Gå til innhold
Arkivverket

Erik Jørgensen (1797-1863) i Bergen - sønner Severin Peter (1835) og Christian Enoch (1841) - lagnadane deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette tema er ei vidareføring av tema #56389 frå det gamle Brukarforum (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=56389&sok=Erik+J%F8rgensen+%D8yane&nr=1&antinnlegg=19&startnr=&antall=&spraak=#anker).

 

Problemet kan oppsummerast slik:

 

Erik Jørgensen, døypt i Hafslo 3.10.1797, var gift to gonger i Bergen der han døydde 9.4.1863. Dødsmeldingi hans (http://arkivverket.no/URN:sk_read/23997/47/) seier han let etter seg enkje Marie og fem born. Ei dotter var frå andre ekteskapet med Marie, medan han hadde tre born frå første ekteskapet sitt. Dessutan hadde første kona ein son frå før. Truleg er dette dei fem borni som skal ha levd i 1863.

 

Yngste dotteri Anna Marie Heldahl døydde barnlaus i Bergen 10.3.1892, og dødsmeldingi hennar (http://arkivverket.no/URN:sk_read/27887/151/) seier at ho let etter seg mann sin og ein bror i Amerika og ei søster i Nordland med ukjend adresse. Diverre var buet fallitt, og ingen namn kjem fram i skiftet hennar.

 

Søsteri (eller rettare halvsøsteri) i Nordland er kartlagd før, Georgine Martine (1833-1887), busett i Dverberg.

 

Men me sit att med dei to brørne (eller rettare halvbrørne):

 

* Severin Peter Eriksen/Jørgensen, fødd i Bergen 27.5.1835, konfirmert i Bergen 1850 som Severin Peter Jørgensen.

 

* Christian Enoch Eriksen/Jørgensen, fødd i Bergen 6.9.1841, konfirmert i Bergen 1856 som Christian Enoch Eriksen.

 

Eg finn ikkje nokon av dei i Bergen 1865, og ein av dei må tydeleg ha utvandra til Amerika; kanskje utvandra dei båe?

 

Er det i det heile mogeleg å finna lagnadane til desse gutane?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har søkt lite vetta i amerikanske kjelder og finn ei spennande vigsle i Chicago, IL 11.5.1872 for ein Christian E. Jörgensen og Elna Bengston (https://familysearch.org/pal:/MM9.3.1/TH-267-12393-110582-83?cc=1463145). Diverre kan eg ikkje finna dei i andre kjelder...

 

Elles er det mange som heiter Christian Eriksen...

 

Dette vert nok ikkje lett å finna, men det er lov å vona...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ang (2) - Elna Jørgensen f.Bengson døde i Cook, Illinois i 1915. hun er oppført som skilt. Lenke

Det er trolig hennes tidligere ektefelle som også døde i Cook, Illinois i 1915. Lenke

 

Da er det i så fall feil Christian E. Jørgensen funnet i innlegg 2

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tommy for spennancde og nyttig svar!

 

Då kan me avskriva Christian E. Jorgensen i Chicago, IL!

 

No har eg funne ein annan kandidat: I Black Brook township, Polk Co., WI finn me ein farmar Christian Erickson i 1880, 1900 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7602&iid=004120636_00671&fn=Christian&ln=Erickson&st=r&ssrc=&pid=63946046), 1905, 1910 og 1920. Han er gift med ei Henrietta og skal ha utvandra i 1869 eller 1870. Særleg finn eg denne karen spennande sidan han er sagt vera fædd i september 1840. "Vår" Christian var fødd i september 1841! På hi sida; dersom han ikkje utvandra før 1869 eller 1870, bør han vera å sjå i FT1865 for Noreg!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.