Gå til innhold
Arkivverket

Ingeborg Nilsdotter Tveit - fødd kring 1775 - gift som enkje i Bergen i 1802 - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ein forseinka takk til Siw, Terje og Vibeke for nye innlegg i dette emnet frå 2012, som eg rett og slett har oversett, og hjarteleg takk tl Terje for å ha bragt emnet opp att frå "gløymeboki"!

 

Denne teksten vart publisert om denne huslyden i band IX av Gards- og Ættesoga for Luster (Hafslo) i 2012:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Jørgen Larsson, i kyrkjeboki skriven som son av Christopher Halvorson, men han var nok son av Gjertrud og ein ukjend Lars, døypt 19.3.1761,

Jørgen Larsson Wenjum flytte i 1780-åri til Bergen som regimentstambur og gifte seg første gongen i Bergen 19.11.1786 med ei Bertha Gundersdotter, som me ikkje kjenner opphavet til.  Ho var òg f. kring 1761, men vart gravlagd i Bergen 4.4.1801.  Jørgen gifte seg 7.11.1802 att i Bergen med enkja Ingeborg Nilsdotter, opphavleg frå Tveit nordre i Strandvik, Fusa.  Ho var dotter av gardbrukar Nils Olson på Tveit nordre og kona Ingeborg Christiansdotter frå Tveit og vart døypt i Fusa, Os 4.1.1775.  Ho gifte seg første gongen i Fusa, Os 18.1.1801 med Rolf Pederson frå Lunde på Os.  Han var son av gardbrukar Peder Rolfson på Lunde og første kona Walborg Nilsdotter frå Gjelle og vart døypt på Os 4.8.1764.  Rolf var sjømann, men d. alt i 1802.  Jørgen arbeidde i mange år som snikkar i Bergen, men vart sidan gateleggjar same staden.  Han budde med huslyden sin i Langerekken og sidan i Komediebakken og på Nøstetorvet der han d. 14.2.1827.  Ingeborg levde att som enkje, men dødsfallet hennar er ukjent.  Jørgen fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre:

a. Hans Henrik Jørgensen, f. i Bergen 20.9.1790, gjekk i seglmakarlære, men reiste ute som matros då han i oktober 1809 vart teken som krigsfange i England og fengsla i Chatham.  Han vart frigjeven i mars 1811, men d. før 1818, utan at me veit noko meir om lagnaden hans.

b. Gjert Christian Jørgensen, f. i Bergen 29.11.1794, levde framleis i 1804, men d. visstnok kring 1806.

c. Bertha Marie Jørgensen, f. i Bergen 25.9.1803, d. i Bergen 6.6.1809.

d. Ingeborg Gjertine Jørgensen, f. i Bergen 29.6.1807, d. i Bergen 17.8.1809.

e. Ingeborg Gjertine, kjend som Gjertine Jørgensen, f. i Bergen 27.11.1810, voks opp hjå ei barnlaus moster på Skåtun i Strandvik, Fusa og d. som kårkone på Skåtun 25.4.1884.  Ho gifte seg i Fusa, Os 19.4.1829 med Hans Olson frå Håland i Strandvik, Fusa, døypt i Fusa, Os 12.10.1802.  Han d. som kårmann på Skåtun 3.5.1864.  Hans og Gjertine tok over som gardbrukarar etter mosteri hennar på Skåtun i Strandvik, Fusa og fekk sju born i lag.

f. Rolf Jørgen Jørgensen, f. i Bergen 22.8.1813, d. som enkjemann på arbeidsanstalten i Bergen 8.8.1888.  Han gifte seg i Bergen 31.10.1862 med Fredrikke Severine Jørgine Bartoline Sivertsdotter Hedemark, f. i Bergen 12.11.1825.  Ho d. som almisselem på sjukehuset i Bergen 22.6.1874.  Rolf Jørgensen var garvarsvein, og han og Fredrikke budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk ei dotter i lag, som d. kort etter fødsli.

g. Hans Henrik Jørgensen, tvilling, f. i Bergen 11.1.1818, d. i Bergen 17.3.1818.

h. Jørgen Jørgensen, likeins tvilling og f. i Bergen 11.1.1818, d. i Bergen 30.3.1818.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Som du ser, Terje, fann eg aldri ut kvar det vart av Ingeborg Nlsdotter etter 1827, so om du har nye tips, tek eg imot med glede!  Eg ville òg setja pris på tilleggsopplysningar om dei to sønene som Jørgen hadde frø første ekteskapet sitt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

.... Eller meir presist sagt, ingen av dei to gutane frå det første ekteskapet overlevde far sin, men - begge to levde opp og vart konfirmerte i sekstenårsalderen i Domkirken i Bergen, høvesvis då i åra 1806 og i 1810. Og den eldste, Hans Henrich, var - som Lars fann ut i eit ordskifte i ein tråd i det gamle debattforaet ei tid sjømann (matros). Han sat då om lag seksten månader som prisemannskap i England under Napoleonskrigen, dvs. som krigsfange; frå oktober 1809 til mars 1811, då han vart sett fri, og kunne venda heimatt.

Takk for reflekterande kommentar. Ein liten kommentar til førre innlegg av Lars: Jørgen sin nesteldste son, Gjert Christian, vart konfirmert i 1810. Følgeleg var han i live då -. Det er ikkje godt å seia kvar han og broren vert av, men begge gutane - Hans Henrich og Gjert Christian - må vera avlidne før far sin, for elles ville dei nok vore nemnde i skiftet etter Jørgen i 1827.

 

Lenkje til tråden om Jørgen si 1.ste kone, Bertha Gundersdotter og dei to sønene deira:

 

http://forum.arkivverket.no/topic/176654-bertha-gundersdotter-i-bergen-foedd-kring-1761-fraa-ullensvang/?hl=gjert#entry1508593

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kopiert over frå den andre tråden:

 

Skrevet 13 March 2012 - 01:27

"Eg har kanskje funne dødsfallet til Hans Henrik, den eldste sonen til Jørgen Larsen:

Kyrkjeboka for St. Jørgen syner ein "Hans Larsen, d. 20. mai 1814, af DomK Sognet, d. på Syge huset, 27 aar"

http://www.arkivverk...%25F7%2509%25F1

Alderen er om lag to og eit halvt år feil, Hans Henrik var 24 år og 8 mnd. gamal den 20. mai 1814 (om det er han), men det er innanfor grensa av det akseptable.

Når eg godtek faren sitt patronymikon (Larsen) som slektsnamn på Hans Henrik, som sjølvsagt er ein Jørgensen, så er det av di skifteretten ved skiftet i buet etter faren Jørgen Larsen i 1827 konsekvent gjev borna hans etternamnet 'Larsen'. Det tyder på at familien sjølv kalla seg Larsen, eller at dei eigentleg var mest kjend under dét namnet.

Eg skal sjå om det finst noko skifte etter Hans Henrik, men eg tilét meg å tvila på om det var noko å skifta etter ein kar som hadde vore innlagt på sjukehus."

 

Terje Hatvik
5211 Os,
Os i Hordaland

 

Og i tillegg dette om konfirmasjonane:

 

"Men, som vi òg veit, så levde begge gutane ved FT 1801 for Bergen. Og begge to vert konfirmerte i Domkyrkja i Bergen i sekstenårsalderen:

Confirmerede Søndag aften Paaske 13.de April 1806, af Knud G. Fleischer, DK:
(...) # 19. Hans Henrich Jørgensen, fra Seglemager Angels Enke" (Han var truleg dreng der).

http://www.arkivverk...y&idx_side=-244

Og broren Giert Christian:
Søndag aften Paaske den 29.de April 1810 ved Domkirken Confirmerede Stifts-Prost Fleischer:
(...) # 7. Giert Christian Jørgensen, 16, f. preæculnum ved ????" (- uskjøneleg txt).

http://www.arkivverk...y&idx_side=-249    "

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Hjarteleg takk til Terje for dei siste innleggi i dette emnet.

 

Du har gjennom innleggi stadfest at GJERT Christian framleis levde i 1810, so der har eg "bomma" på mitt "tips" som eg gjorde utifrå det faktum at Ingeborg GJERTine var fødd i 1807 og at Gjertine KUNNE vera ei oppattkalling av Gjert.  Det var det altso ikkje.

 

Men om den Hans Larsen som døydde i 1814 er identisk med Hans Henrik, er eg nok meir skeptisk til.  Ein lyt godta eit visst avvik i oppgjeven alder, men her meiner eg avviket vert for stort når me ser kor ung mannen var.  Dei største aldersavviki kjem på folk som har runda dei 40 og auker med alderen...

 

Elles er framleis både opphavet til Bertha Gundersdotter og lagnaden til Ingeborg Nilsdotter uløyste oppgåver i denne huslyden.  Ein dag dukkar nok svari opp, men det kan ta år...  Kanskje lyt me venta på digitaliserte kyrkjebøker for heile landet for periden 1750-1850?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Har kommet til 1837 i dødsfallprotokollen for Bergen, finner en Ingeborg Marie Lunde, kan hun ha tatt etternavnet til sin avdøde ektemann nr.1, eller er det helt usannsynlig?

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 1 , 1821-1847, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27883/197/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090615340198.jpg

 

Skifte avholdt 12.mai.

... Ja, det kan jo faktisk vera at du Siw eigentleg fann dødsfallet til den rette dama her.

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for nytt innlegg!

 

Eg meinte eg hadde sett på denne saki før, men hugsar det ikkje no.  I alle fall, databasen over avlidne i Bergen syner at

 

Ingeborg Marie LARSEN, kona til glasmeister Johan Henrik Lunde, døydde i Bergen 4.5.1837, 48 år gamal (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=1301begr&gardpostnr=12715&merk=12715#ovre).

 

So ho var nok ikkje den me leiter etter...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Berre eit lite skót i mørkret: Kan det vera at dette temaet har noko med dette her å gjera?? Fleire namn går att ....

 

 

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for siste innlegget i dette emnet.

 

So eg nettopp har gjort rede for i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/176654-bertha-gundersdotter-i-bergen-fødd-kring-1761-frå-ullensvang/

er det ganske sikkert ikkje noko samanhang mellom dei to emni i Brukarforum.

 

Men Terje, har du nokon gong greidd å finna lagnaden til Ingeborg Nilsdotter?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne gåta!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.