Gå til innhold
Arkivverket

Johan Wilhelm Didrik Barclay (1791-1846) - forlikskommisær i Hafslo - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg strever med å finna ut av huslyden til forlikskommisær Johan Wilhelm Didrik Barclay som kom til Hafslo frå Bergen kring 1818 og som her gifte seg inn i Tobiesen-familien. Eg har finne mykje, men det mangar og ein heil del, og no vonar eg at kanskje nokon sit med nokre av desse opplysningane og kan hjelpa meg vidare?

 

Her er kva eg veit, og ikkje veit, so langt:

 

~~~~~~~~~~

 

Johan Wilhelm Didrik Lorentzon Barclay, frå Bergen, var son av gesell Lorentz de Ferry Johanson Barclay i Bergen og kona Gjertrud Margrethe Hedvig Johansdotter Dønselmann, òg frå Bergen, og f. i Bergen 10.4.1791. Han d. på Sjøtun 17.6.1846. Han gifte seg i Hafslo 29.6.1820 med Ingeborg Marie Mogensdotter Tobiesen frå Urnes. Ho var f. kring 1791.

 

¤¤¤¤¤ (kvar kan ho vera fødd?)

 

Johan kom til Hafslo kring 1818 som kontorbetjent ved sorenskrivarkontoret, men var frå 1823 forlikskommisær i Hafslo. Parfolket budde først på Urnes, men flytte kring 1830 inn på Hjelmhaug og budde her so lenge Johan levde. Ingeborg Barclay flytte som enkje til Bergen der ho d. 24.3.1856. Dei fekk sju born i lag:

 

1. Lorentz Mogens de Ferry Johanson Barclay, f. 28.8.1820,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

2. Mogens Tobiessen Hanstoffer Johanson Barclay, f. 24.1.1822, flytte i ung alder til Bergen der han 20.2.1852 gifte seg med Anna Rasmine Johansdotter Bruland frå Bergen. Ho var dotter av reipslagarmeister Johan Olson Bruland i Bergen, opphavleg frå

 

¤¤¤¤¤ (fødd Sunnfjord kring 1777)

 

og andre kona Ida Sophie Christiansdotter Jæger frå Bergen og f. i Bergen 2.1.1828. Mogens Barclay var i mange år kjøpmann, men var sidan pedel ved teikneskulen, eigedomsforvaltar og kontormann. Han og Anna budde i Bergen levetidi ut. Mogens d. i Bergen 25.8.1907, medan Anna Barclay d. same staden 13.1.1917. Dei fekk tre born i lag:

 

a. Johan Wilhelm Mogensson Barclay, f. i Bergen 19.2.1853, d. i Bergen 6.2.1857.

 

b. Ida Sophie Mogensdotter Barclay, f. i Bergen 6.10.1854,

 

¤¤¤¤¤ (ugift lærar – n. 1917 - lagnad?)

 

c. Marie Wilhelmine Mogensdotter Barclay, f. i Bergen 4.12.1855,

 

¤¤¤¤¤ (ugift musikklærar – n. 1917 - lagnad?)

 

3. Anna Sophie Randulf Johansdotter Barclay, f. 8.4.1823, flytte i ung alder til Bergen der ho 11.8.1850 gifte seg med søskenbarnet Mogens Tobias Danielson Martens frå Bergen, son av prokuratordotteri Thomasine Georgine Krogh Mogensdotter Tobiesen frå Urnes (1785-1865). Mogens var f. i Bergen 30.9.1815. Mogens var ei tid bakarmeister, men var fr[ 1858 inspektør ved arbeidsanstalten i Bergen. Mogens d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1885/før 1895! – ikkje i Bergen!)

 

medan Anna Martens d. som enkje i Bergen 22.8.1895. Dei fekk elleve born i lag:

 

a. Sophie Amalie Mogensdotter Martens, f. i Bergen

 

¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hennar? – 1851?)

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

b. Ingeborg Marie Mogensdotter Martens, f. i Bergen 12.8.1852, d. i Bergen 12.8.1852, ein time gamal.

 

c. Daniel Wilhelm Mogensson Martens, f. i Bergen 5.11.1853,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

d. Wilhelm August Mogensson Martens, f i Bergen 10.8.1855,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

e. Johan Wilhelm Storjohann Mogensson Martens, f. i Bergen 14.6.1857,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

f. Cathrine Lucie Mogensdotter Martens, f. i Bergen 15.10.1858, d. i Bergen 1.2.1859.

 

g. Lucie Modesta, kjend som Modesta Mogensdotter Martens, f. i Bergen 31.10.1859,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

h. Carl Julius Mogensson Martens, f. i Bergen 29.5.1861, d. i Bergen 19.9.1861.

 

i. Theodor Eugen Mogensson Martens, f. i Bergen 30.8.1862,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – d. før 1865)

 

j. Henriette Wilhelmine Mogensdotter Martens, f. i Bergen 20.5.1865,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

k. Claudia Mogensdotter Martens, f. i Bergen 16.1.1868,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

4. Gjertrud Marie Hedvig Johansdotter Barclay (1825-1912), vart gift første gongen med bakar Johan Hansson Krøpelin her på Hjelmhaug (1816-1877) (sjå nedanfor).

Gjertrud flytte kring 1854 til Haus der ho vart attgift med enkjemann og fargarmeister Henrik Carl Christian Johanson Goebel (1822-1895) (sjå òg nedanfor).

 

5. Karen Sophie Johansdotter Barclay, f. 26.5.1827,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

6. Johan Wilhelm Storjohann Johanson Barclay, f. 28.9.1829,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

7. Carl Johanson Barclay, f. 10.6.1832, flytte i ung alder til Bergen der han livnærte seg som fotograf. Han d. ugift i Bergen 16.11.1865.

 

~~~~~~~~~~

 

Johan Hansson Krøpelin, frå Bergen, var son av kjøpmann Hans Krohn Johanson Krøpelin i Bergen og kona Anna Petersdotter Lexau, òg frå Bergen, og f. i Bergen 28.7.1816. Han gifte seg i Hafslo 20.7.1842 med Gjertrud Margrethe Hedvig Johansdotter Barclay, dotter av føregåande brukar og herifrå plassen. Ho var f. 30.5.1825. Johan Krøpelin kom som bakarmeister til Solvorn i 1842 og fekk 23.11.1842 ta over festeretten til Haldøsjehaugen. Johan og Gjertrud vart buande her fram til kring 1854. Johan Krøpelin vart sjuk og sidan umyndiggjort. Han vart bortsett på Midlang i Vik der han d. 27.7.1877. Gjertrud flytte kring 1854 til ytre Arna i Haus der ho 28.12.1877 gifte seg att med enkjemannen Henrik Carl Christian Johanson Goebel, opphavleg frå Rendsburg, Schleswig-Holstein i Tyskland. Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (Johan Jacob Goebel)

 

og f. i Rendsburg

 

¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hans?)

 

1822. Henrik var fargarmeister på ullvarefabrikken på ytre Arna i Haus der han d. 8.10.1895. Gjertrud Goebel d. same staden 23.5.1912. Johan og Anna Krøpelin fekk to born i lag:

 

1. Anna Caroline Lexau Johansdotter Krøpelin, f. 31.3.1843, flytte med mor si til ytre Arna i Haus, men levde siste åri i Bergen der ho d. ugift 22.7.1916.

 

2. Hans Krohn Johanson Krøpelin (1845-1850).

 

~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Linda og Carsten for mange flotte innlegg! Eg er imponert over innsatsen som har komplettert so å seia heile huslyden. Berre få spørsmål står framleis opne. Her er ein oppdatert versjon:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johan Wilhelm Didrik Lorentzon Barclay, frå Bergen, var son av gesell Lorentz de Ferry Johanson Barclay i Bergen og kona Gjertrud Margrethe Hedvig Johansdotter Dønselmann, òg frå Bergen, og f. i Bergen 10.4.1791. Han d. på Sjøtun 17.6.1846. Han gifte seg i Hafslo 29.6.1820 med Ingeborg Marie Mogensdotter Tobiesen frå Tobiesenstova under Urnes. Ho var f. på Kongsberg 24.8.1791. Johan kom til Hafslo kring 1818 som kontorbetjent ved sorenskrivarkontoret, men var frå 1823 forlikskommisær i Hafslo. Parfolket budde visstnok først i Tobiesenstova under Urnes, men flytte kring 1830 inn på Hjelmhaug og budde her so lenge Johan levde. Ingeborg Barclay flytte som enkje til Bergen der ho d. 24.3.1856. Dei fekk sju born i lag:

 

1. Lorentz Mogens de Ferry Johanson Barclay, f. 28.8.1820,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

2. Mogens Tobiessen Hanstoffer Johanson Barclay, f. 24.1.1822, flytte i ung alder til Bergen der han 20.2.1852 gifte seg med Anna Rasmine Johansdotter Bruland frå Bergen. Ho var dotter av reipslagarmeister Johan Olson Bruland i Bergen, opphavleg frå

 

¤¤¤¤¤ (fødd Sunnfjord kring 1777 – kvar i Sunnfjord?)

 

og andre kona Ida Sophie Christiansdotter Jæger frå Bergen og f. i Bergen 2.1.1828. Mogens Barclay var i mange år kjøpmann, men var sidan pedel ved teikneskulen, eigedomsforvaltar og kontormann. Han og Anna budde i Bergen levetidi ut. Mogens d. i Bergen 25.8.1907, medan Anna Barclay d. same staden 13.1.1917. Dei fekk tre born i lag:

 

a. Johan Wilhelm Mogensson Barclay, f. i Bergen 19.2.1853, d. i Bergen 6.2.1857.

 

b. Ida Sophie Mogensdotter Barclay de Tolly, f. i Bergen 6.10.1854, d. i Bergen 24.10.1941. Ida var ei tid lærar, men vart sidan husstyrar. Ho budde i Bergen, men var ugift.

 

c. Marie Wilhelmine Mogensdotter Barclay de Tolly, f. i Bergen 4.12.1855, d. i Bergen 16.8.1941. Marie var musikklærar og budde òg i Bergen levetidi ut, likeins ugift.

 

3. Anna Sophie Randulf Johansdotter Barclay, f. 8.4.1823,

Anna flytte i ung alder til Bergen der ho 11.8.1850 gifte seg med søskenbarnet Mogens Tobias Danielson Martens frå Bergen, son av prokuratordotteri Thomasine Georgine Krogh Mogensdotter Tobiesen frå Tobiesenstova under Urnes (1785-1865). Mogens var f. i Bergen 30.9.1815. Mogens var i mange år bakarmeister i Bergen, men var frå 1858 inspektør ved arbeidsanstalten same staden. Han d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1885/før 1895! – ikkje i Bergen!)

 

medan Anna Martens d. som enkje i Bergen 22.8.1895. Dei fekk elleve born i lag:

 

a. Georgine Sophie Amalie, kjend som Sophie Mogensdotter Martens, f. i Bergen 28.5.1851, d. på ein pleieheim i Bergen 24.2.1923. Sophie var organist og budde i Bergen, ugift.

 

b. Ingeborg Marie Mogensdotter Martens, f. i Bergen 12.8.1852, d. i Bergen 12.8.1852, ein time gamal.

 

c. Daniel Wilhelm Mogensson Martens, f. i Bergen 5.11.1853, d. i Bergen 15.10.1935. Daniel gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans? – kring 1890? – Christiania?)

 

med Thora Emilie Jørgensdotter Jørgensen frå Christiania, f. i Christiania 27.11.1865. Ho d. i Bergen 12.11.1945. Daniel var i mange år målarmeister, men vart sidan vaktmeister ved fagskulen i Bergen der han og Thora budde levetidi ut. Dei fekk

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – minst ei dotter Elisabeth f. 1892 – n. 1910)

 

d. Wilhelm August Mogensson Martens, f i Bergen 10.8.1855, d. i Bergen 17.1.1901. Han gifte seg i Bergen 5.3.1885 med Hildur Anna Dora Hansdotter Bergendahl frå Bergen, f. i Bergen 21.6.1862. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Wilhelm var underfogd i Bergen der han og Hildur budde levetidi ut. Dei fekk ei dotter i lag.

 

e. Johan Wilhelm Storjohann Mogensson Martens, f. i Bergen 14.6.1857, d. i Bergen 8.2.1934. Han gifte seg i Bergen 11.4.1900 med Anna Johannesdotter Salvesen frå Namsos, f. i Namsos 30.12.1869. Ho d. i Bergen 22.4.1941. Johan var kontorsjef, og han og Anna budde på Minde i Bergen. Dei fekk to døtrer i lag.

 

f. Cathrine Lucie Mogensdotter Martens, f. i Bergen 15.10.1858, d. i Bergen 1.2.1859.

 

g. Lucie Modesta, kjend som Modesta Mogensdotter Martens, f. i Bergen 31.10.1859, d. på eit sjukehus i Bergen 28.5.1925. Modesta var hushaldar og budde i Bergen, ugift.

 

h. Carl Julius Mogensson Martens, f. i Bergen 29.5.1861, d. i Bergen 19.9.1861.

 

i. Theodor Eugen Mogensson Martens, f. i Bergen 30.8.1862, d. i Bergen 12.8.1863.

 

j. Henriette Wilhelmine Mogensdotter Martens, f. i Bergen 20.5.1865, d. på eit sjukehus i Bergen 6.2.1919. Henriette var hushaldar og budde i Bergen, ugift.

 

k. Claudia Mogensdotter Martens, f. i Bergen 16.1.1868, d. kort etter fødsli.

 

4. Gjertrud Marie Hedvig Johansdotter Barclay (1825-1912), vart gift første gongen med bakar Johan Hansson Krøpelin her på Hjelmhaug (1816-1877) (sjå nedanfor).

Gjertrud flytte kring 1854 til Haus der ho vart attgift med enkjemann og fargarmeister Henrik Carl Christian Johanson Goebel (1822-1895) (sjå òg nedanfor).

 

5. Karen Sophie Johansdotter Barclay (1827-1828).

 

6. Johan Wilhelm Storjohann Johanson Barclay, f. 28.9.1829,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

7. Carl Johanson Barclay, f. 10.6.1832, flytte i ung alder til Bergen der han livnærte seg som fotograf. Han d. ugift i Bergen 16.11.1865.

 

~~~~~~~~~~

 

Johan Hansson Krøpelin, frå Bergen, var son av kjøpmann Hans Krohn Johanson Krøpelin i Bergen og kona Anna Petersdotter Lexau, òg frå Bergen, og f. i Bergen 28.7.1816. Han gifte seg i Hafslo 20.7.1842 med Gjertrud Margrethe Hedvig Johansdotter Barclay, dotter av føregåande brukar og herifrå plassen. Ho var f. 30.5.1825. Johan Krøpelin kom som bakarmeister til Solvorn i 1842 og fekk 23.11.1842 ta over festeretten til Haldøsjehaugen. Johan og Gjertrud vart buande her fram til kring 1854. Johan Krøpelin vart sjuk og sidan umyndiggjort. Han vart bortsett på Midlang i Vik der han d. 27.7.1877. Gjertrud flytte kring 1854 til ytre Arna i Haus der ho 28.12.1877 gifte seg att med enkjemannen Henrik Carl Christian Johanson Goebel, opphavleg frå Rendsburg, Schleswig-Holstein i Tyskland. Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (Johan Jacob Goebel)

 

og f. i Rendsburg

 

¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hans?)

 

1822. Henrik var fargarmeister på ullvarefabrikken på ytre Arna i Haus der han d. 8.10.1895. Gjertrud Goebel d. same staden 23.5.1912. Johan og Anna Krøpelin fekk to born i lag:

 

1. Anna Caroline Lexau Johansdotter Krøpelin, f. 31.3.1843, flytte med mor si til ytre Arna i Haus, men levde siste åri i Bergen der ho d. ugift 22.7.1916.

 

2. Hans Krohn Johanson Krøpelin (1845-1850).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein av detaljane som manglar, er dødsdatoen (og staden) til Mogens Martens (1885-1895), og so er desse to svogrene hans då, Lorentz og Johan W.... Kvar kan no dei ha gjort av seg...

 

Eg takkar på ny for kjempeflott innsats!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Iflg. FS ble Daniel og Thora gift 27-4-1886, men det står ikke hvor. Jeg har vært gjennom kib for Oslo uten å finne noe.

 

De hadde også en sønn Thorolf Georg, her sammen med foreldrene i 1900

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=2&filnamn=f01301&gardpostnr=10442&personpostnr=48572&merk=48572#ovre

 

1910

 

http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036615020118/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Karen Sophie døde i Hafslo 1828

 

http://digitalarkive...&merk=2841#ovre

 

Vet ikke om dette er relevant, men jeg søkte informasjon om en annen bergensfamilie med samenfallende navn.

Johan Vilhelm Storjohan og Karen Sofie Tobiesen giftet seg i 1815.

http://digitalarkive...merk=12612#ovre

 

Disse var faddre i Tønnes Eliasens dåp

http://digitalarkive...&merk=7041#ovre

Foreldrene til Tønnes Eliasen, Johannes Torstensen(1763-1832) og Ane Henriche Henriksdatter(1792-1842)

er mine forfedre og derfor undersøker jeg om det kan være noen sleksforbindelse til fadderne.

 

Jeg har ikke letet så mye ennå, men om dere vet om noe slekskap så hadde det vært interresant.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.