Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lassine Iversen alias Larsione Olsen, fødd i Bergen 1834, levde i 1900 - kvar vart det av ho?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Lassine Iversen var fødd i Bergen 17.10.1834 som dotter av Iver Olsen (Lomheim) og Nikolaja "Nikoline" Andersdotter. Ho vert for det meste kalla Lassine Iversen og levde ugift i 24-124 i Bergen både i 1865 og i 1875 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=79&filnamn=f71301&gardpostnr=33349&merk=33349#ovre), er nemnd som "syjomfru".

 

Då søsteri sjukepleiar Gurine Iversen døydde ugift i Bergen 1.12.1900, er Lassine framleis ilive, men då vert ho kalla Larsine OLSEN. Bustad er ikkje oppgjeven, men ho KAN vera identisk med ei ugift "sypige" Larsine Olsen, fødd 1840, som då budde på Kronstad søndre i Årstad sokn ved Bergen.

 

Kvar kan det ha vorte av Lassine Iversen/Larsine Olsen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her er dødsmeldingen til Gurine - står det noe en søsterdatter Dorothea Berg lengst ut til høyre??

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 7 , 1898-1904, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27889/94/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090615350094.jpg

 

Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for interessant innlegg!

 

Den søsterdotteri som er nemnd, er nok dotter av anten Ingeborg Olson (då enkje i Bergen med fem born) eller ei før avlidi søster Anna Helene Hansen (som let etter seg ei dotter)

 

Lagnaden til Lassine (i 1900 nemnd som Larsine Olsen) er eit mysterium! Ingeborg Olsen budde i Bergen då Gurine døydde i 1900, men dødsmeldingi seier ikkje KVAR Larsine Olsen budde! Hi søsteri Oline var gift med skipper Rasmussen frå Rennesøy ved Stavanger, men budde aldri i Stavanger sjølv. Ho budde i Bergen til ho sist på 1860-talet utvandra til Amerika. Ho døydde i Chicago, IL i 1903! Kanskje Lassine òg fór til Amerika???

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×