Gå til innhold
Arkivverket

Olav Åsteson og metronym

Knut Rage
 Del

Recommended Posts

Om eit par vekers tid er tida inne for Draumkvedet - kvadet om då Olav Åsteson vaknar opp trettandedag jul etter å ha "sovi så lenge". Olav Åsteson har fleire namn i dei ymse variantane av kvedet, men Åsteson har blitt ståande som det mest brukte. I Wikipedia heiter det at metronym (som her, dvs. at han er oppkalla etter mora, Åsta) er svært sjeldan i Norden - men kor sjeldan er det, eigentleg? Er det ikkje slik at metronym peikar på at mora var ugift - og var det hyppigare i bruk enn artikkelen i Wikipedia vil ha det til? (Ei anna sak er at Åsteson også kan tolkast som norrønt for heilag, men det held me utanfor her).

Altså, det eg lurer på er metronymet - kor sjeldant var det?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ei av kjeldene for Wikipedia-artikkelen er ein artikkel på Allkunne, skriven av namnegranskaren Olav Veka. Han skriv: «Såkalla matronym av namnet til mora med tillegg av son (Åsteson, Gunnhildsønene) eller dotter (Ragnhilddotter) var og er svært sjeldne.»

Av dei mange tusen namna eg har sett i Vefsn, har eg ikkje sett metronym. Kanskje med eitt unntak: Ein såkalla bygdeoriginal gjekk under namnet «Alet-Jo» (1848-1901), fordi han het Jon og var son til Alet, og faren ser ut til å vere ukjend i folketradisjonen. Men i kyrkjebøkene er han skriven med patronymet Jacobsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er du sikker på at ikke Åste her er et mannsnavn, for eksempel en lokal variant av Arnstein?

Det vert jo gjerne tolka som eit metronym, men det er ein interessant tanke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ei av kjeldene for Wikipedia-artikkelen er ein artikkel på Allkunne, skriven av namnegranskaren Olav Veka. Han skriv: «Såkalla matronym av namnet til mora med tillegg av son (Åsteson, Gunnhildsønene) eller dotter (Ragnhilddotter) var og er svært sjeldne.»

Av dei mange tusen namna eg har sett i Vefsn, har eg ikkje sett metronym. Kanskje med eitt unntak: Ein såkalla bygdeoriginal gjekk under namnet «Alet-Jo» (1848-1901), fordi han het Jon og var son til Alet, og faren ser ut til å vere ukjend i folketradisjonen. Men i kyrkjebøkene er han skriven med patronymet Jacobsen.

Ja, det stemmer. Interessant at Olav Veka nemner Åsteson som eit matronym.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Norsk Personnamnleksikon er Åste ført opp som mannsnavn, av norrønt Åsti. Antakeligvis avledning av Åsta. Her nevnes også Ola Åstesson fra Draumkvedet som et eksempel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det stemmer. Interessant at Olav Veka nemner Åsteson som eit matronym.

I mitt nærområde var det ein som vart kalla Daniel Mettesen. "Rette" namnet var Daniel Brevik og mora heitte Mette som seg hør og bør. Det er den einaste eg kjem på slik i farten. Men det er vel ein og annan middelalderpersonen som har matronym sjølv om det er få av dei.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for god respons, alle!

Ettersom dette også galdt ein diskusjon var det både oppklarande, men samstundes også litt forvirrande - og eg er ikkje sikker på om gåta kring Olav Åsteson-namnet i Draumkvedet er løyst. Men me bør vel la Norsk Personnavnleksikon ha siste ordet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eivind Vågslid - i - Norderlendske Fyrenamn - , har også med Åste som mannsnavn. Men samtidig skriver han at når det gjelder Olav Åstesson dreier det seg helst om kvinnenavnet Åsta, som også kan bli skrevet Åste.

Hvordan han kommer fram til at det her peker mot et kvinnenavn vet jeg ikke.

Høgst truleg fordi det var i Vest-Telemark Draumkvedet overlevde til nedteikninga skjedde. Her er (var) Åste den tradisjonelle og nedervde varianten av Åste/Åsta. Samstundes kan jo Vågslid ha hatt kunnskap om manglande frekvens av Åste som mannsnamn i dette området.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.