:

 

* Nils Larsson Røe gifte seg i Gulen 9.7.1769 med Magdeli Sjursdotter Birknes (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11443&idx_id=11443&uid=ny&idx_side=-135) (sjå venstre side heilt nedst).

 

Men, for å seia som Grethe Flood brukar gjera:  "Dette er vel eit skot i blinde..."

 

I eitt av dei andre innleggi vart alderen til Nils Larsson på Byrknes i Gulen sett til 1741, og ser me på fødde i Gulen for 1741, finn me ein Nils Larsson Røed som døypt 31.1.1741 av foreldri Nils Røed og kona Gjøa (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11442&idx_id=11442&uid=ny&idx_side=-27).  Røed var namnet Nils Larsson hadde. då han gifte seg, og me veit at han fekk ei dotter Gjøa, so eg trur me har finne prov for at Nils Larsson på Byrknes IKKJE kan vera son av Lars Tormodson og Kari Sjursdotter!

 

Då står det berre att å sjekka ut Torbjørn Larsson på Ytre-Takle i Brekke.  Eg vil leggja dette spørsmålet ut som eige tema for å fanga merksemdi til nokon som sit med Brekke-boki...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ser eg har gløymt å takka Grethe for den fine oversikten (innlegg #16) over huslyden til Torbørn Larsson på Yst-Takle i Brekke!  Ole Torbjørnson ser ut til å vera det einaste av b orni etter Torbjørn som vart gift og førte ætti vidare.

 

MEN, det store spørsmålet er framleis:  Var denne Torbjørn Lasrsson son av Lars Tormodson og Kari Nilsdotter?

 

Sjå elles emnet som går på bygdebokoppslag frå Brekke: http://forum.arkivverket.no/topic/194064-bygdebokoppslag-brekke-i-sogn-garden-takle/

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Heilt tilfeldig har eg blatt lite vetta i databasane for Sogn, og eg har oppdaga ein par personar som godt kan vera søsken av Lars Tormodson:

 

* Ingeborg Tormodsdotter, gravlagd i Stedje sokn, Sogndal 1.1.1708, 4 år og 3 månader gamal

 

* Kari Tormodsdotter, døydde i Tønjum sokn, Lærdal 21.1.1764, 59 år gamal.  Dette må veraho som Knut Bryn referer i innlegg #3 ovanfor!

 

Ingen Tormodsborn er døypte i Sogndal mellom 1690 og 1712, men ein eller annan stad i dette området MÅ det ha butt ein Tormod på denne tidi som altso har hatt minst fire born.  I tillegg til Ingeborg og Kari hadde han ogso sønene Ole og Lars.

 

Dødsregisteri for Sogn syner òg denne:

 

* Anna Tormodsdotter Bjordal, gravlagd i Kyrkjebø 25.12.1809, 92 år gamal, men om ho høyrer til denne huslyden, kan vera meir tvilsamt..., eller?  I 1801 er ho enkje busett på Fesund i Kyrkjebø sokn i Vik, 78 år gamal.

 

Vigselsregisteri for Sogn syner:

 

* Anna Tormodsdotter Gjerde gifte seg i Vik 25.7.1745 med Berrie(!) Iverson Osland

 

* Martha Thomasdotter Dalen gifte seg i Leikanger 25.11.1740 med Peder Hermundson Lien

 

Kanskje høyrer ogso Martha og Anna til same søskenflokken?

 

Merkeleg kor godt denne Tormod gøymer seg!!!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i kveltd blatt litt i Ætteboki for Kyrkjebø, og uynder garden Bjordal finn eg mellom anna:

 

Tormod Aamundson Gjerde frå Voss (1689-1768), sersjant, busett på Bjordal.  Kona er ukjend, men ei dotter er nemnd:

 

* Anna Tormodsdotter (1723-1809), gift med Berge Iverson på Bjordal, frå Osland (1715-1763), hadde ni born fødde mellom 1745 og 1761.

 

Om denne sersjanten ogso var far til Martha, er eg ikkje so sikker på, men sikkert er det han ikkje kan vera far til dei fire søskeni i indre Sogn (Ole, Lars, Ingeborg og Kari)!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som sist vart drøfta i januar og som etter kvart synest vera gått i "gløymeboki".

 

Eg har diverre ikkje noko nytt å by på i høve innleggi frå januar, men eg vil gjerne fpå leggja fram eit oppdatert manuskript skrive på basis av den kunnskapen me i dag sit me:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Tormodson Solvorn, av ukjent opphav, men truleg ein bror av sagemeister Ole Tormodson på Aspvikstrondi i Lærdal, var f. kring 1695, men kom i ung alder til Luster og tenestegjorde i Lystersje kompani i den store nordiske krigen i 1719.  Han gifte seg i Luster 21.10.1731 med Kari Nilsdotter frå Tandla under Tandla i Luster, f. i Luster kring 1708.  Lars og Kari tok først over styringi av heimeplassen hennar på Tandla under Tandla, men flytte kring 1737 til indre Hafslo og kring 1742 vidare til ein plass i Solvornstrondi under Sjøtun.  Her vart dei buande som strandsitjarar fram til kring 1750.

Lars Tormodson og kona Kari ser ut til å vera farne frå bygdi kring 1750, men me har førebels ikkje vore i stand til å finna ut noko meir om lagnadane deira. 

 

¤¤¤¤¤ (flytte herifrå – truleg utover Sognefjorden??)

 

     Men me kjenner til fem born etter Lars og Kari:

 1. Torbjørn Larsson, døypt i Hafslo 27.7.1732,

Torbjørn Larsson er truleg identisk med den Torbjørn Larsson som 28.7.1756 gifte seg i Brekke, Gulen med Gjertrud Olsdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – budde 1756 på Takle midtre i Brekke – bygdeboki seier ho var frå Lervig i Bø – Hyllestad?).

 

Ho var dotter av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hennar? – Ole og Martha?)

 

og vart døypt

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dåpen hennar? – 68 år i 1801 – 74 år i 1815 – truleg f. kring 1733!? – kan ho vera frå Lervig i Bø sokn (Hyllestad)?)

 

Torbjørn fekk hjå enkjefru Knagenhielm på Kaupanger i 1756 bygsel på eit bruk på Takle yste i Brekke, Gulen og budde der levetidi ut.  Han vart gravlagd frå Takle yste 24.7.1785, medan Gjertrud vart gravlagd frå Takle yste 23.3.1815.  Dei fekk fem born i lag:

a. Lars Torbjørnson, døypt i Brekke 3.9.1756, vart gravlagd som Kari Torbjørnsdtter i Brekke 26.9.1756.

b. Ole Torbjørnson, døypt i Brekke 5.3.1758, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Ole vart trulova i Brekke (vigselsdato manglar) 1.6.1784 med Siri Johannesdotter frå eitt av dei andre bruki på Takle yste i Brekke, døypt i Brekke

 

     ¤¤¤¤¤ (dåpsdatoen hennar? – 1759?)

 

     Ho d. som kårenkje på Takle yste 18.1.1834.  Ole og Siri tok over som gardbrukarar på heimebruket hennar på Takle yste og fekk sju born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka dette?)

 

c. Lars Torbjørnson, døypt i Brekke 7.10.1760, vart gravlagd frå Takle yste 30.12.1785, ugift.

d. Martha Torbjørnsdotter, døypt i Brekke 10.6.1764, vart gravlagd frå Takle yste 30.12.1785, likeins ugift.

e. Nils Torbjørnson, døypt i Brekke 14.7.1769, vart gravlagd i Brekke 30.11.1771.

 2. Peder Larsson, døypt i Luster 11.6.1735

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnad? – fadder Takle i Brekke 1756 – ”Inst-Takle”?)

 

 3. Anna Larsdotter, døypt i Hafslo 28.1.1738

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnad?)

 

 4. Nils Larsson, døypt i Hafslo 6.1.1740

 

     ¤¤¤¤¤ (truleg d. før 1746)

 

 5. Nils Larsson, døypt i Hafslo 1.5.1746

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnad?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg veit dette er ein skikkeleg utfordrande huslyd.  Ein eller annan stad må dei jo vera komne, men so var det dette med å leita på "rette" staden...

 

Kanskje opphavet til Gjertrud Olsdotter er mogeleg å finna?  Kan bygdeboki for Hyllestad hjelpa oss på veg?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Svein O. Tislevoll

Her er det som eg finn i bygdebok, bind 2 (av Inger Kellmer og Finn Borgen Førsund), på garden Leirvik: Husmannsfamiliar: Plassfolk på uviss buplass i Leirvik.

1. Jon Bårdson, d.1741 i Leirvik. Gift med Gjertrud Olsdotter. Barn: 1. Anders, n. som soldat i 1741.

Gjertrud Olsdtr. gift 2. med "Spele- Jon", plassmann i Leirvik. Barn: Bottolf, f.1753.

 

Så er det nemnd: Ole Hansson, plassmann i Leirvik, d.1746 Gift 2(?) med Kari Lassedotter. Barn av første(?) ekteskapet:1.Lars, f.ikr.1722, soldat i 1746,2.Hans, f. ikr.1726. Barn av andre ekteskapet: 3.Gjertrud f.1744.

 

Under bruk nr.1 er dette nemnd: Ivar Ingebrigtson, gbr.kr.1695-1704, f. ikr.1652, d.1704 i Leirvik. Kona ukjend. Barn:1.Ingebrigt, f.ikr.1695, 2. Ole f. kr.1697 (står ikkje kor han vart av, eller om han hadde born), 3.Gjertrud, gift 1731 med Gunnar Jakobsen Dørhella.

 

Så står det om Johannes Jakobsen, gbr.1704-21, f.ikr.1648, d.1721 i Leirvik. Gift 1. med Siri Knutsdotter, f. ikr.1645, d.1713. Gift 2. i 1714 med Gunnhild Johannesdotter Foss, d.1741. Barn av første ekteskapet: 1.Ole, n.i 1714 (står ikkje kor han vart av, eller om han hadde born),2. Siri, skrifta 1721 for legermål med soldat Ole Klausson Handalen, dei vart gifte (har ikkje funne dei igjen).

 

Så står det om Ole Mikalson, gbr.1722-44, f. ikr.1697 på Indre Hjelmeland, d.1749 på Ytre Løland. Gift 1. 1722 med Gunnhild Johannesdtr. Leirvik, gift 2. med Magdalene Nilsdtr. Nesje, f.1725, d.1742, gift 3. 1742 med Ragnhild Pedersdtr. Brensdalen. Barn av tredje ekteskapet: 1. Mikal f. ikr.1743, 2. Magdeli f. ikr.1746 (er ikkje nemnd noko om barn frå første og andre ekteskapet).

 

Er ingen Gjertrud Olsdotter, fødd rundt 1733 som er nemnd på garden Leirvik.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

b. Ole Torbjørnson, døypt i Brekke 5.3.1758, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Ole vart trulova i Brekke (vigselsdato manglar) 1.6.1784 med Siri Johannesdotter frå eitt av dei andre bruki på Takle yste i Brekke, døypt i Brekke

 

     ¤¤¤¤¤ (dåpsdatoen hennar? – 1759?)

 

     Ho d. som kårenkje på Takle yste 18.1.1834.  Ole og Siri tok over som gardbrukarar på heimebruket hennar på Takle yste og fekk sju born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka dette?)

 

Johanna 1784 - blant fadderne er Martha Torbjørnsdatter og Iver Johannesen

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000009680361

 

Torbjørn, 1786 - blant fadderne er en Joen Johannesen

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000009681610

Død 1792: http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000769280

 

Martha, 1788 - blant fadderne er Joen Johannesen og Orlog Johannesdatter:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007114458

 

Iver, 1790:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007116729

 

Giertrud, 1793

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007121176

 

Anne, 1796

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007125252

 

Torbiørn, 1800

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000006749828

 

Familien i 1801: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058391004275

 

I tillegg ser jeg at Ole Torbjørnsen blant annet er dåpsvitne i 1789 da Joen Johannesen og Haldis Olsdatter har datteren Brite til dåpen: http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007116115.

 

De samme tre personene, Ole, Joen og Haldis er også faddere i 1790:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007116729

 

Ole er også dåpsvitne i 1790, når Hans Johannesen og kona Orlog Johannesdatter døper sønnen Nils:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007118755

 

 

 


Her er skifte etter Marthe Torbjørnsdatter, d. 1785:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 10a , 1783-1786, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 1-357.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24168/288/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081125610291.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Hei igjen!

 

Se på dette skiftet etter Johannes Herlofsen. Her står det at enken er Anna Iversdatter. Eldste sønn, Iver, er 19 år og Torbjørn Larsen er "qurator"(?). Så står det at eldste datter Sigri Johannesdatter er gift med Ole Torbjørnsen Ytre Takle. 

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 10a , 1783-1786, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 1-357.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24168/6/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081125610008.jpg

 

 


Og her er skifte etter Anne Iversdatter:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 12 , 1800-1805, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24172/160/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081125620161.jpg

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Svein og Grethe for nye interessante innlegg!

 

Då finst det altso ingen gode "kandidatar" for Gjertrud Olsdotter på Leirvik i Bø sokn, Hyllestad, so truleg lyt me søka etter Gjertrud ein annan stad!  Utifrå oppkallingane skulle ein tru at foreldri hennar heitte Ole og Martha, men so mange av kyrkjebøkene for distriktet er altfor ufullstendege for den perioden då Gjertrud var fødd, so det kan verta skikkeleg vanskeleg å finna opphavet hennar, med mindre det kjem fram andre opplysningar i bygdeboki under Takle (Midt-Takle) der Gjertrud budde ved vigsli i 1756...

 

So kjem Grethe inn på spørsmåli kring Ole Torbjørnson og kona Siri Johannesdotter.  Siri var dotter av Johannes Herlovson og Anna Iversdotter, gardbrukarar på Takle ytre i Brekke sokn.  Dei gifte seg i Gulen 8.7.1758 og fekk ifølgje FamilySearch følgjande born (dvs: det einaste som står i kyrkjeboki er "far Johannes Yttretakle"!!):

 

* Anna, døypt Ytretakle 8.12.1758

 

* Bertha, døypt Ytretakle 7.3.1760

 

* Peder, døypt Ytretakle 13.5.1760

 

* Mons, døypt Ytretakle 6.8.1761

 

* Iver, døypt Ytretakle 8.4.1764

 

* Lisbeth, døypt Ytretakle 2.3.1768, gravlagd 30.11.1771

 

* Lisbeth, døypt Ytretakle 20.5.1777

 

Ser ein på denne barneflokken og samanheld med skiftet som du Grethe fann etter Johannes Herlovson, so manglar Siri og Anders, men her er fleire born som tydeleg IKKJE høyrer heime i denne huslyden!  Dei fire første er fødde svært so "tett", medan fødselsåret til Siri er sett til "kring 1759"!  Kanskje finst det born som manglar i basen til FamilySearch?  Eg meiner eg har vore borti nettopp det problemet ein gong før!!  Kanskje dåpen til Siri likevel er innført i kyrkjeboki?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.