Gå til innhold
Arkivverket

Mathilda Christiansdotter f. 1875 Hof i Solør - 4 ekteskap i Amerika - men kven var menn nr. 3 og 4


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Mathilda Christiansdotter, fødd på Markuspladsen i Hof, Solør 23.11.1874, dotter av gardbrukar og tømmerhoggar Christian Torstenson på Haugen i Grue og jenta Maria Amundsdotter frå Markuspladsen, utvandra med mor si frå Christiania i 1887.

 

Mathilda gifte seg første gongen i Grand Forks, ND 28.11.1891 med Christopher Johannesson Bjørnethun frå Hafslo i Sogn (1861-1894). Dei budde i Grand Forks, ND

 

Mathilda gifte seg andre gongen i Grand Forks, ND 5.3.1903 med Mathias Martinson frå Skjerveeiget i Vardal (1864-1903). Dei budde òg i Grand Forks, ND, men vart skilde kring 1908.

 

Mathilda flytte kring 1911 til vestkysten og gifte seg tredje gongen i Vancouver, WA 29.9.1913 med ein E. Ellsworth. Her er opplysningane som eg har motteke frå Vancouver, WA om denne vigsli:

 

~~~~~

 

"ELLSWORTH, E. 38, b. MN; fa. Connord Ellsworth, b. Germany; mo. ........ Beach, b. MN; marr. 29 Sep 1913 to Mathilda CHRISTENSEN or MARTINSON, 38, b. Norway, Widow; fa. Christopher Christensen, b. Norway; mo. ......... Amunsond, b. Norway

 

~~~~~

 

Det går fram av vigselsregisteret at dei båe var busette i Multnomah Co., OR (d.v.s. Portland, OR), men merkeleg nok finn eg dei ikkje att i nokon folketeljingar eller andre tilgjengelege kjelder, og ikkje har eg so langt greidd å identifisera denne E. Ellsworth!!! Eg ser at ein Elbert Ellsworth døydde i Portland, OR 22.3.1918, men alderen og omstendi kring han elles er ukjende.

 

Men ekteskapet varte ikkje lenge, for alt i 1920 finn me Mathilda med sin fjerde ektemann J. W. Anderson i Seattle, WA (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=6061&iid=4392029_00675&fn=J+W&ln=Anderson&st=r&ssrc=&pid=93853785). Han er oppgjeven vera seglmakar, fødd i Sverige kring 1877 og utvandra 1887. Av andre kjelder (Seattle city directories) har eg funne namnet hans å vera John William Anderson.

 

Eg har ikkje greidd å finna vigsli til J. W. Anderson og Mathilda. Eg kjenner heller ikkje korkje opphav eller lagnad til J. W. Anderson, men Mathilda Anderson døydde i Seattle, WA 31.5.1927. Ho er gravlagd i ei einskildgrav på Forest Lawn kyrkjegard i Seattle, WA.

 

~~~~~

 

Kan nokon hjelpa meg identifisera denne E. Ellsworth og likeins J. W. Anderson, ville eg setja stor pris på det! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Eg vil gjerne i dag få henta fram att dette temaet, som framleis står ope og uløyst, med von om at kanskje ein eller annan har tips å komma med...

 

Hjarteleg takk for alle innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.