Gå til innhold
Arkivverket

Berentine Christine Nord


Synnøve Bakke
 Del

Recommended Posts

Berentine Kristine Nord (min tippoldemor), gift med Halvorsen i 2.11.1891 ble enke så vidt jeg vet i 1902. Skifte etter ham var 26.09.1902 i følge vigselsprotokoll fra Nykirken i 1902. Berentine gifter seg igjen der allerede 3. oktober, 1902 med islendingen Eirikur Magnusson. Men hvor kom han fra, hvorfor var han her og hvor blir han av og hvorfor heter hun Backman i folketellingen fra 1910? Har søkt overalt, men kommer ikke nærmere et svar. Kan noen hjelpe?

 

 

Berentine kom fra en vanskeligstilt familie, her fortalt i en artikkel om fattigvesenet fra 2005:

 

Kjeldene i praksis

 

http://www.arkivverket.no/webfelles/sab/fattig/kjelder.htm

 

 

Ladegården før utbygginga på slutten av 1800-talet. I bakgrunnen ser me Stølen, som var eit område der det vart reist ei rekkje arbeidarbustader. I dette området budde Gurine Nor og familien.

 

Gurine Iversen vart fødd i Molde kring 1843. I 1865 var ho gift og budde i Ålesund saman med mannen Iver Nor og sonen Anton. Kring 1868 fekk Gurine og Iver dottera Sofie, og kring 1870 vart dottera Berentine fødd. Familien flytta til Bergen kring 1873. I 1875-teljinga for Bergen budde familien i 22. rode nr. 34a, som i dag har gateadresse Forstandersmuget 5. Denne gata var på Stølen, eit nybyggjarområde for arbeidarbustader og med svært mange innflyttarar. Mannen Iver er i teljinga ført som bordarbeidsmann, eit typisk arbeidaryrke. Gurine står oppført utan yrke, og har truleg vore heimeverande mor, evt. med småjobbar ved sidan av. I Bergen fekk dei borna Olaf Bernhard i 1874, Inga i 1876 og Olaf Bernhard i 1879. Den yngste Olav Bernhard døydde allereie i 1876, men dei fire andre borna vaks opp.

 

I 1880 døydde Iver Nor, noko som medførte store endringar for familien. Gurine var no eineforsørgjar, og måtte søkja fattigvesenet om hjelp. Det fekk dei, men Gurine valde etterkvart også å forsøkja andre måtar å forsøgja familien på - ho vart prostituert. Første gongen me har funne henne nemnd som prostituert, var i 1890, men det er sannsynleg at ho byrja nokså snart etter at mannen døydde. I 1882 var ho fleire gonger i nattarresten som følgje av fyll og bråk, noko som ofte følgde med yrket som prostituert. Ho var også innlagt på sjukehuset med venerisk sjukdom. Året etter, i 1883, vart ho innsett i Tvangsarbeidsanstalten og innlagt i Kuranstalten for veneriske kvinner. Den sistnemnde anstalten skulle berre brukast for kvinner som var "utvivlsomt prostituerte". Gurine kunne ikkje betala for sjukehusopphalda, og kostnadene måtte dekkjast av Bergen fattigvesen. På dette tidspunktet er det tydeleg at Gurine livnærte seg og familien som prostituert.

 

Gurine sin leveveg fekk snart følgjer, og fleire av borna vart utplasserte til fosterforeldre. Den eldste dottera Sofie var fosterbarn hjå Skrædder Sæbjørnsen fram til mars 1885. Også den yngste dottera til Gurine Nor, Inga, vart av Bergen fattigvesen utplassert til oppfostring i Lervik i Manger, der ho også var i 1891. På same tid var mora, Gurine, i Tvangsarbeidsanstalten i Bergen.

 

Den eldste dottera Sofie vart i 1884, berre 17 år gamal, sett i fengsel for tjuveri, og året etter vart ho innsett i Tvangsarbeidsanstalten. Sofie var truleg prostituert allereie då, men det er først i 1887 at ho er nemnd som det i kjeldene. Ho haldt fram som prostituert til 1897 og kanskje lenger - dei siste åra etter at ho var gift.

 

Inga vart konfimert i Manger i 1891, men reiste til Bergen kort tid etter konfirmasjonen. Allereie i 1893 finn me henne nemnd som prostituert i Bergen, då ho to gonger dette året vart innlagt på kuranstalten med venerisk sjukdom. Seinare var ho fleire gonger minst ein gong i fengsel, og fleire gongar innsett i nattarresten. Siste gongen me har funne henne nemnd som prostituert var i 1899, og i 1900-teljinga er ho ført som Opvartningsjomfru. Nemningar som opvartningsjomfru, vertinde, vertshuspike, restaurasjonspike etc. var yrkesnemningar som ofte vart nytta for å kamuflera prostitusjonsverksemd.

 

Den eldste sonen til Gurine og Iver var vaksen då faren døydde, og var sannsynlegvis aldri hjå fosterforeldre. Anton vart i 1893 gift med Anna Henning (også kalla Rørdam), som var prostituert. Dei fekk tre born saman før dei var gifte, og to born etter at dei var gifte. Faktisk var Anna Henning gift med ein annan mann då dei første borna vart fødde. Også denne familien kom i kontakt med fattigvesenet, då eitt av barna vart plassert på Ulfnæsøen, som var ein oppfostringsanstalt for vanskelege born, medan to av borna vart sett ut til fosterforeldre på Ulvatn i Manger. Anne døydde i 1898, og Anton vart seinare gift på nytt i 1900.

 

Gurine døydde i 1900 på fattigavdelinga i Arbeidsanstalten i Bergen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Berentine Kristine Bachmann døde i Bergen 27. august 1953. Hun står da som enke etter Erik Bachmann, død 1910. Hun hadde barna Sverre Rasmussen, Olga Engelsen og Bjarne Halvorsen. Hun hadde ikke barn med sist avdøde mann.

 

Det må vel da være Eirikur Magnusson som har tatt i bruk navnet Bachmann, og fram til navneloven kom i 1923 var det i prinsippet fritt fram å ta seg navn, om man ikke krenket andre bærere av dette navnet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.