Gå til innhold
Arkivverket

Edvin Helgheim


Bente Aaris
 Del

Recommended Posts

Til Edvin Helgheim.

 

Da emnet om henne i din tidl. tråd er låst:

 

http://forum.arkivverket.no/index.php?/topic/102185-16405-didi-heiberg-ein-person-utanom-det-vanlege/

 

tillater jeg meg og opprette en ny for å kunne henvise deg til en tråd i DIS-Danmark

med nye opplysninger vdr. søsteren Kaja's gjenlevende umyndige datter Stefany Augusta Tollefs. som nå er funnet p.gr. av et oldebarn søkte etter henne:

 

http://www.slaegtogdata.dk/forum/index.php/topic,20496.0.html

 

vh

Bente Aaris

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis du ikke har det døde Didi på Ullevål Sykehus hun ble bisatt fra Oslo Domkirke kremert og begr. på Vestre Gravlund:

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3500&idx_id=3500&uid=ny&idx_side=-204

 

http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?id=03&mode=ko

 

Her en omtale av henne i Illustreret Tidende:

 

http://img.kb.dk/iti/31/pdf/iti_31_0409.pdf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Takk for interessant henvisning til link og oppfølging av mitt spørsmål frå veldig lenge sidan.

Her kjem ein lang artikkel eg skreiv om Didrikke i si tid. Då viste eg mindre om hennar søsken enn det eg veit no.

Eg veit ikkje om forumet tillet ein så lang artikkel....

 

 

Didrikke Heiberg – primadonna frå Stardalen

 

”Didrikke Heiberg kom med i den tid da det gjaldt noget. Det gjaldt at stige til høiderne eller gaa tilbunds. For hendes vedkommende blev det begge deler. Hun nådde høiere end de fleste i kraft av sit medfødte anlæg. Men hendes livsforhold blev vanskeligere enn hun magtet. Hun hadde ikke den karakters styrke som trængtes, og blev et viljeløst redskap i omgivelsernes og fristelsernes vold. (..) Ved sin død var hun ribbet for alle illusioner. Det som kunde tapes var tapt.”

 

Det var teaterkritikaren A. Stilloff som slik skildrar eit kunstnarliv, livet til Didi Heiberg (1863-1915). Slik kunne sikkert mange kunstnarliv skildrast på denne tida, men kva har denne historia i ”Jølst” å gjere? Jau: Jentenamnet til Didi var Hansine Didriche Tollefsen, men ho skulle eigenleg ha heitt Veiteberg om faren ikkje hadde skifta namn då han flytta frå Stardalen til Bergen. Hans Tollefson Veiteberg kom frå Tollefstova på Veiteberg. Faren var Tollef Hansson Veitberg (f.1781) og mora, Danhilla Hansdotter Årdal frå Oppetunet i Årdalen. Han hadde fleire søsken, og ei av dei var Olina, som var mor til bestemor mi, Rakel Flatjord, gift med Johannes Nilsson Helgheim. Og det var slik mi interesse vart vekt. Vi som putlar litt med slektsgransking, håpar jo på at det skal dukke opp interessante og kjende folk som vi kan seie oss i slekt med. Og når eg då oppdaga (i ”A.O.Klakegg si sogebok) at ho Rakel var søskenbarnet til ein av dei betydelege teaterpersonane før hundreårsskiftet, primadonna på Den nationale Scene i Bergen og gift med den endå meir kjende teaterpersonen og forfattaren Gunnar Heiberg, vart interessa mi vekt. Eg starta med å leite etter meir stoff om Didi, og dei to søstrene hennar, som gjekk teatervegen – heilt mot alle odds.

 

”Hva er det som gjør at Didi Heiberg stadig holder en fangen, at vi som har fulgt henne, liksom aldri kan slippe henne? Hver gang hennes navn nevnes, hver gang vi minnes hennes særpregede personlighet, ser for oss hennes sorgfulle ansikt, får vi en underlig sår følelse av, at her er store verdier gått tapt og at skjebnens veier er uransakelige. Det er ikke først og fremst en rekke roller vi husker, de sceniske skikkelser hun med sitt rike kunstnersinn har gitt oss – det er mest hennes liv vi fester oss ved – så helt i sin stigen, så dypt i sitt fall.”

 

Denne gongen er det ein annan kjend bergensk teaterkritikar, Christian Sandal, som teiknar eit portrett av Didi sin vekst og sitt fall. Han møtte Didi fleire gonger og melde rollane hennar i ulike Bergensaviser.

 

Kva var det som førde Didrikke Tollefsen til scena alt som 19-åring? Kva var det som gjorde at ho blei primdonna ved bergensteateret alt året etterpå og fekk strålande mottaking for rollane sine, mange av dei største og tyngste kvinnerollene?

 

La oss sitere endå ein bergensk kritikar, Andreas Poulson:

”Hun var eit intuitivt geni, kunstnerisk sett en diamant, som maatte slipes for at faa glans, og som blev slepet og som blev en stjerne – i oppgang og nedgang. Hun eiet alle de opprindelige talents egenskaper, naturlig varm, medfødt intelligens, hensynsløs lidenskap.” Han skreiv òg at ho ”eiet et blik, vi aldrig glemmer”, og ein dansk kritikar skreiv at ho har ”et par Øine saa store og sjælfulde som ingen anden norsk Skuespillerrinde…”

 

Kva gjorde Didi til ei stjerne? Utanom auga var ho ikkje så strålande vakker. Ho hadde sjølvsagt ikkje nokon teaterutdanning, og kva hadde ho med heimanfrå? Faren, Hans Veiteberg, kom altså flyttande frå Stardalen, han måtte som så mange jølstringar før 1900 ut i verda for å finne seg eit levebrød. Han var sjømann og maskinist og fekk seg ein heim i Bergen der han gifte seg med Jacobine Gjertine Nygaard, og dei tok namnet Tollefsen. Sandal skriv at han døydde ganske ung , og Jacobine sat att med 5 døtre, Danhilda, Hansine Didriche, Jacobine Augusta, Karen Dorothea og Gerda Stefany. (Men går vi inn i kyrkjebøkene for Bergen kan vi lese at Hans overlevde Jacobine. Ho døydde i 1897, 64 år gamal. Han døydde på eit fattiganstalt i 1899, 71 år gammal).

 

Mora ”klarte ikkje å holde hjemmet sammen” skriv historikarane, men dei budde i alle høve saman i 1891, då han er nemnt som ”maskinist i vedhuggeri” i folketeljinga. Døtrene måtte i alle fall hjelpe til med å skaffe inntekter. Didi og søstrene gjekk nede på torget, på bryggene om ombord i båtane og selde ferdig strikka undertøy, og ho ferdast sjølvsagt i mange slags miljø. Så fattigsleg var det at ho måtte bruke faren sine sko, om vi skal tru historia, og det blir fortalt at ho aldri kom heim med varer. Ho fekk selt alt, og hadde nok med tanke på sitt skodespelartalent, godt anlegg som seljar!

 

Det var ikkje mykje skulegang. Didi var skarp, ”den flinkaste i klassen”. Men ho var ”skurkaktig” og blei plassert langt bak – sikkert ikkje så lite ulik dei andre jentene. Ho lærde å lese og skrive, og ho likte bibelsoge, det var spennande og ”oppløftende”. Det var stort sett det ho fekk med seg.

 

Men ho var ute etter opplevingar, og som 8-åring fekk ho kjøpt seg ein teaterbillett øvst på galleriet på Bergensteateret, og ho fekk eit glimt inn i teaterverda. Ho hadde nok frå den tid draumen som eit teaterliv i seg. Ein teatermann frå København, Fredrik Adolf Cetti, starta ein teaterskule i Bergen ei kort tid, og då var Didi 14 år. Og ho gjekk til han! ”Han fattet interesse for denne merkelige jentungen”, og han let ho vere med i stund og innstuderte Agnes-rollen i 4.akt i Ibsens ”Brand”. Og 14-åringen var freidig nok til å gå til instruktøren på teateret og ba om å få rollen! Enno ikkje konfirmert var ho nok for ung, men dette fortel noko om kor sterkt oppdrift ho hadde og som seinare førde henne til dei store rollane. Ho hadde ei brennande teaterlyst og forstod sitt eige talent. Ho strevde for å halde livet i seg og støtta familien, mora og småsøstrene, enno i 4 år, før ho 24.september i 1882 endeleg stod på scena som Agnes!

 

”Hennes type var mørk og selsom – skikkelsen slank, ikke over middelshøide, ansiktet tungt og alvorlig, øinene store og uttrykkesfulde, og smilet var skjønt – der lurte litt gråt i munnvikene. Den litt spisse stemme med en svak lespelyd, som hun forresten overvant, bar bud fra et sinn, varmt og sterkt. Hun hadde i seg det røde blod fra gjøglervognen.” (Sandal)

 

Det siste viser til at skribentar meiner ho hadde litt ”taterblod” i årane, frå mora. I ”Den Nationale Scene. De første 25 år”, står det om debuten: ”..den unge dame eiet varme og inderlighet, naturlig følsomhet og evnene til intens hengivelse i rollen. (..) her var strenge som dirret av indre bevegælse”. Det var ikkje teaterskule og instruktør som hadde skapt Didi, teaterkunsten låg henne i blodet.

 

Ho hadde vunne ein utruleg siger, og fekk straks fast tilsetjing ved teateret. Noko meir kunne ho ikkje ha drøymt om. Men meir skulle det bli. Gjennom 4 år hadde ho store, sentrale rollar i nesten alle dei store oppsetningane ved teateret. Ho var primadonna, og ho gjorde si

eit sterkt inntrykk på nye teatersjefen som òg var instruktør: Gunnar Heiberg, vart tilsett året etter Didi, og året etterpå igjen var Didi fru Heiberg. Heiberg såg hennar talent, m.a. som Hedvig i ”Vildanden”: ”Hun er den beste Hedvig jeg har sett, fordi hun var den hjelpeløseste.” Ho levde rollane, og det var i kvinnerollar med samansette, sterke eller tragiske kvinnelagnader ho nådde aller høgst.

 

Ho gjekk frå siger til siger. Arbeidspresset var enormt. På teateret sette dei opp fire- fem nye stykke kvar månad – stykka gjekk gjerne 3-6 kveldar, av og til 10-12 på enkelege suksesstykke. Så det var å øve inn nye stykke på løpande band, på dagtid, medan dei spelte om kvelden. Øvingstida var ofte berre ei eller to veker! Nye stykke måtte dei ha klar fordi det var ein stadig trussel om at inntektene var for låge og det kunne gå månader då dei ikkje fekk utbetalt løn. Teaterpublikum, som jamt over var borgarskapet i Bergen, var ikkje så stort, og berre når teateret slo til med lettbeinte, revyaktige stykke, strøymde gjennomsnittsbergarane til teateret.

 

Brått var Didi fru Heiberg, med i alle slags festlege anledningar, når ho hadde fri frå teateret. Mykje fest, mykje drykk. Dette vart eit heilt nytt samfunnslag. Eit samfunnslag familien hennar ikkje var ein del av. På sjølve brullypsdagen stod den fattigslege familien igjen i Skostredet og vinka når Gunnar Heiberg med si vogn kom og henta Didi til byfogden. Dei hadde ingen plass i bryllupsfeiringa – sjølv ikkje hos ein så radikal og samfunnsstormande person som Heiberg skulle bli – m.a. i si forfattargjerning.

 

”Primadonna frå Stardalen”! God overskrift for å vekke interesse, men heilt dekning for overskrifta har eg vel ikkje. Mykje kan vel tyde på at det var morsslekta som hadde mest å seie for ”teaterblodet” hos Didi og søstrene. Men ho besøkte Stardalen fleire gonger, i lag med faren. .Modig hadde Didi vist seg, men ein gong ho skulle på besøk på Flatjord, så ropte ho til ho Mari på Bakkja: ”Har dere hund på gården, får dere se til å hold den inne”. Ein lærar på Ålhus hadde høyrt om ho var stor skodespelar i Bergen og ville ha henne til Ålhus for å underhalde, men dette ville ho ikkje då ho ikkje hadde bøker med seg. Kva folk og slekta elles tykte om yrket ho hadde valt, veit eg ikkje, og om nokon oppsøkte teateret i Bergen når dei var på bytur, for å sjå henne, så er ikkje det fortalt. Noko stor stjerne i Jølst var ho vel ikkje, og mange fekk nok si tru styrka om hennar lagnad, når dei høyrde at ho etter kvart gjekk til grunne i alkoholen.

 

Kaja, søstra, var òg i Stardalen, truleg i 93 eller 94, like før ho døydde av tuberkolose. Då hadde ho ”spytteflaska” med. Karen Dorothea Tollefsen (1859-94)var eldre enn Didi, men kom òg til teateret i Bergen omtrent samtidig med Didi. Ho fekk ein rolle, men ikkje jobb. Seinare fekk ho fast jobb og veksla mellom skodespelarjobb og suffløse. I folketeljinga for 1891 er ho framleis oppført som ”syjomfru i syetablissement”. Ho vart sjuk, kanskje fordi ho tok seg av og pleia yngstesøstra, ”Bine”. Jacobine Augusta Tollefsen (1870-90) blei berre 20 år og døydde, som søstra, av tuberkolose. Men ho hadde sin debut alt som 18-åring og fekk fast tilsetjing etter at ho òg spelte ”Hedvig” i Vildanden! Men ho fekk ikkje så lang tid til å vise talentet sitt.

 

Det kunne ikkje vere vanleg, heller ikkje den gongen, at tre søstre jobba på teateret, til dels samtidig. Kanskje hadde Didi æra for at i alle fall Bine fekk jobb. Men dette var same året både teatersjef Heiberg og Didi sa opp stillingane sine i protest fordi Heiberg ikkje fekk sette opp stykket ”Kongen” av Bjørnstjerne Bjørnson, eit stykke som det borgarlege styret i teateret syns var for radikalt. Didi hadde fleire gjestepel på teateret etterpå, men no flytta dei vekk frå Bergen og til eit mykje meir usikkert liv i Oslo.

 

Gunnar Heiberg skulle livnære seg som forfattar. Didi skulle spele teater når ho fekk ein rolle. Samtidig kom dei midt inn i det hektiske festlivet som m.a. Kristiania-bohemen stod for, og som Heiberg alt var ein del av, med sitt nære vennskap med Hans Jæger. Didi hadde fleire rollar, men enkelte Oslo-kritikarane var etter henne. Ho var vel helst for rå for fleire av dei. Men ho hadde store sigrar både i Oslo, på gjestespel i Bergen, i Stockholm og København. Ein av sine største sigrar hadde ho i rolla som som Anna Hielm i stykket ”Kong Midas” av Gunnar Heiberg. Gunnar hadde skrive denne rollen for Didi, blei det sagt. Stykket blei m.a. oppfatta som eit angrep på Bjørnstjerne Bjørnson, og det vart derfor ikkje sett opp i Oslo, men i København - og i Stockholm der Didi fekk rolla som Anna Hielm. Ho hadde slik suksess at ho fekk fleire rollar i Stocholm etterpå. Til slutt kom stykket til Oslo, og Dagbladet skreiv at Didi ”gir noget på engang inderlig følt og intelligent hensynsløst, enestående, noe for seg selv.” Didi var på toppen, og så fekk det våge seg at gamle Bjørnson ikkje var større enn at han kome med eit ufint angrep på Didi.

 

Didi var på toppen, men på full fart nedover. Det vart mykje ventetid både for Didi og Gunnar og mykje festing. Gunnar var kjempesterk og tålte alt. ”Didi Heiberg var meget svakere, hun ble helt avhengig av ranglingen og drikken. Hum merket det ikkje før det var sent”, skriv Einar Skavlan i biografien om Heiberg. Didi blei godt mottatt i Gunnar Heibergs familie, og svigermora tok seg av henne og ville hjelpe henne. Ho budde i lengre tid ute på landet og folk skulle sjå til at ho ikkje drakk. Men ho blei meir og meir sosialt utanfor i gjengen til Heiberg og heldt seg i lag med venniner ”av lavere rang” og drakk meir og meir. Ho miste Gunnar Heiberg, som ho hadde beundra og tykte ho skulda alt, og når så også Gunnar blei trekt inn i Oda Kroghs krins av beundrarar og elskarar, blei alt svart for Didi.

 

”Didi. Du spurte meg om Didi. Var hun en bohem, spurte du. Jeg vet bare en ting: hun var en annan manns hustru. Den natten hun kom til meg på Løkken, og Heiberg, skremt som et dyr, prøvde å jage henne bort, da ville jeg komme henne i møte, men hun forstod meg ikke..(..) Hun måtte alltid kjempe. Overklassen var henne fremmed, den hun måtte spille for, den som skulle dyrke henne, fordi det selvsikre språket likevel ikkje var henne, fordi hun hudløs, like hudløs som de kvinneskikkelsene hun ble satt til å fortolke. Å, jeg beundret Didi fra salen den gangen, lenge før Heiberg..(..) –Hvorfor tar du han fra meg, spurte hun.”

 

Orda er lagt i munnen til Oda Krogh i romanen Ketil Bjørnstad har skrive,”Oda”.

 

Det var nok ikkje Oda si skuld at Heiberg forsvant ut av Didi sitt liv. Han orka ikkje meir i 1892, same året som Didi hadde sin siste store rolle i Oslo. Dei to blei skilt først i 96, etter at ho dukka opp mange av dei stadene der han var. Han prøvde å hjelpe henne med pengar (som han ikkje hadde for mykje av) og rollar, men det gjekk berre nedover og ho levde eit armodsleg liv. Med legehjelp blomstra ho til eit gjestepel i Bergen i 1906, i ”Kong Midas”.

 

”Det var undertiden en Magt over hennes Spil som kun Selvoplevelsens bitre Erfaring kan finde Ord for..(..) vi, der fulgte hendes Tolkning, følte Aftenen som en Oplevelse”

 

skreiv Christian Sandal. Trass i at ho viste at teaterkunsten sat djupt i henne, var ho likevel fortapt. Christian Sandal skriv at ”hun trengte beskyttelse som ingen annen og hadde vanskelig for å stå alene.” Og han møtte henne utanfor losjiet henner i Tolbodgaten i Oslo 1914.

 

”Hun sa: Jeg skjønner ikke hvorfor jeg skal leve – alt jeg har av familie er død, mine foreldre, mine søsken. Bare jeg er igjen. Didi Heiberg var så underlig stille som hun stod der den dag. Hun døde året efter, den 5.februar 1915.”

 

Didi var ein slektning eg gjerne skulle kjent betre. Nokon må skrive romanen om henne!

 

Edvin Helgheim

 

PS: To søstrer til var det òg i familien: Danhilda (Danielle Olufine står det i kyrkjeboka, f.1865). Ho vart gift med ein skreddarsvein, Axel Martinius Olsen (f.1863), og dei hadde i alle fall eitt barn, Dedrikke fødd i 1890. I 1891 budde desse to heime hos Hans og Jakobine og blei forsørga av dei. Kor Axel er blitt av, eller om dei hadde meir familie, har eg så langt ikkje funne ut av.Gerda Stefany (f.1868)budde heime i891, og var òg ”syjomfru”. Ho skal ha reist til Amerika. I leksikon står det alle dei tre som kom til teateret, var barnlause, men skal vi tru opplysningane i skifteretten, let Kaja etter seg ei umyndig dotter då ho døydde i 1894. Men denne dotra er ikkje nemnd i folketeljinga i 91 Eg har ikkje fått kontakt med slektningar/etterkommarar av desse trass i etterlysing både på slektsbasar på internett og i eit oppslag i Bergens Tidende. Er det nokon som veit noko om desse, eller om dei andre tre for den del, ville eg vere takksam om de tek kontakt – gjerne på e-post: ed-helg@online.no

 

Kjelder:

Einar Skavlan: ”Gunnar Heiberg” - Oslo 1950

”Christian Sandal og 16 store samtidige scenekunstnere i Bergen” – Bergen 1989

H.Wiers-Jensen og Joh. Nordahl-Olsen: ”Den Nationale Scene. De første 25 år” – Bergen 1926

Asbjørn Aarseth: Den Nationale Scene 1901-31. Oslo 1969

A. Stilloff: Leksikonartikkel om Didi Heiberg

Liv Jensson: Biografisk skuespillerleksikon – 1981

Opplysingar frå Jakob Veiteberg (søskenbarn av Didi) fortalt av døtrene Solveig og Aslaug Veiteberg i samtale med Anny Flatjord i 1998

A.O.Klakegg: Soga om Jølst

Ketil Bjørnstad: ”Oda” Roman 1993

Kyrkjeboks- og folketeljingsopplysningar i Digitalarkivet v.Yngve Nedrebø

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...

Veldig interessant! Har selv masse slekt fra Veiteberg. Får vel finne ut om jeg er i slekt med henne. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Name: Anna Fernanda Olsen Gender: Female Baptism/Christening Date: 17 Mar 1895 Baptism/Christening Place: Bergen, Bergen, Norway Birth Date: 09 Mar 1895 Birth Place: Death Date: Name Note: Race: Father's Name: Axel Martinus Olsen Father's Birthplace: Father's Age: 1863 Mother's Name: Danielle Olufine Tollefsen Mother's Birthplace: Mother's Age: 1865

https://familysearch...M9.1.1/NWNH-YSZ

 

Name: Leif Heiberg Olsen Gender: Male Baptism/Christening Date: 30 Nov 1898 Baptism/Christening Place: Bergen, Bergen, Norway Birth Date: 05 May 1898 Birth Place: Death Date: 1898 Name Note: Race: Father's Name: Aksel Martinus Olsen Father's Birthplace: Father's Age: 1863 Mother's Name: Danilla Olufine Tollefsen Mother's Birthplace: Mother's Age: 1865

https://familysearch...M9.1.1/NWNR-2GQ

 

Gravlagde i Bergen 1881-1911 1412 Leif Heiberg Olsen barn 0505 1898 Bergen Bredstølv. 6 1898 SK

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=22&filnamn=doed1881&gardpostnr=8008&merk=8008#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gravlagde i Bergen 1881-1911

0204 Danna Olsen f. Tollefsen kone 1865 Bergen Geble Pederseng. 28 1900 SK

http://digitalarkive...&merk=8350#ovre

 

Samme dødsfallet: 0204 Danna Olsen f. Tollefsen skrædders hustru 1865 Bergen Geble Pederseng. 28 1900 SP

http://digitalarkive...merk=16505#ovre

 

Kirkeboken.

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Sandviken, Ministerialbok nr. E 1 (1893-1905), Døde og begravede 1900, side 110.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2025&idx_id=2025&uid=ny&idx_side=-110

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050815010316.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.