Gå til innhold
Arkivverket

Oppslag i bygdebok Strømm (Vestfold) - garden Høien


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette temaet tek utgangspunkt i tema #21821 frå det gamle Brukarforum (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=21821&sok=Borch+%D8yane&nr=2&antinnlegg=14&startnr=&antall=&spraak=#anker).

 

Eg slit framleis med å finna lagnaden til kona i denne huslyden, men trur kanskje ei bygdebok for Strømm kan hjelpa?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Samuel Mandrup Hansson Hjortdahl, døypt i Hafslo 7.7.1806, døydde som gardbrukar på Høien i Strøm, Vestfold 29.12.1865. Samuel gifte seg i Førde 6.1.1843 med Julie Sophie Jacobea Christophersdotter Borch frå Drammen, fødd på Bragernes i Drammen 24.12.1818. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1865! – kan henda i Eiker?)

 

Samuel tok over som landhandlar og gastgjevar etter far sin i Sjøhola, Skei ytre i Førde, men han og Julie flytte kring 1857 til Høien i Strøm i Vestfold der dei sidan var gardbrukarar. Dei fekk åtte born i lag.

 

¤¤¤¤¤ (nemnde born:

 

- Cecilia Margrethe Samuelsdotter Hjortdahl, f. i Førde 28.7.1843, gift Strøm i Vestfold 12.11.1863 med Karl Hagbart Haagenson Nilsen, f. 1833

 

- Johan Christopher Samuelson Hjortdahl, f. i Førde 10.2.1845,

 

- Julie Sophie Jacobea Borch Samuelsdotter Hjortdahl, f. i Førde 7.4.1847, gift i Ålesund 27.11.1867 med Gjert Buck Olsen – 1900: gift rentenist Julie Ohlsen i Kristiansund – døydde i Kristiansund 2.12.1922

 

- Christopher Borch Samuelson Hjortdahl, f. i Førde 26.2.1850, n. 1865 – konfirmert i Strøm 1866

 

- Jacob Borch Samuelson Hjortdahl, f. i Drammen 4.11.1852, n. 1865 – konfirmert i Strøm 1868

 

- Johan Emil Samuelson Hjortdahl, f. i Førde 27.7.1855, n. 1865 – konfirmert i Strøm 1870 - Johan E. S. Hjortdahl utvandra 1880 (25) til Pestigo, WI frå Eiker!

 

- Nicolai Meydell Samuelson Hjortdahl, f. i Strøm (Hurum) 3.8.1859, n. 1865

 

- Christian Sophus, kjend som Sophus Samuelson Hjortdahl, f. i Strøm 19.7.1862, n. 1865

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nytt frå sist gong dette temaet vart drøfta, er at eg har funne konfirmasjonane til Chrístopher, Jacob og Johan i Strøm. Soleis kan me slutta at huslyden vart buande på garden Høien i alle fall til 1870. So er spørsmålet kvar det vart av dei... Då Johan utvandra til Amerika i 1880, står det at han utvandra frå EIKER. Kan mori Julie vera avlidi der??

 

Kanskje bygdeboki for Strømm kan hjelpa oss vidare?

 

Problemet mitt er å finna lagnaden til Julie!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande og nyttig innlegg!

 

Eg kan ikkje forstå anna enn at det må vera "vår" Julie Hjortdahl du har funne i Drammen i 1875, so då veit me ho levde der på den tidi. Og det er vel ikkje urimeleg å tru at ho ogso døydde i Drammen, men då lyt me vel bla gjennom ganske mange sider med avlidne...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nytt innlegg!

 

Julie var på Bragernes i 1875, og eg har sjølv blatt igjennom avlidne for Bragernes 1876-1900 utan å finna dødsfallet hennar!

 

Eg ser at sonen Johan var busett i Eiker då han i 1880 utvandra til Amerika, men eg er ikkje i stand til å¨finna han i nokon av utflyttelistene for korkje Nedre Eiker, Fiskum eller nokon av soknene i Øvre Eiker...

 

Kvar kan no Julie ha gjort av seg...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg lurer også på hvor det er blitt av de tre sønnene som er nevnt sammen med Julie d.e. i 1875: Jacob, Nicolai og Sophus. Jacob var styrmann og brødrene var skoledisipler/handelsbetjenter.

 

Johan Emil Hjordahl bodde også i Drammen i 1875 http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0602&kenr=009&bnr=0206&lnr=00

 

Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ifølge strømms gårdshistorie var det grosserer Jacob Borch som kjøpte Håøen nordre br. nr.2 og 3.mellom 1857 og 1859. Han solgte støste delen igjen i 1867.Ingen av " dine" personer er nevnt.Han kjøpte tilbake på auksjon, endel av bruket i 1875.

Mvh.Mette

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Mette for nye innlegg om denne huslyden og Godt Nytt År!

 

Når det gjeld Jacob Hjortdahl, so er han nemnd i samband med ei sjøforklaring (skipsulukke) i England i 1872

 

"Registrar of Ecclesiastical and Admiralty Causes of the Judicial Committee of the Privy Council:

 

Processes Scope and content

Appellant: Jacob Borch Hyortdahl of Dramman, owner of the Norwegian barque Vivid

Respondent: Owners of the brig Wild Rose

Subject: Collision between said vessels on 18 June 1872

Lower Court: Vice Admiralty Court Cape of Good Hope

 

Covering dates 1873

 

Availability Open Document, Open Description, Normal Closure before FOI Act: 30 years

 

Note With maps

 

Held by The National Archives, Kew"

 

Men Jacob er tydeleg attende i Drammen i 1875. Kvar det so sidan er vorte av dei tre yngste brørne, er eit godt spørsmål...?

 

Og bygdeboki for Strømm kunne altso heller ikkje hjelpa...

 

Kva med verket "Dødsfall i Noreg"? Kanskje nokon av dei er nemnde der?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt nyttår, Lars!

 

Dette har du vel allerede, men legger inn konfirmasjonen til Nicolai Meydel i Bragernes i april 1875:

 

Buskerud fylke, Bragernes, Ministerialbok nr. III 4 (1875-1877), Konfirmerte 1875, side 2.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5546&idx_id=5546&idx_listetype=kf&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-2

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060912080005.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegg frå 1.1.

 

Nei, eg hadde ikkje konfirmasjonen til Nikolai, men eg må leggja til; eg går ikkje i detalj på den generasjonen. Det som er mitt hovudproblem når det gjeld denne huslyden, er lagnaden til mori Julie. Når eg i følgjer borni og lagnadane deira, so er det som "middel til å nå målet"...

 

Me so langt har det altso ikkje vore råd å finna ut kvar det vart av Julie... Kanskje kan ho butt i Eiker, der sonen Johan budde då han i 1880 utvandra til Pestigo, WI?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.