Gå til innhold
Arkivverket

Britha Gundersdotter Kloch, fødd Ørskog 1762 - lagnaden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Jørgen Larsson (Winjum), døypt i Hafslo (Luster) 19.3.1761, gifte seg i Bergen 19.11.1786 med ei Bertha Gundersdotter, fødd kring 1761/1762. Ho døydde i Bergen og vart gravlagd der 4.4.1801, etterlatande to søner, Hans Henrik og Gjert Christian. Problemet mitt er å identifisera denne Bertha (eller Britha) Gundersdotter!

 

Ei Britha Gundersdotter Kloch vart døypt i Ørskog på Sunnmøre 30.5.1762 (https://familysearch...M9.1.1/NCR2-CN5), far: Gunder Kloch (http://www.arkivverk...y&idx_side=-226)

 

Eg finn ho ikkje vigd i Ørskog 1775-1800 og heller ikkje i FT for Ørskog 1801.

 

Kan dette vera "vår" Bertha/Britha? Kanskje nokon med lokal kunnskap i Ørskog kan bidra med hjelp?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fram til 1883 var Sykkylven ein del av Ørskog kommune. I omtalen av Olagarden, bruk nr. 8 på Klokk, i bd. IV av gardssoga for Sykkylven står det berre at Berte, dotter av Gunder Ingebrigtson frå Åkernes og kona Berte Steffensdotter frå Klokk, var fødd i 1762. Berte hadde fire yngre syskjen som ein kjenner lagnaden til, men om Berte veit ein som nemnt berre fødselsåret. Det kan sjølvsagt tyde på at ho, i motsetnad til dei andre, forlet bygdene her.

 

Med venleg helsing,

Gunnar Ellingsen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gunnar for kva eg vil kalla eit absolutt positivt innlegg! Me har sjølvsagt ikkje mange haldepunkt i denne saki, men me veit at denne delen av Sunnmøre på 1700-talet meir eller mindre "sokna" til Bergen (eg har fleire døme på giftarmål mellom sogningar og sunnmøringar frå den tidi). Det faktum at jenta vart borte frå Ørskog og at alderen høver so godt...

 

Kanskje finst det skifte etter foreldri?

 

Er Bertha konfirmert i Ørskog?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Inge for eit nyttig, men "dødeleg" innlegg. Med dette er tydeleg ogso denne Bertha Gundersdotter attfunni, og me er "back to square #1".

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette kan være et skudd helt i tåka, men i Ogna ble det døpt ei jente i juni 1762 som het Berthe:

 

Rogaland fylke, Eigersund, Ministerialbok nr. A 3 (1758-1775), Kronologisk liste 1762, side 33.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8757&idx_id=8757&uid=ny&idx_side=-33

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070418650336.jpg

 

 

Foreldrene til denne Berthe giftet seg i Ogna i oktober 1753:

Rogaland fylke, Eigersund, Ministerialbok nr. A 2 (1720-1757), Kronologisk liste 1753, uten sidenr.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8756&idx_id=8756&uid=ny&idx_side=-144

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070418650277.jpg

 

Foreldrene het Gunder HANSEN og Dorthe HENRICHSDATTER - tenkte på sønnen til Jørgen og Berthe som het HANS HENRICH, mend er sikkert helt i tåka. Jeg har ikke fått sjekket noe bygdebok som kan si noe mer om datteren Berthe, så inntil videre er dette bare rent tankespinn...

 

Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.