Gå til innhold
Arkivverket

Pengeverdiar 1867


Knut Rage
 Del

Recommended Posts

Er det nokon som kan hjelpa meg med pengeverdiar anno 1867?

Vedlagte bilete er utdrag frå eit skifte etter min tipp-oldefar Knud Tormodsen Wiiga i Stavanger. Eigedelane etter han er grundig lista opp og taksert. Men eg er usikker på kva slags verdiar desse tre kolonnane er meint å representera.

post-1096-0-11518500-1316693181_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Konsumprisindeksen i 1867 = 2,1

I 1998: 100,0

August 2011: 129,4.

 

Så tek ein konprisindeksen på 129,4 og dividerar med 2,1 så får ein 61,62 !

Kjelda: http://www.ssb.no/emner/08/02/10/kpi/tab-01.html

 

Dette er ein måte å rekna på. Og kanskje den mest brukte. Men uansett er dette særdeles komplisert måte å rekna på.

 

Dersom du i dag får utbetalt 12.324 kroner per mnd (etter skatt), så vil du also ha fått utbetalt 200 kr i 1867 !!

Og sjølv om kroner i 1867 ikkje var brukt då, men Spesidalar, så er 50 Spd utbetalt per mnd (etter skatt) i 1867 UTRULIG MYKJE !

 

NB: Kr 12.324 var berre eit eksempel frå mi side !!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var interessant. Skal prøva å rekna litt på dette.

 

Takk for kommentar - det er elles interessant å merka seg at lista over eigedelar (løsøre) går så i detalj at det dannar eit komplett bilete av hushaldet. Det er godt mogleg at det er meint slik du seier. Skal prøva å danna meg eit bilete av verdien på buet.

 

Det kan vel kanskje ha vært daler, ort og skilling?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis du summerer hver kolonne for seg, så får du 25 daler + 29 ort + 136 skilling, så langt jeg kan se. Siden det gikk 120 skilling i daleren og 5 ort i en daler (og dermed også 24 skilling i en ort), så blir dette til sammen 31 daler, 4 ort og 16 skilling , eller 31,93 daler hvis vi skal tillate oss å bruke desimaler (noe man selvsagt ikke gjorde den gang, siden datidens pengesystem ikke var et titallsystem).

 

Dette gamle pengesystemet ble avløst av kroner og øre i 1875. Jeg tror at en spesiedaler var ca 4 kroner den gang, og da vil nesten 32 daler være nærmere 128 kroner. Omregnet til dagens pengeverdi er dette et sted i nærheten av 6.000 kroner. Men jeg lar meg korrigere på dette av dem som kan dette bedre, eller som ønsker mer nøyaktighet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

eg syns dette med konsumprisindeks fort kan bli misvisande. Sjølv reknar eg meir utifrå det faktum at då bestefar bygde hus i 1916, so kosta det den nette sum av 2000 kroner. Men då klem grunnmur, ovner og frakt av materialer i tillegg. Dette gir ein faktor på kroneverdien som er nærare 600 enn 60, men noka absolutt fasit på dette har eg ikkje.

 

Magne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Slikt kan vera interessant nok, men eg synest det gjev lita meining. Å samanlikna pengeverdiar før og no blir som å samanlikna samfunnet før og no - det er to ganske ulike storleikar det er snakk om. Men like fullt kan det takast med, det er trass alt ein naturleg måte å sjå det på. Takk alle for gode kommentarar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.