Gå til innhold
Arkivverket
Erik Døving

Ole Knutsen Stokke/Hellesylt

Recommended Posts

Erik Døving

"Gaardmand" Ole Knutsen (Knudsen eller Knutsson) døydde på garden Emdal, Stranda på Sunnmøre, 26. desember 1862, han vart 40 år gamal. Han etterlet seg kona Anne Elisabet og dottra Karoline Marie (nyfødt).

 

I ættebok for Stranda er han oppført som "Ole Knuts. Stokke", opphaveleg frå Sunnylven. I 1859 fekk han laga ei rosemåla kiste med teksten "Ole Knutsen ... Hellesylt".

 

Ole og Anne Elisabeth vart vigde på Stranda 5.januar 1862 (skanna Klokkerbok for Stranda, 1854-1881, s.132), der er Oles far oppført som "Knud Olsen Hellesylt".

 

Stokke er ein veglaus gard i Oaldsbygda ved Sunnylvsfjorden, Hellesylt er sentrum (opphaveleg ein gard) i Sunnylven. Men eg finn ikkje spor etter denne Ole Knutsen i "Sunnylven og Geiranger - Gard og ætt" (på NB digital).

 

Nokon som kan hjelpe?

Endret av Erik Døving

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gunnar  Ellingsen

Kanskje kan dette være til noe starthjelp for finne Ole sine røtter, primært med utgangspunkt i kirkebøkene for Norddal og etter hvert også for Norddal/Sunnylven:

 

Knut Olsen Stokke og Anne Sjursdatter Seljflot ble viet i Sunnylven kirke 3. november 1816. Det ble videre opplyst om brudeparet at de var husmannsfolk på Hellesylt. Det er imidlertid tilsynelatende uråd å finne dem der i bygdeboka.

 

Da kan dette være den 19 år gamle Anne Sjursdatter som var tjenestejente på Seljeflot ved folketellinga i 1801, og den samme Anne Sjursdatter som i flg. bygdeboka "Sunnylven og Geiranger II" var født i 1783 og var datter av Sjur Arnesen Seljeflot og Anne Olsdatter f. Gjørvad.

Det er litt vanskeligere å identififisere Knut Olsen ved denne folketellinga, men der var en 32 år gammel tjenestekar med dette navnet på Knutbruket på Stokke. (Både Seljeflot og Stokke ligger i den veiløse grenda Oaldsbygda.)

 

Kirkebøkene viser videre at Anne og Knut fikk disse barna som alle ble født på Hellesylt:

 

Anne - født 14. april og døpt 2. mai 1819.

Olave - født 1. februar og døpt 8. februar 1821.

OLE - født 1. juni og døpt 8. juni 1823. - Konfirmert 24. juni 1838.

Sjur/Syvert - født 21. desember og døpt 28.(?) desember 1825.

Karen Marte - født 4. desember og døpt 28. desember 1828.

 

I dødslistene i kirkeboka står Anne Syvertsdatter som bodde på Hellesylt og som døde 63 år gammel 17. mars 1845 (i så fall altså født i 1782). Knut Olsen har jeg ikke funnet, men jeg har bare søkt litt overfladisk.

 

Med vennlig hilsen,

Gunnar Ellingsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Erik Døving

Takk til Gunnar Ellingsen for svært god hjelp!

 

Med litt leiting fann eg også ein Ole Knutsen født og døypt i 1823 (ikkje 1822 slik det står i Stranda-boka), han står som nr 14 under Norddal.

 

Eg hadde også denne Knud Olesen (tienestefolk) på Knutbruket, Stokke, som kandidat, men han var 32 år ved FT 1801 og altså omlag 54 år då Ole vart fødd. Dette kan vere forklaringa på at han skreiv seg for Stokke.

 

Eg leitar vidare langs dette sporet!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Erik Døving

Med litt lesing side opp og ned finn eg ein "Kaarmand Knud Olsen" gravlagt 16 des 1858 på Hellesylt (protokollen er ikkje heilt kronologisk). Såvidt eg kan lese vart han 90 år, det stemmer i såfall med drengen Knud Olesen på Stokke som var 32 år ved FT 1801. Så dette ser ut som eit bra spor.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Myklebust

Knud Olsen er nok frå Stokke og son til Ole Knudsen (f. Lundanes) og kona Marta Ingebrigtsdatter Stokke. Problemet er at dåpen hans ikkje er å finne i kyrkjeboka.

Ole og Marta hadde 9 born men berre 3 jenter er nemnde i bygdeboka. Knud f. 1758, Marit f. 1760, Ingebrigt f. 1762, Malena f.1764, Ole f. 1765, Synneve f. 1768, Knud f. ?, Ragnhild f. 1772 og Anne f. 1777. Vi ser at 1770 er eit ”passande” fødselsår for Knud. Det harmonerer med konfirmanten Knud Olsen Stokke i 1788 og drengen Knud Olsen Stokke 32 år i 1801. Knud Olsen Stokke får i 1819 bygsel på ein plass under Hellesylt av pastor Baade.

 

Konfirmasjonen 1788, nederst folio 65b:

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15970&idx_id=15970&uid=ny&idx_side=-61

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Erik Døving

Tusen takk til Tor Myklebust for god informasjon!

 

Ja, det gir meining. Knut Olsson er oppført som tjenestefolk utan nærmare opplysning, men det ser ut til at han var dreng hos den eldre søstra Martha (Marit) og mannen hennar. Dersom Knut vart fødd i 1769 eller 1770 høver det med 32 år i 1701, og dessuten med den Knud Ols som døydde 90 år gamal i desember 1858.

 

Det ser då ut til at Knut vart konfirmert omlag 19 år gamal. Etter dagens målestokk er det heller seint, men var kanskje ikkje så uvanleg den gongen. Ole Knuts Lundanes vart til dømes konfirmert omlag 20 år gamal, såvidt eg kan sjå.

 

I kva kjelde fann du at Knut Olsen Stokke bygsla av pastor Baade?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Myklebust

Konfirmasjonsalderen på den tid varierte ein del. 16-17 år synest vere snittet. Så 18 år, om fødselsåret er 1770, er ikkje noko unormalt. Vi ser at den "2 år" yngre systra Ragnhild vart konfirmert same året. Så hadde dei no fylgje ...

 

Bygselavtalen fann eg i tingboka i avskriftene etter Lars Strømme. Desse tingbøkene er ikkje enno digitaliserte lenger fram enn til 1805.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.