Gå til innhold
Arkivverket

Kari Lassesdotter, fødd 1770 - frå Hafslo til Verdalen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Astrid Pedersdotter Stein i Hafslo fekk ei "uekte" dotter:

 

Kari Lassesdotter, døypt i Hafslo 5.9.1770.

 

Denne jenta, som eg ikkje kan sjå er avlidi i Hafslo som barn, er i so fall, som so mange "uekte" eller fattige husmannsborn på den tidi, flytte frå Hafslo før ho kom i konfirmasjonsalder. Då finst det i heile landet i 1801 berre EI EINASTE jente som høver i alder, og ho er gardkone på Austgard i Verdalen, Nord-Trøndelag (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=f18011721&gardpostnr=83&personpostnr=1305&merk=1305#ovre).

 

Eg ser av FamilySearch at ei Karen Lassesdotter vart døypt i Skogn 2.4.1769:

 

name: Karen Lassesdatter

gender: Female

baptism/christening date: 02 Apr 1769

baptism/christening place: Skogn, Nord-Trøndelag, Norway

father's name: Lasse Jenson

mother's name: Karen Olsdr

indexing project (batch) number: C42691-1

system origin: Norway-EASy

source film number: 125434

 

Ho er sjølvsagt mykje nærare Verdalen, men ikkje veit eg...

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Verdalen som kan kasta ljos over denne Kari Lassesdotter på Austgard? Kan ho i det hele ha vore frå Hafslo i Sogn?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Iver Thoresen Østgaard og Karen Lassesdatter Sundby viet 13 nov 1794 .Forlovere Lars Bardos. Sundby og Thore Ivers. Østgaard.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-163

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...50509030642.jpg

 

Det er vel samme Karen som døde på Østgaard i 1841.Født 1769.

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=Dodsreg&gardpostnr=3937&merk=3937#ovre

 

Da er kanskje dette faren til Karen?

Lasse Bardosen på Sundby.

http://www.digitalar...&merk=1322#ovre

 

Lars Bardosen og Karen Olsdatter gift 1763.

http://www.familysea...juris4friendly=

 

Ser at det døde ei Karen Olsdatter på Sundby i 1801.

http://www.digitalar...r=6&merk=6#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kva m/ desse jentene i FT 1801 i Fylkesarkivet i SF:

Stornæss, Evindvig prestegjeld: Kari Larsdtr,30,Huus Moder, Bondens Kone.

Gildal, Davig prestegjeld. Kari Larsdtr, 34,Hans Kone. Nokre for for gamal ??

Apildsetter Førde prestegjeld. Kari Larsdtr, 34,Hans Kone, Nokre for for gamal ??

Bræums Prestegard, Justedahl prestegjeld. Kari Larsdtr, 33,Tienestefolk,

Grinde, Leganger prestegjeld. Kari Larsdtr, 27,Tieneste Folk, Litt for ung ??

Helland, Leirdahl prestegjeld. Kari Larsdtr, 36,Hans Kone, For gamal ?

Lysne Nedre, Leirdahl prestegjeld. Kari Larsdtr, 31,Tienestefolk,

 

Desse fann eg i Sogn og Fjordane. For sjølv om du leitar etter Kari Lassesdotter, døypt i Hafslo 5.9.1770, så er vel ikkje Larsdtr noko du ser bort ifrå eller kva ? Eller .....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje noko å tilføye når det gjeld denne jenta, men i staden eit spørsmål: Du skriv i fyrste innlegg "Denne jenta, som eg ikkje kan sjå er avlidi i Hafslo som barn, er i so fall, som so mange "uekte" eller fattige husmannsborn på den tidi, flytte frå Hafslo før ho kom i konfirmasjonsalder".

 

Vil det seie at "praksis" i Sogn på denne tida kan vere at "uekte" born forsvinn frå heimbygda i tidlege år på annan måte enn ved død? Bakgrunnen for spørsmålet mitt er Leikanger, der Kristi Rosenlund får ei dotter Synnøve med Johannes Fosse i 1808 - ei jente eg seinare ikkje finn i kyrkjebøkene. Eg har rekna med at ho då må vere død tidleg, men må kanskje revurdere dette synet?

 

Eg spør altså ikkje etter opplysningar om denne konkrete jenta, berre etter prinsippet. Konkret etterlysning får eg eventuelt ta i eigen tråd.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary, Jon og Aase for interessante og spennande innlegg!

 

For det første til Ann-Mary; eg fryktar for at du har rett med omsyn til Kari/Karen Lassesdotter i Verdalen. Ho er nok derifrå og ikkje frå Sogn...

 

Til Jon: Eg er klar over at namni Lars og Lasse stundom vert blanda, men skulle me ta med alle Lars'ane når me søker etter Lasse, ville søket verta svært so komplisert...

 

Til Åse: Jau, eg trur nok du trygt kan revidera synet ditt. Eg har sett fleire døme på nettopp det eg nemner i første innlegget mit, og kor mange fattigborn er det ikkje som dukkar opp i konfirmantlistene i ytre Sogn, som syner seg vera fødde lenger inne i fjorden? Dette var nok vanlegare på 1700-talet og heilt først på 1800-talet enn kva det vart seinare på 1800-talet, men likevel...

 

Eg trur det hadde vore svært so spennande om nokon kunne produsert ein database over konfirmantar i heile fylket...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du kan nok se bort fra denne, Lars.

Til Ann-Mary: Det er nok Lasse Jensen som far til Karen. Han døde, og enka ble gift med Lars/Lasse Barosen og døde på Sundby 1801

 

Du kan nok se bort fra denne, Lars.

Til Ann-Mary: Det er nok Lasse Jensen som far til Karen. Han døde, og enka ble gift med Lars/Lasse Barosen og døde på Sundby 1801

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Trond for endeleg "forsegling" av Karen Lassesdotter sin lagnad. Eg lyt vel førebels berre slå fast at "mi" Kari ikkje er å finna..., førebels...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.