Gå til innhold
Arkivverket

Knut Johnson frå Håve i Sør-Fromn, fødd 1880, utvandra 1892 eller 1896? Opphav til foreldri hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Databasesystemet mitt er ute av normal funksjon, og eg slit for tidi med eit tregt og dyrt mobilnett, så difor må eg be om hjelp til å løysa dette problemet:

 

Knut Johnson Haave, fødd i Sør-Fron 8.3.1880, skal ha utvandra til Amerika i 1892 eller i 1896.

 

Foreldri hans var husmann John Johannesson og kona Thora Knutsdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6081&idx_id=6081&uid=ny&idx_side=-170).

 

So er spørsmålet: Kan nokon med lokal kunnskap i Sør-Fron, eller eventuelt med hjelp av ei bygdebok, finna svar på følgjande spørsmål:

 

* Kva år utvandra Knut Johnson til Amerika? Og reiste han med foreldri sine?

 

* Kva plass under garden Håve var det denne huslyden budde på?

 

* Kva gard/plass hadde faren John johannesson opphavet sitt ifrå?

 

* Kva gard/plass hadde mori Thora Knutsdotter opphavet sitt ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Knut Johnsen var født på Håve og bodde på Renshus ved konfirmasjonen:

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6082&idx_id=6082&uid=ny&idx_side=-224

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115660048.jpg

 

Emigrasjonen i 1896:

Knud J. Renshus m u Arb. 16 N.fron Minneapolis

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=14&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=114472&merk=114472#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Knut Johnsen var født på Håve og bodde på Renshus ved konfirmasjonen:

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6082&idx_id=6082&uid=ny&idx_side=-224

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115660048.jpg

 

Emigrasjonen i 1896:

Knud J. Renshus m u Arb. 16 N.fron Minneapolis

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=14&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=114472&merk=114472#ovre

 

 

Det er feil her ovenfor, men dette kommer forhåpentlig fram. Renshus er også i Sør-Fron. Han kan ha oppholdt seg i Nord-Fron ved emigrasjon.

Renshus er på Harpefoss i retning Nord-Fron, forøvrig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

John Johannesen på Haave i 1865.

http://www.rhd.uit.n...bnr=0071&lnr=00

 

John Johannesen på Haave i 1875.

http://www.rhd.uit.n...bnr=0065&lnr=00

 

Stikkord: Jon Johannesen Håve 1843 gm Tora Knutsdtr Ulberg 1848. De hadde bl.a. også sønnen Olaf Jonsen Håve 1887 (Det er velsamme slekta på

Reishus nå også.) JJ kjøpte Reinshus i 1885.

 

Du er flink Ann-Mary som sitter langt der borte på Ørlandet

og presenterer alt riktig.

I 1995 fotograferte jeg alle gardene i Sør-Fron til Norske Gardsbruk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Refererte til Norske Gardsbruk, og dermed litt rettlinjet eiere: Olav J. 1887 nevnt ovenfor

John 1922. Døtre : Ragnhild 1952 og Oddbjørh 1959: sønn Håkon 1995

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Helge for mange flotte og nyttige innlegg! Eg er imponert! Heile problemet mitt er løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 år senere...

Knut Håve(Renshus)var min Besrefar´s Olav Håve(Renshus) bror,han utvandret til Amerika,han skulle ha vert en gang i tiden hjemme igjen på Renshus,men historien om mannen videre vet vi ingen ting om.Eneste jeg vet at Olav Håve bestemt att jeg skulle kalles opp igjen etter han.

Mh Knut Renshus

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #12:

 

Hei Knut og hjarteleg velkomen i Brukarforum.  Eg har ikkje oppdaga dette innlegget ditt før i dag.  Digitalarkivet hadde ei abonnementsordning på eigne tema slik at me skulle få melding om nye innlegg, men dette systemet vart mellombels stroke for eir par år sidan...

 

Slekti til grandonkelen din i Amerika har eg fullt oversyn over.  Her er kva som i 2012 vart prenta i band IX i Bygdebokserien for Luster kommune under garden Skjerven:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Karen Kirstine, kjend som Kirstina Iversdotter Venjum, f. {i Hafslo} 11.7.1882,

Stene Wengum utvandra likeins til Amerika med mori i 1887 og gifte seg i Devils Lake, N.D. 18.3.1904 med Knut Johnson Haave frå Renshus i Sør-Fron, i Amerika kjend som Knute C. Hove.  Han var son av gardbrukar John Johannesson Haave på Renshus, opphavleg frå Håve nedre og kona Thora Knutsdotter frå Ulleberg og f. på Håve i Sør-Fron 8.3.1880, men utvandra til Amerika i 1896.  Knute var jarnbanefunksjonær (“railroad section foreman”), og han og Stena budde første åri i Devils Lake, Ramsey Co., N.D., men flytte kring 1910 til Clancy, Jefferson Co., Mont. og i 1912 vidare til Revelstoke, B.C.  I 1914 flytte dei til Lacrosse, Whitman Co., Wash., og dei budde òg ei tid i Hillyard, Spokane Co., Wash. til dei i 1918 busette seg i Spokane, Spokane Co., Wash.  I 1919 flytte dei attende til Great Falls, Cascade Co., Mont., men våren 1920 slo dei seg for godt ned i Spokane, Spokane Co., Wash. der Stena d. 3.6.1932.  Knute Hove var sidan ei tid busett i Potlatch, Latah Co., Idaho og deretter på ny i Spokane, Spokane Co., Wash., men d. i Seattle, Wash. 16.6.1960.  Stena og Knute fekk ti born i lag:

a. Ruth Theodora Hove, f. i Ramsey Co., N.D. 13.11.1904, d. i Salt Lake City, Utah 5.1.1987.  Ruth gifte seg i Spokane, Wash. 25.5.1935 med James D. Williams, f. i Phoenix, Kootenay district, B.C. 26.1.1910.  Han d. i Salt Lake City, Utah ?.10.1984.  Ruth var lærar (“school teacher”), medan James Williams var gruveingeniør (“mining engineer”).  Dei budde ei tid i Los Angeles, Cal., men flytte sidan til Salt Lake City, Utah.  Dei var barnlause.

b. Joseph Irving Hove, f. i Ramsey Co., N.D. 26.9.1906, d. i Rochester, Minn. 11.11.1947.  Joseph var jarnbanearbeidar (“railroad worker”) og budde dels i Potlatch, Latah Co., Idaho og dels i Spokane, Spokane Co., Wash., ugift.

c. Kathleen Eleanor, kjend som Eleanor Hove, f. i Ramsey Co., N.D. 18.7.1908, d. i Tigard, Ore. 16.6.1957.  Ho gifte seg første gongen i Everett, Wash. 30.7.1937 med William Alexander Grout.  Han var f. i Multnomah Co., Ore. 2.11.1898 og arbeidde som bilseljar (“car salesman”), men d. i Portland, Ore. 14.5.1942.  Eleanor gifte seg so att i Vancouver, Wash. 25.10.1943 med Earl Leander Davis, f. i Marion Co., Ore. 19.12.1899.  Earl var drosjebilførar (“taxi cab driver”), men d. i Portland, Ore. 25.3.1946.  So gifte Eleanor seg tredje gongen i Seattle, Wash. 23.10.1946 med Walter Bartholomew Peters, f. i Washington Co., Ore. 1.1.1912.  Han d. i Portland, Ore. 2.9.1952 etter eit ulukkeshende.  Walter Peters var byggmeister (“building contractor”), medan Eleanor arbeidde som bokhaldar (“accountant”).  Med dei første to ektemakane sine budde Eleanor stort sett i Portland, Multnomah Co., Ore., medan ho og Walter budde i Tigard, Washington Co., Ore.  Eleanor fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men første mannen William hadde ei dotter frå eit tidlegare ekteskap.

d. Einar Robert, kjend som Robert Hove, f. i Ramsey Co., N.D. 29.10.1909, d. i Redwood City, Cal. 6.11.1955.  Han gifte seg i Olympia, Wash. 24.8.1936 med Phyllis Aline Neri, f. i Spokane Co., Wash. 19.12.1912.  Ho d. i Corvallis, Ore. 12.3.2005.  Robert var bankfunksjonær (“bank employee”), og han og Phyllis budde i San Mateo og Burlingame, San Mateo Co., Cal., men Phyllis gifte seg sidan att med Cecil Cooper og flytte til Fresno, Cal.  Ho fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet med Robert Hove, men som d. ugift i ung alder.

e. Ellis Kenneth, kjend som Kenneth Hove, f. i Jefferson Co., Mont. 10.1.1911, d. i Sun City West, Az. 12.12.1997.  Han gifte seg i Okanogan, Wash. 21.3.1934 med Adele Blackwell.  Ho var f. i Riverside, Okanogan Co., Wash. 28.7.1912 og d. i Bend, Ore. 25.1.2012.  Kenneth Hove var ei tid lærar, men vart sidan bokhaldar (“school teacher and a certified public accountant”).  Han og Adele budde i Okanogan, Okanogan Co., Wash., men flytte i 1966 til East Wenatchee, Douglas Co., Wash. og derifrå i 1996 som pensjonistar til Sun City West, Az.  Dei fekk ei dotter i lag.

f. Ralph Clayton Hove, f. i Revelstoke, B.C. 15.2.1913, d. i Seattle, Wash. 26.5.1996.  Han gifte seg første gongen i Spokane, Wash. 3.10.1937 med Phyllis A. Schedler, f. i Spokane Co., Wash. 22.12.1912.  Ho d. i Seattle, Wash. 4.5.1980, og Ralph gifte seg 24.4.1982 att i Seattle, Wash. med Barbara Ann Blake Moody.  Ho var f. i Baltimore, Md. 22.7.1921 og d. i Seattle, Wash. 29.9.2007.  Ralph Hove var sakførar (“attorney”) og budde levetidi ut i Seattle, King Co., Wash.  Han og første kona Phyllis adopterte to born, medan Barbara hadde fire born frå første ekteskapet sitt.

g. Harold Frederick Bryan, kjend som Dutch Hove, f. i Whitman Co., Wash. 19.3.1915, d. i Oakland, Cal. 27.9.1984.  Harold gifte seg i Republic, Wash. 22.7.1939 med Alice Jeanette Musser.  Ho var f. i Delta, Colo. 16.4.1917 og d. i Oakland, Cal. 26.12.2002.  Harold Hove var ei tid juridisk etterforskar (“FBI employee and private investigator”), men vart sidan sakførar og domar (“attorney and a superior court judge”).  Han og Alice budde i Alameda, Alameda Co., Cal. og fekk tre born.

h. Stanley Morris Hove, f. i Spokane Co., Wash. 5.4.1917, d. i Spokane, Wash. 6.4.1922.

i. Helen Josephine Hove, f. i Spokane, Wash. 26.9.1918, d. i Spokane, Wash. 24.1.2003.  Helen gifte seg i San Francisco, Cal. 2.8.1940 med Edwin Neville Larson.  Han var f. i Colfax, Wash. 13.4.1915 og d. i Spokane, Wash. 2.9.1994.  Edwin var ei tid dokkarbeidar (“shipyard worker”), og han og Helen budde i Salem, Ore. og sidan i Portland, Ore.  Etter krigen busette dei seg i Spokane, Spokane Co., Wash. der Edwin var seljar (“salesman”) til dei i 1960 flytte til Phoenix, Az.  I 1961 flytte dei til Tucson, Pima Co., Az. der Edwin frå 1964 dreiv mjølkebar (“dairy bar owner and operator”).  I 1978 flytte dei som pensjonistar attende til Spokane, Wash.  To søner.

j. Germaine Adele Suzanne, kjend som Marcia G. Hove, f. i Spokane Co., Wash. 2.5.1920, d. i San Francisco, Cal. 17.2.1974.  Ho var ei tid skodespelar og moteframsynar (“actress and fashion model”), men vart sidan butikkinnkjøpar (“buyer for a department store”).  Ho gifte seg i San Francisco, Cal. 13.3.1955 med Melvin Morse Swig, f. i Boston, Mass. 31.7.1917.  Han d. i San Francisco, Cal. 14.3.1993.  Melvin Swig var eigedoms- og hotellinvestor (“real estate and hotel investor”), og han og Marcia budde levetidi ut i San Francisco, Cal.  Dei fekk to søner i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar du finn noko av interesse....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Arkivverket - Renathe-Johanne Wågenes locked this emne
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.