Gå til innhold
Arkivverket

Claus Otteson (1710) - lærar og stemnevitne i Jostedalen - kvar vart det av huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg ønskjer i dag å henta fram att dette emnet som har lege i over fire år «i dvale», men som det kanskje kan vera tid å gjera noko meir med?

 

Eg har no analysert alle dei tidlegare innleggi, og meiner dette er ein korrekt «status» pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Claus Otteson Elvekrog, opphavleg frå Hellegard, var f. kring 1710 og gifte seg 26.5.1738 med Unni Olsdotter frå Øyen, Myklemyr, visstnok òg f. kring 1710.  Claus Otteson var lærar i Jostedalen, og han og Unni budde først på Øvregard under Jostedal prestegard til dei i 1748 flytte til Elvekrok.  I 1752 bytte dei seg til Vamberg, men alt i 1754 ser dei ut til å vera attendekomne til Elvekrok.  Men Claus, som i mange år var stemnevitne i Jostedalen, vart sagt å vera sjuk og sengjeliggjande alt i 1751.  I 1753 møtte han ikkje på tinget, og Otto Tøgerson vart utnemnd til nytt stemnevitne.  Det kan sjå ut som Claus var sjuk i fleire år, og truleg d. han på Elvekrok kring 1755.

Unni Olsdotter ser som enkje ut til å vera fari frå bygdi kring 1756. 

 

##### (lagnaden hennar? – truleg flytt til Nordfjord!?)

 

Claus og Unni fekk minst fem born i lag, som alle vart døypte her i dalen:

 

##### (kan dei ha hatt fleire born fødde etter 1750?)

 

 1. Otto Clausson, døypt 30.1.1739,

Otto Clausson fór frå bygdi i lag med mor si kring 1756 og

 

 

##### (budde i Stryn i 1757 – lagnaden hans? – kan det vera han som vart gravlagd frå Langved i Haram 12.5.1771, 32 år gamal? - https://media.digitalarkivet.no/view/16019/43

 

 

##### (fekk tvillingar i Stryn med Martha Salvesdotter Sande:

       * Claus Otteson, døypt Innvik 5.3.1757

       * Jacob Otteson, døypt Innvik 5.3.1757)

 

 2. Unni Clausdotter, døypt 26.11.1741,

Unni Clausdotter flytte nok òg frå bygdi med mori kring 1756,

 

##### (lagnaden hennar?)

 

 3. Ole Clausson, døypt 1.11.1744,

Ole Clausson fór frå bygdi i lag med mor si kring 1756,

 

##### (nemnd i skiftet etter Torbjørn 1784 – lagnaden hans? – ein Ole Clausson tente 1801 på Oxenøe i Haram – 63 år – av landlægd! – kan det vera han?)

 

 4. Synneva Clausdotter, døypt 7.5.1747,

Synneva Clausdotter fór likeins frå Jostedalen med mor si kring 1756,

 

##### (lagnaden hennar? – ho er IKKJE identisk med Synneva Clausdotter Glomnes (1738-1774) som 31.5.1767 gifte seg i Stryn med Ellend Olson frå Frøyse i Sunnylven, Norddalen (1738-1812))

 

 5. Torbjørn Clausson, døypt 17.12.1749,

Torbjørn Clausson flytte òg frå bygdi med mori kring 1756 og sidan viare til Haram.  Han gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1778?)

 

med Britha Olsdotter frå Hildre i Haram.  Ho var dotter av husmann Ole Olson på Hildrestrand undre Hildre, opphavleg frå Tryggeset i Hjørundfjorden, og kona Maria Rasmusdotter frå Austnes i Haram og vart døypt i Haram 1.2.1754.  Torbjørn og Britha busette seg som husmannsfolk på Bjørnøy under

 

##### (kva gard?)

 

i Vatne, Borgund, og derifrå vart Torbjørn gravlagd 13.4.1784.  Britha flytte som enkje same året attende til Haram

 

##### (seinare lagnad? – kan henda tente ho 1801 på Aakre i Haram? – 48 år og enkje! – kan det vera ho som døydde husmannskone på Flem i Haram 25.5.1820, 66 år gamal?)

 

Dei fekk fire born i lag:

 

##### (han hadde to frå før:

       * Peder, døypt Haram 9.1.1770 – mor: Martha Pedersdotter Langved

       * Ole, døypt Borgund 4.12.1774, d. kort etter – mor Ingeborg Jensdotter Myren – båe tente på Langved i Haram! – barnefar: «af Julsterdalen»!!!)

 

a. Raphael Torbjørnson, døypt i Haram 2.1.1780, vart gravlagd i Haram 7.5.1780.

b. Claus Torbjørnson, døypt i Borgund 15.4.1781, d. som husmann på Nogved i Haram 31.5.1823.  Han gifte seg i Haram 1.1.1815 med Kanutte Olsdotter frå Haram i Haram, døypt i Haram 27.1.1770.  Ho d. som husmannsenkje på Nogved 16.6.1838.  Claus og Kanutte var husmannsfolk på Nogved

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Nogved i Haram og fekk ein son i lag.

 

     ##### (son:

            * Knut Carl Clausson, døypt i Haram 8.9.1816 – n. 1823 – gift i Haram 27.9.1840 med enkja Ragnhild Olsdotter Otterlei, fødd 1805)

 

c. Rasmus Torbjørnson, døypt i Borgund 23.6.1782,

 

     ##### (tente 1801 på Hildre i Haram! – konf. Hildre 1802 – lagnaden hans? – ein Rasmus Torbjørnson Strandebø med kone Synneva Hansdotter hadde ei dotter Gurine Eline fødd i Ulstein 2.1.1810 - kan dette vera «vår» Rasmus?)

 

d. Britha Torbjørnsdotter, døypt i Haram 17.10.1784, vart gravlagd frå Hildre i Haram ?.2.1785.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå innsats og voner det kan lata seg gjera finna ut endå litt meir om denne «merkelege» huslyden!

 

Kanskje me lyt konsentrera leitingi til Haram på Sunnmøre!?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg tillet meg i kveld å henta fram att dette emnet som eg har tru på kan løysast etter at eg meiner eg har finne spor etter dei tre sønene, Otto, Ole og Torbjørn, i Haram og i Borgund på Sunnmøre (jmf. innlegg #26).  Kanskje er det nokon som sit med ekspertise på desse områdi og som kan bidra med fleire opplysningar?

 

Eg ville verta overlukkeleg over nye «element» om denne huslyden og takkar endå ein gong for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.