Gå til innhold
Arkivverket

Nils Hess Skjerven, fødd Hafslo 1900, døydde i Oslo 1945-1955?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i kveld gjerne få komma attende til, og følgja opp, tema #81939 frå det gamle Brukarforum (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=81939&sok=Skjerven+%D8yane&nr=1&antinnlegg=3&startnr=&antall=&spraak=n#anker).

 

Som konklusjon på ovannemnde tema har me at:

 

* Nils Hess (Hermundson) Skjerven, fødd i Hafslo 25.4.1900, må vera avliden i Oslo mellom 1945 og 1955. Faren Herman Skjerven døydde på Grorud i Oslo 14.3.1952.

 

* Astrid Marie Skjerven (f. Christoffersen), fødd i Drammen 26.8.1896, døydde i Oslo 27.11.1976.

 

Dei gifte seg i Drammen 12.11.1932 og har truleg vore barnlause.

 

Spørsmåli er dei same som før:

 

* Finst det i Aftenposten nokon dødsannonse for Hermund Skjerven (1952) og/eller Nils Skjerven (19??) og/eller Astrid Skjerven (1976) som kan hjelpa oss vidare til å finna dødsfallet til Nils Hess Skjerven?

 

* Eg trur Nils og Astrid var barnlause, men ønskjer ei stadfesting av dette?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for nyttig innlegg!

 

Då veit me sikkert at dei var barnlause, og berre dødsfallet til Nils Hess Skjerven står att å finna...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Aftenposten 15-3-1952, dødsannonse:

 

Vår kjære far, svigerfar, bestefar, bror, svoger og onkel, snekkermester Hermund N. Skjerven døde plutselig idag, Grorud 14. mars 1952.

 

Unni, Annemor, Aase-Marie

 

Svigerbarn. Barnebarn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ifølge Gravminner på DIS Norge skal Nils Hess Skjerven være gravlagt på Bragernes i Drammen. Han er gravlagt sammen med Ingeborg Skjerven, bisatt 3.3.1929. Astrid Marie Skjerven er også gravlagt på Bragernes, bisatt 6.12.1977. På Nils står det ingen data utover dette:

 

Id Fnavn Enavn Bosted Fdt Får Fsted Ddt Dår Dsted Bdato Bår Kj Merk F R Gnr Mtekst B Gravsted Kommune

 

1562556 Nils Hess Skjerven KD 6 2 Bragernes Drammen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Carsten og Lars J. for spennande og interessante opplysningar om denne huslyden.

 

Snøret tek til å knytta seg kring Nils Hess Skjerven..., dødsannonsen til faren Hermund syner at Nils då var avliden. Samstundes veit me at han levde i 1945 (jmf. Oslo adressebok), då dei budde i Dalsbergsgt. 10 i Oslo. Han var trelastlagerarbeidar og kan ha drive snikkarverkstad i lag med far sin i Pilestredet, men døydde altso før 1952.

 

Det er merkeleg at Kyrkjevergen i Drammen ikkje kan hjelpa oss med ein dødsdato. Den Ingeborg som han vart gravlagd i lag med og som døydde i 1929, var mor hans.

 

Den som visste kvar Nils vart av...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Dødsfallet til Nils Hess Skjerven er meldt Oslo skifterett 12/8-1947

nr 1070

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo skifterett, Dødsfallsprotokollregister 47 (Hbe 0047), 1947-1947, oppb: Statsarkivet i Oslo.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27258/62/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090513360902.jpg

 

Hilsen Solveig

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt og særleg til Solveig for imponerande innlegg! Med funnet hjå skifteretten i Oslo er problemet nesten løyst. Nils Hess Skjerven må vera avliden kort tid før 12.8.1947, so då er spørsmålet..., kan ein no finna ein dødsannonse i Aftenposten?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nytt innlegg!

 

Då har eg skrive til Statsarkivet i Oslo og bede dei om å gjera eit oppslag! Me får vona dei ikkje treng for lang tid...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 år senere...

Innlegg #15:

 

Hjarteleg takk til Tony og Sven for nye innlegg i dette emnet!

 

På eitt eller anna vis fekk eg ein gong greie på dødsdatoen til Nils Skjerven, og følgjande manuskript vart publisert som del av band IX i bygdebokserien for Luster i 2012:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Hermund Nilsson Skjerven, f. 27.10.1872, gifte seg i Hafslo 8.2.1900 med Ingeborg Johnsdotter Fosse frå Fosse i Leikanger.  Ho var dotter av husmann John Ingebrigtson på ein plass under Fosse og kona Gunnhild Pedersdotter frå Husabø og f. i Leikanger 4.12.1874.  Hermund var snikkar, og han og Ingeborg budde ei tid som leigebuarar under Mo.

Hermund og Ingeborg Skjerven flytte kring 1904 til Skoger og busette seg på Nøstet og sidan på Glasværket der Hermund var tømmermann og bygningssnikkar, medan Ingeborg var jordmor.  I 1912 var Hermund deltakar ved dei olympiske speli i Stockholm og fekk 62. plass i skyting med armégevær.  Han og Ingeborg vart separerte kring 1918, og Ingeborg flytte i 1920-åri til Strømsø i Drammen der ho d. 18.3.1929.  Hermund vart kring 1920 sambuande med Elfrida Johansdotter Kristensen frå Drammen.  Ho var dotter av smedsvein og røyrleggjar Johan Kristensen på Landfaldøen i Drammen, opphavleg frå Engereiget i Modum, og kona Anna Borgine Hansdotter frå Horne i Øvre Eiker og f. i Drammen 9.3.1899.  Hermund heldt fram som bygningssnikkar, og han og Elfrida busette seg på Årvoll i Christiania, men skilde lag i 1926.  Hermund flytte sidan til Berg på Skillebekk i Nittedal, men dreiv snikkarverkstad i Oslo.  Han d. på Grorud i Oslo 14.3.1952.  Elfrida gifte seg i Oslo 11.1.1930 med Georg Wilhelm Nikolaison Larsen frå Christiania.  Han var son av bygningsarbeidar Nikolai Larsen i Christiania, opphavleg frå Gjøvik, og kona Alma Marie Andersen frå Värmland i Sverige og f. i Christiania 14.1.1902  Georg var telegrafarbeidar, og han og Elfrida budde i Oslo der Georg d. 20.3.1970.  Elfrida Larsen d. på sjukeheimen på Romsås i Oslo 3.3.1998.  Elfrida og Georg fekk ei dotter i lag, medan Hermund Skjerven i alt fekk fire born, to frå ekteskapet med Ingeborg og to frå sambuarskapen med Elfrida:

a. Nils Hess Hermundson Skjerven, f. i Hafslo 25.4.1900, d. i Oslo 12.8.1947.  Han gifte seg i Drammen 12.11.1932 med Astrid Marie Olufsdotter Christoffersen, f. på Bragernes i Drammen 26.8.1896.  Ho d. i Oslo 27.11.1976.  Nils var trelastlagerarbeidar og sidan kontormann, medan Astrid var kontordame.  Dei budde i Oslo, men som enkje flytte Astrid attende til Drammen.  Dei var barnlause.

b. Unni Gunhilde Johanne Hermundsdotter Skjerven, f. i Skoger 5.11.1906, d. i Drammen 18.12.1987.  Ho gifte seg i Drammen 2.9.1935 med Christoffer Larsson Christoffersen, sidan kjend som Kristoffer Kristofferen.  Han var f. på Bragernes i Drammen 8.3.1901 og d. i Drammen 27.8.1982.  Kristoffer var snikkar, medan Unni var syerske.  Dei budde i Drammen levetidi ut og fekk ei dotter i lag.

c. Anne Johanne, kjend som Annemor Hermundsdotter Skjerven, f. i Drammen 18.1.1920, d. i Oslo 23.10.2006.  Annemor gifte seg i Oslo 17.12.1938 med Erik Emanuelson Meidell Eriksen, f. i Christiania 27.11.1915.  Han d. i Oslo 8.5.1988.  Erik var bilopprettar, og han og Anne budde i Oslo levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

d. Aase Marie Hermundsdotter Skjerven, f. i Oslo 5.9.1921, d. under ei vitjing på Romsås i Oslo 4.2.1995.  Aase var butikkdame og budde i Oslo, men flytte som pensjonist til Spydeberg.  Ho var ugift, men fekk ei dotter.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje kan dette ha interesse for Tony?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.