Gå til innhold
Arkivverket

Martha Larsdotter - døydde i Lærdal 1792 - 36 år gamal - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Anders Andersson Brattegjerdet i Lærdal (1774-1848) gifte seg første gongen, snaut 18 år gamal, 6.4.1792 med ei Martha Larsdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11595&idx_id=11595&uid=ny&idx_side=-146)

 

Martha Larsdotter døydde i Lærdal alt 24.4.1792, knappe tre veker etter vigsli og var då 36 år gamal (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11595&idx_id=11595&uid=ny&idx_side=-127)

 

Kven var denne Martha Larsdotter? Dersom ho var frå Lærdal, og dersom alderen ved dødsfallet er rett, so finn eg berre eitt alternativ:

 

Martha Larsdotter, dotter av Lars Christenson og Margretha Thorsdotter, fødd i Lærdal 14.6.1757 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-138)

 

Mykje tyder på at dette er "vår" Martha, men kvar var i so fall bustaden til Lars og Margretha?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw og Svehn for spenande og nyttige innlegg!

 

Brattegjerdet er ein del av Lærdalsøyri i Hauge sokn i Lærdal, og eg trur me førebels kan gå ut ifrå at Lars Christenson og Margretha Thorsdotter òg budde i same nabolaget, men nøyaktig kvar dei budde...., det kan vel verta vanskeleg å finna, eller...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har nå sjekket under "Brattegjerdet" i "Lärdal bygdebok/ Hauge sokn" b. IV, og det finnes bare "Anders A. Brattegjerdet" som nävnt gift 1792 med "Marita Larsdtr." (1757-92), ikke noe om hvor hun skulle komme fra.

 

Kan sjekke under naboområdet "Einemo" også. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Svehn for nytt innlegg.

 

Eg ville tru at bygdebøkene for Lærdal er stort sett komplette, men med det "folkemylderet" som har butt i og kring Lærdalsøyri, kan det vel tenkjast at ein og annan huslyd kan ha vorte "borte"...

 

Skulle dei likevel dukka opp, ville eg setja stor pris på å få greie på det!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I samme bygdebok under "Ören", finner jeg "Tor Jensen" g. m. "Marita Amundsdtr. Kalhagen/ Hafslo", 1 av 4 barn, "Margrete" (1727- f.1756), g. m. "Lars Kristensen".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jepp, "Ören" er det samme som "Lärdalsöyri".

 

"Margrete" döde (f) för 1756, det kan stemme om "Marthe" föddes 1755. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sorry, ser nå att det var 1757 "Marthe" blev födt, men det kan väre feil i bygdeboken med 1-2 år.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Svehn og Siw for nye spennande innlegg!

 

Eg ser at Thor Øren (Lærdalsøren) fekk dotteri Margretha i 1727 (https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/N4L8-28K), men då det i 1740 vart skift etter Thor Jensson på Lærdalsøyri, so er Margretha ikkje nemnd (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24136/220/). Me veit at Margretha levde i 1757 då Martha var fødd, so dersom Thor Jensson verkeleg var far hennar, so må Margreta vera fødd utanfor ekteskap...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var merkelig :rolleyes: . Jeg har problemer med og tyde hva som står i skifte, men finnes de 3 andre barna "Jens", "Kirsti" og "Ingeborg" nämnde der. ??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk tkl Svehn og Siw for nye spennande innlegg!

 

I skiftet frå 1740 står det at to born overlevde faren, Kristi og Ingeborg JENSDØTRER, skal sjølvsagt vera THORSDØTRER, so sonen Jens var avliden før.

 

Elles trur eg nok me skal halda oss til Lærdalsøyri og nabolaget der, når det gjeld Martha Larsdotter. Eg er ganske so overtydd om at me har funne rett Martha. Hadde me berre hatt ekstraskattmanntalet frå 1762, so ville me òg kjent bustaden deira då....

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.